Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ein utradisjonell tradisjonalist

Med Sunniva Gylver som biskop blir gamle skiljeliner i teologien omkalfatra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sunniva Gylver er nytilsett biskop i Oslo.

Foto: Thomas Fure / NTB

4642
20241220
4642
20241220

Kommentar

I kombinasjonen av skarp samtidsanalyse, radikale grep i kommunikasjon og konfesjonstrugne standpunkt tek Oslos nye biskop Sunniva Gylver vare på ein kjerne i kristenarven: paradokset. Slik framstår ho som ein stødig teolog heilt i si tid.

Norsk teologi var gjennom heile 1900-talet fanga i ei spenning mellom liberale og konservative posisjonar. Dei to hovudposisjonane hadde éin ting felles: Dei var ein reaksjon på ein framstormande rasjonalistisk modernitet, som vi karakteristisk nok omtaler som det moderne gjennombrotet.

Den konservative posisjonen reagerte med avvising av det nye og konsolidering av tradisjonen. Den liberale gav seg inn i forhandlingar og viste vilje til å gje opp delar av tradisjonen. Denne motsetninga vart institusjonalisert ved opprettinga av Det teologiske menighetsfakultet i 1907, som oppstod som ein kritikk av radikalisme ved teologistudiet på universitetet.

I forlenginga av dette kom den bitre kyrkjestriden, med Calmeyergate-møtet i 1919, der den konservative sida forbaud alt samkvem med liberal teologi, heilt opp til nattverdbordet. I denne perioden hadde den konservative sida overtaket. Dei samla flest teologiske studentar på sitt fakultet, og gjennom det sterke lekmannsengasjementet (særleg indremisjonen) fekk dei også kontroll i sokneråda. I mange tilfelle vart dei liberale prestane utestengde.

Mindre skilnader

Motsetnaden mellom liberal og konservativ teologi er framleis dominerande som ein måte å gruppera teologiske posisjonar på, minst i teologifaget sjølv, mest i media og hos såkalla vanlege folk. Men inndelinga er ikkje så god å bruka lenger. Ho dekkjer over i alle fall to ting. Det eine er at det i kyrkjestridens dagar låg ein annan, sosiologisk motsetnad til grunn.

Den konservative sida var nær knytt til lekfolket, som hadde kjempa mot embetsstanden i eit lite hundreår. Dei var lekfolket i kyrkja, men kjende seg marginaliserte av dei som hadde tilgang til embetsstudiet og embetet. Som andre sosiale grupper i underdogposisjon dyrka dei klare, ideologiske inndelingar. Ideologiske avvik svekte heile rørsla og vart møtte med utstøyting.

Her er det ein slåande likskap mellom lekmannsrørsla og fagrørsla, mellom Hallesby og Håkon Lie, som Rune Slagstad har peika på. Dei spørjande og liberaliserande tendensane kjendest ikkje farlege i gamle presteslekter, men var livsfarlege for dei sosialt utrygge gruppene i periferien.

Det motsetninga dekkjer over i dag, er at skilnadene mellom dei to fakulteta er langt mindre enn før. Lærarane går frå det eine fakultetet til det andre, og store stridsspørsmål som kvinnelege prestar og likekjønna ekteskap splittar ikkje lenger.

Erfaringar og teologi

Sunniva Gylver er ein spennande teolog og komande biskop fordi ho i kommunikativ stil og habitus har mest til felles med den liberale sida. Frå denne tradisjonen har ho teke med seg det totalt uredde møtet med kritiske spørsmål. Det livssynsmessige og etiske mangfaldet er ikkje (som i det moderne gjennombrotet) eit trugsmål, men eit livsvilkår.

I teologiske standpunkt, som Eskil Skjeldals intervju utfordrar henne på, viser ho stor lojalitet til vedkjenninga og den tradisjonelle teologien. Men ho held også fast ved håp om universell frelse og nåde, tilsynelatande i konflikt med læra om to utgangar og dommedag.

For denne lesaren vitnar det om ein grunnposisjon som Søren Kierkegaard poengterer: Den kristne trua er ikkje mogeleg utan å anerkjenne paradokset. Kierkegaards polemikk vende seg mot dei som freista å fjerna «anstøtet», det som bryt med fornufta. Gylver let motsetnadene stå: Ho trur på ein streng dommedag, men gjev ikkje opp håpet om ei endeleg gjenoppretting.

Ho held fast på nåden også i møte med to mogelege utgangar frå livet. Ho tek innover seg at meiningslause og vonde ting skjer, både nært og fjernt, men held fast ved at Gud kan skapa meining også i dette. Trua på allmakta består, men vi kan ikkje sjå den allmektige si styring. Det er interessant at ho grunngjev dette både ut frå erfaringar – som praktiserande prest og som privatperson – og som teolog.

Dette paradoksomgrepet, som eg les ut som underlag for denne posisjonen, gjer at ho kan formidla ein teologi som både held fast på truvedkjenninga og tek alvorleg den kommunikative situasjonen der ein ikkje kan ta eit kulturelt fellesskap for gjeve.

Som ein utradisjonell tradisjonalist, ein sentrumsskeptisk sentrumsteolog, representerer ho ein profil som det blir interessant å fylgja.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis