JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Farseplattforma

Saka om Helseplattforma i Helse Midt framtrer vekselvis som tragedie og som farse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6157
20231103
6157
20231103

Saka er tragisk, fordi innføringa av eit nytt dataprogram har ført til at éin av ti legar på St. Olav sjukehus har sagt opp, mens éin av to vurderer stillinga si. Og saka er tragisk fordi mange hundrevis, truleg tusenvis, av meldingar mellom sjukehus og pasientar har blitt sporlaust borte.

Dette vart oppdaga nokså tidleg etter at den praktiske omlegginga starta i fjor haust, men det blir stadig avdekt nye forsvinningsnummer.

Så seint som i oktober sende St. Olavs Hospital ei bekymringsmelding til Statens helsetilsyn fordi fleire hundre tilvisingar ikkje var fanga opp i systemet.

Rammar pasientar

Saka er tragisk fordi ho rammar pasientar. Innkalling til livsnødvendig behandling blir borte i eit system som ikkje verkar. Og ho er tragisk fordi denne mislukka innføringa av eit mislukka system kostar ufatteleg mange pengar, så langt om lag 5 milliardar kroner.

Om vi omset det til stillingar, og reknar at ei stilling i helsevesenet kostar om lag 2 millionar kroner, alt inkludert, så brukar ein altså opp pengane for 2500 stillingar på dette, berre på eitt år.

Då ein høgtfungerande helseinstitusjon nyleg vart lagd ned i regionen, var argumentet at ein trong pengane til Helseplattforma. Ein rekna med å spara 20 millionar kroner. Men skal ein finansiera Helseplattforma, må ein leggja ned om lag 100 slike institusjonar.

Farseelement

Men det er også eit element av farse i det som skjer. Både styret i føretaket og styret i Helseplattforma hadde bestilt konsulent-
vurderingar av innføringa (i tillegg til at Helsetilsynet har vore inne i fleire omgangar). Føretaket vende seg til Boston Consulting Group (BCG), som ifylgje Adresseavisa slakta heile prosessen. Helseplattforma tinga sin eigen rapport frå selskapet KPMG.

I KPMG-rapporten blir det presisert at «rapporten har utelukkende et fokus på risikoområder og har derfor ikke undersøkt områder der sluttbrukere er fornøyde eller der løsningen fungerer bra». At store delar av staben vurderer stillinga si og karakteriserer arbeidsmiljøet som helsefarleg, både for tilsette og pasientar, blir altså sett i parentes frå starten av.

På heimesidene til Helseplattforma vart også rapporten presentert positivt; rett nok var det visse startvanskar, men det måtte ein rekna med.

Merkeleg

Dei to rapportane viser til den merkelege konstellasjonen ein har skapt. Det er ikkje slik at Helse Midt har bestilt ei dataløysing av ein dataleverandør. Dei har oppretta eit slags dotterselskap, Helseplattforma, som føretaket eig saman med kommunane som tek det i bruk – og desse må altså skaffa fram dei 5000 millionar kronene.

Når varene ikkje verkar, kan dei altså ikkje nekta å betala eller senda apparatet tilbake. Dei handlar i ein viss forstand med seg sjølv. Men Helseplattforma har derimot ein avtale med det amerikanske selskapet Epic, og mange pengar går dit. Men noka refusjonsordning når ting ikkje verkar, finst openbert ikkje.

I tillegg til dei 500 datatilsette som finst på St. Olav, er det eit tilsvarande tal i Helseplattforma, og så kjem dei som Epic sender for å hjelpa til. Og alle skal ha løn.

Men no fyk mor(selskap) og dotter(selskap) i tottane på kvarandre. Den største institusjonen i Helse Midt, St. Olavs Hospital, klaga til Helsetilsynet fordi dei oppdaga at fleire hundre tilvisingar var borte. Dei plasserte ansvaret på Helseplattforma.

Det likte ikkje direktør Trond Utne i Helseplattforma, som sende eit brev, 17. oktober, med krav om at sjukehuset beklagar kritikken dei har formulert, «i løpet av morgendagen». Dette er ein språkbruk som vi kjenner frå to arenaer: mafiaen og rettsalen. Eg vil tru at Utne siktar mot den siste. Brevet er altså ikkje retta mot Helse Midt (som eig Utnes selskap), men mot St. Olav.

Men det Utne seier her, har prinsipiell meining langt utover dei faktiske forholda på sjukehuset og forholdet til hans eige selskap. Det han seier, er at han, eller selskapet hans, med lova i hand skal kunna regulera kva som er lov å ytra. At han, som sit til knes eller til livet i dei vanskane hans eige selskap har skapt, skal avgjera kva det er lov å ytra offentleg. Skulle han ha ei ledig stund, vil eg tilrå han å lesa kva Grunnlova seier om ytringsfridom; det finst også ei lengre utgreiing om kva ytringsfridom er, om emnet skulle interessera.

Eit mønster

Det er nemleg eit mønster i dette. Då Helseplattforma bestilte ekstern vurdering, definerte dei ut dei områda der problema var størst; dei manipulerte ytringsrommet. Og kva såg vi på Dagsrevyen ein vakker dag i oktober? Ei rørande historie frå to vennlege tilsette i heimesjukepleia som vitna om kor mykje enklare livet deira var blitt etter at Helseplattforma var innført i kommunen deira. Samanfallande i tid med at konfliktane i Helse Midt, Helseplattforma og St. Olav toppar seg, og statsråden har kalla partane inn på teppet. Det skulle vel ikkje dreia seg om bestilt, positiv informasjon – eller manipulasjon av ytringsrommet?

Brot med prinsipp

Helsestatsråden har brote med eit innarbeidd prinsipp i helsepolitikken: Ho har gripe inn i styringa av eit føretak, ei styring politikarane gav frå seg då dei oppretta føretaksmodellen. Men no gjekk det for langt. Ho vil at datafolka på St. Olav, i Helse Midt og i Helseplattforma skal samarbeida og låna ut kompetanse til kvarandre. Om dette er løysinga eller problemet, står att å sjå.

Men kritikken som vart formulert i rapporten frå Boston Consulting Group, er interessant. Dei peika på at ansvars- og styringsmodellane er for kompliserte, og at ansvaret blir pulverisert. Statsråden har sjølv karakterisert vanskane som eit svarteperspel, der alle peikar på andre.

Dette er ei viktig innsikt. Og det kan førast tilbake til sjølve grunnmodellen: at helsesektoren skal vera eit AS, at mest mogeleg skal bli sett ut (outsourced) til private føretak, og at marknaden skal gje føringar på økonomistyringa.

Vil ein ha ein demonstrasjon på korleis føretaksmodellen verkar, så sjå på situasjonen i Helse Midt. Det bør mange gjera, inkludert Riksrevisjonen.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis