JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

I konflikt med allmenn rettskjensle

Den 23. november skal Oslo tingrett ta stilling til ei sak mellom asylsøkjaren Suel Hussein Kassembo og staten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Suel Hussein Kassembo har budd 19 år i Noreg som «ureturnerbar asylsøkjar».

Suel Hussein Kassembo har budd 19 år i Noreg som «ureturnerbar asylsøkjar».

Foto frå støttegruppa «Rettferd for Suel»

Suel Hussein Kassembo har budd 19 år i Noreg som «ureturnerbar asylsøkjar».

Suel Hussein Kassembo har budd 19 år i Noreg som «ureturnerbar asylsøkjar».

Foto frå støttegruppa «Rettferd for Suel»

6719
20231122
6719
20231122

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Kommentar

Saka mellom Suel Hussein Kassembo og staten er ei sterk personleg historie, samstundes som ho reiser prinsipielle spørsmål om korleis asylpolitikken verkar i praksis.

Historia til Kassembo frå Burundi er slik: I 2004 var han på veg heim frå skulen då han vart åtvara av ein kjenning. Ei væpna gruppe hadde angripe ein butikk. Butikken tilhøyrde foreldra hans, og både dei og søstera hans var drepne, synte det seg. Suel forstod at hans liv òg var i fare. Han var då 16 år. Han greidde å rømma, og kom etter ei tid til Noreg som asylsøkjar. På denne tida var det krig i Burundi.

Likevel vart søknaden avvist, fordi UDI meinte han snakka usant. Han snakka swahili, som sakshandsamarane meinte ikkje var førstespråket til nokon i Burundi. Og han var neppe 16 år, som han oppgav, noko dei grunngav med dei sterkt omstridde fysiske undersøkingane dei brukte i denne perioden.

Ureturnerbar

I det meste av dei 19 åra som har gått sidan avslaget, har Suel budd i Herøy på Sunnmøre og høyrt til den ulykkelege kategorien «ureturnerbare asylsøkjarar». Han har ikkje fått norske identitetspapir, og han kan heller ikkje sendast ut fordi UDI ikkje veit kva land dei skal senda han til. Hans eiga historie trur dei jo ikkje på.

I sommar kom det ei vending i saka. Det lukkast han å få stadfesta dei opplysningane han gav då han kom, via Burundis ambassade i Berlin. Det kom skriftleg dokumentasjon på at han snakka sant, i form av eit pass. Det stadfesta både alderen og identiteten hans. Det inneber at asylvedtaket bygde på feil premissar og altså var ugyldig. Dette ugyldige vedtaket har han lidd under i 19 år: utestengd frå alle rettar som fylgjer ein offisiell identitet, som utdanning, vanleg arbeidsliv, bankkonto og så vidare og så vidare.

Då skulle ein tru at UDI bad om orsaking, gjorde om vedtaket og tok ansvar for feilgrepet sitt. Men nei. I staden arresterte dei han og internerte han i Trandum interneringsleir, der det er strengt som eit høgrisikofengsel. Argumentet var dette: No veit vi opphavslandet, der er det ikkje lenger krig, og han skal ut med politieskorte. Billettar vart bestilte, og alt var klart for utsending. Det vart sterke reaksjonar på dette, og det lykkast ei stor gruppe støttespelarar å avverja utsendinga, gjennom å få til ei rettssak som skal prøva vedtaket. Denne saka må han sjølv bera kostnadene for, sjølv om han ikkje har lov til å ha vanleg løn.

Prinsippet til UDI

Dei prinsipielle sidene ved dette er fleire.

Det grunnleggjande prinsippet om at alle er uskuldige til det motsette er bevist, blir sett til side, og vart det alt i 2004. Prinsippet UDI arbeider etter, er det motsette: Alle asylsøkjarar lyg, om ikkje det motsette kan bevisast. Det er urovekkjande at ein statleg etat kan praktisera dette år etter år, med noko som ser ut som brot på rettsstatlege prinsipp, utan nokon konsekvens.

Saka viser også brot på eit anna fundamentalt prinsipp: Det som handlar om likskap for lova. Dersom ein kan ta ein asylsøkjar i den minste usanning, kan det føra til slike lagnader som denne saka handlar om: tiår på vent. Men dersom etaten som handsamar søknadene, tek feil, får det ingen konsekvens. Asylsøkjaren kan gå i døden på grunn av eit regelbrot, UDI kan gjera alvorlege feil utan nokon konsekvens. Dei fleste asylsøkjarar har ikkje midlar eller støtte nok til å gå til sak, men når det skjer, finn retten påfallande ofte at styresmaktene har brote regelverk og lover, eller gjort grove feilvurderingar. Men det får ingen konsekvensar for dei.

Rettssakene mot biskop Stålsett og Arne Viste, som begge gav ureturnerbare asylsøkjarar arbeid fordi dei ville gje dei eit betre liv i ei vanskeleg ventetid, viser kor hardt systemet er. Dei fekk begge straff for å ha hjelpt denne gruppa, rett nok straff på vilkår. Biskop Stålsett fekk dommen som 85-åring, og sa med ein moralsk autoritet som UDI totalt har mist, at det i nokre tilfelle er rett å bryta lova når ho hindrar ein i å gjera det gode.

Sårbare situasjonar

I jussen brukar ein uttrykket «den allmenne rettskjensla». Det må ikkje bli for stor avstand mellom lovverk/reglar og praktiseringa av desse på den eine sida, og den allmenne opplevinga folk har av kva som er rett på den andre. Men det skjer på dette feltet. Dette handlar ikkje om prinsippa for innvandring, som det er relativt stor semje om, men korleis ein behandlar menneske i ein sårbar situasjon, menneske som alt er her, og som vi difor har ansvar for. Etikken spør ikkje etter juridisk kategori, men pålegg oss ansvar for dei vi faktisk møter.

Det har vore ei rekkje saker om utvising av innvandrarar som har budd i landet i årevis, og som av teknisk-byråkratiske grunnar blir viste bort, lenge etter at dei har blitt språkleg og kulturelt integrerte. Desse sakene vekkjer stort engasjement; folk ser at dette er urimeleg og umenneskeleg. Det opnar seg ei kløft mellom den allmenne rettskjensla og praksisen. I somme tilfelle er dei formelle grunnane korrekte. I denne saka er dei ikkje det: Suel blir straffa fordi han snakka sant og har dokumentert at det er sant. Hadde han ikkje sjølv dokumentert at han er frå Burundi, ville han fått bli her.

Misser folk tilliten til at staten har respekt for elementære reglar for rettferd, fører det inn i ein spiral av mistillit og lovløyse. Vanlege borgarar som kjem i kontakt med saker som dette, fortel nettopp det: Dei misser all tillit til det systemet som behandlar desse menneska. Og dei såkalla ureturnerbare asylsøkjarane er ei gruppe som blir råka særleg hardt.

Byråkratisk distanse

Sosiologen Zygmunt Bauman har formulert uttrykket «byråkratisk distanse», som han ser på som eit farleg trekk i moderne samfunn. Dei grovaste overgrep mot folkegrupper har blitt gjennomførte fordi ein nektar å møta og sjå ansiktet til dei ein brukar reglane på. Ein episode i denne saka illustrerer det: Ein av representantane for støttegruppa til Suel bad om å få snakka med saksbehandlaren. Det vart avslått. Ho reiste då til Oslo, møtte opp då kontoret opna, og gav beskjed om at ho ville møta vedkommande. Ingen respons. Ho sat utanfor kontoret til det stengde. Ingen respons. Det er byråkratisk distanse: Ein nektar å sjå folk i ansiktet.

Når ein etat har innøvd byråkratisk distanse i ein slik grad som dette, har han tapt moralsk autoritet, og det blir rettsapparatet som må overprøva praksisen. Ei så stor kløft mellom den allmenne rettskjensla og den byråkratiske praksisen er eit problem for heile samfunnet, ikkje berre for dei som blir råka av vedtaka.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis