JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Heimesiger i Qatar

Fotball-VM i Qatar har vist fotball – og kanskje eit geopolitisk skifte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Qatar har oppnådd det dei ville med VM i fotball, trass i at laget til vertsnasjonen ikkje vann ein einaste kamp.

Foto: Dylan Martinez / Reuters / NTB

13575
20221216
13575
20221216

Fotballjournalistar er gode på det dei skal vere gode på, og har blikket festa på ballen og spelarane. Dekninga av VM i Qatar har vore nærsynt. Vi har lese og sett tallause reportasjar og TV-innslag om VM i Qatar.

Knapt nokon av dei har prøvd å stille spørsmål som dette: Kvifor vil ein liten odde på den arabiske halvøya, der det ikkje finst nokon tradisjon for fotball, bruke fleire tusen milliardar kroner på eit idrettsarrangement? Ok, sportsvasking er blitt nemnt kontinuerleg. Men kva tyder det? Kvifor skulle ein mikrostat med 300.000 borgarar (og nærare tre millionar gjestearbeidarar, folk utan statsborgarskap) ha slikt eit enormt behov for å lage reklame for seg sjølv?

Ja, dei har veldig mykje pengar. Men inntektene kjem stort sett frå naturgass, som alle nærast slåst om å få kjøpe, og slik var det før energikrisa òg. Og VM i fotball har kosta Qatar om lag like mykje som det årlege bruttonasjonalproduktet i landet. Det er det soleklart dyraste VM-arrangementet nokon gong, det er frå seriøst hald blitt hevda at Qatar-VM i fotball er omtrent like dyrt som alle tidlegare fotball-VM og OL-arrangement – til saman!

Rett nok har mesteparten ikkje gått til stadion, men til annan infrastruktur, til å byggje heilt nye byar og bydelar, flyplass, hamn, vegar, T-banar og slikt. Men alt det kunne dei gjort utan VM. Sportsvasking kan i høgda berre vere ein del av motivet. Ikkje minst sidan mykje av merksemda rundt Qatar har vore sterkt negativ, spesielt i Vesten.

For Qatar har noko mykje viktigare vore i spel. Grunnen til at dei så desperat vil at verda skal sjå dei, er meir eksistensiell. Landet er ei vorte på den arabiske halvøya, og rundt dei har det i over femti år vore krigar, regimeskifte og revolusjonar i mange avskyggingar. Det er risikabelt å vere liten og styrtrik i eit slikt nabolag.

Qatar grensar berre til eitt land: Saudi-Arabia. Og Saudi-Arabia har aldri heilt forsona seg med Qatars sjølvstende. Båe kongehusa spring ut av den same konservative wahabisme-versjonen av islam. Men der Saudi-Arabia har ført ei særs konfronterande linje med Iran og krigar mot sjiaislamske grupper i Jemen, har Qatar valt ei meir diplomatisk linje. Det har gjort Saudi-Arabia rasande.

Qatar var opphavleg, i namnet, med på invasjonen av Jemen i 2015. Men i 2017 braut Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata, Egypt og Bahrain alle diplomatiske band med Qatar. Dei stengde òg luftromma, territorialfarvatna og landområda sine for alt qatarsk.

Ein saudisk prins, Al ash-
Sheikh, gav uttrykk for at det qatarske monarkiet, som styrer alt i landet, ikkje er ekte etterfølgjarar av Abd al-Wahab (1703–1792). For at det skulle miste legitimitet – og det er slikt historisk idioti som legitimerer dei.

Hadde ikkje Qatar hatt så sterke band til Tyrkia, Iran og USA, kunne ministaten blitt svært einsam. Kjernen i konflikten ligg i Qatars støtte til Det muslimske brorskapet og (slik det blir oppfatta i Saudi-Arabia) til Iran. Og indirekte: at Qatar speler på mange strenger for å vere synleg på den internasjonale arenaen og auke tryggleiken sin. Dei fryktar å bli ein vasallstat, eller noko endå verre, under Saudi-Arabia eller andre store land i regionen.

At Qatar er venn med både Iran og USA gjer dei ganske unike. Til liks med Noreg lit Qatar tryggleikspolitisk mykje på USA. I 1996 bygde Qatar ein svindyr flybase og gav han i gåve til USA. At Noreg i fjor selde våpen og militærutstyr for 6,3 milliardar til Qatar, er i eit slikt lys ikkje så rart. Vi er indirekte allierte gjennom USA.

Sport er berre eitt av mange område Qatar satsar på for å skaffe seg soft power. Qatar har, også til liks med Noreg, men kanskje med større suksess, freista å slå seg opp som ei diplomatisk stormakt, særleg innanfor fredsmekling. Mellom anna forhandla dei fram avtala mellom Taliban og USA om tilbaketrekkinga frå Afghanistan.

Dei driv òg ganske storstilte bistandsprogram. Ein må nesten beundre kor grundig og breitt vetle Qatar går til verks. Sist fredag blei visepresidenten i EU-parlamentet og fire andre sosialdemokratar arresterte for å ha tatt imot pengar for å drive påverknadsarbeid for Qatar. Ein EU-visepresident som Eva Kaili har vanlegvis immunitet, men ho var uforsiktig nok til å bli tatt på fersken med store summar i nyleg overleverte kontantar i veska. Ja, desse korrupte arabarane.

Det Qatar driv med, går altså langt bortanfor «sportsvasking». Det sagt: Sport er utan tvil i Qatars likning for å bli eit synleg land i verda. Dei har arrangert Asia-meisterskapen i fotball (1988), Asia-leikane (2006), VM i herrehandball (2015), VM i bryting (2019) og ei lang rekkje andre store internasjonale meisterskap gjennom snart femti år.

Vi skulle halde oss for nasen, og helst boikotte, Qatar-VM i fotball. Men om vi skulle vere konsekvente, blir det ikkje mykje toppfotball att. Qatar har kjøpt Paris Saint-Germain og er tungt inne på sponsorsida i klubbar som Barcelona, Real Madrid, Bayern München og AS Roma. Saudi-Arabia eig Manchester City og no også den stolte gamle arbeidarklasseklubben Newcastle.

If you can’t join them, buy them.

Då Qatar og Saudi-Arabia rauk uklare, braut ikkje berre saudiane alle diplomatiske band. Dei begynte òg å jamme Qatars TV-kanalar, fordi dei spreidde farlege løgner, hevda dei. Dette svei for Qatar, som er ei global supermakt innanfor media. Vi kjenner alle al-Jazeera. Langt meir ukjend for oss, men kanskje endå viktigare, er den qatarske sportskanalen beIN. Han sender på sju ulike språk i 43 land, ikkje berre i Asia og Nord-Afrika, men også i Australia, Nord-Amerika og Europa. Til VM kjøpte dei seg nokre av dei største (og mest moralistiske) fotballstjernene i verda som kommentatorar: Peter Schmeichel, Gary Neville, Ruud Gullit, Lothar Matthäus, Marcel Desailly, Alessandro Del Piero – berre for å nemne nokre av europearane. David Beckham er ambassadør for landet.

I vår del av verda har dekninga av Qatar-VM vore særs negativ over fleire år. Noko av kritikken kan vi gjere oss fort ferdige med. Qatar er definitivt ikkje noko demokrati, snarare eit føydalt aristokrati der folk i det minste får godt betalt for å halde kjeft.

At dei kjøpte Fifa-delegatar for å få VM, er sjølvsagt også korrekt. På den andre sida: Korleis skulle dei elles fått VM!? Det Europa-
dominerte Fifa har lenge vore korrupt inn til mergen. Det er lenge sidan nokon fekk VM i fotball utan å kjøpe representantane frå Fifa, slik mellom anna Sunday Times’ granskingar har vist.

At mange migrantarbeidarar har døydd, er det heller ingen tvil om (men akkurat kor mange, vil neppe bli klart nokon gong, estimata går frå 3000 til 6000 personar).

Kafala-systemet som skal forvalte migrantarbeidarar, blir forresten brukt over heile Golfen. Systemet har gitt mellommenn mykje makt over livet til arbeidarar som kjem frå Asia og Afrika. Om nokon klagar (fagforeiningar er forbode i Qatar) på løn og arbeidstilhøve, kan dei same mellommennene som har utnytta dei, få dei deporterte på dagen. Arbeidarar er blitt systematisk og grovt utnytta.

Men rett skal vere rett: Qatar skrota kafala-systemet i 2020 og erstatta det med eit nytt statleg system, faktisk i samarbeid med FNs internasjonale arbeidsorganisasjon (ILO). Tida vil vise om det nye systemet er meir humant.

Kafala-systemet stammar frå tida då Qatar var eit fattig lite britisk protektorat og Doha ein søvnig fiskarlandsby, slik John McManus viser i boka Inside Qatar. Hidden Stories from One of the Richest Nations on Earth (2022). Rasehierarkiet i landet minner mykje om det britiske i kolonitida.

Under VM i Qatar er det spesielt éi sak som har vekt harme i Europa. Den har dreidd seg om støtte til LHBT-saka, i form av regnbogeflagg og armband. Alle skjøner at Fifa, som formelt består av forbund frå 211 land, må setje strenge grenser for politiske markeringar. Men i Europa meiner mange at LHBT-saka ikkje er politisk, men eit uttrykk for universelle menneskerettar og likeverd.

Det er kanskje litt nærsynt, for i Qatar og nabolanda er homofili straffbart, i tråd med sharialovene deira. Om dette skal endrast, blir det gjennom ein lang politisk kamp.

I Vesten tok kampen for likeverd for seksuelle minoritetar fleire hundre år. Sjølv i våre sekulære samfunn er det berre heilt nyleg desse ideane fått gjennomslag. I Qatar er homomarkeringar å samanlikna med å oppfordre til lovbrot.

Har vi ein tendens til å sjå våre eigne verdiar som «universelle» sjølv om dei ikkje er det? Som så gode og sanne at ein må vere vond eller primitiv for å ikkje akseptere dei? Det er i så fall ei form for ønsketenking. Universalismen er ikkje universell, ikkje allment gyldig, men reflekterer eitt eller fleire vestlege ideal. Elles i verda lever andre kulturelle og religiøse sanningar i beste velgåande, slik dei alltid har gjort, utan omsyn til FNs erklæring om menneskerettar og slikt.

Er det frå vår side eit element av dobbeltmoral, arroganse og sjølvrettferd ute og går? Vel, om ein ser det frå deira side, er det jo det.

Europeiske kolonimakter har i mange hundre år dominert storparten av Midtausten, Asia, Afrika og Sør-Amerika. Den offisielle legitimeringa bak kolonialismen gjekk alltid ut på at vi skulle spreie sivilisasjon til ville og primitive folk. Kanskje er det også eit umedvite element av det same i dagens retorikk? I alle fall blir Vestens krigar i dag legitimerte på ein forbløffande lik måte. I Afghanistan, Irak og Libya gjekk vi til krig for å frigjere folk frå tyranni og hindre folkemord, for å innføre ytringsfridom, sekulært demokrati, likestilling mellom kjønna og så bortetter.

Men bak fasaden går det alltid føre seg noko anna i tillegg, anten det er hemntørst (Afghanistan), olje (Irak) eller endå meir lugubre ting (Frankrike ivra for å bombe Libya, president Nicolas Sarkozy skulda personleg Gaddafi ein halv milliard kroner, korrupsjonssaka held enno fram).

Fleire av «våre» krigar har vore i strid med folkeretten, og resultatet er at det eine landet etter det andre i Midtausten er blitt fullstendig øydelagt, med hundretusenvis av døde sivile.

Alt dette veit sjølvsagt folk i regionen. Dei er ikkje dummare enn vi og merkar at Vesten snakkar med to tunger, ikkje minst overfor land som Saudi-Arabia og Qatar. Dei veit at dominans, alliansar, kontraktar og råvarer er viktigare for oss enn menneskerettar og demokrati, når det kjem til stykket.

Og likevel insisterer vi på vår moralske overmakt og humanitet, på at våre kampsaker representerer det gode og sanne. Kanskje det som ligg bak, på eit umedvite plan, er eit ønske om at det enno er vi som bestemmer. Kanskje vi har levd oss så godt inn i denne rolla at vi oppfattar ho som naturleg.

La oss ta eit konkret eksempel på dobbeltmoral som blir lagd merke til i den arabiske verda, men ikkje i Europa. Russland annekterte Krym i 2014 og gjekk i år til krig mot Ukraina. For dette er Russland ekskludert frå dei fleste sportsfellesskapar, inkludert sjakk. Derfor flytta det internasjonale sjakkforbundet Fide årets sjakkolympiade frå Moskva til Chennai i India.

Men kor la dei VM i lagsjakk? Det kunne ikkje bli arrangert i Russland, sidan dei har okkupert og annektert delar av Ukraina, i strid med folkeretten og FN. Så dei flytta arrangementet til Aust-Jerusalem – som er okkupert og annektert av Israel, i strid med folkeretten og FN.

I Qatar har forbodet mot politiske markeringar ikkje vore konsekvent. Palestinske flagg har vaia både på tribunane og på banen, som etter at Marokko slo Spania i åttandedelsfinalen. Palestina er medlem av Fifa, men i Europa reknar den europeiske fotballorganisasjonen Uefa palestinske flagg som politiske symbol, og dei skal ikkje visast på tribunen.

At palestinske flagg har vore så synlege i Qatar, gir ein klar bodskap. Her er det ikkje Vestens premissar som gjeld. Qatar bryr seg ikkje så mykje om kva vi meiner, som vi kanskje skulle ønskje. Det er ein global trend. Vestens gamle hegemoni og dominans er på hell. Nesten heile verda, kanskje bortsett frå vi, ser dette ganske tydeleg no.

Fotball kan så splid, og han kan sameina folk. VM i Qatar er det første i noko muslimsk land nokon gong. Så langt eg har registrert, har sjølve meisterskapen vore prikkfritt arrangert teknisk sett. Det har ein katastrofal karbonrekneskap, men alt har fungert slik det skal. Sjølv dei som hadde godta seg om ting gjekk på tverke, må innrømme det. Det verkar som om folk i heile den muslimske verda er stolte av VM, og mange har peikt på at vår kritikk berre har sameint dei meir.

Kanskje Qatar-VM blir ståande som ei symbolsk skilje som markerer at den geopolitiske tyngdekrafta flytta seg frå Oksidenten til Orienten, frå solnedgangens land til soloppgangens land. Eg seier ikkje at det er eit god nyhende. Men Kina og andre søraustasiatiske land er i spissen teknologisk, mens Qatar og andre arabiske land formar verda på sin måte, med pengemakt frå sal av olje og gass, som dessverre er blitt viktigare enn nokon gong. Mange trudde for tretti år sidan at historia gjekk mot slutten, og at det som stod igjen, var ein paradegang for demokrati og fridom. No veit vi at kapitalismen ikkje treng demokrati. Qatar og dei andre oljestatane i Gulfen er ei dystopisk blanding av raseskilje, ekstrem velstand, høgteknologi, modernitet og det vi ser som eit førmoderne tankesett.

Qatar har oppnådd det dei ville med VM i fotball. Dei vann ikkje ein einaste kamp og er sikkert den svakaste vertsnasjonen i VM-historia. Likevel blei det heimesiger i Qatar.

Morten A. Strøksnes er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Per Anders Todal

Eit minnesmerket over slaget om Gallipoli i (1915–1916), synleg for alle som kryssar Dardanellane mellom europeiske Kilitbahir og asiatiske Canakkele.

Foto: Jorge Láscar / Wikipedia Commons

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Grushaughoroskopet

TROJA: I ruinane av den halvmytologiske trojanarkrigen kan ein, om ein tolererer litt pompøsitet og fiasko, freiste lese si eiga krigerske tid i lys av ei gammal.

Mohammed Naseem fotografert av Anders Hammer i 2009. Naseem ville då gå til sak og krevje erstatning frå Noreg. Han blei drepen under uklåre omstende året etter.

Foto: Anders Hammer

ForsvarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Lygekorset med sverd og eikelauv?

Eirik Kristoffersen fekk Krigskorset med sverd for leiinga av spesial­operasjonar i Afghanistan. I den viktigaste skulle ein sentral Taliban-leiar ha blitt arrestert. Så begynte historia å smuldre opp.

Italias blåblåe statsminister Giorgia Meloni takkar folket sitt for tilliten etter at resultatet i EU-parlamentsvalet blei kjent 10. juni 2024.

Foto: Alberto Lingria / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Dei lyseblå var dei verkelege vinnarane

Det er lite truleg at partia på ytre høgre fløy kan veksle framgangen i EU-parlamentsvalet inn i makt og politisk innverknad.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis