JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Forfeila realisme

Ja, realismeskulen kan gje gode forklaringar på kvifor Russland har invadert Ukraina. Men når krigen fyrst er her, er ikkje forklaringar på kvifor vi fekk krigen, særleg relevante.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Zelenskyj har bede EU om å stogga importen av russisk gass, sidan denne gassen delvis finansierer den russiske krigføringa i Ukraina.  Men røyrleidnigen går gjennom Ukraina, der presidenten har særs god bruk for pengane som Russland betaler for transitten. Foto frå Strij, ved Lviv,  der Russland stengde gassen for å straffa Ukraina for låg betalingsvilje i 2014.

Foto: Sergei Chuzavkov / AP / NTB

13893
20220401
13893
20220401

Om ein skal definera statsvitskap i éi setning, er det at «statar gjer alt for å overleva». Spørsmålet vert då korleis statar arbeider for dette. Då lyt vi ty til historia. Sjølv er eg utdanna innafor den realistiske skulen, som etter Russlands invasjon av Ukraina har vore mykje omdiskutert. Men om nokon bed meg om ein presis definisjon av realisme, slit eg. Lat meg likevel gjera ein freistnad: Den utsegna som er mest populær å koma med når realistar vert bedne om å definera realisme, er eit sitat frå ein tale den britiske utanriksministeren og seinare statsministeren Henry John Temple Palmerston gav i Underhuset i 1848:

Storbritannia «har ingen evige allierte, og vi har ikkje nokon vedvarande fiendar. Interessene våre er evige og vedvarande, og dei interessene er det vår plikt å fylgja».

Ukraina-krigen har nok av døme på interessetenking. Putin ynskjer ikkje eit demokratisk, rikt og vestorientert Ukraina ved Russlands grenser. Han vil heller ikkje at Ukraina skal gå inn i Nato. Difor har han invadert Ukraina. No har president Zelenskyj alt gjeve Putin ein tilsynelatande delsiger. Han seier at Ukraina, som ein del av ein eventuell fredsavtale, er viljug til å taka Nato-medlemskap av bordet. Eit slikt utfall av Ukrainas ynske om Nato-medlemskap vil realistar seia var realistisk. Utan ein global hegemon vil dei med hardast makt få viljen sin. Noreg eller Ukraina går ikkje til krig mot Russland.

Ukraina og gass

Men det kanskje mest konkrete dømet på kor rett realistar plar ha, er den russiske gasseksporten. EU snakkar hardt, og det same gjer Russland. Men Russland har gjennom krigen, etter å halde att før krigen, sendt rekordmykje gass til EU, som betaler stort for den same gassen. Paradokset, som ikkje er uventa, er altså at EU har kverrsett alle dei russisk valutareservane i euro, samstundes som EU sender rekordstore mengder av euro til Russland for å betala for gassen. Det er enkelt og greitt korkje i Tysklands eller i Russlands interesse å strupa gassrøyrleidningane. Palmerston ville ha nok ha smilt.

Men det stoggar ikkje der. EU og særleg Tyskland snakkar mykje om den grøne vendinga og trongen for å koma seg bort frå fossile kjelder. Likevel subsidierer no nesten heile EU både gass og drivstoff, trass i alt snakket om fornyeleg energi. EU-landa betaler no borgarane for å brenne russisk olje og gass, og statsrådar frå Dei grøne i den tyske regjeringa bed Noreg og dei andre Nordsjølanda om å leita etter meir gass.

Mest slåande er likevel det Ukraina gjer med gassen som passerer land og grunn og går vidare inn i EU. Kvifor norske medium ikkje har skrive om det, veit eg ikkje, men det er underleg. Samstundes som eg skriv denne kommentaren, held Zelenskyj tale via videolink til det danske Folketinget. Der bed han igjen EU om å stogga importen av russisk gass, sidan denne gassen delvis finansierer den russiske krigføringa i Ukraina.

Lever på Russland

Kva gjer Ukraina og Zelenskyj sjølv? Dei mottek betaling frå Russland for løyva som Ukraina har gjeve til russarane for at dei kan senda gass gjennom røyrleidningane som er bygde i Ukraina. Ukraina kan når som helst stenga av den store eksporten som går føre seg over grunnen deira. Litt dynamitt, og det er over.

Zelenskyj stenger ikkje eksporten av den enkle grunn at det ikkje er i Ukrainas interesser. For det fyrste er den ukrainske staten avhengig av euroane Russland i praksis betaler Ukraina for eksporten, som mellom anna går til å finansiera Ukrainas forsvar mot Russland. For det andre veit Zelenskyj at det ein eller annan gong vert fred, og at landet då må byggjast opp att. Strupar han no eksporten som går føre seg over Ukrainas eigen grunn, øydelegg han samstundes Ukrainas truverd som ein langvarig samarbeidspartnar med både Russland og EU. Jau, det kling holt når han samstundes gong etter gong bed EU-landa om å slutta å importera gassen dei får via Ukraina.

Men slik er realisme. Realistar deler inn verda i interesser og interessesfærar og analyserer på basis av desse. Realistar tel soldatar og våpen. Sei Jalta til ein baltar, polakk eller tsjekkar, og du vil få ein rasande respons attende. Det er forståeleg. I Jalta, som passande nok ligg på Krim, gjekk Churchill, nokså motviljug, og Roosevelt, nokså velviljug, med på at heile Aust-Europa låg innanfor Sovjets interessesfære. I røynda hadde dei to vestlege leiarane ikkje mykje val. Stalin hadde alt kontroll over området, og det var inga interesse mellom britiske og amerikanske veljarar for å halda fram med krigen for å slå attende stalinismen, grotesk som han enn var. Realismen vann.

Kynisk?

Mange oppfattar realismeskulen som kynisk, og det er det kanskje noko i. Til den skuldinga vil realistar svara at realisme bergar menneskeliv. Den kanskje mest kjende nolevande realisten er Chicago-professoren John Mearsheimer. Han, som alle andre realistar med respekt for seg sjølv og faget, argumenterte sterkt mot Irak-krigen, som han såg på som djupt skadeleg idealisme.

I ettertid er det lett å vera samd. Krigane i Midtausten har vore skadelege for særleg USAs rolle som forsvarar for demokrati og menneskerettar. Putin kan med ein viss rett no hevda, som han gjer, at USA ikkje har truverd som ein forsvarar for det Putin kallar «USA-definerte ’menneskerettar’». Det er nok å seia Abu Ghraib. Mearsheimer og andre som var mot dei vestlege krigane i Midtausten, fekk rett.

Men no kjem poenget: Mearsheimer og mange med han maktar ikkje å gje slepp på tesen om at krigen i Ukraina er eit resultat av USA og Natos «ekspansjon» austover – som visstnok gjorde invasjonen av Ukraina uunngåeleg. Og mange av argumenta dei kjem med, er i det minste delvis rette.

Hauken John MacCain burde til dømes ikkje ha fornærma russarane ved å kalla dei ein «bensinstasjon forkledd som eit land». Det var dessutan feil. Og jau, det er truleg rett at Gorbatsjov vart gjeve eit inntrykk av at Nato ikkje skulle utvidast austover etter at muren fall.

I den nye boka Not One Inch påstår forfattaren M.E. Sarotte at utanriksminister James Baker sa til Gorbatsjov tre månader etter at muren fall, hypotetisk, at Nato ikkje «kom til å gå ein tomme austover» dersom Sovjet gjekk med på tysk samling under Nato-paraplyen. Men dette vart aldri traktatfesta.

Spørsmålet vert likevel: «Kva så?» I valet mellom folks eigne frie og demokratiske val og Russlands interessesfære må Vesten velja demokrati. Det er sjølve essensen av det å vera vestleg. For å nytta interesseomgrepet til realistane: Det er i Vestens interesse at demokrati spreier seg der det er mogleg. Det gjer trugsmåla mot oss mindre, og det er konsistent med det vi har gjort før i soga.

Jens Stoltenberg sa det godt i Tyrkia her om dagen: «Sovjet var sterkt mot at Noreg skulle verta med i Nato i 1949. Dei sa det var mot deira interesser. Noreg sa likevel ja. Eg er glad for at Noreg fekk det valet.» Det er eg òg.

George Kennan

Her må vi tala om favoritten til realistane, George Kennan, som Mearsheimer og andre som vil overforklara og forstå Putins intensjonar, ikkje kan gje slepp på. Kennan, som i alle år arbeidde i det amerikanske utanriksdepartementet og mellom anna var ambassadør i Moskva under Stalin, er truleg USAs mest vidgjetne diplomat gjennom tidene. I 1997, då han var 92 år, skreiv han fylgjande: Å utvida Nato mot aust, «vil vera det mest lagnadstunge feilgrepet i amerikansk politikk etter den kalde krigen».

«Ei slik avgjerd», heldt han fram, «kan vi nokså trygt rekna med kjem til å setja fyr på dei nasjonalistiske, antivestlege og militaristiske tendensane i den russiske opinionen. Det kan vidare ha ein negativ effekt på utviklinga av russisk demokrati og føra oss attende til det klimaet som rådde mellom aust og vest under den kalde krigen».

Mearsheimer seier no at Kennan fekk rett, og resultatet er massedød og øydelegging av eit heilt land. USA skulle aldri ha gått med på ei utviding av Nato, meiner han. Men Nato-medlemskap var ikkje USAs val åleine. Den kalde krigen er over, og interessesfæren til Russland er ikkje lenger interessert i å vera under det russiske åket. Mearsheimer reduserer frie borgarar til sjakkbrikker som USA fritt kan flytta rundt.

Faktum er at USA ikkje kunne ha utvida Nato utan at dei nye medlemsstatane i aust fyrst inviterte Nato og USA inn. Det både Kennan og Mearsheimer i røynda sa og seier, er at nasjonalstatar som er svakare enn Russland, ikkje kan velja Nato, som frå EU si side var ein føresetnad for at store delar av Aust-Europa kunne gå inn i EU.

Kvifor Noreg?

Dessutan: Om ein verkeleg skal tenkja kaldt kynisk, er utvidinga av Nato austover i interessa til dei opphavlege Nato-landa. Det russiske trugsmålet mot oss er langt mindre enn under den kalde krigen. Russland, som er langt dårlegare på teknologi og produksjon enn Sovjet var, må invadera gjennom eit økonomisk sterkt og demokratisk Aust-Europa.

Det er også eit spørsmål om kva for Kennan vi skal lytta til, den gamle eller den unge. Den unge Kennan kan med stor rett seiast å vera forfattaren av det som vart den amerikanske strategien under den kalde krigen, den såkalla oppdemmingspolitikken, som munna ut i Truman-doktrinen og Nato.

Den 22. februar 1946, frå sjukesenga si i Moskva, dikterte han heim til Washington det vidgjetne «lange telegrammet», som var på heile 5000 ord og seinare vart publisert under forfattaranonymet «X» i Foreign Affairs. Den unge Kennan hadde ikkje store trua på russisk demokrati.

Mindreverdige

Stalin-regimet, skreiv Kennan, var berre endå eit nytt autoritært regime i ei lang rekkje av einevelde. Kremlins «nevrotiske syn på utanrikspolitikk» hadde oppstått «frå den tradisjonelle og instinktive russiske kjensla av at alt er utrygt og at dei er mindreverdige».

Nei, USA skulle ikkje frykta konfrontasjonar med Sovjet, det var uunngåeleg, men samstundes burde USA avventa utviklinga. Dei indre motsetnadene var så store både inne i Russland og i tilhøvet til dei okkuperte grannelanda at systemet ein eller annan gong ville bryta saman. Men Moskva kom ikkje til å endra politikk «før den interne naturen til sovjetisk makt er endra».

For Noreg vart sluttresultatet av telegrammet at vi bad om og fekk vera med i Nato, trass i at både Finnmark og Svalbard klart kunne definerast som russisk interesseområde. Noreg fekk dette valet av di Sovjet, etter britisk press, trekte seg ut av Finnmark, og av di Stalin ikkje hadde søkt å gå sørover i Noreg i 1944 og 1945. Noreg vart ikkje eit tema under Jaltakonferansen, men Stalin meinte at Noregs Nato-medlemskap i Nato var eit brot med atmosfæren frå Jalta.

Avtalebrot

Vi veit korleis det gjekk 40 år seinare. Sovjet trekte seg ut av Aust-Europa, og Sovjet gjekk i oppløysing, og det nye Russland lovde å ikkje invadera Ukraina i byte mot at landet gav frå seg atomvåpen. Jalta-avtalen var eit resultat av at Stalin hadde styrkar i Aust-Europa. Putin, derimot, sett vekk frå den traktatbaserte Svartehavbasen, hadde ikkje styrkar i Ukraina før i 2014.

Ja, ein kan framleis hevda at Ukraina er ein del av russisk interessesfære, men Roosevelt og Churchill aksepterte ein de facto-situasjon. Dei gjekk med på ein avtale om oppdeling av Europa, men dei aksepterte ikkje at Sovjet i ettertid kunne gjennomføra ein vidare ekspansjon, ein politikk Truman med hjelp av Kennan vidareførte og forsterka, mellom anna då Stalin prøvde å ekspandera inn i Hellas, som var eit brot med Jaltaerklæringa.

Truman-doktrinen i 1947 kom som eit direkte svar på freistnaden frå Moskva om å utvida interessesfæren inn i Hellas. Vi bør heller ikkje akseptera Russlands avtalebrot i dag.

Kennan av i dag

I 1946 skreiv Kennan på basis av den situasjonen som var då, på basis av at han ikkje trudde at russarar var i stand til å byggja demokratiske institusjonar, og at den sovjetiske statsdanninga kom til å bryta saman. Eg veit sjølvsagt ikkje, men eg trur ikkje at Kennan, om han framleis hadde vore i live i dag, hadde triumfert eller gnege på at det han skreiv i 1997, av di det på ein eller annan måte synte seg å vera rett. Han hadde heller analyserte dei indre motsetnadene i Russland og prøvd å finna ut korleis Vesten kunne utnytta desse.

Faktum er at Putin har invadert eit demokrati som har ynskt å orientera seg mot vest, slik ein annan russisk grensestat, Noreg, også gjorde etter krigen. Ja, Aust-Europa er truga av Russland, men Aust-Europa innanfor Nato er sterkt nok til å slå attende kvar russisk freistnad på dominans, og den same austeuropeiske medlemskapen gjer oss i betre stand til å hjelpa Ukraina. Dette hadde sjølvsagt Kennan forstått, og han hadde kome med konkrete framlegg om korleis denne hjelpa burde gå føre seg.

Putins siger

Om vi hadde lytta til Mearsheimer og hans form for realisme, hadde dei russiske grensestatane framleis vore dominerte av Moskva, som hadde hatt utanrikspolitisk veto. Ja, Ukraina er korrupt og dominert av oligarkar. Ja, Ukraina har gjort feil og kjem til å gjera fleire. Men alt dette snakket om kven som har gjort feil og kva Nato, Noreg og USA burde ha gjort i fortida, er irrelevant. Realismeskulen handlar fyrst og fremst om kva som er mogleg og fornuftig her og no.

Nei, Ukraina kjem ikkje til å verta med i Nato så lenge Russland ikkje går med på det. Den sigeren har Putin fått. Det er også den einaste sigeren vi bør gje han. Tomt Mearsheimer-snakk hjelper ikkje. Våpenleveransar og økonomisk hjelp til Ukraina gjer derimot det. Ukraina makta å verta demokratisk. Det gjorde ikkje Russland. Då støtter vi Ukraina, av ideelle grunnar, men også i rein eigeninteresse, i tråd med realismen.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om vi hadde lytta til Mearsheimer og hans form for realisme, hadde dei russiske grensestatane framleis vore dominerte av Moskva, som hadde hatt utanrikspolitisk veto.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis