JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ein tragedie for Ukraina og for Russland

Krigen mot Ukraina fører Russland inn i ei blindgate det kan visa seg vanskeleg å koma ut av. Putin kan møta sterk motstand på heimebane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5512
20220225
5512
20220225

Den 24. februar 2022 vil bli ståande som ein skammens dag i historia: Russland gjekk til åtak på eit Ukraina som aldri har truga Russland. Sjeldan i historia har me sett eit meir eklatant eksempel på naken aggresjon.

Det er sjølvsagt overmodig gjerning å prøva å spå korleis den krigen som no er starta, vil spela seg ut. Så langt tilbake me kan fylgja historia, er det éin sikker lærdom: Ein krig blir aldri slik opphavsmennene har tenkt. I ein krig skjer det alltid uføresette, forferdelege ting. Fyrst og fremst er det slik at krigen har ein tendens til å heimsøkja dei som starta han. Putin har med andre ord sett i gang det mest risikable spelet i heile karrieren sin.

Nærskylde menneske

Hovudproblemet til Putin er at knapt nokon i Russland ynskjer ein krig mot Ukraina. Russarar og ukrainarar er nærskylde menneske som har levd saman i hundrevis av år. Truleg annankvar russar har slekt og vener på den andre sida av grensa, og vice versa. Ingen russarar – bortsett frå den nærmaste krinsen rundt Putin – har oppfatta Ukraina som eit trugsmål.

Det kan ikkje gå bra. For det fyrste vil dei russiske styrkane møta eit folk som er sameint på ein heilt annan måte enn i 2014, då Ukraina var eit splitta og kaotisk samfunn. Om russiske styrkar dei neste dagane går djupt inn på ukrainsk territorium, vil dei stå inne i eit land der fienden vil liggja bak kvar stein og kvart tre. Tapa vil bli store på båe sider. Mange russiske gutar vil koma heim i kister.

For det andre er det å venta at Vesten vil ta i bruk sanksjonar som Russland aldri før har sett. Blir landet kutta ut frå pengeoverføringssystemet Swift, vil det bety slutten for det livet som den russiske middelklassa har ført til no. Det livet går ganske enkelt ut på noko nær det same som det me har i Vesten, altså at ein lever i ein saumlaus pengeøkonomi der transaksjonane flyt mellom bankar og over landegrenser. Vesten vil mest sannsynleg konkludera med at Russland ikkje er ein granne ein kan ha tillit til. Den logiske slutninga er å avskjera seg frå dei russiske energileveransane. Landet vil einsidig bli bunde til den kinesiske økonomien.

Verda burde rett nok ikkje vera overraska over det som no skjer, diverre. Putin synte i 2014 at han var viljug til å bryta folkeretten, då han annekterte Krim og sidan sende soldatar og krigsmateriell inn i Aust-Ukraina. I talen han heldt tidlegare denne veka, gav han eit systematisk forsvar for brot på folkeretten: Eigentleg høyrer Ukraina til Russland, men området blei urettvist skava ut frå Russland av Lenin og Stalin på byrjinga av 1920-talet. Difor er ikkje Ukraina ein stat som har krav på sjølvstende eller på sikre grenser, hevda han.

Imperial tenking

Sjeldan har ein politikar i det 21. hundreåret levert ei avhandling meir prega av imperial, politisk tenking henta frå 1700- og 1800-talet. Den russiske tenkinga på den tida – i alle fall slik ho blei utforma i krinsen rundt tsaren – gjekk kort og godt ut på at ein måtte sikra at ingen gjekk til åtak på senteret i imperiet, det vil seia slettelandet mellom Finskebukta og Uralfjella. Difor var det naudsynt å leggja under seg stadig nye område utanfor det eigentlege russiske kjernelandet. Og der tsarens flagg ein gong var blitt heist, der skulle det aldri bli firt.

Slik blei imperiet større og større, mot vest, mot sør og mot aust, heilt til det braut saman i fyrste verdskrigen. Men Stalin reiste kjerringa: Dei fleste av dei erobringane han gjorde, var område som tsarane hadde herska over. Imperiet blei atterreist, heilt til det braut saman i 1991 som fylgje av eit overdimensjonert militærvesen og økonomisk vanstyre.

Sovjetunionen forsvann, så å seia som dogg for sola. Denne oppløysinga blei stadfesta av ei rekkje avtalar og traktatar i åra mellom 1991 og 1994. Kanskje viktigast av alle dei avtalane som blei inngåtte på den tida, er den siste traktaten, som blei underskriven av Russland, USA, Storbritannia og Ukraina i Budapest i desember 1994.

Ukraina var den tredje største atomvåpenmakta i verda på det tidspunktet. Mot at Ukraina gav frå seg alle sine atomvåpen, lova Russland, USA og Storbritannia å garantera Ukrainas grenser. Ikkje berre det: Om nokon krenkte Ukrainas sjølvstende, skulle Russland, USA og Storbritannia koma Ukraina til hjelp.

Gjensidig utsletting

Den største skaden av det som no skjer, kan koma den dagen fleire av statane i Europa blir usikre på verdien av internasjonale tryggingsavtalar. Med krigen i Ukraina har ein sett at dei avtalane som blei inngåtte i kjølvatnet av den kalde krigen, synte seg døde og makteslause. Den som vil krenkja andre statar, hentar fram store mengder med soldatar og stridsvogner. Den som vil leva i fred, må på si side visa evne til avskrekking. Båe ting handlar om militærmakt, mykje militærmakt. Til sjuande og sist er det berre frykta for atomkrig og gjensidig utsletting (MAD = Mutual Assured Destruction) som held krigen utanfor portane.

Trugsmålet om gjensidig utsletting var sjølve grunnlaget for all internasjonal politikk gjennom dei 40 åra under den kalde krigen. Slik ser det ut til å vera igjen, 30 år etter at den kalde krigen blei avslutta. Verda er ikkje komen lenger.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mot at Ukraina gav frå seg alle sine atomvåpen, lova Russland, USA og Storbritannia å garantera Ukrainas grenser.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis