JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Fisken som korrumperte Noreg

Ei ny bok viser korleis oppdrettslaks endra Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
16155
20211015
16155
20211015

Vi nordmenn er lærte opp til å tenke på Noreg som eit land der ting vanlegvis skjer etter boka. Byråkrati og forvaltning kjenner si rolle og opptrer nøytralt og ansvarleg. Vi reknar det som sjølvsagt at vitskapen skal vere objektiv og fri.

Vi trur at politikarar har auge for heilskapen og ikkje jobbar på vegner av pengesterke særinteresser. Dei ulike aktørane er trygge i rollene sine og utfører sin del av jobben med integritet. Dette sikrar maktbalanse, at ulike omsyn blir ivaretatt, i tråd med demokratireglane.

Om du trur Noreg i dag fungerer på denne måten, bør du lese boka til Kjetil Østli og Simen Sætre, som blir lansert i dag. Ho kan dessverre få deg til å endre meining. Boka Den nye fisken er historia om korleis norske styresmakter, forvaltning, forsking og politikk gløymde rollefordelinga og på ein særs uheldig måte blei samanfiltra i arbeidet med å fremje interessene til oppdrettsindustrien. Nærast koste kva det koste må, og med lite omsyn til andre interesser, som miljø, havets økosystem, dyrs velferd – og kanskje folks helse.

Det viktige med boka er ikkje at ho avdekker feil og uhell og at enkelte nokre gonger kan ha dårleg dømmekraft. Slikt vil alltid skje. Det boka dokumenterer, er mykje alvorlegare: at det rundt oppdrett er bygd opp eit system som skader demokratiet. Mange av aktørane får løna si frå oss, fellesskapen, men er tannhjul i eit samkøyrt maskineri som arbeider for å verne og fremje oppdrettsindustrien.

Eg veit ikkje heilt kor eg skal begynne. Østli og Sætre er innom ei lang rekke viktige felt og hendingar frå 1970-talet til i dag. Forfattarane har arbeidd i mange år med boka, og det starta som ein artikkelserie i Morgenbladet («Mørke motkrefter»). Dei veit at industrien, og det store og pengesterke apparatet dei rår over, kjem til å leite med lupe etter feil og å gjere eit stort nummer ut av det om dei finn noko. Derfor har dei sjølvsagt vore nøye med all dokumentasjon.

Dei har nytta e-postjournalar, intervju med folk i mange land, lese store mengder rapportar, artiklar og faglitteratur. Samstundes som grunntonen er kritisk, har forfattarane ambisjonar om å gi eit ganske heilskapleg bilete. Dei er ikkje først og fremst mot oppdrett, men for godt miljø og forsvarleg forvaltning. Kritikken er konkret og presis. Resultatet er tillitvekkande.

Eit tema som går igjen i boka, og som har kosta forfattarane mykje arbeid, har å gjere med forsking. Boka får fram at vitskapen ikkje lever i ein eigen fri sfære der dei beste argumenta og prova vinn. Det kan like gjerne hende at dei med mest pengar og makt vinn fram, sidan dei kan kjøpe seg forsking, rapportar og politisk støtte – og sette i verk kampanjar for å sverte forskarar som har gjort funn som kan skade oppdrettsbransjen.

Østli og Sætres bok viser at forskinga er under angrep frå to hald: frå utsida og frå innsida. Lakselobbyen har dritpakkar, advokatar og ulike metodar å nytte mot alle «mørke motkrefter», som fiskeriminister Sandberg kalla forskarar som ikkje var næringsvennlege nok. Men mange forskingsmiljø har òg late seg ete opp frå innsida, og nyttar den vitskapelege autoriteten og posisjonen sin til å tene bransjen.

Kva skjer til dømes om norske eller utanlandske forskarar finn helseskadelege stoff i oppdrettslaks? I boka til Østli og Sætre er det mange detaljerte skildringar av slike saker. Ei handlar om då den amerikanske professoren David Carpenter trudde han og fem andre forskarar hadde funne skummelt høge nivå av kreftframkallande stoff i oppdrettslaks, og publiserte resultata i tidsskriftet Science.

Det norske maskineriet tok til å rulle i same retning. Alle såg eit omdømmeproblem for oppdrettskonserna og ingenting anna. Sjømatrådet trykte på knappen, og brannsløkkinga og motangrepa starta. Mattilsynet, NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking) og diplomatiet blei mobilisert.

Bransjens forskarar rykte ut med utsegner som «vi kan ikkje vere sikre», «norsk laks er sunn». Carpenters metodar blei kalla «kontroversielle», «hysteriske», «gammalt nytt» og så bortetter. Fleire store PR-byrå var involverte, også organisasjonar som i skjul arbeidde på vegner av bransjen. Det blei spreidd rykte om at det låg ein skummel agenda bak Carpenters forsking. Noregs fiskeriminister hevda at forskinga var finansiert av den amerikanske kjøtindustrien.

NIFES, som skal vere ein uavhengig offentleg institusjon underlagd Fiskeridepartementet, sende til og med forskaren Claudette Bethune til USA for å grave opp skit om Carpenter. Ho begynte å reagere på systemet ho var ein del av. Ikkje minst fekk ho klart inntrykk av at leiarane hennar i NIFES hadde direkte linje til Sjømatrådet, som skal marknadsføre oppdrettslaks.

Nye saker oppstod, som at fôr var blitt sterkt forgifta av kadmium (laksen inneheldt rundt 30 gonger meir av gifta enn det som var lovleg). NIFES og Mattilsynet frikjende laksen, på grunnlag av ein studie Bethune var kritisk til. Styresmaktene gjorde dette utan å vite kor mykje fôr som var forureina.

Då russarane eit halvt år seinare hevda dei hadde funne store mengder kadmium i norsk oppdrettslaks, tenkte Bethune at det kunne vere ein samanheng. Og at det var uansvarleg å ikkje ta saka på alvor, men berre handsama det som eit omdømmeproblem, slik norske styresmakter gjorde. Her kunne det vere potensiell helsefare. Ho blei ein varslar. Systemet vende seg då mot Bethune, som til slutt reiste frå landet, fullstendig desillusjonert.

Når det gjeld saka rundt kadmium, svarar Erik Slinde, tidlegare forskingsdirektør ved Havforskingsinstituttet i dag Østli og Sætre slik: «Tror du virkelig at den offisielle norske historien var troverdig? (...) Om det russerne sa, var riktig, hadde vi aldri kunnet innrømme det.»

Denne saka er frå 2005, men mønsteret har ikkje endra seg. Forskarar som står bak slike funn, veit det blir eit helvete, og kvir seg. Fagleg usemje blir tolka som illojalitet. Integriteten og motiva deira vil bli utsette for åtak, karrieren står på spel.

Systemet er sterkt vridd i lakseindustriens favør. Ein tynn studie kan vere nok til å gravleggje moglege problem rundt oppdrettslaksen. Derimot skal det mykje tung forsking til for at noko skal bli akseptert som eit problem som ein må gjere noko med, om bransjen kan tape pengar på det. Då freistar dei å gjere problemet usynleg og ikkje forske vidare, slik at ein kan seie «vi veit ikkje heilt sikkert», kanskje i fleire tiår. Slik har det til dømes vore med skadeverknadene rundt dei enorme mengdene lusemiddel som industrien får tømme rett i fjordane våre.

Lakselobbyen sit som regel godt plassert i dei foruma som avgjer kva prosjekt som skal få støtte, også i Forskingsrådet. Dessutan er feltet i høg grad styrt av oppdragsforsking, som næringa betaler eller bestiller. Heile institusjonar er avhengige av bransjens godvilje. Slik forsking er ikkje fri og sjølvstendig, men snarare agendastyrte kommersielle verktøy.

Som Østli og Sætre viser i eit eige kapittel, er det blitt laga forsking (2016) som tilrår gravide å ete meir oppdrettslaks fordi det kan minske sjansen for at barn får astma. Det blir ikkje opplyst om at det i forsøket blei brukt skreddarsydd oppdrettslaks, som hadde fått eit heilt anna fôr enn laksen som blir seld i butikken. Grunnen er, får Østli og Sætre vite av forskarar som stod bak, at «det ville vært uetisk med vitende og vilje å gi gravide kvinner en laks med fremmedstoffer, siden dette kunne skade fosteret».

Tygg på den.

Nokre forskarar opererer i eit etisk grenseland, for ikkje å seie at dei ravar rundt i eit minefelt av dobbeltroller. Ta debatten rundt ressursskatt på laks frå eit par år sidan. Her køyrde lobbyapparatet på for full maskin. Gjennom private PR-byrå starta dei ei rekke kampanjar for å påverke politikarar og opinionen. Ein del av kampanjen gjekk ut på å framstille laksemilliardærane sin kamp mot ein ressursskatt på overskotet som eit folkeleg kystopprør!

Til dømes fekk professorar i Stavanger millionar av kroner av bransjen for å lage ei eiga alternativ utgreiing rundt grunnrenteskatt, som dei alt hadde kritisert.

Nokre av dei mest oppdrettsvenlege forskarane har skaffa seg mykje makt og blir flittig brukt av bransjen, som alltid kan vere sikker på kva dei får. Dei er med på å sette premissane ikkje berre for laksepolitikken, men for fiskeripolitikken generelt, ved å til dømes leie offentlege utreiingar. Lakseøkonommiljøet ved Universitetet i Stavanger er ein gjengangar.

Ofte uttaler slike forskarar seg langt utanfor eige forskingsfelt, for eksempel når økonomar på vegner av industrien leikar ekspertar på havmiljø og berekraft. Eit eksempel på det, som Østli og Sætre skriv om, er rapporten Atle Guttormsen og Frank Asche skreiv på vegner av laksekonserna då det var tid for ei ny stortingsmelding om oppdrett. Økonomane, som også var/er investorar i oppdrett, kom fram til at miljøproblema ved laks var «små eller ubetydelige», og at oppdrett var «bærekraftig i alle hoveddimensjoner», om Østli og Sætre har sitert dei riktig.

Det spesielle med denne historia er at leiinga i Nibio (Norsk institutt for bioøkonomi) forkasta rapporten. Dei ville ikkje ha sitt namn på han. All ære til dei. Men i boka til Østli og Sætre står eksempelet fram som unntak. Regelen er at leiinga innanfor tunge vitskaplege institusjonar lograr for oppdrettslobbyen. Eller at dei ikkje reagerer når tilsette professorar med tette band til næringa skader omdømmet til institusjonen og vitskapen ved programmatisk å fremje interessene til oppdrettskonserna. Poenget med slik «forsking» er å kunne vise ho til politikarane og media. Det er lobbyisme med litt akademisk pynt.

Eg snakkar ikkje no berre om Universitetet i Stavanger. Sjå på Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU). Dei har lånt sitt gode namn til eit visingssenter for oppdrettslaks (SeeSalmon), der reklamefilmane om oppdrett rullar og går med Noregs fremste vitskapsinstitusjons logo som flagg.

Østli og Sætres besøk på senteret blir nesten komisk. Her har Noregs fremste naturvitskaplege miljø gitt oppdrettsbransjen endå eit utstillingsvindauge, utan at dei trong det. Frivillig, ja gladeleg, gav dei opp eigen integritet og vitskaplege renommé – av uforståelege årsaker. Rett nok sa ein tilsett opp i protest, men sjå kor mykje det hjelpte.

Korleis kom vi dit at det norske Mattilsynet, som skal sikre at vi får trygg mat, blei oppdrettsbransjens lobbyist i Brussel for å overtale EU til å tillate meir giftstoff som fluor, arsen, kvikksølv, toksafen og endosulfan i den norske oppdrettslaksen?

Mattilsynet jobba lenge for å hevde at ethoxyquin er ufarleg, sjølv om dei ikkje veit om dette er tilfellet, og mange forsøk har tydd på det motsette. I staden for å intensivere forskinga slutta Mattilsynet å ta prøver i 2010 og dreiv lobbyarbeid mot EU. Stoffet som gjekk frå fôr til laks til oss, blei forbode i fjor etter å ha vore i bruk i 40 år.

Om ein veterinær i Mattilsynet seier noko som minner om kritikk mot oppdrettsregimet, kan vedkomande rekne med at leiinga i Mattilsynet står side om side – med Sjømat Norge. Mange av dei Østli og Sætre har snakka med, eller prøvd å snakke med, er redde. Om dei seier feil ting, same kor sanne dei er, veit dei at dei får problem. Det inneber stress, ubehag og kostnader som mange ikkje er interesserte i å ta. Systemet skulle ideelt sett gitt dei vern, men slik er det ikkje.

Til og med lærebokforfattarar som skriv sanne ting om oppdrettslaks, som at det i 1985 gjekk føre seg forsøk med å sette menneskelige veksthormon inn i laksen, kan få Sjømat Norge, statssekretærar og laksepressa (inkludert Fiskeribladet) etter seg, for å nemne eit eksempel Østli og Sætre kom over mens dei jobba med boka.

I systemet som er laga, kjem tvilen sjeldan naturen til gode. Føre var-prinsippet blir sett til side. Sikringsnettet er borte. Då det for nokre år sidan oppstod stor forvirring rundt kor mykje oppdrettslaks det var tilrådeleg å ete, spesielt for barn og gravide, tinga Mattilsynet ei ny utgreiing.

Ekspertane til VKM (Vitskapskomiteen for mat og miljø) skulle vurdere all forsking. Dei kom fram til at laks var sunt, nærast same kor mykje ein åt. Østli og Sætre skriv: «Senere ble rapporten kritisert. Det viste seg at en lobbyist fra Sjømat Norge hadde fått påvirke bestillingsteksten. Ektefellen til lobbyisten hadde dessuten vært en av ekspertene. En annen ekspert var medeier i et selskap som solgte omega-3. En tredje eide et selskap som ville selge alger som oppdrettsfôr. En fjerde var gift med en laksegründer. Eksperter på habilitet mente alt dette burde vært opplyst, og at minst to av ekspertene var inhabile.»

Det er inga overdriving å hevde at vitskapen er blitt sterkt kompromittert av den utvida oppdrettslobbyen.

Østli og Sætre luftar òg eit forhold som det stort sett er tyst om i Noreg, sjølv om det er viktig. Kva skjer i små samfunn der ein familie, ein aktør eller eit konsern er styrtrike og alle andre er vanlege folk? Jau, dei som sit med pengane, får stor formell og uformell makt lokalt. Dansar ein ikkje etter deira pipe, kan det koste, både sosialt og økonomisk.

Også lokalpolitisk har milliardærane sterke pressmiddel til rådvelde. Om dei får det som dei vil, kan det drysse gåver ut over lokalsamfunnet, kanskje i form av idrettsanlegg eller annan infrastruktur. Dei rår over mange pressmiddel. Denne skeivskapen i makt er nokre stader så stor at det kan sjåast på som ei form for nyføydalisme.

Nokre av laksemilliardærane, som Gustav Witzøe (eit ordentlig «nessekongenamn» av den gamle skulen), har gått til åtak på formuesskatten. Mange politikarar kjende seg då kalla til å gå ut og vise Witzøe sympati, ja omsorg, når kritikken kom. Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen, ein forretningsmann frå Bodø, var raskt ute og kalla kritikken for «kvalmende» og «respektløs». Witzøe er, slik Østli og Sætre viser, berre ein av mange oppdrettarar som freistar å nytte økonomisk makt politisk. At dei er blitt styrtrike av å utnytte ein felles nasjonal naturressurs, som er blitt påført mykje skade, har ikkje gjort dei takksame, men meir kravstore.

Det blir ei viktig oppgåve for den nye regjeringa å ta tilbake demokratisk kontroll over politikken rundt fjordar og oppdrett. Sterke grep må til for å gjenreise tilliten til styresmaktene og vitskapen. Østli og Sætre avsluttar med mange konstruktive råd om korleis dette kan skje.

Eg ville begynt med å ta ein kikk på Fiskeridepartementet og Fiskeridirektoratet og kulturen som finst der, sidan stadig nye ministrar ser ut til å tru at dei er blitt oppdrettsdirektørar. Som regel nyttar dei òg akkurat det same språket som lakselobbyen, slik Ingebrigtsen har gjort når han har bagatellisert problema, drøymt om femdoblingar, gått til angrep på saklege kritikarar og så bortetter.

Apropos femdobling – av talet på laks i opne merdar i norske fjordar – så plar ministarane våre hevde at det er solid forsking som ligg bak. Men i røynda var det ein tendensiøs konsulentrapport, slik Østli og Sætre òg viser.

Hittil har næringa i høg grad skrive si eiga historie, bokstaveleg talt. Då Norges fiskeri- og kysthistorie I–V var ferdig for nokre år sidan (2014, fem band, kosta 27 millionar kroner og involverte 20 årsverk), skilde siste band seg negativt ut i det som elles var eit praktverk. Kan du gjette kva det bandet handla om? Nettopp, boka om oppdrettseventyret var sponsa av oppdrettskonserna og organisasjonane deira. Her kan du tru det er mykje snakk om «lakseeventyr».

Det mest eventyrlege er, slik Østli og Sætres bok viser, i kva grad oppdrettsindustrien fekk makt over vitskap, forvaltning og politikk. Om ein ser oppdrett som ein test for det norske demokratiet, er resultatet ikkje bestått.

Boka vil få alarmen til å ule og blinke raudt på lakselobbyens sentralar for omdømmehandtering og desinformasjon. Oppskrifta som vil bli brukt, er skildra i eit eige kapittel i Den nye fisken.

Morten A. Strøksnes

Morten A. Strøksnes er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sterke grep må til for å gjenreise tilliten
til styresmaktene og vitskapen.

Kritikken er konkret og presis. Resultatet er tillitvekkande.

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis