JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ein straum av fantasiar

Det største offeret i den grøne vendinga er sanninga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjem næringsminister Jan Christian Vestre og klima- og miljøminister Espen Barth Eide til å kunna levera det næringslivet vil ha, og det innan 2030? Nei. Det er fysisk umogleg. Likevel seier Eide og Vestre det dei seier. Og dei vert ikkje korrigerte av statsministeren, som også er sparsam med sanninga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

12616
20230127
12616
20230127

Eit av dei finaste trekka i norsk kultur var viljen dei med makt og ansvar hadde til å vera ærlege. Ja, når det var valkamp og oppheta debatt, kunne nok sanninga verta strekt vel langt, men når ein statsråd snakka som nett statsråd, snakka han eller ho sant. Og gjorde vedkomande likevel ikkje det, vel, så var Stortinget der og fjerna vedkomande, om ikkje statsministeren makta å koma det i forkjøpet.

Den tida er over, i det minste innanfor klima- og dimed energifeltet. Politikarane er ikkje åleine. Viljen til å vrengja på sanninga er i stadig aukande grad også til stades i forvaltings- og utgreiingsmiljøa. Vi veljarar vert ofte haldne for narr, og vi veit det. Tilliten vi har til dei med makt, vert gradvis underminert.

Tilkaring

Det går ikkje ein dag utan at ein eller annan som vil ha subsidiar, får oppslag i dei store avisene, og ein eller fleire politikarar kjem rentenistsøkjarane i møte, alt medan journalistar og kommentatorar stiller opp som Lenins nyttige idiotar. Måndag denne veka var ikkje eit unnatak. Då kunne vil lesa fylgjande tittel og ingress i E24:

«Regjeringen: Kraftmangel skal ikke ødelegge for klimamål

Regjeringen henger etter klimamålene for 2030 og inngår nå partnerskap med næringslivet for å få fart på klimakuttene. Næringsminister Jan Christian Vestre vil ikke la kraftmangel torpedere klimamålene.»

Vestre stilte opp saman med klimaminister Espen Barth Eide. Dei lovde at Noreg skulle nå utsleppsreduksjonen på 55 prosent frå 1990 til 2030. «Vi skal ikke la kraft være en show-stopper for det grønne skiftet», sa Vestre. Både Vestre og Eide lovde ei storstilt industrisatsing. Noreg må «være med og vinne det kappløpet», sa Eide.

Dette vert sagt av medlemer av ei regjering som lover å få ned kraftprisane til normalt nivå. «Vi lurer jo på hvorfor kraftnasjonen Norge som har bygget hele sin industrialisering på ren, rimelig fornybar energi og hatt det som fortrinn i 100 år nå har kommet i en situasjon hvor vi reelt sett diskuterer om vi styrer mot kraftunderskudd», sa Vestre, som lovde at det no skal verta bygd ut nok kraft til å hindra eit slikt underskot.

100 prosent meir

Kor mykje kraft er det så snakk om? Kor mykje meir vil til dømes industrien ha? Statnett er i sluttfasen av arbeidet med ti ny områdeplanar der dei har sett på etterspurnad som alt er der. Bransjenettstaden Europower har lagt saman tala. Den etterspurde effekten er 30 gigawatt (GW) som er det vi nyttar dei kaldaste timane i året. Sagt på ein annan måte: Innan sju år må det byggjast ut like mykje som vi no nyttar på ein kald januardag når fabrikkane går for fullt og vi kokar middag medan elbilen står til lading.

I Nordland er etterspurnaden fire gonger dagens forbruk. I Midt-Noreg, som alt har kraftunderskot, er etterspurnaden etter effekt tre gonger dagens kapasitet. Og i Vestfold og Telemark vil dei ha seks gonger så mykje straum som dei nyttar på det meste i dag. Alle vil ha denne straumen og effekten innan 2030.

Straumstøttefeil

Kjem Vestre og Eide til å kunne levera det næringslivet vil ha, og det innan 2030? Nei. Det er fysisk umogleg. Likevel seier Eide og Vestre det dei seier. Og dei vert ikkje korrigerte av statsministeren, som også er sparsam med sanninga. For to veker sidan skreiv Støre i Aftenposten: «I 2022 og 2023 vil vi bruke nesten like mye på strømstøtte som vi bruker på grunnskolen i Norge.»

Sanninga er at straumstøtta er budsjettert til 80 milliardar dei to åra, grunnskulen får nesten 200 milliardar. Kvar einaste dag etter at Støre skreiv kronikken om straumstoda, har ei mengd menneske på sosiale medium skrive om alt som var feil i kronikken.

Men det er ikkje til å koma forbi at straumstøtta er stor. Vi er i ein situasjon der staten må subsidiera forbrukarane for at dei skal ha råd til å nytta straum, samstundes som representantar for staten seier at vi skal få massivt med ny industri som skal nytta enorme mengder med straum. Det heng ikkje i hop, og veljarane ser dette.

Men ser ikkje næringslivet og investorar det same? Korleis kan dei be om å få kjøpa store mengder med ny straum når den straumen vi alt har, er rekorddyr? Dei vonar på subsidiar og at straumen andre kjøper for store summar, skal vera billig for dei.

Øyding

Treng Noreg å byggja batterifabrikkar? Nei. Noreg har Europas største batteri i form av magasin. Det er særs ufornuftig om vi byggjer batteri på basis av nedtapping av eksisterande batteri. Det er både samfunnsøkonomisk ulønsamt og umoralsk å sløsa med stabil energi på det viset.

Men batterifabrikkar skal vi få, mellom annan ein i Nordland, som er på veg mot kraftunderskot. Freyr, som batterifabrikken heiter, vert bygd kort veg frå Noregs nest største magasin, Svartisen, eigd og drive av Statkraft, som Vestre har bede om å selja straum billig til næringslivet.

Freyr har alt fått lovnad om ein statsgaranti på fire milliardar av Vestre. Den fyrste av i alt fem planlagde batterifabrikkar skal stå ferdig i 2024. Statkraft har lovd å levera straum til den fyrste fabrikken. Eg kjenner ikkje prisen, men eg vert forundra om han ligg mykje over 25 øre per kilowattime. Freyr seier at dei har fått straumen på globalt «konkurransedyktige vilkår». Berre denne eine fabrikken krev 1,4 TWh som Statkraft skal levera mellom no og 2031.

Kva skjer når straumprisen går opp i Nord-Noreg, og det gjer han mellom anna av di Equinor vil byggja ut kapasitet til å taka mot 3 TWh i året når dei elektrifiserer Melkøya og Snøhvit-feltet i Finnmark. Den straumen skal også mykje koma frå Svartisen.

Når spotprisen på straum går opp i Nord-Noreg, kan eigarane av Freyr taka fram reknearka sine. Dei sit på ei gullgruve av låge fastprisar på straum, som dei kan selja i marknaden i staden for å nytta dyr arbeidskraft på å laga batteri.

Sveits

Han som starta Freyr og fekk den amerikanske Koch-familien inn på eigarsida gjennom børsnotering på Wall Street, heiter Tore Ivar Slettemoen. I og med børsnoteringa gjekk formuen hans opp frå 45 millionar i 2020 til 516 millionar i 2021, seier Dagens Næringsliv. Han flytta i fjor haust til Sveits. Ein annan batterifabrikkoppstartar er Bjørn Rune Gjelsten, som også har fått mykje statsstøtte til batterifabrikken Morrow i Arendal. Med seg på eigarsida har Gjelsten fått Agder Energi, som skal levera billig kraft til fastpris.

No har Gjelsten overført formuen til dotter si, som har busett seg i Sveits. Der kan ho eta middag med Kjell Inge Røkke, som leverer teknologien til CO2-reinsing av Norcems sementfabrikk i Telemark. Norcem er eigd av eit enormt tysk sementselskap. Prosjektet med CO2-reinsing og lagring på sokkelen heiter Langskip, som staten støttar med minst 18 milliardar, og som krev store mengder med ny straum.

Det desse store subsidieføretaka har til felles, er at dei har fått lange kontraktar på billig straum. Desse kontraktane er i røynda ein lisens til å trykkja pengar og deretter flytta til Sveits. Når staten går inn med store subsidiar, kan vi vera trygge på at det er dei rikaste mellom oss som stikk av med pengane.

Skjer ikkje

I den verkelege verda kjem berre ein brøkdel av alle desse som har meldt seg på som moglege straumkjøparar, til å realisera prosjekta. Det finst ikkje nok straum, og det kjem ikkje til å finnast nok straum. Men dei som får og har fått lovnad om straum til låge fastprisar, har i alle høve sikra seg ein stor hedging, som det heiter på finansspråket, i form av fastpriskontraktar. Dei tener såleis pengar anten dei produserer noko eller ikkje.

Men det er ikkje slik at staten berre deler ut subsidiepengar. Staten krev framleis dokumentasjon, og media må også fôrast med påstandar om kor lønsamt det er for oss alle å verta grøne ved å nytta straum som ikkje finst. I røynda veit vi alle at elektrifisering av oljenæringa er grønvasking. Men det er også i ein del tilfelle ei fæl sløsing med energi.

Thema

I Noreg har vi ein del private utgreiingsmiljø som tradisjonelt har hatt nokså høg tillit knytte til seg. Denne tilliten er i ferd med å forsvinna i det grøne skiftet. På oppdrag frå Offshore Norge leverte konsulentselskapet Thema i byrjinga av månaden ein rapport som sa at elektrifisering av norsk olje og gass gav lægre globale utslepp og var samfunnsøkonomisk lønsamt.

Eit av dei største prosjekta er elektrifiseringa av Melkøya, som lagar gass frå Snøhvit om til LNG, som vert send med tankbåtar til Europa. Etterspurnaden etter LNG i EU kjem truleg berre til å gå opp og opp, av di dei treng stadig meir balansekraft i takt med at dei byggjer ut meir vind og sol.

Verknadsgraden på gassen som i dag vert brend på Melkøya, er om lag 70 prosent. Verknadsgraden er så høg av di anlegget kan nyttiggjera seg restvarmen som kjem frå turbinane som produserer straumen. Når LNG-en vert omdanna til vanleg gass i EU, kjem han til å verta nytta i marginen, som det heiter, i reine gasskraftverk, som har ein verknadsgrad på 35–38 prosent. Alle forstår at dette ikkje er klimavenleg. Thema seier likevel at elektrifiseringa av Melkøya er klimavenleg.

Lønsamt

Er prosjektet likevel samfunnsøkonomisk lønsamt? Eg trur det. Eg kan ikkje vita, sidan ingen kjenner framtida, men eg trur at prisen på LNG vil halda seg høg i mange år enno. Prosjektet er samfunnsøkonomisk lønsamt om den gassen Equinor ikkje lenger nyttar til straumproduksjon, gjev Equinor ei større inntekt enn utgiftene til elektrifisering.

Samfunnsøkonomisk lønsemd oppstår når vi som samfunn samla tener meir pengar på ei investering enn om vi ikkje gjennomførte investeringa. Bedriftsøkonomisk lønsemd oppstår når ei investering er lønsam for ei verksemd. Det inneber ikkje at ein slik profitt alltid er samfunnsøkonomisk lønsam. BaneNor kostar oss alle mykje, men dei kan likevel gå med overskot takka vera skattepengane Stortinget gjev dei.

Merkeleg påstand

Kva kan vi lesa i rapporten til Thema? «Hvis tiltakskostnaden ved elektrifisering er lavere enn CO2-kostnaden, er tiltaket kostnadseffektivt og samfunnsøkonomisk lønnsomt.» Det Thema her skriv, er at vi alle tener på at Melkøya vert elektrifisert dersom Equinor tener inn meir pengar ved å elektrifisera enn dei hypotetisk må betala i CO2-avgift og kvotar i framtida.

Det Thema her eigentleg seier, er at alle investeringar som får ned CO2-utlepp, kan verta lønsame berre staten set CO2-avgiftene høgt nok. Det er ein underleg påstand. Nasjonal CO2-avgift er ein fordelingsmekanisme. CO2-avgifter seier lite eller ingenting om samfunnsøkonomisk lønsemd.

Om CO2-avgiftene vart sette så høgt at alle maskiner som nyttar fossilt drivstoff, vart ulønsame i drift, ville vi få eit stort samfunnsøkonomisk tap. At Røkke flyttar til Sveits fordi skattane er høge i Noreg, gjev han ein personleg og bedriftsøkonomisk vinst, men at han flyttar utanlands, fører til eit samfunnsøkonomisk tap for Noreg.

Auka straumpris

Det einaste vi kan vera heilt sikre på i framtida, er at nordlendingane takka vera Freyr og Melkøya kjem til å få ein langt høgre straumpris. Nordlendingane kjem ikkje til å få auka tillit i Offshore Norge, Equinor, regjeringa og Statkraft etter at det har skjedd.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vert leidd av Kjetil Lund, som er byråkrat og ikkje skal halda på med politikk og spinn. Måndag denne veka, samstundes som Eide og Vestre var ute i E24 med spinn, skreiv Lund ein kronikk i Aftenposten. Der sa han dette om kvifor forsyningstryggleiken vart betre i fjor haust:

«Hvis vurderingen er at prisene blir høyere senere, vil de (magasineigarane, red. merk.) holde igjen. Det gjorde de mye av i fjor høst. Resultatet var den sterkeste oppfyllingen av magasinene i manns minne. Den viktigste forklaringen var rekordlav produksjon av kraft i det sørlige Norge. Vi importerte kraft i perioder vi vanligvis eksporterer. Forsyningssikkerheten i landet er nå god.»

Takk Gud

Om Lund hadde sett på NVEs eigne tal, ville han ha sett at kraftproduksjonen mellom veke 39 og 52 berre var 3,4 TWh lægre enn gjennomsnittet for 2019–2021 i Sør-Noreg. Kraftbalansen betra seg mot medianen med 9,8 TWh mellom veke 39 og 52. Tala til NVE viser at den viktigaste forklaringa var Vårherre og regn. Hadde ikkje det regnet kome, hadde det vore stor fare for rasjonering i vårknipa. Vi hadde flaks.

Lund nemnde ikkje tilsiget med eitt ord. Det gjer noko med samfunnet vårt når dei som styrer oss og skal fortelja oss om noko er godt eller ikkje, ikkje presenterer det fulle biletet.

«Kraftmangel skal ikke ødelegge for klimamål.» Tittelen kunne like godt ha vore: «Røyndomen skal ikkje øydeleggja for klimamål.» Keisaren er naken, men full av grønmåling.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Leiar
Svein Gjerdåker

Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Keisam radiokanal

Beyoncés åttande er ei langdryg smørje.

NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

MusikkKultur

Sure tonar i Trondheim

Trass i skrikande mangel på organistar stogga NTNU opptaket til bachelorstudiet i kyrkjemusikk. Fleire søkjarar hadde alt prøvespelt.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis