Kommentar
Klimaaktivismen kan betre enn dette
Klimakampen treng kreativ motstand, men å gjere motstand er å skape, ikkje øydelegge.
Skulpturane vert vaska etter at aksjonistar frå Stopp oljeleitinga grisa til «Monolitten» og andre figurar i Vigelandsanlegget for to veker sidan.
Foto: Javad Parsa / NTB
Med det same skjønar eg ingenting. Har nokon limt seg fast til måleriet «Jente med perleøyredobb» av Alexandre Desplat for å protestere mot oljeboring? Kallar vedkomande seg klimaaktivist? Har nokon faktisk kasta suppe på Vincent van Goghs solsikker, og potetstappe på høystakkane til Claude Monet?
Kva skjedde med den klimamedvitne generasjonen, dei smarte aksjonistane som kunne retorikk og samla massane? Er det sant at Gustav Vigelands «Monolitten» er oransje fordi nokon er sinte på at vi framleis pumpar opp olje?
Aksjonane er lette å hisse seg opp over, og like lette å le vekk, og begge delar er nok aksjonistane klare over – på same måte som dei er klare over at om nokon skal le dei vekk, må dei ha fått med seg kva dei har gjort fyrst. Folk som ikkje fekk med seg at aktivistar knytte til dei same grupperingane – med namn som Just Stop Oil og Extinction Rebellion – stadig blokkerar vegar, eller at ein sveltestreikande 34 år gamal aktivist vart lagd inn på sjukehus midt i november, eller at over 2000 personar er arresterte etter klimaaksjonar i år berre i Storbritannia.
Lov mot å lime seg fast
Ja, klimaaktivistane har rota opp såpass mykje der borte at britane nyleg vedtok ei heilt ny lov, spesialdesigna for å stoppe dei: Ifølgje The Public Order Bill kan det å lime seg fast til noko eller sette seg i vegen for noko (blokade), straffast med opptil seks månaders fengsel, ei uavgrensa bot, eller begge delar.
Med eitt er det blitt lite å le av. Lat oss utforske i staden. Dei som limer seg fast til kunstverk, kjem jo frå ein stad, dei òg. Eg kjem på the Biotic Baking Brigade – kakekastarane – som byrja karrieren sin med å kaste ei blautkake i andletet på Bill Gates i 1998. «Åtaket på Bill Gates er symbolsk, det er mot sjølve den hierarkiske makta», sa kakekastaren i etterkant. I åra etterpå fekk ei rekke mektige menneske kake i andletet – frå økonomen Milton Friedman, via den svenske kongen til Kristin Halvorsen då ho var finansminister.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.