JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Full siger?

Våre interesser er ikkje nødvendigvis identiske med Ukraina sine.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), regjeringa og eit stort fleirtal på Stortinget la fram den politiske semja om Ukraina-programmet i Stortinget førre veke. President Volodomyr Zelenskyj deltok digitalt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

6296
20230224
6296
20230224

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen sa sist veke at han ikkje trur nokon av partane kjem til å vinne krigen mellom Ukraina og Russland. Dette har vekt merksemd, for Kristoffersen har ein annan status enn alle andre som uttalar seg i saka.

I motsetnad til «tilfeldige» politikarar, akademikarar eller kommentatorar kviler det eit stort ansvar på hans skuldrer. Han rår over eit stort apparat som skal levere dei mest realistiske og kvalifiserte analysane som er moglege. Rett nok justerte forsvarssjefen kommentaren sin til at det «ikkje finst noka militær løysning», men det tyder omtrent det same.

Kristoffersens utsegn bryt med det offisielle synet til Ukraina og Nato. Målet til president Volodymyr Zelenskyj er full militær siger. Det inneber at Russland ikkje berre blir drive tilbake frå heile Donbas-området, men òg frå Krymhalvøya. Nato-sjef Jens Stoltenberg trur òg dette er mogleg.

Korleis skal dette kunne skje? Realistisk sett berre på éin måte: ved at Nato og USA involverer seg mykje meir enn i dag, ikkje berre med våpen, men også med personell. Sagt på ein annan måte: Ukraina kan berre nå måla sine dersom krigen eskalerer og noko som liknar endå meir på ein tredje verdskrig, blir eit faktum.

Ein tredje verdskrig vil fort kunne involvere atomvåpen, dersom Russland og ein Putin som er langt mindre rasjonell enn nesten alle trudde, blir desperat nok og oppfattar seg som «eksistensielt trua». Og om dei skal drivast ut av Krym, og miste marinebasen i Sevastopol, er det klart innafor Russlands definisjon av «eksistensiell trussel». Slik Russland ser det, er Krym ein del Russland. Bruk av atomvåpen vil sjølvsagt vere galskap, men det er for seint å utelukke det. Og før det går så langt, set berre fantasien grenser for kva Russland kan finne på.

Vi har same ønske som Ukraina: at Russland skal drivast tilbake og straffast for det brutale åtaket på Ukrainas land, liv og eigedom. Men om vi ser bort frå ønsketenking: Er våre realitetsvurderte interesser identiske med Ukraina sine?

Dette er eit anna problemstilling. Om Ukrainas interesse er at Nato blir mest mogleg dregen inn i krigen, er det neppe i vår interesse. For konsekvensane av ein utvida krig vil kunne bli enorme for Europa og heile verda. Ein konvensjonell «verdskrig» vil vere ille nok, og risikoen for atomkrig vil auke dramatisk. Om ein slik bryt ut, vil i verste fall millionar kunne døy, delar av kontinentet vil kunne bli ulevelege, dei mørkaste dystopiar frå fiksjonen kan bli verkelege.

Ein slik krig vil utan tvil vere Russlands feil, ikkje Ukrainas. Men kva hjelper det, om kontinentet blir lagt i ruinar?

Er «vi» – Vesten, Nato, Noreg – villige til å ta sjansen på at det går så langt for å støtte Ukraina? I ein krig vår eigen forsvarssjef seier ikkje kan vinnast militært?

Ukraina har hatt suksess på slagmarka, og Russlands militære har blottlagt mange veikskapar. Zelenskyjs popularitet og intense diplomati overfor Europa og USA har skapt eit slags skråplan. I starten var Noreg og andre europeiske land kategoriske på at vi ikkje deltar i krigen, og i høgda vil gje dei defensive våpen, altså slike som blir brukte til forsvar, ikkje åtak. Men kor går grensa mellom forsvar og åtak i ein krig?

På grunn av krigens utvikling har Europa og spesielt USA donert stadig tyngre og meir avanserte våpen til Ukraina. Der det først var luftvern, og det under tvil, blei det artilleri og avanserte stridsvogner – og no håpar Ukraina på jagarfly og langtrekkande rakettar.

I starten av krigen var jagarfly heilt uaktuelt av prinsipielle årsaker. No går motførestillingane heller på kor effektive dei eigentleg vil vere i krigen. Ein eller annan plass på denne vegen, om han held fram i same retning, til dømes om vi gir Ukraina langtrekkande rakettar og etterretning om kor dei bør skyte, er vi direkte deltakarar. Og då kan alt skje.

Alle krigar skaper sin eigen uføreseielege logikk og dynamikk. Sympatien med Ukraina er enormt stor. Å ikkje ville støtte landet, nesten på kva slags måte det skulle vere, blir i dag sett på som ei litt feig haldning. Ord som «solidaritet», «våre verdiar», «samhald» og «handlekraft» dominerer. Skeptikarar og folk som snakkar om fred, blir av mange sette på som naive, feige og dumme, dei «spring Putins ærend».

Berre siger er godt nok for Ukraina, men den einaste måten det kan skje på, er at Nato bind seg heilt fast til krigen. Alt sist sommar hevda Ukrainas forsvarsminister Oleksij Reznikov at «tredje verdskrigen har starta» og at fleire at fleire europeiske land vil bli angripne dersom Ukraina tapar. Han sa at det ikkje er noko poeng i å prøve å hindre ei vidare eskalering av spenningsnivået med Russland, sidan krigen alt er i gang.

Dette er også Zelenskyjs syn. Emmanuel Macron uttalte sist fredag at «Russland skal overvinnast, men ikkje knusast», og at «konflikten i Ukraina må løysast med forhandlingar». I avisa Corriere della Sera søndag svarte Zelenskyj at Macron kasta bort tida. Forhandlingar er for han ikkje lenger eit alternativ.

Det er lett å skjøne denne haldninga og denne retorikken. Slik er leiarar for eit land under militært åtak nøydde til å snakke. Det inneber ikkje at alle vi andre er forplikta til å snakke på same måte. Eg seier ikkje at det er realistisk at Putin bøyer av, og heller ikkje at det er rimeleg at Russland skal kunne innkassere nokon gevinst på grunn av krigen. Samstundes kan ikkje døra vere stengd for alle forhandlingar – noko både Zelenskyj og Stoltenberg inst inne veit.

Zelenskyj ønsker sjølvsagt ikkje ein tredje verdskrig. Han kjempar ein desperat kamp for Ukrainas overleving, for å sikre landet sjølvstende og fri det frå russisk okkupasjon. Dette er Ukrainas forståelege og rettmessige mål. Men vi kan ikkje, når vi tar dei potensielle kostnadane med i likninga, late som om ingen pris er for høg for oss for at Ukraina skal oppnå full siger.

Krigen er enno ein regional krig under ein slags kontroll, samanlikna med ein full, katastrofal konfrontasjon der atomkrig verkeleg kan vere mogleg. Han har alt ført til ufattelege kostnader for Ukraina, med store menneskelege tap og delar av landet i ruinar. Det er lett å gløyme at alt faktisk kan bli mykje verre.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis