Ein pensjon for heile livet
Vi må jobbe lenger, men det er naivt å tru at alle kan jobbe like lenge.
Kva tid skal vi få lov til å verte gamle? Forventa levealder er eitt av tre kriterium FN nyttar når dei lagar lister over kva land som er best å bu i – og den lange levetida her til lands, er ei av årsakene til at vi vinn år etter år.
Likevel er det kanskje like typisk norsk at vi gjer stigande levealder til eit problem: «Levealdersjusteringen vil etter hvert kreve lengre yrkeskarrierer for å sikre akseptable pensjonsnivåer. At tilstrekkelig mange øker avgangsalderen er trolig avgjørende for å sikre den sosiale og økonomiske bærekraften til pensjonssystemet», som det står i Pensjonsutvalets NOU, Et forbedret pensjonssystem.
Å legge til rette for å få så mange som mogleg av oss til å jobbe så lenge som mogleg, og lenger enn vi gjer i dag, og lenger enn vi eigentleg har lyst til, er ikkje noko nytt. Det var òg målet for pensjonsreforma frå 2011, som utvalet vart sett til å evaluere. Sidan dei frivillige tiltaka berre har fungert sånn passe, vil dei no ta i bruk hardare lut: heve aldersgrensene for pensjon, slik at vi vert nøydde å arbeide lenger.
Varierande levealder
Pensjonssystemet vårt har godt av at fleire av oss jobbar lenger. Det er det liten tvil om. Og mange av dei som i dag går av med pensjon når dei fyller 62, eller endåtil 67, har helse til å jobbe lenger. At utvalet gjev eit spark bak til dei som kan jobbe, men vel å late vere av di dei heller vil gjere noko anna, er på sin plass. Men kva med resten?
Gjennomsnittnordmannen lever lenger enn før, men saman med alderen aukar òg skilnadene. Ifylgje Stami, som overvaker arbeidsmiljøforhold, varierer gjennomsnittleg levealder mellom yrke med 7,3 år for menn og 6,8 år for kvinner. Legar, psykologar, farmasøytar og veterinærar lever lengst, og så fell levealderen temmeleg jamt med fallande løns- og utdanningsnivå – til ufaglærte, kokkar og kjøkkenassistentar heilt i botnen.
Kva seier pensjonsutvalet om desse skilnadene? Jau, dei har gjennomført analysar: «Analysene […] søker å finne svar på om det nye pensjonssystemet er omfordelende også når det tas hensyn til at det er systematiske forskjeller i levealder mellom ulike grupper og til at det også er forskjeller mellom utdannings- og inntektsgrupper i tilbøyeligheten til å jobbe lenger enn tidligere.»
Uthevinga av ordet «tilbøyeligheten» er mi, og eg har gjort det for å sette fingeren på eit poeng: Eg synest det er eit merkeleg val av ord. Ordet tyder «å pleie, vise hang til å gjere noko bestemt».
Ulikt arbeid og pensjon
Og då lyt ein spørje: Kva er det som gjer at over 50 prosent av reinhaldarane i alderen 55–64 år i 2019 oppgav til Statistisk sentralbyrå at dei var uføre? Eller at over 25 prosent av bygningsarbeidarar og barnehage- og skuleassistentar gjorde det same? Og kva vil skje med desse tala når dei resterande reinhaldarane og bygningsarbeidarane vert tvinga til å jobbe lenger på lik linje med yrkesgrupper som fullstendig objektivt har ei heilt anna arbeidsbelastning? Og det når vi veit at Stamis Faktabok om arbeidsmiljø og helse 2021 dokumenterer at legemeldt sjukefråvær i over 16 dagar på grunn av muskel- og skjelettdiagnosar er sju gonger høgare blant reinhaldarar enn blant sivilingeniørar og IKT-rådgjevarar?
Jau, stadig færre vil nå pensjonsalderen utan å gå vegen innom uføretrygd. Pensjonsutvalet vil bøte på dette ved å betre alderspensjonen for uføre. Greitt nok, men vil vi verkeleg lage eit pensjonssystem som nærast legg opp til at stadig fleire arbeidstakarar ikkje klarar å jobbe fram til pensjonsalderen?
Eit pensjonsframlegg som alt i innleiinga tek seg tid til å påpeike at det er skilnad i trongen for pensjon mellom einslege og gifte eller sambuande, burde òg tatt seg tid til å sjå på trongen for pensjon blant ulike yrkesgrupper. Vi veit jo så altfor godt at det er dei same gruppene som har høg arbeidsbelastning, lang fartstid i arbeidslivet, låg levealder, låg løn og dårlege tilleggspensjonar (AFP og tenestepensjon).
Ein jobb å leve med
Likevel er det som om pensjonsutvalet, eit utval der dei to representantane for næringslivet er ein konsernsjef og ein banksjef, ikkje vil vite dette. Menneske er maskiner, det er sant nok, vi er fantastiske arbeidsjarn òg somme tider, men vi går på strikk – og den strikken bør ikkje strekkast for langt. Å slutte før ein kjem til brestepunktet, kan endåtil ha sine fordelar.
Verdien av det frivillige arbeidet pensjonistar gjer, er av ulike instansar målt til mellom 25 og 30 milliardar kroner årleg, til dømes, og stortingsmeldinga Leve hele livet såg i 2018 føre seg at dette bidraget kunne doblast fram mot 2030. Dette er gode vi får frå den gruppa eldre som pensjonerer seg før dei er fullstendig utslitne. Eg skulle gjerne ha sett prognosar for kva som vil skje med dette arbeidet i møte med høgare pensjonsalder.
Likevel: Eldrebylgja er eit faktum og noko velferdssystemet må ta omsyn til, og vi kjem ikkje unna at å jobbe meir er ein av utvegane. Dess viktigare vert det då aller fyrst å tenke på korleis arbeidslivet er å jobbe i. Skal fleire stå lenger i jobb, må arbeidsdagane iallfall ikkje verte meir krevjande – for dei aller fleste bør dei verte mindre krevjande.
Og då må vi fram med verke-
middelblokka og sikre faste jobbar i stillingsbrøkar til å leve med, redusert arbeidstid med kompensasjon til dei som treng det – og høve til å hoppe av arbeidskarusellen utan dårleg samvit når helsa seier stopp. Det kjem til å koste, det òg, men kanskje kostar det endå meir å late vere.
Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vil vi verkeleg lage eit pensjonssystem som nærast legg opp til at stadig fleire arbeidstakarar ikkje klarar å jobbe fram til pensjonsalderen?
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.