JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Forslag til ein annan samtale om plagiat

Tanketjuveri er like utbreidd som det er alvorleg. Skal ein få has på fenomenet, gjer ein lurt i å byrje med ei mindre straffande tilnærming enn det vi no har vore vitne til.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Ho var så openbert tatt på fersken – det var snakk om heilt banale døme på plagiat – men ho nekta for det», skriv Ida Lødemel Tvedt om helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

«Ho var så openbert tatt på fersken – det var snakk om heilt banale døme på plagiat – men ho nekta for det», skriv Ida Lødemel Tvedt om helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Foto: Javad Parsa / NTB

«Ho var så openbert tatt på fersken – det var snakk om heilt banale døme på plagiat – men ho nekta for det», skriv Ida Lødemel Tvedt om helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

«Ho var så openbert tatt på fersken – det var snakk om heilt banale døme på plagiat – men ho nekta for det», skriv Ida Lødemel Tvedt om helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Foto: Javad Parsa / NTB

12548
20240126
12548
20240126

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

«Vi håper resultatene fra vår forskning vil være av interesse», skreiv Kjerkol og makkeren hennar i masteroppgåva som skulle vise seg å vere av større interesse enn dei nok hadde ønskt seg.

Dagen etter at Sandra Borch gjekk av som utdanningsminister fordi nokon hadde oppdaga plagiat i masteroppgåva hennar, blei det kjent at Ingvild Kjerkol og medstudenten ho skreiv masteroppgåve i lag med, var skuldig i noko liknande. I løpet av veka skulle stadig nye tekstlikskapar bli avdekte. I skrivande stund er det snakk om 22 avsnitt.

Tåkelegginga

«Jeg er glad for at noen faktisk leser hele oppgaven på 121 sider. Jeg står inne for oppgaven vår, og det er godt å se at dataanalysen vår oppfattes som solid og godt forklart», sa Kjerkol, liksom leikent. Det var som om nokon tok kjærasten sin i utruskap, og ho som svar på skuldinga sa: «Eg er glad for at nokon faktisk er så interessert i det eg har drive med, og det er godt å sjå at sjølve den seksuelle prestasjonen min blir oppfatta som solid og god.»

Arrogansen og tåkelegginga, det var det som var provoserande, endå meir enn sjølve juksinga. Ho var så openbert tatt på fersken – det var snakk om heilt banale døme på plagiat – men ho nekta for det.

Hadde ho takla det annleis, kunne saka vore ei anna. At ein kanskje er akademisk talentlaus, diskvalifiserer ein ikkje automatisk frå jobben som helseminister. Det var trass alt eit tillitsverv som folkevald ho hadde, ikkje ei forskingsstilling. Difor kan ein meine at Kjerkol utan tvil bør få masteroppgåva annullert, men ikkje få sparken av den grunn.

«Jo meir uerfaren han som skriv er, jo meir utsett er han for ikkje å klare å skilje, på papiret, mellom tjuveri og tenking.»

Korstoget

Det var ekkelt å følgje med på den skadefro retorikken i sosiale medium, der den intellektuelle klassen haussa seg opp i ein slags delirisk frodande gapskratt over at Kjerkol liksom sjølv kunne ha skrive noko så sjargongtungt som «denne relasjonelle ontologien».

Altså, det var jo viteleg vittig at Kjerkol i ei stolen setning gjorde seg til ein omsorgssektorens erkjenningsfilosof, men samstundes var hånen billeg. Klumsete bruk av nye omgrepsapparat er trass alt eit heilt vanleg symptom på akademiske veksesmerter, og ofte eit fruktbart steg i læringsprosessen. At folk bruker omgrep dei ikkje heilt forstår er ingen grunn i seg sjølv til å rope Ad purgatorium, plagiator!

««Flere nagler i Kjerkols kiste», skreiv Gisle Selnes, professor i litteratur ved Universitetet i Bergen, då det blei kjent at endå fleire tekstlikskapar var oppdaga. Han hadde tidleg rykt ut med krav om at Kjerkol måtte gå av – noko mange av oss meinte, i alle fall i starten, då vi sat og stira forskrekka på «ekspertar» på TV som heilt utan belegg hevda at det som på engelsk heiter «plagiarism», eigentleg berre dreia seg om å kunne stå inne for arbeidet ein har gjort. Ein kjende seg oppriktig krenkt på vegner av studentar overalt. Men dette språklege bildet, «naglar i kista», kjendest unødvendig aggressivt.

Professoren hadde heroisk forsvart ein student som var skulda for sjølvplagiat, ei sak som mange hadde følgt nøye gjennom vinteren. Studenten blei frikjend, men dommen blei anka av departementet Borch leia – ein situasjon som no fekk skandalane til å verke ekstra grelle og hyklerske. Slik er det ofte: Folk som er flinke til å forsvare dei svake mot syndebukkmekansimar, grip ofte sjølv underleg lett til høygaffelen.

Sandra Borch gjekk nyleg ut av regjeringa etter å ha plagiert andre studentar i si eiga masteroppgåve.

Sandra Borch gjekk nyleg ut av regjeringa etter å ha plagiert andre studentar i si eiga masteroppgåve.

Foto: Mattis Sandblad

Kart og terreng

I forordet til masteroppgåva skildrar Kjerkol og samarbeidspartnaren korleis dei i forskingsarbeidet – som handla om leiing i digitalisert heimeteneste – drog ut på tur, til fots, for å gå Noreg på tvers. Undervegs på turen gjekk det opp for dei at «kart og terreng ikke alltid stemmer, at samarbeid og samstemthet er krevende, men også avgjørende for en god tur». På vegen var hjelp frå andre av stor betydning, seier dei, før dei takkar rettleiaren som gav dei tryggleik til å «gå litt lenger enn vi hadde kommet på selv».

Dei burde ikkje ha gått fullt så mykje lenger enn det dei sjølv kunne komme på.

«Kva hadde hendt om ein køyrde ein liknande sjekk av analysane til Noregs mange USA-ekspertar opp mot transkripsjonar av dei mest populære amerikanske politikkpodkastane?»

Væpna skuldingar

Sidan skandalar har det med å komme i tematiske puljar, er det kanskje ikkje tilfeldig at dei norske plagiatskandalane kom berre veker etter at nettopp plagiatskuldingar spelte ei avgjerande rolle i ein kulturkrig som førte til at den første svarte, kvinnelege rektoren på Harvard-universitetet gjekk av. Kritikarar meinte at ho hadde stått fremst i eit korstog mot opposisjonelle røyster på campus, og hemnen fekk dei då det blei avslørt at ho kan ha plagiert.

Då eg fekk jobb som lærar i skriving ved eit bachelorprogram i USA, blei eg og kollegaene mine drilla av folk som forska på plagiat, i å snakke med studentane om temaet på ein måte som fremja akademisk vekst og sjølvstende. Vi blei fortalde at det ikkje lønte seg å gå rett inn med ei straffande tilnærming til tanketjuveri, men å diskutere gråsonetilfella, slik at kvar student med tida utvikla eit fintfølande instinkt for kvar grensene gjekk mellom å skrive sjølv og å ta frå andre.

Dei viste oss statistikkar over kor vanleg det er at nybyrjarar plagierer, ofte utan at dei sjølve er medvitne om det. Særleg om ein opererer med ein brei definisjon av plagiat, der ein inkluderer døme der setningane er eins eigne, men ideane eller dei språklege bileta er så unike for opphavsmannen at dei ikkje kan stelast utan å gi han æra.

Dette tok eg med meg inn i undervisninga, der eg kvart semester vigde nokre veker til spørsmåla. Temabolken kulminerte i ein leikedebatt der studentane diskuterte eit tenkt eksempel på plagiat, og skulle avgjere om studenten berre burde få strykkarakter eller bli utvist.

Gråsoner

For så strengt må det vere, i siste instans. Plagiat = stryk. Og i alvorlege høve: mellombels utvising. Ikkje berre i openberre tilfelle der studenten har klipt og limt i stor skala, slik som Kjerkol og Borch har gjort, men òg i meir vanlege tilfelle der tjuven i det minste har gjort ein (u)ærleg innsats for å skjule spora sine. Dei fleste byter ut eit par adjektiv eller pronomen i teksten dei stel frå, kanskje snur dei om på setningsledda, kanskje føyer dei til eit ekstra element i ei oppramsing.

Men om det skal vere legitimt å vere så streng, fordrar det at ein har store, sakte, djupe samtalar om kva det vil seie å skrive utan å stele. For plagiat handlar om så mykje meir enn å klippe og lime frå folk utan å gi dei æra dei fortener.

Dei heile blir desto meir komplisert av at umogne skribentar ofte gjer dette i god tru; dei trur at kryssklipping er å skrive sjølv. Og skal ein vere ærleg med seg sjølv, er det vel ingen som aldri har presentert tankar som tilhøyrer andre, som om dei var eins eigne? Røynda er at tanketjuveri mest skjer i gråsonene, både på papiret og inne i skrivaren sjølv, som kanskje halvt medvite vel å ikkje vite at han stel.

Spegel, journalistar!

Tanketjuveri er altså like utbreidd som det er alvorleg, og skal ein få has på problemet, kan det løne seg å byrje samtalen med ei mindre straffande tilnærming enn den vi har sett i denne skandalen.

Ein kan få inntrykk av at eit samla pressekorps tok til høygaffelen den siste veka, med det stemmer ikkje. Sentrale røyster har sete stille, vel vitande om at her skal ein passe seg for å kaste stein i glashus.

For kva hadde hendt om ein køyrde ein liknande sjekk av analysane til Noregs mange USA-ekspertar opp mot transkripsjonar av dei mest populære amerikanske politikkpodkastane? Eller kva om ein sjekka norsk kulturjournalistikk for setningar og saker med mistenkelege likskapar til tekster frå The Atlantic, The New Yorker eller The Guardian? Er ein kjenslevar for slikt, kan ein mistenke at det knapt går ein dag i norske medium utan at ein journalist tek ein analyse frå ein annan og presenterer han som sin eigen.

Og kva med forfattarar av populariserande sakprosa, som ofte får mange lesarar nettopp fordi dei ikkje tek seg tid til å fortelje om forskarane dei står på skuldrene til, men presenterer teoriane sine som om dei er henta frå spontane kjelder i dei sjølve?

Professorar som stel frå studentane sine, er eit anna kjent fenomen for dei som har vore ei stund på universitet. Ein av rettleiarane på masteroppgåva mi viste meg skamlaust, nesten kokett, setningar i si eiga bok som han hadde tatt frå semesteroppgåva til ein medstudent. Men det er då plagiat, sa eg. Nei, sa han, ikkje ver så humørlaus, det er stas for ho å spele ei hemmeleg rolle i boka mi.

Sjølvplagiat

Sjølv er eg skuldig i å ha sjølvplagiert då eg var på universitetet, utan nokon gong å ha blitt ferska korkje av meg sjølv eller andre. Det tok mange år før det i det heile tatt gjekk opp for meg at det ikkje var lov å hente frå eins eigne gamle tekstar når ein skreiv nye. Det hende at eg skreiv oppgåver om nokon av dei same bøkene på ulike universitet, og då henta eg fram setningar frå dei gamle notata mine, og brukte dei som spett vidare inn i boka eg skulle analysere, og følte at eg for kvar gong bora meg djupare ned i materien.

No forstår eg at slikt er dårleg stil. Det gir ikkje den som står i lærarrolla, tilstrekkeleg oversyn over arbeidet ho skal vurdere. Likevel burde ein kalle det noko anna enn «plagiat». Å stele frå seg sjølv er vesensforskjellig frå å stele frå andre. Som Jonas Gahr Støre sa på ein pressekonferanse denne veka: «Sjølvplagiat er eit krevjande omgrep», treng «avklaring i Høgsterett» og bør få ein «mildare reaksjon».

«Å stele frå seg sjølv er vesensforskjellig frå å stele frå andre.»

ICE, ICE, baby

Frå opplæringa mi tok eg med meg eit knippe tips om god kjeldebruk som eg framleis bruker når eg underviser, og som eg er overtydd om at burde stå på steintavler i alle rom der folk skriv, ikkje berre i forelesingssalar, men òg i avisredaksjonar og forfattarskular:

? I.C.E. Introduser, siter, forklar.

? Bruk tre til fem gonger lengda av sjølve sitatet til å forklare kvifor sitatet er interessant i ditt høve.

? Sei det den andre har sagt, med dine eigne ord, på ein måte som forfattaren bak kjelda ville kjent seg att i. Klarer du ikkje det, har du førebels ikkje gjort deg fortent til sitatet.

? Lesaren er i din tekst for å høyre deg tenke, ikkje ein eller annan vedteken autoritet, om det er Einstein, Voltaire, Konfucius eller ein annan av verdas mest feilsiterte menn.

? Allusjonar er lov. Ein kan spele på ei linje frå Shakespeare eller ein song av Vanilla Ice utan å vise til kjelda. Sjølv om kanskje berre éin av ti kjem til å plukke opp referansen, er det eit nikk til felleseigd kultur.

? Bruk heller eit sitat for å komplisere det du sjølv har sagt, enn for å gi deg sjølv støtte.

Sjølvsabotasje

Kanskje gjer vi lurare i å forstå plagiat som bedrag, heller enn som tjuveri. Den som plagierer, bedrar lesaren, det kunnskapsproduserande fellesskapet, og i siste omgang seg sjølv. Plagiering er ei slags sjølvskading som skadar tilhøvet skrivaren har til sitt eige intellekt. Jo meir uerfaren han som skriv er, jo meir utsett er han for ikkje å klare å skilje, på papiret, mellom tjuveri og tenking. Utdanningsinstitusjonen skal legge til rette for at han gradvis lærer seg å kjenne att sjølvstendig arbeid når det skjer.

Rusa på kjeldene

Ad fontes! (til kjeldene!) heiter puben under lesesalen på Humanistisk fakultet i Bergen. Namnet minner studentane på slektskapet mellom å lese seg gjennom støvete arkiv og å ta seg ein fest. Dei som skal gjere det beste og viktigaste arbeidet med vellet av tekstleg kunnskapsproduksjon som er tilgjengeleg, vil alltid vere folk som rusar seg på kunnskap.

I den rusen må ein la seg rive med og ta for seg, samstundes som at plagiat må bli straffa. Ikkje for å underkaste folk ein overvakande disiplin, men for å gi dei høve til å utvikle ein djup respekt for andres åndsverk, slik at dei òg kan respektere sitt eige. Slikt blir det god skrift og forsking av, på sikt.

Dekninga av plagiatskandalane den siste veka har operert med ei juridisk enten–eller-forståing av «plagiat». Kanskje kan ein no heller få ein breiare og meir tilbakelent samtale om originalitet og det heilage åndsverket, ein som maner til ansvarleg intellektuell skaparglede heller enn hysterisk, paralyserande mistenkeleggjering.

Ida Lødemel Tvedt er fast skribent i Dag og Tid.

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen
Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen
Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen
Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis