Reinsdyr og rein kraft
Regjeringas energiplanar i Finnmark lar seg ikkje gjennomføre – på grunn av urfolkspolitikken.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) held pressekonferanse om elektrifisering av Melkøya.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Tysdag denne veka reiste statsminister Støre, finansminister Vedum og olje- og energiminister Aasland til Hammerfest. Statsministeren innleia med å seie at dei hadde reist til Finnmark for å markere ein historisk dag. Ikkje berre for Hammerfest, ikkje berre for Finnmark, men for heile Noreg.
Dei hadde tatt ei avgjerd som skulle skape «aktivitet, optimisme og tryggleik». Det var «eit stort kraft- og industriløft som vil sette spor og skape verdiar i heile Finnmark og i heile Nord-Noreg».
Det skal byggast tre nye kraftliner, og massivt med fornybar energi i Finnmark. Melkøya skal elektrifiserast!
Utropsteiknet er mitt. For sjeldan har ein sett kroppsspråk og andletsuttrykk harmonert dårlegare med eit påstått gledesbodskap. Om ein kom inn i eit rom med TV-en på, men lyden av, og berre hadde mimikken til ministarane å gå på, ville det vore uråd å seie kva pressekonferansen handla om: «gladsaka» Melkøya, eller om at mykje infrastruktur i Sør-Noreg var i ferd med å bli tatt av valdsame flaumar og leirras.
Ekstremvêret hadde vore varsla i ei veke. Ein kunne trudd regjeringa håpa på at den kontroversielle Melkøya-avgjerda ville drukne i bilete av bilar og hus som blei førte ned elver og smadra mot bruer.
I Nord-Noreg var det sol og varme, berre kommentarfelta fløymde over. Politisk redaktør Skjalg Fjellheim i Nordlys sat klar: «Dette er helt uforståelig og symbolpolitikk på sitt verste, slik kraftsituasjonen i Nord-Norge er. Det er en fullstendig overkjørsel av politikk, næringsliv og breie lag av befolkningen i hele landsdelen (...) For Arbeiderpartiet er dette dramatisk. Det er slik folkepartier faller og forsvinner, når de slutter å legge øret til bakken og lytte.»
Eg kunne brukt heile dette nummeret av Dag og Tid på å sitere liknande kommentarar. Éin månad før valet, og regjeringa har gjort det igjen. Sjølvdestruktiv åtferd på dette nivået har krav på ein viss respekt, om ikkje beundring.
Nesten alle i Nord-Noreg – med unntak av ordføraren i Hammerfest og entreprenørane som sit i andre enden av dei 13 milliardane som utbyggingane er estimerte til å koste – har i fleire år sagt at det ikkje er nok kraft i Nord-Noreg til å skapa ny industri og samstundes elektrifisere Melkøya. Også Senterpartiet har sagt dette. Det var kanskje derfor Vedum hadde andletet til ein trulova, men pint mann som hadde bestemt seg for å bryte to dagar før bryllaupet skulle stå.
Støre lova ikkje berre kraft tilsvarande det som vil bli brukt på elektrifiseringa av Melkøya, innan 2030 – eller i verste nokre få år seinare. Det er 3,6 terawattimar årleg, over to prosent av Noregs årlege straumforbruk, ifølge E24. I tillegg skal det bli kraft til overs for å skape eit industriløft andre plassar i fylket, hevda altså Støre.
Spørsmålet alle som har vett på kraftproduksjon, og mange som ikkje har det, stiller seg, er: Kor skal all denne nye, reine straumen kome frå? Ikkje frå vasskraft, der er det ingen planar. Ingen er i dag galen nok til å starte ei ny utbygging à la Alta. Havvind? Havvind er kontroversielt, tar mange år, og det er ingen planlagde prosjekt i Finnmark. Sol? Vel, eg tenker det held med eitt ord: mørketid.
Så er det altså vindturbinar på land som skal kompensere for krafta som skal gå til Melkøya?
Det er her ein verkeleg tar til å klø seg i hovudet. Trur regjeringa at det let seg gjere å bygge gigantiske vindmølleparkar over store areal i Finnmark? I tillegg til at nye, naturinngripande kraftliner skal gå gjennom heile fylket?
Har ho ikkje høyrt om den enno uløyste Fosen-dommen? Om ILO-konvensjon 169? Om artikkel 27 i FNs konvensjon om sivile og politiske rettar? Om «konsultasjonsplikta» alle kommunar nordpå har med Sametinget, om det kan tenkast at samisk kultur og næringsliv kan bli råka av ei utbygging? At FN-jussen hindrar Hammerfest kommune i å bygge ein fem kilometer lang sykkelsti langs den smale og svingete vegen mellom byen og Forsøl, fordi reinen kan bli skremd?
Sametingets president Silje Karine Muotka (NSR) var raskt ute tysdag og sa til NTB: «Det er fullstendig uakseptabelt at regjeringen kunngjør elektrifisering av Melkøya på denne måten. En slik beslutning viser at regjeringen setter til side alle løfter om hensyn til samiske rettighetshavere. Løftet om styrket dialog med Sametinget virker også å være tomme ord.»
Dagen etter var olje- og energiminister Terje Aasland på NRKs Politisk kvarter. Han heldt fast ved at Melkøya-saka var ei gladsak. (På filosofistudiet lærte eg at dette blir kalla «the Humpty Dumpty theory of meaning».) Han sa vidare at den massive utbygginga av ny infrastruktur i Finnmark skulle gjerast utan at det bryt med rettane til reindriftssamar.
Eg trur faktisk Aasland og Støre trur på dette. Arbeidarpartiet sentralt, har – i likskap med svært mange andre sørpå – ikkje tatt innover seg kva konfliktane i nord handlar om. Dei trur det handlar om å vere grei mot samane, om kulturutøving, om klisjear rundt arvesynd og «forsoning» på vegner av historisk urett. Om at Noreg skal vere betre enn nokon andre i verda på å etterleve FNs høge ideal og konvensjonar rundt urfolk, som mest er retta mot folk som lever tradisjonelt og er svært sårbare, ikkje dei som er godt integrerte i storsamfunnet.
Oslo-staten har ikkje skjøna at det handlar om reelle konfliktar om ressursar og areal, og om store verdiar. Og at eit kompetent team av samiske politiske aktivistar kjenner kva slags mekanismar som kan nyttast, ikkje minst etter at det allereie har vore så store vedgåingar, politisk og juridisk, frå staten si side.
Det gjeld ikkje berre Arbeidarpartiet. Sentrale norske styresmakter, inkludert ei lang rekkje regjeringar, har i dei siste 30 åra drive med ei slags verkelegheitsflukt. Dei har overlate urfolkspolitikken til FN og lokale styresmakter i nord, mens dei sjølve har abdisert. Dei har nekta å innsjå at det norske fellesskapets interesser ikkje er identiske med interessene til Norske Samers Riksforbund, som dominerer Sametinget, og ikkje minst: til reindriftssamane og det aktive landsforbundet deira (NRL). Også internt i det samiske er det opprør mot dette verdsbiletet, der tamreindrifta, som historisk sett er ei relativt ny verksemd, er blitt heilag, nettopp fordi arealbruken kan knytast til eigedomsrett over landet.
Berre éin ting er sikkert: Framfor oss har vi fleire år med rettssaker, utgreiingar, omkampar og protestaksjonar. Fosen-saka var berre oppvarminga. «Industrieventyret» regjeringa denne veka proklamerte i Finnmark, har ikkje eingong sterk støtte på Stortinget. Men kampen kjem til å bli dominert av samiske krav om retten til land.
Norske styresmakter må enten snu heilt om i politikken overfor reindriftsnæringa, og det blir ikkje noko pent syn. Eller så kan dei gløyme å skape ny energi som skal erstatte den som går til Melkøya, og meir til, ut frå lovnadane.
Eit sannsynleg scenario er at overføringskapasiteten til og frå Nord-Noreg blir kraftig betra (om ikkje også det kjem i konflikt med FN og reindriftssamiske rettar). Om vintrane kjem då Nord-Noreg dermed til å importere europeiske kraftprisar, til liks med i Sør-Noreg, og det tyder ti tusen kroner i månadleg straumrekning for mange. Nett dette skjønar sjølvsagt mange i Nord-Noreg godt. Tanken gjer dei forbanna, med god grunn.
Morten Strøksnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Framfor oss har vi fleire år med rettssaker, utgreiingar, omkampar og protestaksjonar.
Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.