JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ordskifte mellom dei som er samde

Trua på den rette læra fører til utestenging av avvikarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6488
20230908
6488
20230908

Den 21. august vart elevane ved Natur videregående skole på Furuset i Oslo informerte om den komande skuledebatten onsdag 30. august. Her skulle ungdomspartia til dei ni største av dei partia som hadde fått meir enn 1 prosents oppslutning ved siste stortingsvalet, få delta, slik som Utdanningsdirektoratet tilrår for opplegget til desse skuledebattane. Vel å merka er dette ikkje nokon regel, men ei retningsline; skuleleiinga vel sjølve kven dei vil invitera til å ta del i skuledebattane.

Dagen etter tok ein av elevane ved skulen, Richard Slagstad Kierulf, kontakt med læraren som var ansvarleg for debatten, og spurde om han kunne få vera den tiande deltakaren, som representant for partiet sitt, Industri- og Næringspartiets Ungdom (INPU). Kanskje ikkje så merkeleg, for denne dagen melde pressa at INP «fosser frem» på meiningsmålingane og hadde nådd 5,1 prosent på landsbasis, meir enn Venstre, MDG og KrF. Dagen etter fekk INPU-eleven plass i debatten, og melding vart send ut til alle dei inviterte ungdomspartia.

«Norma»

Men dagen før debatten ringde AUF-leiaren Simon Glad Frigessi til skulen. På vegner av alle dei ni fyrst inviterte partia, melde han frå om at dei ikkje ønskte at INPU skulle få vera med i skuledebatten. Dette vart grunngjeve med at det stridde mot «norma» om berre å ta med parti som ved førre stortingsval hadde fått over 1 prosent røyster.

Richard Slagstad Kierulf fortel at han om morgonen på debattdagen undervegs til kjemisalen gjekk gjennom rommet for debatten og såg at det var rigga til med ti bord, også eit bord med ein INP-logo. Men litt seinare vart han henta ut frå kjemitimen og fekk vita at dei andre ungdomspolitikarane no var samde om at dei ville forlata debatten dersom skulen lét INPU vera med. Læraren valde då å la debatten gå – utan representanten for INPU.

Partiprogrammet

Sidan det ikkje stridde mot reglementet å ha med det tiande partiet i debatten, vel eg å tru at dei ni andre partirepresentantane nytta «norma» som vikarierande argument, og at den verkelege årsaka til at dei ikkje ville sitja i panel med IPNU, var klimapolitikken til dette partiet, som går for å vera «klimafornektarar».

Det går fram av partiprogrammet til INP at dei ser på klimaendringane som korkje menneskeskapte eller spesielt alvorlege, og meiner at «befolkningsvekst og miljøet [er] større akutte utfordringer». Programmet framstår som tvilande til klimavitskapen og i opposisjon til klimapolitikken, og partiet er sterkt kritisk til det dei meiner er politisk utnytting av klimaangst for å skaffa seg politisk makt, og ser på det grøne skiftet som miljøfiendtleg. Heilt konkret vil dei ikkje ha nokon klimapolitikk. Dei vil seia opp Parisavtalen og oppretthalde Noregs olje- og gassproduksjon.

Men både intuisjon og kunnskap stør trua på at industrivekstsamfunnet som har øydelagt natur og miljø sidan den industrielle revolusjonen, må føra til alvorlege økologiske kriser, inkludert klimaendringar. Det er rett nok noko paradoksalt i «det grøne skiftet» som skal berga klimaet med tiltak som inneber meir naturøydelegging, men det er òg noko paradoksalt i INP – eit parti som vil redda miljøet ved å sjå vekk frå klimaendringar og styrkje interessene til næringsliv og industri, dei mest miljøfiendtlege verksemdene vi har.

Rom for drøfting

Men skal det ikkje vera rom for å diskutera slike tema som dette? Er det bortanfor all fornuft å diskutera om den storstila omlegginga til solpanel og vindkraft er einaste vegen å gå for å berga klimaet? Lyt ein verta lyst fredlaus om ein ikkje vedkjenner seg til FNs klimapanel?

Under folkestyret som ungdomspolitikarane trur på, er det rimeleg at synsmåtar som mange held for å vera urimelege, men som mange andre deler, vert representerte på storting, i kommunestyre og i politiske debattar. I ein EU-studie frå 2022 sa 24 prosent av nordmennene som vart spurde, at dei ikkje trudde at klimaendringane er menneskeskapte.

Dette synspunktet vik av frå fleirtalet mellom forskarane. Men i panelet på Natur videregående skole sat det òg ein representant for KrF som sikkert trudde på noko det ikkje er fleirtal for korkje i forskarmiljøa eller i folket. Det er vel fleire som tviler på klimapolitikken enn som trur på jomfrufødselen.

Og ifølge NRKs valomat for 2023 meiner partia Venstre og Miljøpartiet at det finst meir enn to kjønn, noko som strir mot tusenårlang biologisk og vitskapleg semje. Det er faktisk for mindretalsmeiningar vi dyrkar trus- og ytringsfridom og har eit politisk fleirpartisystem.

Tabua

Tabu har alltid funnest i samfunnet. I 1950-åra hadde vi trongare grenser for kva vi ville akseptera på område som religion og seksualitet. Alle kjenner til rettssaka mot forfattaren Agnar Mykle og forlaget hans etter at dei gav ut romanen Sangen om den røde rubin i 1956. Så seint som i 1980 vart den blasfemiske filmen Life of Brian stansa av Statens filmkontroll, som utøvde filmsensur i Noreg heilt fram til 2004. Likevel vart tabua knytte til pornografi og blasfemi svekte frå 1960-åra av.

Men etter den iranske fatwaen mot romanen Sataniske vers av Salman Rushdie og den sensuren og sjølvsensuren dette førte med seg, er tabua atter vorte styrkte, fyrst gjennom terrorredsla knytt til åtak på og kritikk av islam, seinare med saker om identitetsspørsmål. Det er no vanleg at dei som ikkje har dei «rette» synsmåtane, får internettmobben etter seg, slik til dømes forfattaren av Harry Potter-bøkene, J.K. Rowling, fekk då ho ironisk kritiserte ein ideologisk språkbruk der omgrepet «kvinner» vart skifta ut med «personar som menstruerer».

Same tendensen såg vi då studentane i Bergen i fjor erklærte utdanningsminister Ola Borten Moe for «persona non grata», eit omgrep frå diplomatiet som vert nytta i tilknyting til utvising av ein tilsett ved ein framand ambassade.

Den vesle hendinga på Natur videregående skole ser eg på som eit døme på at også legitime politiske avvik i synet på klimaendringane og korleis dei lyt møtast, har fått karakteren av tabu og kan føra til utestenging.

Det kan sjå ut som om dei politiske ungdomsmiljøa i dag, trass i snakket om «mangfald», er i ferd med å utvikla uheldige refleksar der dei tankelaust støyter ut avvikarar frå «den rette læra». For det ligg truslære og dogmatisk innstilling til grunn når ordskifte er uønskte, og usamde vert viste på dør, medan dei samde sit att og diskuterer.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis