JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Er det for mange utlendingar i norsk akademia?

Akademikarar i Noreg har ei særleg plikt til å kjenna og formidla kunnskap om Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ronny Spaans skreiv i Dag og Tid 24. september at mellom 70 og 80 prosent av nytilsette ved Det humanistiske fakultet (HF) i Oslo er utlendingar.

9423
20211008
9423
20211008

Juristen Cecilie Hellestveit har verkeleg sett fyr på debatten etter at ho sa til Khrono at ein kan problematisera at fleire og fleire akademiske stillingar går til utanlandske forskarar. Ho sa dette i ein diskusjon om rolla norske akademikarar har i den offentlege debatten.

Og dersom ein vil Hellestveit til livs, er det ikkje spesielt vanskeleg å bruka denne utsegna mot henne. Er ho mot internasjonalisering, eller – endå verre – likar ho ikkje utlendingar? Alle som kjenner det minste til Hellestveit, veit at det er feil: Ho arbeider stort sett internasjonalt, og i lag med kollegaer frå andre land. Likevel må noko slikt ha streifa rektor Curt Rice, som straks rykte ut og hevda at norske media hadde plikt til å nekta Hellestveit å koma til orde.

No har Rice angra på dette, men for folk som er opptekne av ytringsfridom, vil det nok ta ei tid før ein greier å gløyma at ein universitetsrektor tok til orde for scenenekt og sensur.

Internasjonalisering

Debatten om Hellestveit går vidare, og temperaturen er tidvis høg. Naturlegvis likar forskarar av utanlandsk opphav dårleg å høyra at dei er blitt for mange. Somme problematiserer også heile ideen om at akademikarar har eit særleg ansvar for å delta i samfunnsdebatten, som var Hellestveit sitt utgangspunkt. Og naturlegvis må ein avgrensa seg frå rein framandfrykt.

Men i akademia har internasjonalisering og ikkje minst internasjonal publisering vore heva over debatt dei siste åra. Dette er udiskutable verdiar, noko ingen torer å motseia. Det er eit tabu ein gjerne må fjerna. Dersom det er slik at dei mest kunnskapsrike og skarpsindige skribentane heilt sluttar å skriva norsk og i norske medium, må det vera lov å spørja om kor bra det er.

Eit lite steg tilbake kan vera nyttig. Ei heilt sentral hending for den norske nasjonen var då han fekk sitt eige universitet, Det kongelige Fredriks Universitet i Kristiania i 1811. Embetsmennene kunne frå då av bli utdanna i eige land. At dette var på plass før hendingane i 1814, var eit stort hell. I oppbygginga av nasjonen var det heilt avgjerande å ha eit eige universitet. Den nasjonale identiteten vart utvikla i fag som språk og historie, og det juridiske fakultet spela ei vesentleg rolle i ein periode der nasjonen for første gong på 400 år skulle laga eigne lover.

At universitetet hadde ei slik rolle i nasjonens barndom, er neppe kontroversielt. Det er heller ikkje vanskeleg å forstå at ein del av dei nasjonalistiske motiva var for sterke, og at seinare generasjonar måtte ta opp dei nasjonale forteljingane til kritisk revisjon.

Nasjonal identitet?

Spørsmålet ein kan stilla i dag, er kva slags rolle, om noka, universitetssektoren har for nasjonen. Ein har sjølvsagt ei praktisk oppgåve, nemleg å utdanna folk til dei yrka det er behov for. Men har ein framleis eit ansvar for å halda oppe ein nasjonal identitet? Dette er omgrep som mange er redde for å røra ved.

I intervju har Hellestveit argumentert heilt praktisk. Norske akademikarar må kjenna Noreg, innanfor sitt fagfelt. Dette gjeld ikkje alle fagfelt; allmenn lingvistikk eller teoretisk fysikk er nokså lik frå land til land. Men skal norske juristar spela ei rolle internasjonalt, er det viktig at dei kjenner til kva som er spesielt med nettopp det norske systemet.

Norske litteraturgranskarar skal ikkje lenger visa at norsk litteratur er den beste i verda, eller at han viser fram kvalitetane i det norske (som på 1800-talet), men skal dei ha gode innspel internasjonalt, er det viktig at dei også kjenner sin eigen litteratur. På ei rekkje felt er det ei plikt for akademia å vera spesialistar på det norske – lokalsamfunn, organisasjonsformer, historie, språkhistorie, organisering av helsetenester, sosialt arbeid og så vidare. Det er jo det som er føresetnaden for at dei kan delta som originale bidragsytarar internasjonalt.

Kan ikkje utlendingar gjera det? Det kan dei sjølvsagt, dersom dei bur her lenge nok, lærer norsk språk og deltek i debatten. Debatten handlar ikkje om det, det er tale om folk som kjem hit for ei kort tid, som møter eit akademisk liv der ein greier seg heilt fint utan å læra språket, og som difor kan bu og arbeida her utan å koma særleg mykje i kontakt med det norske.

Stabilitet

Ronny Spaans skreiv her i avisa 24. september at mellom 70 og 80 prosent av nytilsette ved Det humanistiske fakultet (HF) i Oslo er utlendingar. Det er opplagt at mange av desse er her for ei kort tid og ikkje har planar om å bli særleg lenge. At det er mobilitet og utskifting i akademiske miljø, er godt til ein viss grad. Men ein treng også stabilitet, og ein treng folk som kjenner faget og universitetets tradisjon.

Ikkje minst på språkområdet er det problematisk dersom internasjonaliseringa tek overhand. I dag er det eit krav at ein skal publisera akademiske tekstar på engelsk; ein skal delta i den internasjonale debatten. Det er rimeleg nok; ein må kjenna til andre akademiske diskusjonar enn den internt norske. Men dersom ingen publiserer på norsk, vil ein slutta å halda ved like norsk som akademisk språk.

Å utvikla nye fagtermar er noko av kjernen i akademisk verksemd. Fagleg fornying er i stor grad utvikling av fagspråk. Blir alle publiseringar, alle avhandlingar og alle artiklar skrivne på engelsk, døyr det norske akademiske språket ut. Og dei som studerer språkdød, forklarer oss at det byrjar der: Dei språka som har høgast status, blir erstatta med framandspråk. Så blir det mindre og mindre att til nasjonalspråka, og til slutt sit ein att med berre private daglegspråk.

Publisering

Ein annan konsekvens av internasjonaliseringa blir at færre og færre akademikarar tek del i den norske debatten. Det blir vanskelegare å driva norske tidsskrift. Ein får ikkje poeng nok for det.

All den internasjonale publiseringa er bygd på ein illusjon, nemleg at dersom ein publiserer på engelsk, vil store delar av (den akademiske) verda lesa det ein skriv. Det er slett ikkje tilfelle. Engelskspråklege bidrag frå norske akademikarar blir oftast berre lesne av andre norske akademikarar. Hadde dei skrive på norsk, ville dei fått fleire lesarar, og dei ville stimulert den norske debatten.

Slik akademia forstår seg sjølv i dag, er ein først og fremst deltakar i ein stor, internasjonal samtale. Helst skal ein undervisa på engelsk, ein må rekna med å ha studentar som ikkje kan norsk, ein skriv på engelsk, og ein kommuniserer mest med folk i andre land. Universitetet har langt på veg slutta å tenkja på seg sjølv som ein norsk institusjon; dei prøver å profilera seg som ein best mogeleg internasjonal institusjon, og dei har blikket fest på internasjonale rangeringar.

Norske forhold

Mykje av dette er like illusorisk som å tru at alle engelske artiklar blir lesne av dei store massane av internasjonale akademikarar. Realiteten er at ein i stor grad utdannar folk for den norske arbeidsmarknaden. Dei mest originale bidraga ein har å koma med, er knytte til dei særeigne norske forholda, den egalitære strukturen på samfunnet vårt, den spreidde busetjinga, den heilt særeigne språktradisjonen med to versjonar av nasjonalspråket og ei oppvurdering av dialektane og så vidare.

Innanfor teknologi har vi mest å fara med i oljesektoren, som er utvikla i norske farvatn, eller innanfor den norske energisektoren, med vasskraft frå pionertida og til i dag. Dette særlege norske stoffet burde leggjast meir vekt på i sjølvforståinga til akademia. Ikkje fordi vi skal bruka det til å melda oss ut av den internasjonale akademiske samtalen, men fordi vi skal melda oss inn i han.

Vi kan vanskeleg seia noko nytt og originalt om korleis vi skal forstå Habermas og Foucault, for der er mykje sagt, men vi kan seia noko originalt om korleis deira perspektiv blir om vi brukar dei på norske kommunar og norsk helsevesen.

Realisme

Skal ein så gå inn for ein innvandringsstopp for utanlandske akademikarar? Nei, like lite som ein skal ta ytringsfridommen frå Cecilie Hellestveit.

Det eg argumenterer for, er ei meir realistisk sjølvoppfatning. Norsk akademia er ikkje, og vil ikkje bli, dei leiande institusjonane i verda. Vi vil alltid tapa for Harvard og Sorbonne. Men vi kan bli flinke i å bruka det beste frå internasjonal forsking og teori på våre eigne kunnskapsfelt – det som er særprega for oss.

Når det gjeld rekruttering til stillingar, kan det løysast ved at ein stiller krav til kunnskap om den norske delen av fagfelta. Dette vil ikkje gjelda alle stillingar eller alle fag – ei stilling i tysk språk eller fransk litteratur krev ikkje kunnskap om Noreg. Men nokre av stillingane i juss, historie, samfunnsfag og så vidare vil krevja denne kompetansen.

Norsk akademia har ikkje som oppgåve å visa at norsk kultur er overlegen andre. Ein har ei meir fundamental oppgåve, nemleg å skaffa akademisk kunnskap om kva som skjer på alle felt i landet vårt, for så å samanlikna med andre land og sjå det i lys av internasjonal teori. Dette er, som Hellestveit er inne på, eit område ein har forsømt å diskutera. Det er prisverdig at ho har sett dette på dagsordenen.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I akademia har internasjonalisering og ikkje minst internasjonal publisering vore heva over debatt dei siste åra.

Norsk akademia er ikkje, og vil ikkje bli, dei leiande institusjonane i verda.

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis