JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ingen vil gje opp Krym

Dei neste månadene kan Krym bli krigsskodeplass. Men er ei ukrainsk gjenerobring av Krym mogleg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei kvinne i St. Petersburg i Russland feirar niårsdag for annekteringa av den ukrainske Krym-halvøya i 2014.

Foto: Anton Vaganov / Reuters / NTB

6230
20230414
6230
20230414

Mest sannsynleg – om ein skal tru militære ekspertar – kjem krigen i Ukraina til å spissa seg til om få veker. Det scenarioet dei fleste trur på, er at ukrainarane set i gang ein våroffensiv der dei freistar å kutta i to det landområdet som Russland erobra i fjor. Om dei klarer det, kan halvøya Krym vera det neste målet for ukrainarane.

No er det ingen utanfor den øvste militære leiinga i Kyiv som verkeleg kjenner til dei ukrainske planane. Men om ein kastar eit blikk på kartet, er det klart at Krym er viktig. Takka vera flåtebasen Sevastopol har Russland kontroll over den nordlege delen av Svartehavet. Dessutan har russarane på halvøya ein godt utbygd militær infrastruktur.

Symbolsk viktig

Ei gjenerobring av Krym vil løysa to problem for ukrainarane: Russland vil aldri igjen bli i stand til å truga den ukrainske korneksporten. Samstundes blir det ukrainske landområdet mindre utsett for russiske rakettåtak.

I tillegg kjem sjølvsagt den symbolske verdien av ei gjenerobring: Putin sende soldatane sine inn på Krym vinteren 2014, då det rådde kaos og oppløysing i Kyiv under omveltinga der. Den russiske overtakinga synte kor handlingslamma den ukrainske staten var. Vladimir Putin berre plukka ei mogen frukt. Den som eigde frukta, var ikkje i stand til å gjera noko som helst.

Sjølv om mange i Kyiv skulle ønskja det, er det likevel lite som tyder på at eit forsøk på gjenerobring kjem med det aller fyrste. Eit massivt åtak på Krym kan ikkje skje over Perekop-landbrua som knyter Krym til det ukrainske fastlandet. Den landbrua er altfor smal og altfor godt forskansa til at ein normal bakkeoffensiv er mogleg der. Den neste løysinga, nemleg eit amfibieåtak, er heller ikkje veldig sannsynleg. Ukraina har nemleg liten kapasitet på det området. Ein manglar rett og slett amfibiefartøy til å landsetja soldatane med.

Avskjera frå Russland

Difor er det meir sannsynleg at ukrainarane vil fylgja strategien med å avskjera Krym frå Russland. Om ein klarer å dela det russiskerobra området i to ved å slå seg gjennom til Azovhavet, vil ein i neste omgang prøva å øydeleggja den 17 kilometer lange Kertsj-brua, som går frå Krasnodar-fylket i Russland over til Krym. Russland vil då måtte forsyna dei 2,2 millionane som lever på Krym – inkludert ein stor kontingent russiske militære – med skip og fly.

Dette vil krevja ein stor operasjon som vil tæra på dei russiske ressursane midt oppe i ein vanskeleg krig. Om Russland blir pressa sterkt nok dei neste sju–åtte månadene, kan det føra til eit samanbrot av det russiske styret på Krym. Her ligg kanskje den største vona for ein ukrainsk revansj for det audmjukande tapet for ni år sidan.

Men ikkje i noko tilfelle vil Putin og folka hans i Kreml gje opp halvøya utan hard kamp. Erobringa av Krym i 2014 har vore noko av det viktigaste – og smartaste – som Putin har gjort gjennom heile karrieren sin. I halvtanna tiår hadde han då sete ved makta. Rett i førevegen, i 2011–2012, hadde middelklassa i dei store byane gått ut i store demonstrasjonar og kravd han fjerna. Med okkupasjonen av Krym synte han for folket at Russland endå ein gong var i stand til å erobra nytt land. Den djupe bølgjedalen som Mikhail Gorbatsjov hadde ført landet ned i kring 1990, var eit avslutta kapittel. Russland var på ny ei militærmakt som kunne setja dagsorden i grannelaget.

Strategisk målsetting

Erobringa av Krym blei ikkje mindre populær ved at mange russarar heilt reelt var opptekne av halvøya ute i Svartehavet. Gjennom fleire hundreår hadde det vore ei strategisk målsetjing for makthavarane i Moskva å kontrollera Krym. På slutten av 1680-talet freista tsarevna Sofia, syster til Peter den store, å erobra halvøya, med eit katastrofalt resultat. Om lag 80 år seinare, etter at Katarina II hadde utkjempa den fyrste krigen sin mot Det osmanske riket, blei Krym eit russisk lydrike. I 1783 blei halvøya også formelt ein del av det russiske imperiet.

Mesteparten av dei som budde på Krym mot slutten av 1700-talet, var tyrkisktalande tatarar. I tiåra etter den russiske erobringa blei store delar av krymtatarane anten kasta ut eller pressa til å forlata halvøya. Utover på 1800-talet blei Krym eit tropisk paradis der den russiske adelen bygde slotta sine.

Sevastopol blei den viktigaste flåtebasen i imperiet, nest etter Kronstadt utanfor St. Petersburg. Krigen midt på 1800-talet, mellom det russiske imperiet på den eine sida og Storbritannia og Frankrike på den andre, kom ikkje tilfeldig til å gå føre seg på Krym. Det var der britar og franskmenn freista å stansa vidare russisk ekspansjon ut i Svartehavet, mot Konstantinopel og til Middelhavet.

Rekning utan vert

Om det nokon gong kjem så langt at det blir fredsforhandlingar mellom Russland og Ukraina, kjem Krym til å stå øvst på dagsordenen. Då krigen i Ukraina braut laus i fjor vinter, var det ikkje få i Vesten som meinte at Ukraina kanskje kunne gå med på å overføra Krym til Russland mot å få ein garanti for eigen tryggleik. Reint bortsett frå at tanken høyrer heime på 1600- og 1700-talet, då fyrstane i Europa sat og forhandla fram og tilbake om landområde, meinte mange at ei slik grenseendring ville vera betre enn ein krig utan ende.

Dei siste månadene har det også blitt klart at mange i Washington er sterkt skeptiske til eit ukrainsk felttog mot Krym. For det fyrste er dei militære hindringane for store, og for det andre vil ein krig på sjølve Krym bli ein brutal og blodig affære. Problemet til alle som går inn for moderasjon på vegner av ukrainarane, er at dei gjer opp rekning utan vert. Ingen i Kyiv har vore viljuge til å gje opp Krym, og slik blir det venteleg i framtida òg.

På same måten er det i Moskva: Fordi Krym har vore så viktig for legitimeringa av Putins makt, vil ein retrett derifrå truga heile regimet hans. Difor vil han mest sannsynleg gje ordre om at dei russiske militære bit seg fast koste kva det koste vil. Heilt sikkert vil han igjen rasla med atomtrugsmåla sine.

Så til sjuande og sist er det viljen, ressursane og ikkje minst våpena til kvar av partane som blir avgjerande.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis