JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ei fagleg forelda framstilling

Sannings- og forsoningskommisjonen bommar på det norske.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dagfinn Høybråten har vore leiar for Sannings- og forsoningskommisjonen, som leverte rapporten sin torsdag 1. juni i år.

Foto: Vidar Ruud / NTB

6123
20230616
6123
20230616

KOMMENTAR

grepstad@online.no

Eitt av dei mange vonde emna i rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen er fornorskingspolitikken. Då gjeld det at forståinga av det norske er fagleg og politisk presis. Der synest eg kommisjonen bommar med både forelda og kontrafaktisk historieskriving. No risikerer vi at dette blir den autoriserte historia.

I kapittel 13, «Språktapet», legg kommisjonen fram ein framifrå dokumentasjon av utviklinga i bruken av ulike språk. Forståinga av utgangspunktet på side 386 er derimot alt anna enn grei:

«Ideen om den enspråklige nasjonalstaten fikk fotfeste i Europa og også i Norge på 1800-tallet, og dette endret språkholdninger og språksituasjonen dramatisk. Felles språk og kultur ble av myndighetene sett på som det viktigste grunnlaget for en nasjon. Nasjonen ble mange steder definert på grunnlag av etnisitet, med språket som etnisitetens ytre kjennetegn. Flerspråklighet ble ofte oversett og undervurdert.»

Her overser kommisjonen sjølv kva slags nasjon Noreg var mot slutten av 1800-talet. Utan noka form for nyansering blir diverre kategorien norsk ståande udefinert og absolutt. Det blir synleg om ein stiller to kontrollspørsmål: Var det ei språkleg fornorsking eller fordansking som gjekk føre seg utover på 1800-talet? Og var Noreg då formelt og reelt ein eittspråkleg stat med eitt norsk språk?

Oppdatert

I bokmanuskriptet Farlege språk, som er under utgiving, tilbyd eg ei anna forståing av begge desse emna.

Fram mot høgmellomalderen var Noreg eit fleirspråkleg samfunn prega av norrønt i det verdslege, latin og norrønt i kyrkja og samisk mellom urfolk. Frå tidleg 1500-tal var der romanitalande taterar i landet. Seinare kom både skogfinnar og kvenar og romar. Eit mangfald av dialektar blei utvikla, og desse var stort sett brukte som før i den såkalla dansketida fram til Napoleonskrigane.

Frå 1814 var Noreg i personalunion med Sverige fram til 1905, men det hopehavet sette få spor språkleg. Grunnlova av 1814 var på dansk, likeins alt anna av lover og offentlege dokument, aviser og bøker, men i dei danske hundreåra kom mange visetrykk og andre småtrykk på dialekt.

Dansk i forvaltninga

Dansk var einerådande i offentleg forvaltning, næringsliv og på trykk og hadde med sin basis i overklasse og byar høgast sosial status. Landsmål vann mest fram på landsbygda og blei mest brukt i skrift; dei som skreiv landsmål, heldt fram med å tale dialekt. Alt etter få tiår med landsmål i bruk, nokre få aviser og nokre hundre bøker gjorde det norske parlamentet eit språkpolitisk radikalt vedtak.

Våren 1885 vedtok Stortinget med 78 røyster mot 31 røyster å be regjeringa om «at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog». Med dette var dansk og landsmål to offisielle og jamstilte språk i offentleg forvaltning og skule i Noreg. Vedtaket var ikkje juridisk bindande, berre ei Anmodning, men som eit av svært få stortingsvedtak frå 1800-talet var det likevel framleis gyldig i 2023.

Meir enn som så: Dette vedtaket gjorde Noreg til den første formelt fleirspråklege staten med jamstilling av fleire språk på nasjonalt nivå.

Dansk blei fornorska via riksmål og forma til bokmål gjennom tre rettskrivingsreformer i 1907, 1917 og 1938. Dette gjorde bokmål til eit av dei yngste skriftspråka i Europa.

Etnisk hadde altså Noreg svært lenge vore fleirkulturelt med samiske urfolk og historiske minoritetar som skogfinnar og kvenar, innvandra frå Finland. Samane blei gjerne nedlatande omtalte som finnar eller lappar. Stortinget løyvde i 1851 dei første midlane til det såkalla Finnefondet for å lære samar norsk, som på den tida i røynda var å lære dei dansk.

Samar og kvenar var for styresmaktene då mykje godt det same. Vedtaket blei grunnlaget for ei fordansking og seinare fornorsking av urfolk og minoritetar som varte i over hundre år. Reglar for denne politikken kom gjennom regionale og nasjonale instruksar særleg frå 1862 til 1898.

For etniske nordmenn var der to norske språk, men frå 1892 var der berre eitt for andre etniske grupper. Desse kunne velje vekk det eine norske språket i fornorskinga. Førstespråka deira hadde berre status som hjelpespråk like til 1959. Fornorskingspolitikken blei formelt avvikla då Stortinget vedtok lov om grunnskulen i 1959, og i 1963 handsama ei omfattande innstilling frå eit offentleg utval om «den samisktalende befolkning». Først då blei instruksen frå 1898 oppheva.

Fornorskar sjølv

Seinverknadene for enkeltmenneske og grupper av denne politikken var store og varte lenge, som kommisjonen avdekkjer i all sin brutalitet.

I rapporten kjem kommisjonen likevel i skade for å drive fornorskingspolitikk sjølv. Det står skrive på side 198, kapittel 7.3, spalte 1: «På midten av 1800-tallet ble tre språk brukt i kirken: Norsk, nordsamisk og kvensk.»

Meir feil kan det ikkje bli. Dette kling som eit ekko frå farne tider, då det stod i paragraf 81 i Grunnlova på pære dansk at «Alle Love udfærdiges i det norske Sprog».

Medan kommisjonen er nøye med å skilje mellom ulike samiske språk, som rett er, fornorskar kommisjonen dansk til norsk og skjuler store språkskilnader innanfor det kommisjonen påstår er norsk.

Språkbruken i kyrkja femner om liturgi, salmar, tekstlesing og preiker. Ingen ting av dette var på norsk kring 1850. Er eg svært hyggjeleg og forsonande, går eg med på at Bibelen låg føre på riksmål i 1904, men det tok endå mange tiår før han fanst på bokmål. Først med Fyrebilsbibelen i 1921 var grunntekstane for kyrkja på norsk, og då på nynorsk.

Sannings- og forsoningskommisjonen tek eit kraftig og nødvendig oppgjer med den politikken som blei ført, og med den forståinga av denne som dominerte i samtida. Den overordna historiske forståinga av Noreg i rapporten er diverre ei ganske ukritisk gjentaking av forelda og misvisande sanningar.

Gjer gjerne døra høg og porten vid i namnet åt forsoninga, men tøm ikkje ordet norsk for alt innhald.

Ottar Grepstad er forfattar, språk- og litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis