JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Laksebaronar utan lusekufte

Grunnrente på oppdrett handlar om demokratisk kontroll over naturressursar – og over ein bransje som er blitt altfor høg og mørk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5925
20221209
5925
20221209

Regjeringa får kjeft frå alle hald, men fortener meir skryt for minst éi sak: å innføre grunnrenteskatt på lakseoppdrett.

Dei visste det kom til å bli mykje bråk, og har dei siste månadene stått imot ein av dei kraftigaste lobbykampanjane i noregshistoria. No ser det ut som om kampanjen har verka mot siktemålet. Trass i støy i alle kanalar, og ein heilt urimeleg, til dels hysterisk retorikk, har stadig fleire skjønt at skatten er riktig og rettferdig – på Stortinget, i fagrørsla, i pressa og blant folk flest, viser meiningsmålingar.

I sak etter sak har argumentasjonen til oppdrettslobbyen blitt plukka frå kvarandre. Lobbyen hevda først at såkalla normpris, for å fastsetje skatten, ville gje svært skeive utslag. Slik er det ikkje, viste mellom andre Dagens Næringsliv («Den store laksebløffen», 29. november).

Permitteringar

Lobbyen hevda òg at grunnrente tvinga dei til beinveges permitteringar. Slik var det ikkje. Mange av permitteringane kom av årvisse sesongvariasjonar og var melde inn før saka om grunnrenteskatt kom på bordet. Oppdrettskonserna har ei særordning. Andre som permitterer, må gje to vekers varsel og betale dei første femten dagane sjølv. Laksekonserna kan permittere på tre dagars varsel, og fellesskapen tek heile rekninga (sjå Dag og Tid 18. november). No skal regjeringa sjå på desse reglane også.

Lobbyen har freista framstille seg sjølv nærast som småkårsfolk og protestane som eit slags folkeleg kystopprør. Det er ein kynisk, regissert strategi. Halvparten av oppdrettsselskapa er eigde av utlendingar, av skatteflyktningar, multinasjonale konsern, globale investeringsfond, amerikanske bankar og andre anonyme investorar. Tre selskap blir forresten eigde av russiske investorar med band til forsvarsminister Sergej Sjojgu, las eg i Klassekampen måndag. Norske investorar sit oftare på plassar som Aker bryggje enn på små og forblåste holmar langs kysten.

Rett nok finst det mange lokale eigarar. Men det er langt frå utan problem, det heller. Ofte er styrtrike oppdrettarar i små samfunn dei einaste med økonomiske musklar. Dette gjev dei stor formell og uformell makt. Politikarar dansar etter deira pipe, og å gå mot viljen deira kan få alvorlege sosiale og økonomiske konsekvensar. Resultatet kan bli lokaldemokrati på sitt absolutt verste.

Ein svikar

Bransjens arroganse er blitt grundig eksponert. Geir Ove Ystmark, direktøren i Sjømat Norge, hevdar til dømes at det ikkje finst grunnrente i oppdrett fordi laksekonserna berre låner fjordane i ein kortare periode! Før det sa same mann at bransjen «er villig til å gå inn i en diskusjon om hvordan vi kan få en lakseskatt som er tilpassa vår næring».

Bransjen såg seg altså som ein likeverdig partnar med Stortinget og regjeringa. Då det viste seg ikkje å stemme, nekta dei fem største laksekonserna å snakke med regjeringa. Gustav Witzøe (Salmar) hevda på NRK at finansminister Vedum var ein svikar mot han og resten av næringa. Utakk er verdas løn. Son til Witzøe er fotomodellen Gustav Magnar Witzøe (fødd i 1993). Skattelistene som blei kjende onsdag denne veka, viser at laksearvingen Gustav Magnar no er Noregs rikaste person, med ein formue på tjue milliardar kroner. Tysdag denne veka møtte oppdrettarar i Rørvik statsminister Støre. Ifølgje VG fortalde dei han at dei måtte selje husa sine om grunnrente, som går på ein mindre del av profitten deira, blir innført.

Urimeleg

Debatten har vist at det ikkje finst gode grunnar til at oppdrettskonserna skal få bruke, forureine og skade våre norske fjordar utan å betale for det. Uansett kor mange hundre millionar ein bruker på PR-byrå, advokatar, kampanjar og bransjenære forskarar, journalistar og politikarar, blir ikkje dette rimeleg. Og dette har ingenting å gjere med verken jantelov eller kommunisme (bransjefolk har trekt fram både Stalin og Stasi). Det har alt å gjere med heilt sentrale prinsipp for den norske samfunnsmodellen.

Lokale styresmakter har lite å stille opp med. Difor må regjeringa gjere jobben med å få oppdrettsbransjen under demokratisk kontroll. Nye døme på korleis han gjer livet surt for forskarar, dukkar stadig opp. Får forskarar «feil» resultat, må dei frykte for karrieren og omdømmet, og risikerer i verste fall tidkrevjande og utmattande rettssaker. Trakassering frå lakselobbyen tek nattesøvnen frå vitskapsfolk. I eit demokrati er vitskapen meint å vere fri og uavhengig. Innan oppdrett gjeld derimot det same idealet som hos andre globale selskap: å maksimere profitt.

Det er òg på høg tid at det blir forska ordentleg på miljøkonsekvensane av opprett. Bransjen har stor innverknad også på den offentleg finansierte forskinga, derfor går pengane stort sett til forsking som kan auke innteninga i bransjen. Miljøkonsekvensane må bli skikkeleg utgreidde, slik at oppdrettarar ikkje lenger kan forsvare seg med at «vi veit ikkje heilt sikkert», slik dei har gjort i 40 år. Til dømes: I kva grad drep lusegift små og store skaldyr? Vi veit at lus tek knekken på villaksen, men kva innverknad har forureining frå oppdrett på gytefelta til villfisken?

Ei god sak

Det er diverre laksen som går med lusekufte, og ikkje oppdrettsmillionærane. Rundt 50–60 millionar fisk dør i merdane kvart år, mange av den livstruande og smertefulle behandlinga. Er dette verkeleg i tråd med norske lover om dyrehald? Mantraet om vekst har skapt ansvarslause, uhaldbare tilstandar.

Til sist: Soga om grunnrenta har vist at vi treng eit lobbyregister. Oppdrettskonserna og lobbyistane deira har så langt hatt altfor lett spelerom overfor politikarar og folk i forvaltninga. Nokre har vore naive, andre er sjølv oppdrettsinvestorar. Det er ikkje eit demokrati verdig. Regjeringa har ei svært god sak om dei ryddar opp.

Morten A. Strøksnes er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis