JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ei slagmark av løgner

USA visste tidleg at det meste gjekk gale i Afghanistan. Krigen blei bygd vidare på løgn og medviten manipulasjon som norske politikarar enten slukte eller var med på.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President George W. Bush innsåg at han ikkje kunne vinne nokon krig i Afghanistan med president Hamid Karzai som juniorpartner.

Foto: Charles Dharapak / AP / NTB

11848
20211008
11848
20211008

Den nye boka til den undersøkande Washington Post-journalisten Craig Whitlock har tittelen The Afghanistan Papers. Ho bygger på offisielle dokument frå dei amerikanske styresmaktene. I den godt tima boka blir det skapt eit bilete av inkompetanse og kynisme som vil vere svimlande sjølv for folk som har vore utan illusjonar om krigen i Afghanistan.

Konspirasjonsteoriar er heilt overflødige, med så mange konkrete avsløringar, som byggjer på konkrete, offisielle kjelder. Ein konspirasjon gjekk føre seg. Teoriar trengst ikkje lenger.

Alt i presidentperioden til Bush skjønte dei at dei ikkje kunne vinne krigen. Derfor laga dei ein strategi som seinare er blitt følgd, av Obama, og til og med av Trump. Forteljinga blei dreidd bort frå den uvinnelege, evinnelege krigen til å handle om framsteg, progress.

Legitimeringa av okkupasjonen har i femten år krinsa rundt dette ordet. Det har vore ei endelaus rekkje av framsteg i Afghanistan, som gjeld utdanning, likestilling, det sivile samfunnet, media og afghanarane sine evner til å styre sjølv og ta hand om sin eigen tryggleik – heil til alt rakna, nesten før flya med dei tilbaketrekte amerikanske styrkane hadde rokke å lande i heimlandet.

Alle i Noreg kjenner denne retorikken i detalj. For han er ganske konsekvent blitt kopiert av norske statsministarar, utanriksministarar og forsvarsministarar i minst femten år. Vi snakkar om Jonas Gahr Støre, Espen Barth Eide, Grete Faremo, Anne-Grete Strøm-Erichsen, Børge Brende, Ine Marie Søreide og sist Frank Bakke-Jensen. Alle har tvihalde på ei endelaus forteljing om framsteg, som til slutt skulle gjere Afghanistan til eit fritt og demokratisk land.

I roller som statssekretær, forsvarsminister og utanriksminister var nok Eide den mest korttenkte og ivrige marknadsføraren av krigen, på vegner av USA, dei første ti åra. Frank Bakke-Jensen blei den siste. Han skrytte av dei store framstega som blei gjorde i nasjonsbygginga, heilt til siste slutt. Og han heldt utruleg nok fram, sjølv etter at Taliban tok over landet på ei veke, utan motstand. For eksempel uttalte han til Forsvarets Forum 18. august: «Afghanistan er et annet samfunn. Et mer moderne samfunn. Mange har fått utdannelse og er samfunnsmessig og demokratisk skolerte. Befolkningen er mer bevisst på menneskerettigheter og kvinners rettigheter.»

Til og med president Donald Trump gjorde som Obama og Bush i Afghanistan.

Foto: Alex Brandon / AP / NTB

Norske politikarar har vore naive og nyttige idiotar for ein medviten amerikansk strategi. Alternativet er at dei har adoptert den amerikanske retorikken med opne auge, mot betre vitande, utan ærlegdom – og så vondt trur eg ikkje om dei. Men det er merkverdig at alle uavhengige rapportar, alle journalistar og alle analytikarar med truverde har sagt det openberre i rundt femten år: Det går ikkje framover i Afghanistan, heller ikkje på dei typiske skryteområda. Kvifor nekta dei norske politikarane å sjå dette i auga? Amerikanarane lét trass alt berre som dei trudde på snakket om kontinuerlege framsteg.

Snart skulle tryggleiken kunne takast over av Afghanarane sjølv, fekk vi høyre for ti år sidan. Men kvifor måtte alle som hadde hatt kontakt med norske styrkar, ha norsk asyl, for det var jo problemstillinga i mange år. Kvifor sa uavhengige rapportar at kvinners situasjon enno var forferdeleg i mesteparten av landet, og at Taliban i praksis kontrollerte mange regionar, når norske ministrar stod og skrytte av kor fint det gjekk?

Vi er kanskje eit land der det er ein katastrofe for ein politikar om han snik til seg husvære på kanten av reglementet, mens det er heilt greitt om han driv med grov villeiing, medvite eller ikkje, rundt ein krig som har kosta hundretusenvis av liv (inkludert ti norske soldatar), enorme lidingar og vanvettige pengesummar?

Andre norske aktørar har sagt liknande ting som Bakke-Jensen, inkludert utanriksminister Søreide. Tonen i mange er skuffelse – ikkje over eigne vurderingar, ikkje over sjølve den totale fiaskoen etter tjue år med nasjonsbygging, for det er liten sjølvkritikk å spore rundt Noregs innsats i Afghanistan. Skuffelsen går ofte i retning av at afghanarane ikkje var modne for vårt «demokrati».

Men kva slags demokrati var det ein freista å byggje i Afghanistan? Kva slags hærstyrkar var det norske militære dreiv og trena opp og var så tette med at dei kalla dei «våpenbrør»? Då Taliban rusla inn i Kabul, uttalte statsminister Solberg overrasking over at regjeringa berre gav opp, og heldt fram med å uttrykke det som i konteksten kunne høyrast ut som skuffelse over at det ikkje blei meir krig: «Jeg tror de fleste hadde forventet at det ville bli kamp ved inngangen til Kabul, også fordi politistyrken som var der var bedre trent – det er blant annet dem vi har trent» (NTB 16. august 2021).

Sidan har det norske folket kunna lese ganske tåredryppande historier frå norske militære, som generalmajor Torgeir Gråtrud og andre. Gråtrud er sjef for dei norske spesialstyrkane og har gitt uttrykk for fortviling fordi mange av dei afghanske «våpenbrørne» deira blei igjen i Kabul.

La oss sjå nærare på boka til Whitlock. Ho slår fast mykje vi visste frå før, som at president Karzai var CIAs mann, ein marionett peikt ut av amerikanarane, heilt til han vende seg mot USA i 2015, då dei ville byte han ut. Meir er det ikkje å seie om demokratiets spelereglar.

Heile tida har USA brukt dei same taktikkane for å vinne støtte til afghanarane. Dei har freista å betale dei, også krigsherrar med nære band til Taliban. Amerikanarane var sjølvsagt godt kjende med korrupsjonen. Det var ein integrert del av strategien. Men korleis kunne ein forvente både at Afghanistan skulle styrast etter USAs pipe, at massiv korrupsjon var ein del av metoden, og at landet skulle kunne bli demokratisk?

Retorikken var falsk, heile vegen. Det viser vitnemåla Whitlock har fått tilgang på frå mange amerikanske kjelder, der det stort sett er snakk om militære institutt, offisielle granskingar. Vitna er dei som styrte krigen frå USAs side. Ei spesielt viktig kjelde er vitnemåla som blei samla inn av Office of Special Inspector General for Afghanistan Reconstruction (SIGAR). Mange av vitna er forbløffande opne, fordi det dei sa, skulle vere hemmeleg og til internt bruk.

2010: Forsvarsminister Grete Faremo hentar heim døde soldatar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Det var galskap heilt frå starten. Amerikanarane visste ikkje kva dei gjekk inn i, og ikkje var dei spesielt interesserte i å vite det heller. Dei rekna den amerikanske maktovertakinga som år null i Afghanistan.

Då denne arrogante illusjonen etter ganske kort tid smuldra opp, flaut krigen – ein var ikkje eingong einige om kva situasjonen skulle kallast – inn i eit spor av spinn og PR. Der har han vore sidan. Dei som ikkje var med på dette, fekk sparken, om ein så var general. Det fekk general David McKiernan erfare då han på ein pressekonferanse i Kabul i 2009 uttalte at krigen ikkje gjekk framover, men at det var ein stillingskrig mellom Taliban og den amerikanske hæren. Det tok berre nokre få timar før han fekk sparken av forsvarsminister Robert Gates.

Krigen skulle byggast vidare på løgn. Denne manipulasjonen er i seg sjølv udemokratisk, og han var eit hån mot afghanarane. Whitlock viser, gjennom aktøranes eigne utsegner, at alle som styrte krigen frå amerikansk side, visste kva som skjedde: at Taliban var sterke, at alle sigrar var mellombelse, og at den afghanske staten ikkje fungerte i det heile tatt, trass i billionane som blei investerte, og at samfunn ikkje var på veg mot demokrati i noka forsvarleg meining av ordet. Men dei bestemte seg for å late som, for USA trudde rett og slett ikkje på dei demokratiske verdiane dei hevda dei skulle innføre. Fake news er mykje eldre enn Donald Trump.

Dei einaste som greidde å skape strukturar som minte om ei statsdanning, var Taliban, i dei store områda som dei i praksis kontrollerte alt då, for meir enn ti år sidan.

Korrupsjon blei akseptert, og nytta som politisk verktøy, fordi amerikanarane på dette området var pragmatiske. Dei såg det som ein del av kulturen – og kanskje var dette ein kultur som ikkje var så framand heller, for amerikanarane. Dei trudde, viser til dømes SIGAR-vitjemålet til Richard Boucher, som var Bush-administrasjonens sjefdiplomat for regionen, at pengane ville bli spreidde ut over det amerikanske samfunnet, i tråd med konservative økonomiske idear som vart nytta heime i USA. Om nokon blei rike, same på kva grunnlag, ville det skape aktivitet i heile samfunnet. I staden blei enorme formuar førte ut av landet.

På område etter område viser Whitlock korleis det nesten var total kontrast mellom dei offisielle demokratiske ideala som blei flagga, og praksisane som blei innførte i Afghanistan. Dette var jo sjølvsagt heile det afghanske folket vitne til kvar einaste dag. Kanskje dei fleste drøymde om å leve i eit demokratisk samfunn, styrt av lovar og rettar, der dei kunne utfalde seg i fred innanfor rimelege grensar.

Samstundes kunne alle sjå at det ikkje gjekk den vegen med det USA/Nato/Noreg-okkuperte landet. Nonsjalanse og inkompetanse var det dei såg, mens gamle og nye krigsherrar tok over igjen, denne gongen med støtte frå USA.

Ingen hadde grunn til å tru at det var noko demokrati å forsvare. Om ikkje alle alt visste at Taliban kom til å vinne borgarkrigen, så var det mest sannsynleg, om ein såg kor lite oppriktige frasane om demokrati var. Taliban var dessverre mykje meir overtydd om sitt prosjekt.

Kva med den notoriske kvinneundertrykkinga til Taliban? Her hadde vel ikkje amerikanarane noko å gå på? Å få frigjort kvinner stod fram, ettersom åra gjekk, som krigens edlaste mål? Det kunne har vore slik, men i praksis var ikkje USA der for å berge kvinner, sjølv om norske medium og ministrar aldri slutta å framstille det slik.

Ei anna mørk side av afghansk kultur, som Whitlock er inne på, gjeld ikkje kvinner, men smågutar. Det var/er ikkje uvanleg blant afghanske militære og krigsherrar å halde smågutar som sexslavar. Dei kidnappa gutane på marknadar og valdtok dei. Amerikanarane visste godt at dette gjekk føre seg, enkelte gutar blei til og med tatt med til basane. Amerikanske offiserar var instruerte i å ikkje blande seg.

Då ein kaptein i US Special Forces, Dan Quinn, kom over ein alliert kommandant som hadde ein gut lenka fast til senga, sprakk han og banka opp kommandanten. Som straff blei han send heim. Denne historia stod i New York Times alt i 2015, men Whitlock viser politikken som ligg bak. Han siterer SIGAR-vitnemålet frå den nemnde Richard Boucher: «Ein er tvinga til å akseptere det dei gjer, og ikkje blande inn eigne kjensler om det som er deira kultur.» No var det ikkje lenger år null i Afghanistan.

Det blir sagt at sanninga er det første offeret i ein krig, og det er sant og på mange måtar naturleg. Men no er krigen over. Derfor tilrår eg alle å lese Whitlocks grundige, viktige og svært velskrivne bok, som har fått topp kritikkar. (Britiske The Guardian kallar boka «ein definitiv versjon av krigen sett gjennom amerikanske auge»).

Boka viser at norske soldatar aldri skulle hatt våpenbrør i Afghanistan. At vi ikkje var på parti med dei gode mot det vonde, men med på ein inkompetent okkupasjon som bygde på illusjonar.

Sidan vi ikkje trur at våre politikarar medvite har freista å føre nokon bak lyset, er og blir konklusjonen at dei har tatt seg vatn over hovudet. Det trengst ein oppvask rundt dette for at ein ikkje skal gjere dei same tabbane på nytt, neste gong det norske forsvaret blir med på å krige i eit fattig land langt, langt borte.

Morten A. Strøksnes

Morten A. Strøksnes er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kva slags hærstyrkar var det norske militære dreiv og trena opp og var så tette med at dei kalla dei «våpenbrør»?

Taliban var dessverre mykje meir overtydd om sitt prosjekt.

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis