JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Om paradis og helvete

Oscar-vinnaren The Zone of Interest er eit forsøk på å skjøne korleis mange kunne sjå Nazi-Tyskland som eit godt samfunn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leirkommandanten i Auschwitz og familien har funne sitt eige «paradis» ved porten til helvete i den Oscar-vinnande filmen The Zone of Interest. Men lydar og lukter finn vegen over gjerdet.

Stillbilete frå filmen via SF Studios.

9649
20240315

Fakta

The Zone of Interest:

Engelsk/polsk/amerikansk film regissert av Jonathan Glazer.

Manus av Jonathan Glazer og Martin Amis.

Skodespelarar er m.a. Christian Friedel og Sandra Hüller.

Nominert til fem Oscar-prisar og tildelt to.

Kommentar

oyvind.glosvik@hvl.no

På overflata handlar han om korleis kommandanten i Auschwitz, oberstløytnant Rudolf Höss, og kona Hedwig lever dagleglivet sitt i eit vakkert hus like ved konsentrasjonsleiren. Dei trivst godt, Hedwig vil ikkje flytte derifrå. Filmen er urovekkande på mange plan. Eitt av dei er korleis lydkulissane i bakgrunnen byggjer opp ei usagd soge om terror og massedrap: Vi ser ikkje, men vi høyrer, og anar. Eit anna døme på det som ikkje vert uttalt, er ei scene frå byen Oświęcim der ei kvinne stenger eit vindauge. Openbert fordi lukta frå forbrenningsomnane i dødsleiren vert for sterk. Ingenting vert sagt, men vi forstår.

Det vi ikkje forstår, er kvifor og korleis Hedwig og Rudolf Höss trivst så godt i Auschwitz. Det er ikkje til å forstå. Vi skal ikkje forstå slikt. Eller er det mogeleg å forstå Rudolf Höss?

Ein grunngjeven roman

Filmen byggjer på ein roman av den britiske forfattaren Martin Amis. Boka kom i 2014 og handlar om mykje meir enn ekteparet Höss. Mellom anna gjev tittelen, «Interessesona», meir meining for romanen enn for filmen sin del. For Angelus Thomsen, ein av hovudpersonane som ikkje opptrer i filmen, arbeider med å etablere ei stor industriverksemd i området (interessesona). Eitt av temaa i boka er at verksemda skal bruke straffangar, krigsfangar og jødiske fangar for å etablere ein fabrikk som skal produsere syntetisk gummi. Der skal dei som ikkje vert gassa i hel, arbeide seg i hel.

Filmen er berre lausleg bygd på romanen. Dei framstår som to heilt ulike forteljingar om det same brotsverket. Likevel er bakteppet det same, og boka inneheld noko såpass uvanleg som ein kommentert gjennomgang av dokumentarlitteraturen Amis har lagt til grunn. Regissør Glazer er meir tru mot Amis’ kommentarar enn mot sjølve det skjønnlitterære verket.

«Paradis»

Under rettssaka mot Höss i Krakow 1947 skal Hedwig Höss ha sagt at familiens liv i Auschwitz var som eit paradis, og at «eg vil leve og døy her, eg vil ikkje vere nokon annan stad». I boka er mor til Hedwig Höss (Hedwig heiter Hannah Doll i boka) imponert over det behagelege livet dottera og svigersonen lever.

Nazismen legg til rette for ei klassereise. Den tyske historikaren Hans Mommsen skriv då også i Germans against Hitler at oppslutninga om Hitler var stor i mellomklassen. I konservative kretsar vart det etter kvart meir skepsis. Hos Amis representerer Angelus Thomsen ein slik mentalitet.

Det er lett å forstå det behagelege med tenarar, ein vakker hage, overflod av mat og drikke. Det er likevel vanskeleg å forstå korleis eit menneske kan sjå vekk frå rammene rundt eit slikt liv. Mor til Hannah Doll klarer det ikkje særleg lenge. Både i boka og filmen innser ho kva som skjer i Auschwitz. Ho seier likevel ingenting til dotter si, dette skal det ikkje snakkast om. Ho berre reiser sin veg.

«Nazismen legg til rette for ei klassereise.»

Hedwig Höss er ikkje den einaste som har brukt ordet «paradis» om det tredje riket. Den britiske historikaren og dokumentarfilmskaparen Laurence Rees fortel i boka Auschwitz – Nazistene og den endelige løsningen om eit intervjuobjekt som hadde arbeidd nært med propagandaminister Goebbels. På spørsmål om han kunne oppsummere opplevingane sine med eitt ord, svarte Wilfred von Oven: «Paradis.»

Pikník ved Auschwitz med den nye leirkommandanten Richard Baer (t.v.), dr. Josef Mengele og Rudolf Höss i 1944.

Foto: SS-mennene Bernhard Walther, Ernst Hofmann eller Karl-Friedrich Höcker

Rees brukte mykje tid på å prøve å forstå korleis eit intelligent menneske kunne tenke om naziregimet på denne måten. Ein nøkkel fekk han gjennom eit anna intervjuobjekt, som hadde opplevd både Hitlers og Stalins regime. Det var noko slikt som at Stalins undertrykking og vondskap var så vilkårleg at ingen kunne føle seg trygge for banking på døra om natta, uansett kor mykje dei innordna seg. I Nazi-Tyskland, derimot, var det slik at dersom du ikkje var jøde, kommunist, sosialdemokrat, sigøynar, tilbakeståande, homofil eller «arbeidssky», så kunne du i leve i relativ tryggleik og fridom frå frykt.

Rees hadde her funne ei «forklaring» på kvifor nokon kunne oppfatte eit slikt samfunn som godt, men han hadde ikkje «forstått» nazisten von Oven, som elles framstod som elskverdig og danna.

Kan normale forstå?

Skiljet mellom «forklaring» og «forståing» er viktig. Ei vanleg «forklaring» på utryddingsleirane er til dømes at dei var ein konsekvens av at krigen mot Sovjetunionen gjorde det umogeleg å fordrive jødane austover. På den andre sida er likevel ikkje menneska som utfører slike handlingar, «forstått». Då må ein tolke meiningane dei legg i handlingane, og ein må kjenne til og akseptere situasjonen dei handlar i.

Dette er ikkje enkelt å gjere, og dei fleste studiane av ugjerningane til nazistane er då også «forklaringar». Den italiensk-jødiske forfattaren Primo Levi, som overlevde Auschwitz, vart spurd om grunnane til at nazistane hata jødar så sterkt. Levi lista opp ei rekkje vanlege grunnar (forklaringar), men la til at kanskje kan ein ikkje forstå, og kanskje heller ikkje prøve å forstå slikt. Éin ting er at det kan framstå som orsakingar, ein annan ting er at det å setje seg inn i staden, tenkinga og identiteten til nett desse menneska ikkje lar seg gjere for normale menneske.

Som Martin Amis likevel kommenterer, meiner ikkje Primo Levi at slik forståing er forbode, snarare burde det vere ein invitasjon til romanforfattaren og poeten. Både hans eiga bok og Jonathan Glazers filmversjon bør sjåast i eit slikt lys.

Rudolf Höss vart hengd i Auschwitz i 1947, nær staden der han hadde budd.

Foto: Stanisław Dąbrowiecki / Wikimedia Commons

Samvitsplaga

Amis og Glazer er likevel ikkje dei einaste som har prøvd å «forstå». Auschwitz-Birkenau-museet gav i 2013 ut boka And Your Conscience Never Haunted You – the life of Rudolf Höss, Commander of Auschwitz, and the question of his responsibility before God and human beings. Originalen kom ut på tysk i 2001 og er ein omskriven versjon av den tyske romersk-katolske presten Manfred Deselaers’ doktorgradsavhandling i teologi ved det katolske universitetet i Krakow i 1996.

Deselaers deltok som ung i Aktion Sühnezeichen Friedensdienste (Handling for forsoning og fred). Dette innebar eit opphald i Israel, men også å vitje Auschwitz-Birkenau, noko som gjorde djupt inntrykk. Etter prestevigsla fekk han teneste i ein katolsk kyrkjelyd i Oświęcim. Han vitja ofte utryddingsleiren, og han skriv at hans eiga kjensle av ansvar «etter Auschwitz» fekk han til å velje Rudolf Höss som tema for avhandlinga.

Med det kristne utgangspunktet sitt ville han «forstå» livet og handlingane til kommandanten i Auschwitz. Dette er viktig i lys av Primo Levis «forbodsskilt»: Deselaers går laus på oppgåva, etter det han sjølv seier, verna av trua si. Han vil «forstå», samstundes som han kan leve vidare som ein truande kristen. «Forklaringane» overlèt han til andre.

The Zone of Interest (forfilm)

Tolking på tre nivå

Vi kan ikkje forstå andre menneske direkte, men må tolke kva handlingane deira tyder. Problemet er at vi alltids kan leggje ei meining eller ein intensjon i det vi observerer, men det treng ikkje vere i tråd med meininga til personen som handlar. Ei løysing er å stille seg kritisk granskande til det menneska fortel om seg sjølv. Dette gjer Deselaers, men han gjer noko i tillegg.

Først tar Deselaers sjølvoppfatninga til Höss på alvor, og ved å følgje den franske filosofen Paul Ricœurs metodologi lar han Höss’ eiga stemme komme til uttrykk gjennom ei nøytral framstilling av den subjektive og kulturelle røyndomen livet hans utspelte seg i. Deretter engasjerer Deselaers seg moralsk i det grufulle som faktisk skjedde, og lar sjølvframstillinga møte vitnemål frå offera. Som eit tredje grep gjennomfører Deselaers ein antropologisk-teologisk analyse av biografien til Höss. Undertittelen til boka inneheld uttrykket «ansvaret hans overfor Gud og menneska».

Medan det andre nivået handlar om ansvaret Rudolf Höss har overfor menneska, inneber den tredje tolkinga ei gransking av handlingane hans i lys av eit kristent-etisk menneskesyn. Særleg nyttar han filosofen Emmanuel Levinas til dette. Drøftinga handlar om mykje meir enn Höss. Ho omfattar ei framstilling av menneska sin grunnleggjande respekt og ansvar for kvarandre i form av Gud som gode handlingar på jorda.

«Å setje seg inn i staden, tenkinga og identiteten til nett desse menneska – det lar seg ikkje gjere for normale menneske.»

Primo Levi, forfattar og Auschwitz-overlevar

Dikt eller objektivitet

Lesaren vil ha merka seg at denne teksten blandar omtale av film, eit skjønlitterært verk og faglitteratur. I vår tid er det mange som gjer dette, og det vert vanskeleg å sjå kor grensa mellom rein dikting og forsøk på objektiv framstilling går. Dersom vi ikkje passar på slike grenser, kan vi ende med å tru at utsegner av typen «det tredje riket var eit ‘paradis’» er ei slags sanning. Vi treng tydelege skilje mellom ytringar nær kjeldene, tolkingar av desse og abstraksjonar som vernar oss mot galskap av typen som fann stad i Auschwitz. Rudolf Höss var eit menneske som ikkje ville høyre etter kva den indre stemma (samvitet) seier om ansvaret vi har for medmenneska våre. Vi treng ikkje kalle denne abstraksjonen for Guds stemme, sjølv om Manfred Deselaers gjer det.

Både filmen og boka The Zone of Interest representerer svært gode framstillingar av kva som skjer når denne stemma vert undertrykt. Vi endar med å tru at vi er i paradis, men er eigentleg vorte helvete for andre.

Øyvind Glosvik er dr.polit. og dosent ved Høgskulen på
Vestlandet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis