Sensitivitetssjåarane
Det ligg stor makt i kvit makt-skuldingar.
Nasjonalmuseet i Oslo.
Foto: NTB / Annika Byrde
Hugskot
havard@dagogtid.no
Roald Dahl, Donald Duck, Helt super, Christian Krohg, James Bond. Finst ein samnemnar i debattane? Ja, om me held oss til visuell kunst, finst ein del sams i reaksjonane på Rasmus A. Sivertsens animasjonsfilm Helt super (2022) og Christian Krohgs Leiv Eiriksson-måleri (1893).
Verka møtte ein reaksjon prega av aksjon. På filmfestivalen i Berlin vart gallapremieren til Helt super stogga. På Nasjonalmuseet i Oslo vart Leiv Eiriksson-måleriet forvist.
Filmen vart synt seinare på festivalen, i lag med ei åtvaring, og måleriet vart hengt opp, i lag med ei orsaking. Men saka er at verka vart møtte med meir enn debatt. Somme hadde makt til å ta dei ned.
Då kjem me til den andre samnemnaren i reaksjonane på filmen og måleriet. Dei handfaste aksjonane mot dei var i båe høva legitimerte med referansar til «kvit makt».
Helt super-premieren i Berlin vart stogga etter protestar frå Artef, ein organisasjon som meinte at ei maske som vert nytta i animasjonsfilmen, krenkjer farga. Fremst i eigenpresentasjonen sin nyttar Artef eit sitat av den britiske forfattaren Layla Saad: «Kvit makt er eit system som ikkje vart skapt av nokon som er i live i dag, men det vert halde ved like og halde opp av alle som har kvite privilegium.» Kor langt ein kan tøya utsegna, vert eit tolkingsspørsmål. Kva er kvite privilegium? Er du strukturelt sett ein rasist om du er kvit, men ikkje vekt, woke?
Leiv Eiriksson-måleriet vart i Aftenposten stempla som kolonialistisk av Nasjonalmuseet-direktør Stina Högkvist, før stemplinga vart både svekt og forsterka. Ho vart svekt av museumsleiinga, som orsaka karakteristikken, men samstundes forsterka av ein nær samarbeidspartnar av museet –?ikkje Johan Fredriksen-arvingane, men kunsthistorieprofessoren Øystein Sjåstad – som elles samarbeider med Nasjonalmuseet om eit avkanoniseringsprosjekt. Der Högkvist i Aftenposten såg kolonialisme, ser Sjåstad meir i Morgenbladet: «Bildet uttrykker kolonial heroisme og hvit makt på sitt mest opplagte.»
Fyrst og fremst av di NS synte biletet i 1942. Året etter gav dei dikta til Rolf Jacobsen liknande merksemd. For dikta sin del er det godt at Sjåstad ikkje er sensitivitetslesar, men sensitivitetssjåar.
Det er ikkje tilfeldig at dei same verka som vart råka av kvit makt-referansar, vart mellombels stogga. Andre skuldingar gjev ikkje så stor makt.
For mykje handlar om makt, og Sjåstad likar ordet. «Kanon er en maktgest» (ein maktdemonstrasjon) er grunngjevinga hans for avkanoniseringsprosjektet, ein del av avkoloniseringsprosjektet, som mellombels fekk Leiv Eiriksson-måleriet ned frå veggen. Magasineringa er grei nok, men ikkje maktbruken.
Ei heilt eiga makt har til alle tider vore den ein er blind for, eller læst som om ein ikkje ser. I implisitte og eksplisitte kvit makt-skuldingar ligg mykje makt, som døma syner.
Ei anna makt dei har, dei som har makt til å sverta kunstverk med skuldingar om kvit makt, er makta til å reinsa dei same verka. Etter å ha slått fast at Krohg-måleriet «uttrykker kolonial heroisme og hvit makt», kan Krohg-kjennaren Sjåstad som ein sjaman reinsa biletet: Krohg var eigenleg «anti-nasjonalist, sosialist og modernist», og «jeg tror at det er bevisst at Eiriksson står som det gule korset i et svensk flagg omgitt av blått, og at man kan lese bildet som en ironisk nasjonalisme fra Krohgs side».
Kvit makt-skuldinga var visst berre ein maktgest.
Som me ser: Woke-venstre har vorte det nye skrotvenstre, i ein slik grad at ein spør seg om dei høyrer til venstresida. I Høgre finn ein vel så mykje woke som i Raudt, og undersøkingar syner at kvinner gjerne er meir woke enn menn. Identitetspolitikken fylgjer sjølvsagt identitetspolitiske skiljeliner, ikkje høgre–venstre-aksen.
Resultatet er alt anna enn vent. Samstundes som Nasjonalmuseet hoverer identitetspolitisk, kan Noregs rikaste kjøpa ein bit av verdien til varemerket og kurateringa, politisk umogeleg for nokre tiår sidan.
Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.