JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Lucia på pressekonferanse

Skal ein krevja vaksine som vilkår for å få arbeida på ein norsk arbeidsplass? Det er prinsipielt vanskeleg av fleire grunnar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6273
20211217
6273
20211217

Eg veit ikkje kor mange som fekk framføra eller høyra denne songen i år, men slik lyder første vers:

Natta har svart og stor

gøymt stall og stover.

Sola har gått sin veg.

Dagen er over.

Inn i vårt mørke hus

stig no med kveikte lys

Santa Lucia, Santa Lucia

Men dei som steig inn i vår stove på Lucia-kvelden, var statsminister Støre, helseminister Kjerkhol og kunnskapsminister Brenna, med sine kunnskapsorganisasjonar på slep. Det var alvorlege kvinner og menn, og dei sa alle, kvar på sin måte, innhaldet i teksten over: Sola har gått sin veg. Dagen er over. Eller som statsministeren sa det: Nå er det alvor.

Det mytiske i den gamle Lucia-songen vart spela ut for open scene. Mørkemaktene trugar og vil ta motet frå oss. Så tenner vi dei lysa vi kan finna, appellerer til samhald, takkar dei som har stått i det lenge, manar til meir samhald og lovar med avmålt optimisme at vi skal slå oss gjennom, denne gongen også. Så ventar vi på solsnu oppunder jol, som Sivle.

Splitting og uro

Det som trugar oss, er to ting. Det eine er sjølve pandemien, som no kjem med overraskande fart og tyngde. Det andre som trugar, er at tiltaka kan bli så sterke at dei skapar splitting og uro. Det har vi sett i fleire europeiske land.

Slik eg har oppfatta stemninga i landet, var mange utolmodige og venta på strenge tiltak. Var det misnøye av noko slag, var det kanskje mest med at politikarane var seint ute. No, når tiltaka kjem, vil nok mange klaga over at dei er for strenge, og at dei rammar hardt. Men ei splitting som fører til gatevald og ruteknusing, ser vi heldigvis ikkje teikn til.

Ein faktor kan kanskje forklara det: Vi har ikkje innført vaksinetvang hos oss. Austerrike har gjort det, og Tyskland nektar uvaksinerte tilgang til så mange gode at det nærmar seg tvang. Dei har alt vedteke å krevja vaksinebevis av alle tilsette ved sjukeheimar og sjukehus, og dei skal snart røysta over ei generell vaksineplikt. Motstandarane har væpna seg med historiske argument, dei påkallar minnet om Sovjetunionen og naziregimet. Og så går dei ut på gatene.

Styresmaktene som innfører vaksinetvang, har sine argument. Vaksinen er skulemedisinens beste svar på pandemien, og han vert ikkje effektiv på kollektivt nivå før i alle fall 90 prosent er vaksinerte. Å verta vaksinert er ikkje berre å verna seg sjølv, det er å verna dei andre, særleg dei svake og sjuke. Å nekta å gjera det kan få store konsekvensar for fellesskapen. Dei er ikkje ukjende med at det kan finnast biverknader, men dei er langt mindre enn skaden av sjølve sjukdommen.

Tvang

Kritikarane har også gode argument. Vaksineplikt er tvang, og det strir mot liberale rettar å tvangsmedisinera nokon. I helsevesenet er det strenge restriksjonar på det. Det er ein menneskerett å avgjera om ein vil ta imot medisinsk behandling. Dette grip også inn i den frie meiningsdanninga. Sjølv om vitskapen er nokså eintydig positiv, må det vera lov å diskutera og dra i tvil dei konklusjonane som kjem derifrå.

Å overprøva overtydinga til den einskilde med statleg makt er alltid problematisk. Men dersom minoriteten som nektar vaksine, blir for stor, blir det eit folkehelseproblem. I Noreg er dei færre, difor er det lettare å behandla dei liberalt. Men får dei retten til å seia nei, må dei også finna seg i å avstå frå nokre gode.

Eitt slikt gode er retten til å arbeida i helsevesenet, som er forplikta på skulemedisinens fasit. Å arbeida på eit anna grunnlag enn skulemedisinen er utelukka når ein er tilsett i helsevesenet. Spørsmålet om ein vil eller ikkje vil ta vaksine, er i realiteten avgjort når ein søkjer jobb der.

Det som er ein liberal rett i samfunnet elles, kan ikkje gjelda dei som har ansvar for sjuke og sårbare menneske. Det er å strekkja ein liberal rett for langt. Ein må velja andre yrke dersom dette spørsmålet er så viktig.

Eit grensetilfelle er dei såkalla samfunnskritiske arbeidsoppgåvene. Der kan ein argumentera langs to linjer: På den eine sida kan ein seia at i slike verksemder er det særleg viktig å verna dei tilsette mot smitte. Difor bør plikta til å vaksinera seg vera særleg tydeleg der. Motsett kan ein argumentera praktisk med at dersom krava til vaksine blir for strenge, så får ein ikkje nok folk. Det er eit problem også i helsevesenet.

Prinsipielle vanskar

I ein artikkel i VG tysdag hevdar kommentatoren Shazia Majid at austeuropeiske (arbeids)innvandrarar både er urovekkjande ofte uvaksinerte og viser att i statistikken over sjukehusinnlagde. Tidlegare i pandemien var det sterkt søkjelys på dei pakistanske gruppene, noko som førte til ein stor innsats for å få til meir vaksinasjon der. Det ser ut til å vera behov for ein tilsvarande innsats her.

Men skal ein gå så langt som til å forlanga vaksine? Dersom ein samanliknar med folk i Noreg elles, møter vi alle krav og restriksjonar i samband med reiser. Ein må ha vaksinepass for å koma inn i andre land, og ein må helst ha vaksinepass, og i alle fall fleire testar når ein kjem inn i vårt land.

Dette kan overførast også til desse gruppene. Arbeids­gjevarane har eit særleg ansvar; tidleg i pandemien fekk somme av dei gjennomslag for å opna for arbeidsinnvandring medan grensene stort sett var stengde. Då må dei kvittera med pålitelege ordningar for testing og reelle tilbod om vaksine.

Er dette ikkje nok, kjem den verkeleg vanskelege diskusjonen: Skal ein krevja vaksine som vilkår for å få arbeida på ein norsk arbeidsplass? Det er prinsipielt vanskeleg av fleire grunnar. Det er farleg å skilja ut ei særleg gruppe, og det er dramatisk å utelukka folk frå arbeidsplassen.

I starten av pandemien såg vi tendensar til at regjeringa kravde fullmakter dei etter Grunnlova ikkje skal krevja, noko eit vake storting sette ein stoppar for. Episoden viste at open debatt og kritikk heile tida må fylgja tiltaka. Dersom ein nærmar seg vaksinetvang, av grupper eller av alle, må også det fylgjast med ein grundig diskusjon.

Så kan vi berre håpa at vi ikkje kjem dit.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det som er ein liberal rett i samfunnet elles, kan ikkje gjelda dei som har ansvar for sjuke og sårbare menneske.

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis