JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Habermas og den tyske ettertanken

Jürgen Habermas har skrive ein viktig tekst om krigen i Ukraina og om korleis ein skal forstå situasjonen Vesten har hamna i. Som tyskar gjer han det naturlegvis med eit særskilt blikk på den rolla Tyskland bør spela.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6043
20220506
6043
20220506

For 80 år sidan stod den tyske stridsmakta i Ukraina, ja, i store delar av Sovjetunionen. Brotsverka frå den tida kan aldri gløymast. Skal tyske våpen aldri meir kunne nyttast der? Dei er der alt, men mange ser no på Tyskland som ei sinke i Vestens bidrag til Ukrainas forsvarskamp.

Striden er sterk i Tyskland: Eit viktig antikrigsopprop kom før Habermas, og artikkelen hans kan vel òg lesast som ei forklaring på korfor han ikkje skreiv under på oppropet. I Frankfurter Allgemeine Zeitung kom det eit rasande svar til Habermas frå den unge forfattaren Simon Strauss som nærmast gav underteikna apoplektisk anfall.

Og jamvel i regjeringa er det klare spenningar, med den sosialdemokratiske kanslaren Olaf Scholz i rolla som avvegande instans. Mange har meint at han er for nølande i støttearbeidet. Habermas har fått støtte for at han ikkje ganske enkelt vil identifisera seg med forståinga ukrainarane har av situasjonen. Habermas’ påstand er at ein krig mot ein part med atomvåpen ikkje kan vinnast. Men 3. mai sa finansminister Christian Lindner frå det liberale partiet nettopp at Ukraina må vinna. Rettar han seg med dette spesielt mot Habermas?

Mektig kritikar

Det er slett ikkje utelukka, for Habermas er ikkje berre den mest kjende levande profesjonelle filosofen i verda, han har heilt frå 1950-åra vore ein av Tysklands skarpaste og mektigaste politiske kritikarar og polemikarar.

Habermas polemiserer med argument, men skjuler ikkje engasjement og eigne kjensler, som i denne artikkelen. Militært er han ikkje prinsipiell pasifist, og han støtta Nato-intervensjonen i Serbia og Kosovo i 1999, trass i at han lenge hadde samarbeidd med dei serbiske filosofane bak tidsskriftet Praxis, som hadde tatt del i partisankampen mot nazistane i andre verdskrigen.

Mest kjend er Habermas for si rolle i den såkalla historikarstriden rundt 1986, der han kjempa mot det han meinte var tendensar til ei renasjonalisering av bruken av tysk historieforsking. Dette er det i Noreg, den vesle nasjonen med det sterke nasjonale sinnelaget, lett å misforstå. Filosofen Habermas har faktisk stor intellektuell sans for det historisk særmerkte, han drøymer slett ikkje ukritisk om det universelle.

Spesiell situasjon

I denne komplekse og avvegande artikkelen tar han ikkje minst den spesielle mentale situasjonen Tyskland stod i etter verdskrigen, på alvor. Då utvikla det seg ein viss distanse til det intenst nasjonale som ein særmerkt tysk tradisjon. Dette vart òg ein tradisjon for å ta ansvar for dei brotsverka som naziregimet stod for i nasjonens namn. Og ikkje minst: ein tradisjon for å ta den moderne folkeretten alvorleg, der åtakskrig ikkje lenger er lov.

Men skulle ikkje det innebera at ein solidariserer seg tett med Ukraina som offer for russisk åtak? Jo, sjølvsagt, og Habermas gjer det. Samtidig vedkjenner han at han er overraska – overraska mellom anna over kor lett og sterkt identifikasjonen med universell folkerett finn stad.

Her må vi ta høgde for at vi sidan februar har opplevd eit autentisk nasjonalt leiarmirakel i den tidlegare skodespelaren Volodymyr Zelenskyj, mannen som Putin freista likvidera alt fyrste invasjonsnatta, men som då spontant oppdaga kva som måtte gjerast i ein uhorveleg sterk retorisk kampanje på vegner av landet sitt.

Identifikasjonen med det universelle – universelle menneskerettar, nasjonalt sjølvstyre inkludert – har fått ein særs sterk inkarnasjon i ein nasjonal leiar. Men kan mirakelet gjera at identifikasjonen går for lett og tankelaust føre seg, for oss på ein viss avstand?

Ein viss distanse

Habermas meiner i alle fall at vi, samstundes som vi identifiserer oss med ukrainarane, må greia å halda ein viss distanse til identifikasjonen. Ikkje berre av di vi òg har eigne legitime interesser som ikkje automatisk harmonerer med Ukrainas. Framfor alt må vi òg fokusera på det som ukrainarane i kamp og liding ikkje har sjanse til å prioritera så høgt.

Den kollektive undergangen er – sterkare enn under Cubakrisa i 1962 og i 1980-åra – atter aktuell som mogleg resultat. Nato har fatta ei avgjersle om ikkje å delta direkte i krigen. Ifylgje Habermas balanserer Vesten her på ei slakk line som kan søkka ned i deltaking – rett og slett av di Putin kan utvida åtakskrigen. Står ein ved vedtaket om å ikkje å gå direkte inn, kan dette ikkje vatnast heilt ut.

Åtvarar

Men kan ikkje krigen faktisk enda i ein ukrainsk siger, då? Kan det ikkje tenkjast at det raknar i det russiske regimet? Habermas tenkjer ikkje slik, men ikkje av di det er utenkjeleg. Han meiner openbert at vi ikkje skal rekna med dette, og at å rekna med sannsynlege og gruelege resultat, det må vi. Er han vorten «realist» på sine gamle dagar, i strid med det evige ryktet om at han er ein rein normativ idealist?

Nei. Habermas er som sagt tilhengjar av den moderne folkeretten med forbodet mot angrepskrig, trass i Irak-krig og no åtaket på Ukraina. Men han åtvarar mot ei feilslutning frå dette forbodet til ei plikt til å tru på siger mot stridande partar som er atommakter. Tyskland har gjort sine røynsler med absolutt tru på siger.

Vi kan minna Habermas om Zelenskyjs autentiske og det ukrainske folkets enorme innsats. Men det er ikkje denne innsatsen han tviler på. Det han tviler på, er ein trong til å ofra intellektet i ei fortvilande tru på den gode saka, når det nettopp er intellekt som trengst, i ein situasjon som kan føre oss i undergangen.

Sidan Habermas kjem frå ein nasjon som ofra intellektet på denne måten, er det naturleg for han å kalla ei slik evne til distanse for post-
nasjonal. Dette har ingenting med å ta avstand frå den ukrainske nasjonale saka å gjera, som ikkje minst er ein kamp for individuelle rettar.

Helge Høibraaten er professor i filosofi.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Habermas åtvarar mot å tru på siger mot stridande partar som er atommakter.

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis