JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Gjer døra høg for sjukepleiarstudentane

Eit karakterkrav som fører til at sjukepleiestudieplassar står tomme, må fjernast snarast.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5723
20231117
5723
20231117

I 2040 kjem Noreg til å trenge 40.000 fleire sjukepleiarar enn vi gjorde i 2019, ifylgje Statistisk sentralbyrå. Det vert vi langt unna å klare å levere: Tvert om kan vi om 17 år kome til å mangle så mange som 30.000 sjukepleiarar.

Og sidan yrkestittelen sjukepleiar – heldigvis – er verna, er det berre éin måte å få fleire sjukepleiarar på: utdanne dei. Så då skulle ein tru det var full fart på sjukepleieutdanningane kringom landet. Noreg har 13 studiestader som tilbyr til saman 5354 studieplassar i sjukepleie.

Men ved studiestart i august stod 338 studieplassar tomme. I Hammerfest møtte berre 12 studentar opp til ein klasse som skulle telle 70 elevar. I Molde var tala 42 mot 127, og i Førde var berre 13 av 51 søkarar til den desentraliserte, deltidsbaserte utdanninga kvalifiserte. Det var for få til at Høg­skulen på Vestlandet såg seg i stand til å starte opp i det heile – kullet i Førde vart avlyst.

Sjølv om søkartala til sjukepleiestudiet var rekordlåge i vår, forklarar ikkje det heile tomrommet. Universiteta og høgskulane mangla ikkje fyrst og fremst søkarar. Dei mangla kvalifiserte søkarar.

Medisinmatte

Så kva skal til for å kome inn på eit sjukepleiestudium? Du må ha generell studiekompetanse. Tidlegare hadde alle studiestadar poengkrav i tillegg, men stadig fleire har fjerna krav til poeng.

Heng dette saman med eit anna nasjonalt krav? Frå hausten 2018 innførte Solberg-regjeringa krav om karakteren 3 eller høgare i matematikk og norsk frå vidaregåande. Matematikk vart valt på grunn av medisinrekninga: I løpet av fyrste studieår må alle sjukepleiarstudentar lære seg å dosere legemiddel riktig. Her er det ikkje rom for feil: Berre 100 prosent riktige svar gjev bestått eksamen, og det har synt seg vanskeleg for studentane. Til tider har så mange som 30 prosent stroke på eksamen på fyrste forsøk.

Eit klart opptaksutval

Tiltaket med karakterkrav er omstridt. Der Norsk Sykepleierforbund og studentorganisasjonen NSF Student heile tida er klart for, har tilsette ved utdanningsinstitusjonane vore meir kritiske.

Opptaksutvalet, som leverte den offentlege utgreiinga «Veier inn – ny modell for opptak til universiteter og høyskoler» i fjor, har òg konkludert med å fjerne alle slike nivåkrav: «Utvalget understreker at det er institusjonenes ansvar å sørge for at studentene oppnår den kompetansen de trenger for å utøve yrket de utdanner seg til. Dersom faget er bestått fra videregående opplæring, tilsier dette at søkeren har den kompetansen som skal til for å kunne begynne i høyere utdanning.»

Når ein ser på røyndommen, er det vanskeleg å ikkje seie seg samd med Opptaksutvalet.

Sluttar for tidleg

Sjølvsagt skal ingen verte feilmedisinert i norsk helsevesen. Men med alt ein skal digitalisere og teknologisere i helsevesen og eldreomsorg, må det vere mogleg å sjå føre seg teknologi som fjernar sjansen for menneskeleg svikt i medisinrekning – sjølvsagt som eit tillegg, ikkje ei erstatning.

Uansett: Kva garanti gjev eigentleg ein mattekarakter som kan vere over eit tiår gamal, for kor god ein er til å rekne og forstå forholdet mellom styrke, dose og mengde?

Dei desentraliserte sjukepleiestudia har fleire særlege inntakskrav: Studentar må ha minst to års praksis og tilsetjing i helsevesenet i geografisk nærleik til studiestaden. Desse søknadskriteria vil Høgskulen på Vestlandet no fjerne for å få fleire kvalifiserte søkarar komande år. Det kan dei, for kriteria er – i motsetnad til karakterkravet – ikkje forskrifts­festa nasjonalt.

Spør du meg, er dette heilt feil veg å gå. Mellom anna fordi sjukepleiaryrket har fleire utfordringar enn berre rekruttering: Éin av fem sjukepleiarar jobbar ikkje lenger i helsevesenet ti år etter dei er ferdig utdanna. Det syner oss at vi må gjere noko med arbeidsforhold og løn, men og at det kan vere ein god idé å sleppe til studentar som veit kva yrket går ut på.

Eit praktisk yrke

Praktikarar snakkar vi om. Og sjukepleie er eit praktisk yrke – kanskje set få arbeidsopp­gåver større krav til handlag enn å pleie og ta seg av dei aller svakaste blant oss.

Så treng alle sjukepleiarar eit solid teoretisk – medisinsk – grunnlag for det handlaget. Det er to sider ved yrket, og begge sider må lærast. Eg finn få, om nokon, årsaker til at det skal vere vanskelegare for ein med praktisk bakgrunn å lære seg dei teoretiske sidene ved yrket enn for ein som kjem rett frå skulebenken å lære seg dei praktiske. Likevel er det lite ved opptaket til studiet som legg til rette for dei erfarne hendene vi så sårt treng.

Kvifor har vi ikkje nokon Y-veg inn i sjukepleiaryrket, slik vi har til dømes for ingeniørstudentar? Ved same høgskulen som ikkje klarar å starte opp sjukepleiestudiet, kan ein gå frå relevante fagbrev via eit tre vekers sommarkurs i matte til bachelorgrad i ingeniør- eller nautikkstudium.

Ein helsefagarbeidar må gå den lange vegen om eit heilt år med påbygging til generell studiekompetanse. 281 timar norsk, 140 timar historie og 140 timar matematikk. Og om dei ikkje klarar å skrape saman ein trear i minst to av desse faga, er draumen uansett knust.

Kva gjer studentar best budde på tre år med sjukepleiestudium – eitt år der dei studerer norsk, historie og matematikk, eller to år med praksis frå læretid i helsevesenet?

Svaret vert sjølvsagt ikkje det same for alle. Difor skal ein ikkje fjerne tilbodet om påbygg. Men om ein meiner alvor med å unngå ein svært stor sjukepleiemangel om berre få år, må ein rekruttere breiare enn i dag. Å fjerne karakterkravet bør vere ein rask og enkel stad å starte.

Siri Helle er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis