JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Spektakulær nedgang i norsk rasisme

Der har du ein tittel du aldri har sett før. Kvifor det, når påstanden nesten må vere sann?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
16304
20211203
16304
20211203

Eg voks opp på 1970-talet, i ein småby høgt mot nord. Foreldra mine hadde ein stor omgangskrins, og gjennom femten år som barn fekk eg høve til å studere observere, språket og vanane deira. Mange av dei gjekk rundt med til dels sterkt rasistiske haldningar, og ofte nølte dei ikkje med å gi uttrykk for dei.

Eg hugsar ein slektning sa til dømes at eg måtte vaske frukt godt, for ein møkkete «svarting» kunne ha pissa på dei på kaia i Afrika. Å kalle folk med framand kultur og skikkar for «villmenn», eller å gjere narr av utsjånaden og oppførselen til folk i land langt borte når dei var på TV, var akseptert. Nokre hadde vore til sjøs og gått i land i hamnebyar, berre for å få stadfesta fordommane om at folk i fattige, varme land var upålitelege, farlege og dumme. Andre kunne rett nok ha andre erfaringar.

Det var klassisk avstandsrasisme til intern bruk. Språket og dei nedsettande orda dei brukte, hadde dei kanskje fått overført frå sin foreldregenerasjon. Ingen av dei hadde nokon innvandrarar å praktisere rasisme på. Hadde det vore tilfellet, trur eg tonen ville blitt ein annan. For dette var ikkje ideologiske, overtydde rasistar, snarare folk som hadde eit fordomsfullt, sleivete språk om folk dei aldri hadde møtt.

Dei fleste av dei ville hatt høg terskel for å vere ufin andlet til andlet med nokon berre fordi dei såg annleis ut. Dei var trass alt gjestfrie og skikkelege folk, og rasismen deira ville aldri overlevd eit direkte møte.

Der er kjem frå, skil ei gruppe seg litt ut, kulturelt og i framtoning. Det er samane. Mange familiar hadde ein samisk identitet, trass i fornorskingsprosessane nokre generasjonar før. Eg opplevde ikkje at dei vaksne som gjerne snakka nedsetjande om andre, gjorde det om samane.

I dette miljøet gav det tvert om status å ha ein samisk ven, kanskje fordi dei fleste i gruppa foreldre vi snakkar om, kom mykje lenger sørfrå, og dei opplevde det som eksotisk. Dei fleste reiv med jakt og fiske, og det å kunne gjere det med ein same var spesielt kjekt. Legg merke til at eg her snakkar personleg, om eit konkret og litt spesielt miljø, og at eg ikkje freistar å nekte for at samar er blitt og blir utsette for rasisme i Finnmark.

Vi som var barna deira, brukte òg nedsettande ord som i dag er klart rasistiske, og eigentleg var det den gong òg. Barn kan sjølvsagt vere grufulle, ikkje minst mot kvarandre. Men til min generasjon blei det stilt andre krav. Vi voks opp i eit Noreg som er blitt stadig meir fleirkulturelt, og der folk er blitt meir verdsvande. Eg flytta til Bergen og Oslo og blei kjent med folk med familiebakgrunn frå andre verdsdelar.

Ut frå denne kontakten lærte eg nokre enkle reglar om korleis eg skulle oppføre meg for å ikkje såre folk. Eg burde til dømes aldri spørje nokon om kor dei «eigentleg» kom frå, særleg ikkje dei som truleg var fødde i Noreg. Eg burde i det heile ikkje behandle menneske ulikt ut frå utsjånad.

Vi reiste mykje, også til andre verdsdelar, og fekk perspektiv som var fullstendig utenkeleg å kombinere med rasisme. Alle eg kjende og hadde omgang med, skjønte at det ville vere feil å sjå ned på folk på grunn av hudfarge og bakgrunn. Det var sjølvsagt.

Ein kan kalle haldninga vår for den «fargeblinde» tilnærminga. Eg påstår ikkje at alle i min generasjon var eller blei fargeblinde, for slik var det ikkje. Men trass alt: Rasisme vart stort sett rekna som heilt uakseptabelt. I min generasjon forsvann den tause aksepten for rasisme, og språket blei skjerpa inn, sjølv om nokon måtte ha det inn med teskei at det ikkje var greitt å seie «neger».

La meg her skyte inn: Sjølvsagt er det ikkje noko å skryte av at ein ikkje er rasist. Det burde vere sjølvsagt. Det eg freistar å få fram, er endringar mellom generasjonar i Noreg.

No har eg sjølv barn, og i den generasjonen er det igjen litt andre reglar og haldningar som gjeld. Desse barna veks ikkje berre opp i eit fleirkulturelt samfunn, dei veks opp i eit samfunn som er strukturelt antirasistisk. Det viser seg gjennom lovverk (rasisme er forbode), pedagogikk, inkluderingskampanjar og ein mangfaldsideologi som gjennomsyrer store delar av samfunnet.

Son min går i første klasse. Halve kullet har foreldre som er innvandrarar frå Asia, Afrika og Aust-Europa. Rasisme blant desse er sjølvsagt uakseptabelt. Eg har aldri høyrt son min skilje mellom venner ut frå hudfarge eller andre slike markørar. Om eg til dømes lurer på kven han snakkar om når han fortel om noko som har skjedd på skulen eller på trening, har han aldri, ikkje éin einaste gong, freista å få meg til å skjøne dette ved å vise til ytre forskjellar. Han seier namnet og peiker på situasjonar der eg har møtt denne guten eller jenta. Han ville ikkje brukt ordet «hudfarge», for han veit det kan bety svart, brun, beige, kvit.

Rasisme er ikkje ein medfødd eigenskap. Det ville då òg ha vore oppsiktsvekkande om barn, som er venner og spring ut og inn av heimane til kvarandre, plutseleg skulle ta til seg ein rasistisk tankegang dei aldri har vore eksponerte for. Om nokon hadde begynt å opptre rasistisk lenger opp i klassestega, ville det blitt slått hardt ned på, med foreldremøte, kanskje psykolog og eit heilt apparat som ville blitt sett i sving. Og godt er det.

I idretten er inntrykket av strukturell antirasisme endå tydelegare. Om nokon, barn eller vaksen, skulle finne på å seie eller gjere noko som kunne bli tolka som rasistisk, ville det sjølvsagt bli sett på som svært alvorleg. Dei gongane slikt skjer, er det eit såpass grovt brot på alt idretten står for, at det blir nasjonale nyhendesaker av det. Enkeltepisodar blir diskuterte på høgt nivå i forbunda det gjeld. Det er nulltoleranse.

For å summere opp denne uformelle og ganske så anekdotiske generasjonskavalkaden: Blant dei fleste i dag, barn, ungdom eller vaksne, er rasisme totalt uakseptabelt. Dei som viser slike haldningar, blitt sett ned på, baksnakka og utsette for sosiale eller juridiske sanksjonar. I løpet av tre generasjonar er det skjedd nesten uforståeleg store haldningsendringar rundt rasisme i Noreg.

At det ikkje lenger er greitt at ein oppfører seg fælsleg mot folk, er sjølvsagt ikkje noko å feire. Men det er heller ikkje noko ein treng å underkjenne når ein snakkar om rasisme. Når rasisme er blitt eit ekte tabu i Noreg, kvifor blir det i media skapt eit bilete av at det meste har gått i feil retning, at rasismen er på frammarsj og stigande?

Dette biletet blir skapt frå mange hald, ikkje minst av ein jamn straum av profesjonelle antirasistar. Blant desse er det som om røynda anten blir halden skjult eller snudd på hovudet. Dette kan det vere fleire grunnar til. Om ein har som jobb å kjempe mot rasisme, vil ein kanskje gjere fienden så sterk og farleg som mogleg. Det vil gi eige arbeid ein ekstra heroisk dimensjon. Dessutan handlar det om å få mest mogleg pengar frå det offentlege. Då tonar ein sjølvsagt ikkje ned problemet, det vil snarare vere ein tendens til krisemaksimering.

Ein annan dimensjon ligg i medielogikken: «Enormt stor nedgang i rasismen i Noreg» er ikkje eit nyhende. Enkeltoppslag som viser opprørande døme på rasisme, er det. Eg har aldri høyrt ein journalist stille spørsmål ved premissane til dei som vil gjere rasismeproblemet størst mogleg. Det er alltid full aksept for ei slik forståing av røynda.

I neste augeblikk kjem det kanskje krav om at politikarar må seie kva dei har tenkt å gjere. Har dei handlingsplanar eller anna som kan setjast i verk omgåande, eller skal dei la slik systematisk urett skje på deira vakt?

Det kan vere fleire grunnar til at den kraftige nedgangen i norsk rasisme er ein slags løyndom. Mange vil garantert bli provoserte av å høyre eit slik faktum. Eg tenker spesielt på ideologisk engasjerte miljø innanfor felt som rasisme, identitetspolitikk og postkolonialisme. Mange av dei har forelska seg i amerikansk teori på området, der det nærmast er konkurranse om å vere mest mogleg kategorisk. Så overfører ein amerikanske tilhøve ganske direkte på Noreg, utan å tenke seg særleg mykje om.

Ein ikkje utypisk påstand, som også er blitt lansert i Noreg, er at «vi er alle rasistar». Og vi kjem alltid til å vere det. Alle, altså. Alltid. Uansett. Ku Klux Klan og Vigrid er rasistar. Det same er du, eg, Moddi, kong Harald, John Carew og Abid Raja.

Rasisme er i denne versjonen ei slags arvesynd, og alle sigrar vil berre vere mellombelse og små. Når som helst kan ein brann blusse opp. Eg har fleire gonger vore i USA i lange periodar, eg har skrive bøker derfrå og lese mykje amerikansk historie, eg held mange amerikanske tidsskrift. Etter mitt syn er USA heilt klart eit land som bygger på rasistiske strukturar. Slaveriet, reservata til urinnbyggarane, kvit makt, segregering, raselover og rasejuss, ein politikk og ein økonomi som sementerer folks sosiale posisjon, er nokre faktorar her.

I Noreg er situasjonen ein heilt anna. Noreg var inga kolonimakt, men ein koloni. Innvandrarar til Noreg er ikkje etterkommarar av folk som kom hit på slaveskip, og som deretter er blitt offer for rasisme i generasjon etter generasjon. Dei er etterkommarar av arbeidsinnvandrarar eller flyktningar som kome hit frå krig eller andre katastrofar og fekk bustad, pengar, utdanning og gratis velferdsgode. Det er ein viss forskjell.

Likevel er det i enkelte miljø ikkje uvanleg å møte påstandar om at Noreg er strukturelt rasistisk, på line med USA.

Somme er kanskje også litt redde for å seie imot dei mest radiale aktivistane, sidan dei har vist at dei kan opptre som mobbarar, og sette i verk kampanjar for å gjere livet surt for dei som stiller spørsmål ved verdsbiletet deira. Dette såg vi til dømes under konflikten på Kunsthøgskulen i Oslo, der studentar som ikkje ville vere med på leiken, blei kraftig trakasserte, også på eigne kunstutstillingar og på fotballkampar (!).

Fordi rasisme er blitt eit ekte tabu, kan det vere svært rammande å bli skulda for rasisme, sjølv om desse skuldingane skulle vise seg å vere heilt grunnlause. Dette freistar somme kynisk å utnytte til sin fordel. Mange slike påstandar om rasisme eller framandfrykt står fram som falske, der avsendaren sjølv veit at det ikkje eigentleg er snakk om framandfiendskap, men nyttar skuldingane eller insinuasjonane taktisk.

Det såg vi til dømes då juristen Cecilie Hellestveit peika på at internasjonaliseringa av akademia kunne ha problematiske sider. Sjølvsagt kan ho det, og Hellestveit hadde mange gode døme, slik også Ronny Spaans har hatt her i avisa. Svaret Hellestveit fekk frå Curt Rice, amerikanaren som var rektor ved høgskulen han fekk døypt om til det amerikanske Oslo Metropolitan, meinte Hellestveit burde beklage artikkelen. Rice snudde med ein gong og beklaga sjølv overfor Hellestveit.

Men Rice var ikkje aleine. Ein jussprofessor kontakta Anine Kierulf, eksperten på ytringsfridom, og bad henne i fullt alvor vurdere om Hellestveits utsegn kunne vere ei straffbar hatefull ytring.

Hellestveit fekk òg avlyst ei forelesingsrekke, fordi jussmiljøet hadde behov for å «heles». Ein sakleg diskusjon om korleis norsk akademia skal utøve visse tenester til det norske samfunnet, skulle altså ha gjort vaksne folk traumatiserte. Eg trur ikkje på det. Eg trur dei lèt som, fordi dei har merka seg at offerrolla er blitt gull verd, og at falske skuldingar av denne typen har små konsekvensar.

Vi må sjølvsagt vere på vakt mot reell rasisme. Men vi må òg vere på vakt mot oppkonstruert tøys av denne typen, som diverre ser ut til å bli meir og meir vanleg, også i Noreg.

Eg følgde forresten delar av debatten rundt Hellestveit på sosiale medium. Nokre av dei utanlandske akademikarane som var ivrigast, skreiv norsk på nivå med femteklassingar (betre ordforråd, men fleire grammatiske feil). Dei såg ikkje ironien. For kvart ord dei skreiv mot Hellestveit, illustrerte dei stadig betre poenget hennar om at internasjonalisering har visse kostnader, også for det norske språket.

Kanskje vil nokon skulde meg for å bagatellisere rasismen i Noreg i denne kommentaren. Det gjer eg ikkje. Men kor mange er dei eigentleg, dei som veltar seg i rasisme i kommentarfelta? Det finst eit visst tal på slike menneske, men kanskje skapar dagens teknologi eit skeivt bilete av kor mange og sterke dei er. Folk som før ikkje hadde nokon kanal for oppgulpet sitt, har no tilgang på reine masseøydeleggingsvåpen i ordskiftet, i form av eit tastatur og nettilgang. Der kan dei stort sett opptre anonymt, og kanskje med fleire falske nettidentitetar sitte frå morgon til kveld og spreie møkk. Ti slike personar kan fort skape inntrykk av at dei er ti tusen.

Kanskje er det berre ein type rasisme som det enno er ganske låg terskel for, og det er den mot muslimar. Kvinner i hijab får til dømes ofte skjellsord slengt etter seg. Eg vil utan tvil kalle slikt for rasisme. Men dei som står bak slike kommentarar vil sjølv hevde at deira fiendskap er retta mot ein ideologi/religion som i deira auge står for kvinneundertrykking og terror. Rasedimensjonen er ikkje det sentrale i denne typen rasisme.

Poenget mitt er at sjølv om det sjølvsagt fins rasisme, så meiner eg likevel at vi må kunne ta omsyn til omfanget og kva retning det er gått med rasismen i Noreg.

Om ein er rasist, og ikkje er det i løynd, er ein per definisjon ein marginalisert person. Blir ein avslørt, risikerer ein å miste jobben. Men sannsynligvis har ein ingen jobb. Det store fleirtalet reknar slike haldningar som fullstendig uakseptable. Det same gjer påtalemakta.

Kan hende det er derfor leitinga etter rasisme nokre gonger verkar så søkt og uheiderleg. I den store krigen mot rasisme er det vunne store slag, men den vinnande sida har likevel trappa opp, ikkje ned. Og dei har flytta seg over frå det konkrete til metafysikken. Eller til talmagi, som når forskarar isolert ser på representasjon i norsk idrett og finn at strukturane er rasistiske, fordi det, sett på spissen, er få somaliske ishockeyspelarar og skihopparar.

Ikkje for det. Mykje ligg i strukturane. Og sjølvsagt ligg det fordelar i det å høyre til majoritetskulturen. Då kan ein nyte godt av gamle nettverk og familie, med eigedom og arv, ein kjenner folk i viktige stillingar (som òg kan sjå ut til å gå i arv), og ein har ei viss oversikt over den norske historia, kulturen og mentaliteten. Alt dette kan vere ein stor fordel, same kva land vi snakkar om.

Vi veit at innvandrarar kan ha problem med å få seg arbeid. Det er leitt at det er slik, men grunnen treng ikkje å være rasisme. Når det gjeld arbeidsmarknaden, trur eg ofte det kan vere ein skepsis som ligg bak at folk med «feil» etternamn ikkje blir kalla inn til intervju, men blir det om dei skifter namn. Men det treng ikkje vere det.

At personar vel det dei er mest kjende med, og stoler mest på dei som liknar på dei sjølv, som er forventa å ha lik mentalitet og referansar, er ofte meir latskap enn rasisme. Og det er ganske universelt. Men det er uklokt, for forsking indikerer at mangfald fører til meir nyskaping og utvikling enn homogenitet.

Folk i majoritetskulturar har sjølvsagt eit forsprang på dei som nyleg har innvandra, og som kanskje ikkje kan språket. Sjølv i eit land som er strukturelt antirasistisk, mangfaldsorientert og inkluderande som Noreg, er det slik. Det trass i at vi freistar å rette opp skeiv- og ulikskapar med alle moglege slags målretta tiltak.

Skimtar vi konturane av eit dilemma eller paradoks som har vakse fram i det fleirkulturelle Noreg? Min generasjon skulle lære seg å bli fargeblind. Men i dag er hudfarge og etnisk bakgrunn igjen blitt ein svært viktig markør. Vi skulle juble over mangfaldet, over ulike livsstilar, religionar og mentalitetar.

Slik det er no, er det som om jubelen har stilna og det blir rekna som eit enormt problem at ikkje alle er like. Folk kan ikkje vere annleis utan å skilje seg ut frå majoritetskulturen. Men påpeiking av forskjellar blir nesten automatisk tolka inn i ei ramme av rasisme. Det er der forventninga ligg. Og i eit slikt perspektiv har det ikkje vore ein sterk nedgang i rasisme i Noreg, men ein grotesk auke.

Morten A. Strøksnes

Morten A. Strøksnes er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skimtar vi konturane av eit dilemma eller paradoks som har vakse fram i det fleirkulturelle Noreg?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis