Kommentar

Russisk marsj – på staden kvil

Uvissa låg over Moskva i juledagane for 30 år sidan. Men éin ting var heilt sikker: Sovjetunionen var død – for alltid.

Publisert

For ein som opplevde det, er det umogleg å gløyma dei seine haust- og tidlege vinterdagane i Russland i 1991. Den 8. desember hadde Boris Jeltsin saman med presidentane i Kviterussland og Ukraina erklært at Sovjetunionen hadde slutta å eksistera.

25. desember – seks dagar før nyttårsaftan – ble den raude sovjetfana fira over Kreml. I staden blei den russiske trikoloren, som Peter den store i si tid henta frå Nederland, heist.

Gatene var mørke i den russiske hovudstaden. Butikkane var tomme, og pengeverdien sokk for kvar dag som gjekk. Mange gjekk ikring med dårlege klede og endå dårlegare sko. Slik varer hadde ikkje vore prioriterte i den sovjetiske planøkonomien, noko ein kunne sjå på kvar russar ein møtte.

Stemninga var med andre ord temmeleg trist, men midt oppe i det heile var det håp: Sovjetunionen og kommunismen var lagd i grava. No skulle ein byggja eit nytt og fritt Russland.

Måteleg bra resultat

Korleis gjekk det i åra som fylgde? Ein må vel seia at resultatet var måteleg bra. I fleire år gjekk folk flest for lut og kaldt vatn. Mange visste ikkje korleis dei skulle få tak i mat til familien neste dag. Mafiagrupper skaut på kvarandre på open gate midt på ljose dagen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement