JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ein nasjonal konservativ

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kåre Willoch (1928–2021) var ein aktiv samfunnsdebattant også etter at han vart pensjonist. Her på 90-årsdagen i Høyres Hus i Oslo.

Foto: Heiko Junge / NTB

6270
20211210
6270
20211210

MINNEORD

Kåre Willoch vart 93 år. Han var eit elskverdig menneske. Willoch stod for ein open, liberal nasjonalisme med vekt på sjølvstendig tenking. Her er vi ved ein kjerne i mannen. Det syntest på så mange vis. Kåre Willoch eignar seg godt for å få fram det særskilde ved den norske konservative tradisjonen.

Ta livssynet. Få av nekrologskrivarane har nemnt at Kåre Willoch kom frå ei fritenkjarslekt. Han var livssynshumanist, men gjorde ikkje så mykje av det. Det fekk mellom anna til fylgje at han aldri sette automatisk likskapsteikn mellom norsk nasjonal identitet og kristendomen.

Som tradisjonsmedveten konservativ var det tvillaust for han at kristendomen høyrde med i det norske sjølvmedvitet og skulle forsvarast. Men å ha kristendomen som personleg livssyn var ei privatsak. Her er Kåre Willoch som agnostikar ein sjeldan blome blant Europas konservative leiarar.

På ei rekkje andre felt synte Willochs nasjonale identitet seg. Han meinte at kapitalismen hadde eit legitimitetsproblem. Marknadsøkonomien trong brei folkeleg stønad for å kunna tena føremålet sitt. Han var difor ein skarp kritikar av dei vulgære utslaga av neoliberale eksessar. Det er utenkjeleg å førestilla seg Willoch i børstraktor på veg til spekulasjonstreff.

Dette er dei libertarianske tradisjonane med rot hjå Friedrich Hayek og Milton Friedman. Dei stod Willoch framand for. Ulikskap og pralande forbruk (Thorstein Veblen) ville nett svekkja legitimiteten for marknadsøkonomien.

I tråd med denne tradisjonen skreiv Willoch i Minerva i 2006 at det er «urimelig at rikdommen flyter i strie strømmer til grupper som ikke gjør noen påviselig større samfunnsinnsats enn andre, som aksjemeglere, forretningsadvokater og spekulanter på børsen».

Willoch følgde opp med ei understreking av nasjonal eigarskap. Han kritiserte manglande statleg handlekraft til dømes då Norsk Hydro selde Freia til Kraft-giganten, og meinte at vasskrafta måtte bli på norske hender. Han peika òg på politikkens abdikasjon ved oppkjøpet av Kreditkassen. Stortinget hadde bestemt at det skulle vera ein norsk statleg del att. Men Nordea ville det annleis. Fantastisk eigentleg.

«Stemmer tel, men ressursar avgjer», skreiv Stein Rokkan alt i 1964. Det er blitt meir og meir treffande med finanskapitalismens vekst.

Det er sannsynleg at Willoch, som sat under kateteret til dei store økonomane Ragnar Frisch og Trygve Haavelmo, tok til seg Frisch’ utsegn i EEC-striden i 1972 om farane ved «det uopplyste pengeveldet».

Willoch stod på den nordiske modellen for velferd og arbeidsliv, og medveten bruk av staten for ålmenne interesser. Her står han i ein tradisjon frå den tyske sosiale marknadstenkinga i CDUs Erhard-tradisjon meir enn i Thatcher-konservatismen.

Willoch ville aldri ha tala som Thatcher om at samfunnet «ikkje fanst». For ikkje å tala om dei amerikanske republikanarane, der Willoch ville blitt brennemerkt som kommunist.

Eg synest venstresida i dette landet i dette perspektivet oftare bør minna seg på kva for sivilisert høgreside me har, ikkje minst under Willoch. Sjå på Sverige. Der var Högern langt meir autoritær lenger enn her heime. Så seint som i 1922 uttala til dømes Högern at dei skulle «mala sönder» folkestyret. Og i Finland gjekk høgresida langt tettare på fascismen enn Høgre her heime, takk vera Hambro.

Eg vil hevda at med si realistiske tenking om rettane til småstatane står Willoch i tradisjonen frå Hambro (men Hambro skjøna lite sosialøkonomi).

Willoch skreiv til dømes i 2006 at det «er jo en syk tankegang at aksjonærenes interesser ikke skal kunne vike for samfunnsmessige hensyn».

Seint i livet vart han oppteken av kåra til barnefamiliane. Han tok til orde for auka satsar i barnetrygda, slik at unge kvinner kunne føda fleire born. I ein offentleg samtale eg hadde med Willoch på Blindern, gjorde han framlegg om eit lågterskeltilbod av psykologar for å hjelpa folk med livsmeistring. Så kunne psykiatrane koplast inn ved alvorlegare psykisk sjukdom, sa han.

Men ved same høvet såg han ikkje noko problem i at han i mange år fekk løn frå Norges Rederforbund då han var stortingsmann. Det var normalt på den tida, var reaksjonen. Willoch hadde òg problem med å sjå kva ansvar han hadde for bankkrisa i åra rundt 1990. Det var han som sleppte straumane av pengar laus.

At han fekk djupe impulsar i retning av ein radikalare sosialpolitikk frå familien, er det fleire som har halde fram. I tilhøvet til barnebarnet Philip, som har Downs syndrom, vart han eit nasjonalt førebilete for livsglede og mangfald. Han melde seg også inn besteforeldras naturvernaksjon.

Ein kan undra seg på kva han syntest om Solberg-regjeringas syn på verdiar og nasjonale tradisjonar. Konservatismen har alltid hatt eit spent forhold til fridomsomgrepet i liberalismen: individet sin rett til uhemma å fylgja sine eigne interesser. Men denne personlege fridomen i konservatismen har alltid vorte vege opp mot orden, tradisjon og kollektiv fornuft. Fornufta ligg i slektene, ikkje i individet, sa Burke.

Willoch er interessant i dette ljoset. Skal tru kva han tenkte om Solberg-regjeringa på dette punktet? Då det stod om sal av den staselege bygningen til Norges Geografiske Oppmåling i Oslo sentrum, sa statsråd Nicolai Astrup at det galdt å få fram «verdiene i bygget», og det kunne berre skje ved sal på ein marknad.

I Borten-regjeringa ville han ikkje vera med på å gje erstatning til krigsseglarane i Nortraship-saka. Her hadde han eit jaabækiansk streif. Eg er viss på at han ville ha gått inn for denne erstatninga seinare i livet.

Det mest stimulerande ved Willoch var evna hans til å tenkja på tvers. Han var til dømes kritisk til den massive sanksjonspolitikken mot Russland og tok til orde for å sjå politikken frå Putins side.

Willoch er den einaste konservative leiaren i vest som har lagt ned krans på grava til Yasir Arafat. Med eigne augo såg han korleis Israel førte ein diskriminerande busetjingspolitikk som ikkje noko anna land ville ha kome unna med om dei ikkje hadde hatt sympatien frå holocaust. Willoch såg den israelske tragedien: Israel som undertrykkjar etter sjølv å ha blitt undertrykt og forfølgd.

Å ta dette opp som norsk konservativ kravde mot og personleg integritet. Det hadde Kåre Willoch i stor mon.

Bernt Hagtvet

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis