JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Politikarar redusert til sjablongar

Kva vil NRK med dramaserien Makta, anna enn å styrkja fordomar?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dramaserien Makta er kjemisk fri for politikk. Alt dreier seg om posisjonar, skriv Bernt Hagtvet.

Stillbilete frå trailer på NRK

5316
20231201
5316
20231201

Franskmennene har eit uttrykk: Une verité superieure. Grovt omsett tyder det omtrent dette: ei høgare rangs sanning – ei djupare sanning, trass i eit fyrsteinntrykk av noko motsett.

Dette inntrykket renn meg i hug etter dei fyrste episodane av NRKs storsatsing i haust: Makta. Ligg det ei djupare meining bortafor skildringa av Arbeidarpartiets leiarskap i fullt forfall?

Sosemiklar

Inntrykket som serien legg opp til av maktkampane i Arbeidarpartiet på 1970- og 80-åra, er ein gjeng sosemiklar der berre Gro heldt seg rasjonell. Det vert ikkje gjort nokon freistnad på å gjera greie for at dei ulike fløyene hadde ulike politiske program. Serien er kjemisk fri for politikk. Alt dreier seg om posisjonar. Serien gjev oss ikkje innsikt i politiske skilnader, verdisyn og ideologi. Det er ikkje teikn til at serien tek opp økonomisk politikk, sosial politikk eller internasjonal politikk.

Det er som om konfliktane i partiet berre gjekk på person, ikkje på politisk innhald. Men etter EF-avrøystinga var Arbeidarpartiet djup splitta. Det tek serien knapt opp.

Sidan det vert brukt originale namn, og sidan mange av bileta er frå kjende stader i Oslo, er det klart at vi står andsynes ein serie som skal gje inntrykk av – ja – ei høgare sanning. Serien riv bort alle illusjonar og uttrykkjer: Sjå her, slik er politikken, især i Arbeidarpartiet, men nokså ålment i Noreg. Politikk er stort sett berre skit.

Arbeidarpartiet er ingen sundagsskule, sa Haakon Lie og gjorde sitt til at utsegna skulle verta sann. Men Arbeidarpartiet er heller ikkje eit psykologisk tivoli eller ein luftegard på Dikemark.

Det hjelper ikkje at NRK skriv at dramaserien er «basert på sannhet, løgn og dårlig hukommelse». Det er nettopp bruken av reelle namn og blandinga av løgn og sanning, der delar av historiene er korrekte, nokre har eit snev av sanning, medan andre historier er nettopp løgn, som gjer Makta så problematisk. Kva som er kva, vert uklart for alle som ikkje har inngåande kunnskap om norsk politisk historie. Til slutt trur ein at det var vel slik det var, når alt kjem til alt.

Sjablongar

At Trygve Bratteli vert framstilt som nærast dement, er grovt fornærmande. Likeins at Odvar Nordli vert framstilt som ein avfeldig bygdeknøl, Steen som ein intrigant og substanslaus noksagt og Per Vassbotn som ein dobbeltspelande journalist som etter kvart går inn på regjeringssida for å byggja dike mot blodtåka blant sine eigne yrkesfellar.

Førde, som hadde ei spiss tunge, kjem oss i møte som ein anonym periferifigur. Kona til møbelhandlaren Engen er ein slags Mata Hari-aktig overlaupar med kassettar fulle av drivstoff til intrigane. Uha!

Manuskriptet seier: Få fram dei ulike personlegdomane i fritt spel, gjer dei enkle, men få framfor alt fram kor maktmedvitne dei er. Reduser dei til sjablongar, for slik er politikken: posisjonar, berre posisjonar, og substanslaus makt.

Etter det romantiske våset med kronprinsesse Märtha som berga kongeriket og verda under krigen, eller programmet om dei norske frontkjemparane i aust som stod fram som uskuldige i massedrap i Sovjet – etter desse «dokudramaa» var forventningane til Makta sette på lågbluss.

NRK er som vanleg ute etter éin ting: sjåartal. Klikk. Og då treng ein drama og fart med enkle personskildringar og motsetnader som ligg i dagen – innbite, men uklårt artikulert av folk med stiv overleppe. Poenget til serieskaparane er nettopp dette: Sanninga er ikkje interessant, berre dramatikken.

Dokudramaseriar er kostbare, men her sit pengane laust. Ser ikkje NRK etter Märtha- og frontkjemparserien kor problematisk denne sjangeren er? Lag gjerne ein norsk Presidenten (The West Wing), men der det er openbert at serien er fiksjon – om enn med klare historiske referansar. Det er interessevekkjande stoff som ikkje krenkjer intelligensen vår. Slik er ikkje Makta. Denne serien appellerer berre til plirande sosial kikarmentalitet, Se og Hør på fjernsyn.

Undergrev respekten

Så høyer eg frå krokane: Ah, nok ein sur akademikar som luftar det triste humøret sitt. Ein som ser ned på folkets lyst til underhaldning. Feil. Denne kritikken har ei dyster underside. Denne framstillinga av politikken bidreg til å undergrava respekten for demokratiske prosedyrar.

Så høyrer eg: Jau, kva så? Er det ikkje nett det som må til i dette problematiske og sjølvtilfredse landet som renn over av grunnlaus politikartillit? Sjå kva politikarane driv det med: tyning av reglane for bustader, lyssky aksjehandel frå statsministerbustaden, Nav-skandalar og fengsling av uskuldige trygdemottakarar og så bortetter.

Eg undrar: Er det her la verité superieure ligg? At serien nettopp skal smørja fordomane våre mot den smussige politikken? Her er det ingen motførestillingar mot denne grunnpopulistiske forteljinga, eller som det heiter på leiarskapskaudervelsk, narrativet.

Så skal me ikkje ha politisk satire? Sjølvsagt. Men sjå då til dømes på BBC-serien Javel, herr statsråd heller enn pseudoseriar som Makta. Javel, herr statsråd får oss til å skjøna meir av maktspelet innanfor eit byråkrati. Serien er intelligent og to the point. Elegant humor langt over Nytt på nytt har han òg.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Oslo Nye Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis