JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Med sylvpapirhatten på snei

Er eg «konspirasjonsteoretikar» når eg trekker fram historier som syner at det kan ta tid før vitskapen får alt rett, og at den praktiske bruken av vitskap alltid ligg framføre vitskapens sjølvinnsikt?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Wikimedia Commons

Illustrasjon: Wikimedia Commons

8658
20220218
8658
20220218

For nokre veker sidan kunne vi på den offentleg finansierte nettavisa NRK.no lese om korleis det er å vere «Barn av ein konspirasjonsteoretikar». Saka var vinkla på same vis som reportasjar frå religiøse ekstremistmiljø der det er farleg å stå fram som varslar. «Varslaren» var her dottera, anonymt kalla «Nora», avbilda bakfrå og neddynga av klede og strikkelue, så ho ikkje kunne attkjennast.

Men faren har ikkje gjort noko ulovleg og er ikkje valdeleg. Han trur på healing og leitar etter jordstråling med ynskekvist. Han meiner at brus og godteri har skadelege tilsettingsstoff, slik at dottera ikkje torer gje barneborna brus eller godteri så han ser det. Ho kjenner seg tvinga til å be barna lyge og «ikkje seie at dei fekk godteri då dei gjekk dør til dør på halloween», for om sanninga kom fram «hadde bestefaren blitt irritert» og mast om «e-stoff og sukker i timevis». Han er òg imot bruken av Paracet, og dottera trur ikkje han ville ha gjeve henne korkje Paracet eller Voltaren då ho var lita, om faren då hadde hatt same synspunkt som han no held seg med.

Når eg har lese så langt, spør eg meg om ikkje journalisten skulle ha sendt «Nora» og faren hennar til ein flink familierådgjevar. Samstundes spør eg meg om denne vide definisjonen av omgrepet gjer meg sjølv til konspirasjonsteoretikar. Ynskekvist har eg ikkje, men eg gav ikkje ungane mine Paracet eller liknande for feber eller øyreverk då dei var små. Vi nytta andre og enklare middel for å lindre ufarlege plager. Er slik varsemd vorte barnemishandling sidan sist?

Paracet og lauk

Leitar ein på nettet, slik konspirasjonsteoretikarane gjer, finn ein motstridande opplysingar om middel som Paracet og Ibux, som skal vere uskadeleg ved rett dosering, men dødeleg for spedbarn ved vaksen dosering. Ved langtidsbruk aukar faren for hjerteinfarkt og hjerneslag. På Forskning.no finn eg ein artikkel med tittelen: «Litt for mye Paracet over tid kan være dødelig». Voltaren og Voltarol kan ifylgje ei dansk undersøking attgjeven på ­Forskning.no 19. september 2018 auke risikoen for hjarte- og karsjukdomar med opp mot 50 prosent.

I vår familie hadde vi i småbornstida ein «huslege» som alltid starta med gamal skikk og kjerringråd og fyrst greip til kraftigare saker om dei enkle ikkje hjelpte. Mot øyreverk tilrådde han å legge oppvarma lauk mot det vonde øret, ein skikk mange har fylgt i generasjonar. Det slo aldri feil, etter berre nokre minuttar stilna gråten alltid. Er eg «konspirasjonsteoretikar» om eg heller enn å nytte smertestillande medisinar det vert åtvara mot, prøver meg fram med tradisjonelle middel, og slik får større kontroll over familiekvardagen?

Farleg stoff

Faren til «Nora» meiner også at 5G-nettet gir skadeleg stråling, og at amerikanske styresmakter sjølve stod bak terroren i USA 11. september 2001. Han trur på såkalla chemtrails, det vil seie at stripene etter jetfly inneheld farlege stoff som styresmaktene sprøyter ut på oss. Her er eg på rett side! Chemtrails har ingen plass i verdssynet mitt, eg er blotta for interesse for den kjemiske samansettinga av dampstripene etter jetfly mot himmelen.

Men diverre har eg ikkje noka klippefast tru på at grenseverdiane for helse- og miljøskadeleg elektromagnetisk og akustisk stråling i framtida ikkje kan verte flytta. Eg meiner vi kanskje nyttar teknologiar med verknader vi ikkje overskodar. Eg har sjølvsagt ikkje hard vitskap å byggje på her, vi snakkar jo om framtidas innsikter. Det vert meir idéhistoriske og filosofiske studiar av korleis moderne teknologi verkar inn på samfunnet og mennesket. Men lyt ein slutte å tenkje berre fordi den avgrensa steinsettinga av hard vitskap tek slutt?

Eg har tillit til prinsippa i vitskaplege metodar, men det finst døme på at forskarane kjem raskare fram til ønskte verknader enn uønskte sideverknader. I 1939 oppdaga kjemikaren Paul Hermann Muller at DDT var eit mirakelmiddel mot skadeinsekt og ikkje minst mot malariamyggen, og han fekk Nobelprisen i kjemi for dette.

Men ikkje lenge etter fann ein at malariamyggen vart motstandsdyktig mot DDT, og sjukdomen vende attende. Det skulle syne seg at DDT var ei farleg miljøgift som spreidde seg i næringskjeda heilt opp til mennesket. I boka Den stille våren (1962) gjekk biologen Rachel Carson til åtak på bruken av DDT, og ho fekk fyrst legeforeininga, landbruksorganisasjonane og den kjemiske industrien mot seg, men vann til sist fram, og DDT vart forbode i 1969.

Kvardagskonspiratøren

Er eg «konspirasjonsteoretikar» når eg trekker fram historier som syner at det kan ta tid før vitskapen får alt rett, og at den praktiske bruken av vitskap alltid ligg framføre vitskapens sjølvinnsikt? Eg skundar meg å fortelje at eg ikkje går med sylvpapirhatt i trua på at aluminiumsfolie vernar meg mot stråling.

Kanskje eg er ein lunken «kvardagskonspirasjonsteoretikar», ein som trur, men ikkje lever etter trua si? Til dømes trur eg, som faren til «Nora», at langtidsverknadene av koronavaksinane er ukjende, men trippelvaksinert er eg, for å vinne fridom til reise og omgang med familien.

Heller ikkje trur eg lenger at pandemien kom frå ein marknad i Wuhan, eg trur heller han stammar frå ei arbeidsulukke på instituttet for virologi i same byen. Mykje tyder på at forskarane i laboratoriet framstilte nett det viruset som utløyste pandemien, og sjølv vart smitta og spreidde viruset utanfor instituttet.

Dette vart fyrst sett på som ein konspirasjonsteori og sensurert på Facebook og YouTube, men vert no ålment oppfatta om ikkje som prova, så som rimeleg å tru.

Selektive nyhende

Eg reknar med at det same prinsippet gjeld for mykje annan kunnskap og særleg nyhendeformidlinga. Eg trur ikkje at nyhendeformidlinga er direkte usann, men at ho er selektiv og ikkje sjeldan omskriving av kjelder journalistane ikkje har undersøkt sjølve. Difor fylgjer eg med på nyhenda mest for å få ei overflatisk orientering, og for å sjå korleis saker vert vinkla.

NRK-reportasjen «Barn av ein konspirasjonsteoretikar» vinkla mest alt som ikkje fell innanfor ein snever definisjon av «rette synspunkt», som galenskap eller sjukdom, noko ein lyt «varsle» om. Ikkje berre skepsis til genteknologiske vaksinar, men kritisk blikk på nedstenging som einaste rette strategi mot pandemien og trua på at «farmasiselskapa tener godt på å hausse opp koronaepidemien», vart rekna opp på same arket som ynskekvistar og chemtrails.

Då kverv skiljet mellom konspirasjonsteoriar og maktkritikk. Det altfor raske grepet til «konspirasjonsteori» kan gjere maktspela som vi veit har forma vår eiga tid, usynlege i samtida, og dimed gje makta lettare spel. Det finst verkelege konspirasjonsteoriar som vert til uboteleg skade, som til dømes Sions vises protokoller som fyrer oppunder jødehatet. Men det tener ikkje kampen mot slike konspirasjonsteoriar at ein vert så slepphendt med omgrepet at heilt legitime og konstruktive, avvikande tenkemåtar vert oppfatta som sjukdom.

Åtak på fri tenking

Men NRK er ikkje aleine her. I eit innlegg i Aftenposten 8. februar 2021 hevda redaktøren for Forskning.no, Nina Kristiansen, at det er «store likheter mellom konspirasjonsteorier og religion», fordi dei truande «mener det er en plan bak det som skjer i verden», der ein «mektig gud eller konspirasjon står bak, og vanlige dødelige er maktesløse». Ho reknar opp ei rekkje andre sams trekk mellom konspirasjonsteoriar og religion, til dømes skiljet mellom dei opplyste og dei uopplyste: «De mener de selv har sett lyset, mens vi andre vandrer i mørket.»

Med så vide definisjonar på konspirasjonstru vert sekken med konspirasjonsteoretikarar så svær at halve folkesetnaden får plass i han: Alle kristne, alle religiøse, alle som trur på alternative terapiar, marxistar som trur på lovmessige historiske prosessar, humanistar som enno trur på den menneskelege danningsprosessen som drivkrafta i historia – kort sagt alle som vik av frå den akademiske, vitskaplege og mediemessige hovudvegen.

Den som tenkjer og lever annleis enn den normale og gjennomsnittlege majoriteten som hentar mykje av verdsbiletet sitt frå lærebøker og avisoppslag, vert då lett sett på som farleg og sjuk. I ytste konsekvens kan det i «gode krinsar» verte suspekt å søke livsmeining og verdsforståing i det heile, då sett vekk frå det som til kvar tid står skrive på NRK.no.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kanskje eg er ein lunken «kvardags­konspirasjonsteoretikar», ein som trur, men ikkje lever etter trua si?

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis