Oppstanden som vart gløymd
I Berlin 17. juni 1953 gjorde arbeidarane i arbeidar- og bondestaten DDR oppstand. I aust vart dagen for 70 år sidan ei kjelde til optimisme for opposisjonen.
17. Juni 1953: Ungdom i oppreist i sovjetisk sektor i Berlin møter sine overmenn i T-34.
Foto: Bundesarchiv / Wikimedia Commons
Kommunismens forfallssoge er meisla i tal – 1956, 1968, 1989. Men eitt tal manglar ofte: 1953 og 17. juni-oppstanden i Aust-Berlin det året, som mislukkast, vart gløymd, men som endra alt.
Her er det ein parallell til ein annan oppstand i tysk historie: marsrevolusjonen i 1848. Det var òg eit mislukka opprør. Det heile var over på eit drygt år. Den europeiske reaksjonen fekk tid til å områ seg og sikra lojaliteten til troppane. Dei lydde. Og bak låg røynsla frå den franske revolusjonen og terroren eit halvt hundreår før. Liknande oppstandar måtte knusast til kvar pris. Og det skjedde.
1848 vart eit symbol for fridom og politisk reform, nett som den arabiske våren, som også feila, men endra alt.
Sårbar kommunisme
Arbeidaroppstanden i Aust-Berlin varte berre litt meir enn eit døgn. Han vart knust av sovjetiske panservogner, og ein særs viktig illusjon vart kasta i grava: kommunismens betongsikre sjølvoppfatning av at dei hadde folket på si side, og at regimet stod støtt.
Men viktigast: at det vart klart for alle at Ulbricht-regimet ikkje ville overlevd utan russiske bajonettar. DDR var ein Moskva-satellitt, det såg no alle.
Budapest 1956 og Warszawa same året, og ikkje minst Praha 1968 – ingen av desse oppstandane er tenkjelege utan 1953. Monolitten kunne undergravast.
Det vil ikkje seia at minnet om 17. juni stod sterkt i åra etter. Men i DDR vart dette maktovergrepet halde levande. I aust vart dagen ei kjelde til optimisme for opposisjonen.
I Vest-Tyskland vart 17. juni nasjonaldag, fram til 3. oktober vart offisiell nasjonaldag etter samlinga i 1990.
DDRs endelykt
Men det må ikkje gløymast at Berlinmuren som kom åtte år seinare, heller ikkje kunne tenkjast utan 17. juni.
Verdt å minnast er òg at Erich Mielke, sjefen for det austtyske ministeriet for statstryggleik, med ein gong tenkte på 17. juni då han såg kva som var i emning hausten 1989. «Det var slik det tok til den gongen», sa han. Han fekk rett.
Sovjetiseringa
Bakgrunnen for oppstanden var direktiv frå Moska. Stalin ville at DDR skulle få seg ein eigen armé for å letta presset på sovjetstyrkane som då stod i landet.
Dette kravet, saman med den klare politikken frå Moskva om at DDR skulle fylgja den sovjetiske utviklingsvegen, tømde statskassa. Sovjetiseringa av økonomien førte til total satsing på tungindustrien og nedprioritering av forbruksvarar som bilar, kjøleskap og komfyrar. Det merka folket.
I tillegg kom den drastiske reparasjonspolitikken som Sovjet stod for. Tysk industri vart send til Sovjet som del av krigsoppgjeret. Legg du denne reparasjonspolitikken til tungindustrisatsinga, utgjorde desse postane samla 20 prosent av utgiftene på budsjettet til kommuniststaten.
Auka arbeidskrav
Samstundes vart DDR tappa for kompetent arbeidskraft. Grensene var på 1950-talet nokså porøse – muren kom 13. august 1961. I dei fyrste månadene av 1953 hadde 122.000 menneske flykta frå Aust-Tyskland.
Det som verkeleg utløyste sinnet i folket, var at Walter Ulbricht auka kravet til arbeidsinnsats med 10 prosent, utan noka lønsauke. Då det vart innvendt at endringane måtte koma meir gradvis fordi det ville føre til protestar, avviste den sovjetiske høgkommissæren i DDR, Vladimir Semjonov, alt bryskt.
Situasjonen vart gjort ekstra komplisert ved at Stalin nett var død (5. mars). Stemninga i Moskva var nervøs og uavklara. I ein slik situasjon vil alltid pistol vera lettast.
Motivasjonen til dei streikande 16. juni var ikkje berre dei aukande matprisane – historisk alltid ein god revolusjonsgrunn; tenk berre på kvinnene i Paris i 1789. Snart kom òg protestane mot undertrykkinga av kyrkja og krava om frie val og ei ny regjering.
Denne politiske fridomsdimensjonen var det ikkje mange av dei norske politiske pilegrimane som vitja landet på 1950- og 60-talet som skjøna, heller ikkje Berge Furre.
Ingen Havel
Den 17. juni samla det seg titusenvis av folk kring Alexanderplatz i Berlin. Då rulla stridsvognene inn.
Etter den arabiske våren har vi sett det merkelege fenomenet med dei leiarlause massane. 17. juni er også eit døme på det. 17. juni hadde ikkje ein samla leiar, ingen Lenin, ingen Gomulka, ingen Imre Nagy i Budapest, ingen Cohn-Bendit i Nanterre i 1968, eller ein Dubcek i 1968 eller Vaclav Havel i 1989.
17. juni minner mest om kampane på Tahir-plassen i Kairo. Dei vart også knuste av stridsvogner, og eit autoritært regime fylgde etter.
At det ikkje kom bilete av stridsvogner som rulla over statsgrenser, som i 1956 eller 1968, kan ha medverka til at oppstanden i 1953 ikkje vekte den same forbitringa i vest som oppstanden i Ungarn i 1956 eller i Tsjekkoslovakia i 1968 gjorde.
Rosa Luxembourg
Det heile starta 16. juni. Då gjekk bygningsarbeidarane i Aust-Berlin til streik. Ein ny demonstrasjon vart tillyst dagen etter.
Paradokset er at masseaksjonen minte om Rosa Luxembourgs førebilete om korleis ein revolusjon skulle starta, eller ville koma til å ta til: nedanfrå, spontant og frå folket sjølv, som ein foss.
I dag er oppgåvene over talet på drepne sprikande. Vi veit at rundt 1 million tok del i protestane i 500 byar og landsbyar i DDR. Mellom 5 og 18 sovjetiske soldatar vart avretta etter standrett fordi dei nekta å skyta på demonstrantar, 34 demonstrantar vart drepne, 6000 vart arresterte.
Reaksjonen frå styresmaktene var å styrka overvakinga. Stasi hadde etter kvart ein rapportør – angjevar er vel eit betre ord – for kvar 166 DDR-borgarar. Det var langt fleire enn KGB og Gestapo fekk til.
Brechts tvisyn
Bertolt Brecht reagerte med sedvanleg tvisyn på 17. juni. Fyrst sende han brev til Ulbricht, der han samstemde i at oppstanden var ‘fascistisk’ inspirert. Og til Kreml, der han gav uttrykk for sin «urokkelege» stønad til Sovjetunionen.
Fyrst lenge etter gav han ut det namngjetne diktet der han skriv om folket som har «forsømt» sin tillit til partiet og må betala med dobbel arbeidsinnsats. «Ville det då ikkje vera betre om partiet valde seg eit anna folk?»
Kva Brecht eigenleg meinte – opposisjon, ironi eller underkasting under makta – har i alle år seinare splitta brechtianarane. I 1955 fekk han i alle fall Stalins fredspris. Då var han på turt land.
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Oslo Nye Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I dei fyrste månadene av 1953 hadde 122.000 menneske flykta frå Aust-Tyskland.
Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE