JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Sterke påstandar, svak undersøking

Svar rett, og du blir vurdert som fordomsfull. Svar feil, og du er på dei godes side. Slik er det med fleire av påstandane i undersøkinga om nordmenns haldningar til jødar og muslimar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Synagogen på Bergstien, St. Hanshaugen, i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

20628
20230120

Bakgrunn

Studien ”Holdninger til jøder og muslimer i Norge 2022” er utført av Senter for studier av Holocaust og livsynsminoriteter.

Studien er både ein befolknings-, minoritets og ei ungdomsundersøking.

Oppdragsgjevar er Kultur - og likestillingsdepartementet.

Studien syner at utbreiinga av steroetypiske fordommar mot jødar har halde seg stabilt sidan 2017.

I midten av desember var det ein god del merksemd rundt rapporten Holdninger til jøder og muslimar i Norge i 2022. NRKs tittel var ganske typisk: «Ny rapport: Én av ti nordmenn mener vold mot jøder kan forsvares» (13. desember 2022). Som vanleg er i slike samanhengar, såg ikkje oppslaga på kva som låg bak funna i undersøkinga. Pressa tok det for gitt at det låg solide metodar bak resultata.

Eg blei nysgjerrig på korleis slikt blir målt. Så eg fann fram til rapporten, som er tilgjengelig på nettsidene til det norske holocaustsenteret på Bygdøy. Etter å ha funne fram til undersøkinga, testa eg påstandane på meg sjølv, ved å ta stilling til dei, slik alle som deltok, hadde gjort. Det er ein stor rapport, som omfattar tre undersøkingar (befolkningsundersøking, minoritetsstudie og ungdomsundersøking). Denne teksten handlar om metodane og påstandane i den første delen av undersøkinga, som handlar om haldningar til jødar.

Sympatiar og antipatiar

Første bolk skal kartlegge sympatiar og antipatiar for jødar. Eg blir beden om å ta stilling til følgande påstand: «Hvor godt eller dårlig stemmer påstanden for deg: Jeg føler en egen sympati med jøder.»

Alt her begynner eg å stusse. Kva meiner dei her med ein «egen» sympati? Finst det i det heile nokon konkret sympati som ikkje er «eigen»? Skal påstanden kanskje tolkast slik at eg burde ha ein eigen sympati for jødar, kollektivt. Ein som går ut over den sympatien ein kjenner for andre folk som har vore utsette for grov urett, massedrap og folkemord? Eg veit ikkje, eg oppfattar spørsmålet som uklart, og i rapporten står det ikkje korleis dette skal tydast. Hadde det vore betre å be folk ta stilling til og gradere påstanden «Jeg har sympati med jøder»?

At fleire enn i 2017 «uttrykker sympati med jøder», blir i rapporten presentert som godt nytt. Men påstanden ein skulle ta stilling, var jo ikkje om ein føler sympati med jødar, men om man føler ein eigen sympati med jødar.

Dei som deltok i undersøkinga, svarte at påstanden ikkje stemmer i det heile tatt (17,5 prosent), stemmer nokså dårleg (25,5 prosent) eller at det er umogleg å svare (23,1 prosent). Eg ville svart det siste, usikker på kva «eigen» eigentleg skal tyde her.

Eit merkelig utslag her er at 37 prosent av dei muslimane som responderte, svarte at dei kjenner ein «eigen» sympati for jødar. Dette talet har gått opp 13 prosentpoeng frå 2017, og talet er 10 prosent høgare enn i folkesetnaden elles. Dette strir mot tendensen i resten av undersøkinga, der muslimar ser ut til å vere litt meir fordomsfulle mot jødar enn andre som deltok.

Fordommar mot jødar

Den neste bolken består av påstandar som er meint å avdekke fordommar mot jødar. Dei to første påstandane er: «Jøder er mer intelligente enn andre» og «Jøder er spesielt kunstnerisk begavede».

Om ein svarar ja her, har ein påvist fordommar mot jødar. Eit spørsmål som fort melder seg, er om positive fordommar høyrer heime i ei undersøking dei fleste vil tru handlar om negative, problematiske fordommar. Men la gå, positive stereotypiar er også stereotypiar.

Problemet her er at det finst ei rekke seriøse studiar som viser, eller hevdar å vise, at jødar i land som USA og Storbritannia faktisk har høgare gjennomsnittleg intelligens enn majoritetspopulasjonen. Dette kunne i så fall forklare kvifor jødar er så markant overrepresenterte, samanlikna med alle andre etniske grupper, når det gjeld nobelprisar, professorat og krevjande intellektuelle yrke.

Når det gjeld det kunstnariske: Alle som kjenner historia innan litteratur, musikk, biletkunst, film, teori, arkitektur og så vidare, må vel ha lagt merke til at jødar har vore svært framtredande også der? I tiåra før og etter år 1900 var det jødiske bidraget oppsiktsvekkande. Det er blitt gjort mange forsøk på å forklare dette sosiologisk, kulturelt og historisk.

Her held det å slå fast: Om du sit inne med svært positive – og sannsynlegvis korrekte – oppfatningar om jødars prestasjonar innan vitskap, kunst og kultur, blir det i undersøkinga tolka, til ein viss grad, som om du er fordomsfull overfor jødar.

Jødar, lobbyisme og USA

Neste påstand eg må ta stilling til, er: «Jøder har altfor stor innflytelse over amerikansk utenrikspolitikk».

I nesten heile mitt vaksne liv har eg følgt Midtausten og amerikansk utanrikspolitikk tett, det har i periodar også vore jobben min. Eg kan ikkje sjå at det lar seg nekte for at jødar har stor innflytelse på amerikansk utanrikspolitikk.

Det er skrive mykje om temaet, til dømes The Jewish Lobby av John Mersheimer og Stephen Walt (Farrar, Straus and Giroux, 2008). Her blir det dokumentert korleis Israel-lobbyen (som rett nok ikkje er eksklusivt jødisk, men òg består av kristen-sionistiske organisasjonar) har ein stor påverknad på amerikansk utanrikspolitikk, nærare bestemt midtaustenpolitikken. USA kritiserer så godt som aldri Israel, stemmer alltid med Israel i Tryggingsrådet i FN og freistar å skjerme Israel mot kritikk frå andre, enten denne går på overdriven bruk av vald, brot på folkeretten eller anna.

Finansiering og donasjonar er sjølvsagt viktige i det ganske så korrupte amerikanske politiske systemet. I USA er det mange mektige lobbyar, men Israel-lobbyen blir ofte rekna som ein av dei best organiserte og slagkraftige. Politikarar er avhengige av den økonomiske og politiske støtta dei får frå dei som støttar Israel.

Dei som frå amerikansk side er blitt utnemnde som spesialutsendingar, meklarar og i andre sentrale roller i Midtausten, har nesten utan unntak vore jødar med sterk sympati for Israel (og ofte doble statsborgarskap). At Hady Amr, som er av arabisk-libanesisk ætt, før jul blei utnemnd til amerikansk Palestina-utsending, har vekt oppsikt. Det er fordi ei slik utnemning nesten er utan presedens, mens tallause israelvenlege jødar har hatt slike topproller i fleire tiår.

Nokre gonger får Israel det ikkje som dei vil, som då president Obama inngjekk ein diplomatisk avtale med Iran for at Vesten skulle få full tilgang til å inspisere iranske atomfasilitetar.

Då Netanyahu i 2015 talte for den amerikanske kongressen, var det med sterke oppmodingar, ikkje berre til den republikanske opposisjonen, men også til demokratiske kongressmedlemmar, om å høyre meir på han enn på sin eigen president.

Så snart Donald Trump blei president, skrota han Iran-avtalen, i tråd med Netanyahu og Israel-lobbyens vilje. Trump flytta ambassaden til Jerusalem og peikte ut svigersonen, den jødiske, høgreorienterte israelvenen Jared Kushner, som utsending til Midtausten. Kushner begynte no å «forhandle» om ein fredsavtale for Israel/Palestina – utan at palestinarane skulle vere til stades!

Alt slikt kan verke ganske sprøtt, men ikkje om ein veit kor stor påverknad Israel har på amerikansk midtaustenpolitikk. Demokratane og republikanarane er splitta i nesten alle spørsmål, men dei er einige om å støtte Israel i tjukt og tynt. Ingen annan minoritet har ein liknande innflytelse over amerikansk utanrikspolitikk.

Så ja, slik eg ser det, har jødar altfor stor påverknad på dette området. Det har ført til at Israel ustraffa har kunna gjort som dei har ønskt, og tatt livet av den såkalla Oslo-prosessen.

Har dei som laga HL-rapporten, og la fram påstanden, ei oppfatning om at jødar ikkje har stor påverknad på amerikansk utanrikspolitikk? For det er vel slik at om ein stadfestar påstanden, så er ein fordomsfull overfor jødar? Om det er tilfelle, er det etter mitt syn, i lys av realitetane, ein urimeleg konklusjon.

Uklare grenser

La det vere sagt: Fleire av påstandane som handlar om fordommar, er det ingen grunn til å problematisere. Dei går på skadelege stereotypiar med bakgrunn i konspirasjonsteoriar, som til dømes: «Jøder har selv mye av skylden for at de er blitt forfulgt.» Eller: «Jøder har alltid skapt problemer i landet der de bor.» Svara på påstandane gir høge treff på antisemittiske stereotypiar. (8 prosent meiner den første og 9,6 prosent meiner den andre påstanden «stemmer helt» eller «stemmer nokså godt», blant muslimar er det same talet 12,3 og 17 prosent.)

Men etter mitt syn er rundt halvparten av påstandane langt meir kontroversielle. Nokre er så generelle at svar blir meiningslause. Kva skal ein til dømes seie til ein påstand som denne: «Jøder har blitt rike på andre sin bekostning.» Vel, har ikkje jødar blitt rike på andre sin kostnad, i likskap med mange nordmenn, og folk frå alle andre folkegrupper? I mellomalderens Europa var jødar utestengde frå vanlege laug, og mange plassar var det svært avgrensa kva dei kunne drive med. Men det var tillate for jødar å låne ut pengar med rente (og kvifor skulle dei elles låne ut pengar til framande?). Dei blei seinare leiande på moderne bankdrift mange stader i det moderne Europa. Den klart vanlegaste responsen frå dei som deltok i undersøkinga, er forståeleg nok: «Umulig å svare». Dette problemet kunne tilsynelatande vore løyst ganske enkelt, om ein til dømes gjorde påstanden meir relativ, til dømes slik: «Jøder har mer enn andre folkegrupper blitt rike på andres bekostning.»

Det gjeld også for påstanden: «Jøder ser seg selv som bedre enn andre.» Eg har fleire gonger vore på Vestbreidda og møtt mange av settlarane. Éin ting du kan vere heilt sikker på, og som er dokumentert opp og ned i mente, er at mange av desse ser seg som betre enn ikkje-jødar, spesielt palestinarar, som dei ofte ikkje nøler med å omtale i sterkt rasistiske ordelag. Nokre av dei har òg ei anna og meir bokstaveleg oppfatning av omgrepet «Guds utvalde folk» enn det vanlege, moderate jødar har. Men sjølvsagt er det ikkje slik at jødar, som i alle jødar, tenker og snakkar som religiøse, væpna fanatikarar. Men ja, mange jødar ser på sjølve som betre enn andre, og det gjer forresten òg mange nordmenn.

Generaliserer

Denne og fleire andre av påstandane gjer noko dei fleste som er med i undersøkinga, aldri ville gjort på eiga hand. Dei generaliserer om ei ekstremt mangfaldig gruppe folk, slik at det ikkje lar seg gjere å gi meiningsfulle svar til påstandane. I Noreg er jødane ein liten minoritet, og dei aller fleste norske ikkje-jødar har ingen kontakt med jødar. Når høyrde du sist nokon snakke om at jødar, eller andre folk, kollektivt er slik og slik, bortsett frå i undersøkingar som denne?

Det er antisemittisme å påføre jødar kollektiv skuld for noko jødiske individ eller mindre grupper står bak, og det veit stort sett folk i dag. Men her møter ein altså påstandar på rekke og rad som omtalar folk på denne måten, som skjer alle over éin kam, der ein er nøydd til å svare som om ein tenker på jødar og muslimar som heilt einsarta grupper.

Påstandane skulle avdekke fordommar, men sidan spørsmåla er så leiande, og «korrekt» svar ofte er feil svar, er det godt mogleg at responsen på nokre av påstandane avdekker noko anna enn det rapporten hevdar. Det er litt som om nokre av påstandane ein skal ta stilling til, ikkje dokumenterer, men produserer fordommar. Det er kanskje fordi folk skjøner dette, at såpass mange synest det blir «umulig å svare»?

Bruken av holocaust

Den siste delen av undersøkinga går på holocaust og haldningar til jødar. Første påstand er: «Jøder i dag utnytter minnet om Holocaust til egen fordel.» Alle skjøner igjen kva som er meint å vere rett svar. Men er «rett» svar kanskje faktisk feil, her også?

Hundrevis av små og store institusjonar arbeider med å forske på holocaust og antisemittisme. Dette har skapt enorm kunnskap og merksemd rundt den historiske hendinga, og sympati for jødar. Men kan merksemda bli brukt til å støtte éin eller fleire politiske agendaer, til dømes Israels?

Det er i så fall uheldig, potensielt sett. HL-senteret skal ikkje berre drive minnearbeid, men òg rette fokus på andre «massive brudd på menneskerettighetene» (HL-senteret). Då er det mildt sagt problematisk om holocaustfokuset direkte eller indirekte vert nytta til å legitimere brot på menneskerettane.

Skjer dette? Vel, det er ikkje uvanleg at talsmenn for Israel hevder at det som driv palestinarar, ikkje er kamp mot okkupasjon og undertrykking, men eit klassisk jødehat. Koplinga er sjeldan så direkte som då Israels statsminister Benjamin Netanyahu, i ein tale til World Zionist Congress i 2015, hevda at stormuftien av Jerusalem gav Hitler ideen om å utrydde jødane. Dette blei møtt med kraftig kritikk frå historikarar og av opprørte jødar i Israel og andre plassar, som påpeikte at det ikkje er grunnlag for ein slik påstand, og at Netanyahu trivialiserte holocaust.

Utilbørleg politisk bruk av holocaust er ofte eit tema i Israel. I dei siste par åra har det vore mykje diskusjon rundt politiseringa av holocaustminnesmerket Yad Vashem i Jerusalem, slik som etter at Netanyahu utnemnde Dani Dayan til leiar for institusjonen. For å sitere ein ingress i avisa Haaretz: «Korleis kan ein tidligare settlarleiar, som meiner at palestinarar ikkje fortener like rettar, leie ein institusjon som skal dokumentere dei horrible konsekvensane av eit nasjonalistisk, rasistisk regime?»

Eit nøkkelverk

Det har vore fleire store debattar om (mis)bruken av holocaust opp gjennom åra. Eit nøkkelverk i så måte er The Holocaust in American Life (1999) av den jødisk-amerikanske historikarprofessoren Peter Novick (1934­–2012).

Novick freistar å forklare kvifor holocaust får ein så sentral plass i amerikansk kultur, både i den jødiske og ikkje-jødiske. Slik Novick ser det, har holocaustfokuset vore så stort fordi det har gitt svar på problem i samtida meir enn i fortida. Novick hevda at holocaust er blitt brukt til å skjerme Israel for kritikk, og til å ta ei sjølvrettferdig haldning til midtaustenkonflikten. Holocaust har òg vore nyttig for USA, kanskje som ein slags lynavleiar for eigne folkemord, slaveri og raselover. (Dei amerikanske raselovene var førebiletet for dei til nazistane.) Og i nyare tid for imperialisme og krigar, der landets fiendar igjen og igjen er blitt samanlikna med Hitler og nazistar, som representantar for den absolutte vondskapen.

Offerfokuset gjorde noko med den jødisk-amerikanske kulturen som Novick ikkje likar. Han avdekker ein retorikk der trugsmålet om eit nytt holocaust har vore urimeleg stort og delvis er blitt nytta som ei forklaring på Israels krigar og okkupasjon, spesielt etter at Israel blei ei totalt overlegen militærmakt i regionen.

Ein annan som har brukt mykje energi på å hevde at holocaust er blitt vulgarisert og brukt til ulike politiske føremål, er den kontroversielle jødisk-amerikanske statsvitaren og historikaren Norman Finkelstein. Boka Holocaust-industrien. Refleksjoner over utnyttelsen av jødisk lidelse (norsk utgåve, Spartacus 2004) er eit aggressivt frontalangrep på bruken av holocaust. (Foreldra til Finkelstein var holocaustoverlevande.)

Poenget mitt med alt dette er: Når HL-senteret spør om holocaust er blitt utnytta, også av jødar, så er det kome fram eksempel på dette, i store og små debattar som er førte rundt spørsmålet.

Rett til ein eigen stat

I bolken som vedkjem jødane og holocaust, er ein av dei andre påstandane: «På grunn av Holocaust har jøder i dag rett til en egen stat der de kan søke beskyttelse når de blir forfulgt.» Påstanden viser sjølvsagt til Israel, ikkje til noko anna hypotetisk område som jødar skal ha «rett til». Men kva tyder rett her? Palestinarar frå familiar som blei fordrivne i 1948, og som seinare blei okkuperte og koloniserte i strid med Folkeretten, vil jo ha legitime innvendingar. Det vil også andre, som synest at ein urett ikkje forsvarar ein ny.

Ifølge Al-Haq, Amnesty, FN-ekspertar, Human Rights Watch, B’Tselem og International Human Rights Clinic at Harvard Law School er det Israel driv med, apartheid, fordi palestinarar ikkje har dei politiske, juridiske, formelle og praktiske rettane til jødane i områda som er annekterte av Israel. Merksemda rundt i kva grad det er snakk om apartheid (eller at Israel har utført krigsbrotsverk og derfor bør bli granska av ICJ i Haag), blir ofte overdøyvde av påstandar om antisemittisme.

Påstanden, slik han faktisk blir presentert, er lausriven frå alle konkrete realitetar og står fram som ein abstrakt idé. Eignar komplekse historiske spørsmål som dette seg til å avdekke haldningar hos folk?

Israels statsminister Benjamin Netanyahu og president Donald Trump i Washington for underteikna nye samarbeidsavtalar i september 2020, medan dei båe streva med attvalet.

Foto: Alex Brandon / AP / NTB

Kampen om definisjonen

Mange har hevda at holocaust ikkje er ei spesifikk historisk hending, men eit resultat av eit evig, uforanderleg og irrasjonelt jødehat. Om ein ser holocaust som ei heilt unik hending, i ein annan forstand enn at alle spesifikke historiske hendingar er unike, får det implikasjonar. Det vil gjere at holocaust eigentleg ikkje kan samanliknast med noko anna, både holocaust og jødar får då ein heilt sereigen status. I tråd med denne logikken må ein alltid vere spesielt forsiktig med å kritisere Israel, fordi det kan resultere i antisemittisme.

Internasjonalt har det vore mykje debatt dei siste åra om den nye antisemittismedefinisjonen til The International Holocaust Remembrance Alliance (IHRA). Det som har fått hundrevis av akademikarar (mange er jødiske og ekspertar på antisemittisme) til å reagere, er at definisjonen kan sjå ut til å sidestille kritikk av Israel med antisemittisme. Dette er jo hand i hanske med det Israel under Netanyahu har freista å få gjennomslag for.

I IHRA-definisjonen handlar sju av dei elleve eksempla på antisemittisme om kritikk av Israel. Rundt 40 land, inkludert USA, Storbritannia og Sverige, har alt adoptert IHRAs definisjon av antisemittisme. Noreg er medlem av IHRA, men har ikkje gjort det.

Mange meiner definisjonen er uheldig, fordi det er eit stort sprik mellom høgst reelle trugsmål mot jødar, til dømes frå høgreekstreme, og kritikk av den territoriale (og stadig ekspanderande) staten Israel. Antisemittisme bør ikkje nyttast som eit våpen i midtaustenkonflikten, seier kritikarane. Definisjonen kan dessutan kneble røyster som ikkje tar sjansen på å bli møtte med grove og potensielt karriereøydeleggjande skuldingar om antisemittisme, sjølv om kritikken har vore rettvis og sakleg. Det er også eit spørsmål om ytringsfridom. Til og med Kenneth Stern, som leia det amerikanske arbeidet med definisjonen av antisemittisme, har gått ut og åtvara om at bruken av han ikkje er slik han var tenkt.

Tverrfagleg gruppe

HL-undersøkinga er «planlagt og gjennomført» av ei tverrfagleg gruppe på ti forskarar. (Dei fleste arbeider i Noreg.) Eit meiningsmålingsinstitutt har utført sjølve datainnsamlinga, men HL-senteret står for analysen av dei. Den same undersøkinga er blitt utført to gonger tidligare, i 2012 og 2017.

Etter å ha sett nøye på undersøkinga og rapporten er eg usikker på i kva grad eg kan stole på svara som er gitt i undersøkinga HL-rapporten bygger på. Påstandane er utforma slik at alle skjøner kva som er «korrekt» svar, men dette svaret er ofte feil, urimeleg eller diskuterbart. I tillegg er responsraten blant dei inviterte låg.

Blant muslimar er han på berre 5,8 prosent. Så låge tal kan indikere at dei som svarar, ikkje er representative for heilskapen. Er ikkje det eit statistisk-metodologisk problem i ei undersøking som denne? Når eg tar kontakt med ein tilsett i Statistisk sentralbyrå, seier han at begge delar, både dei leiande påstandane og den låge deltakinga, er metodologisk problematisk.

I vanskeleg farvatn

HL-senteret er klar over at dei navigerer i eit vanskeleg farvatn når dei i rapporten skriv: «Det er av fleire årsaker komplisert å slå fast kor utbreidd negative haldningar er i ein folkesetnad. Haldningar er i seg sjølve komplekse fenomen, i tillegg er sjølve målinga gjennom spørjeundersøkingar inga enkel oppgåve. Svarfordelinga på ulike spørsmål vil ikkje berre vere avhengig av saksinnhaldet, men også av den språklige utforminga og svaralternativa som blir oppgitt.»

Der er vi samde.

Då står det berre att å be deg ta stilling til følgande påstand: «Undersøkinga om haldningar til jødar og muslimar i Noreg i 2022 har mange metodologiske veikskapar, og desse gjer funna så usikre at ho burde bli lagd ned i si noverande form.»

Morten A. Strøksnes er
journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er litt som om nokre av påstandane
ein skal ta stilling til, ikkje dokumenterer,
men produserer fordommar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis