Kommentar
Distriktsmeldinga bommar på målet
Laget kan godt vere toppa, men det hjelper lite når målet er plassert langt utanfor bana.
Skjermdump frå pressekonferanse-videoen til regjeringa.
Eg er ingen stor tilhengar av fotballmetaforar, men innhaldet i stortingsmeldinga «Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida», som kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik la fram tysdag denne veka, gjev meg rett og slett ikkje noko val.
Ministeren – og regjeringa – hevdar dei «aukar innsatsen» når dei går vekk frå det eksisterande målet om å halde oppe busetnaden i distriktsnoreg – til fordel for eit nytt mål om å auke han.
Auka folketal
«Målet er at folketalet skal auke i distriktskommunane», sa Gjelsvik under framlegginga, og reaksjonane kom fort: I Politisk kvarter på NRK onsdag morgon kalla MDG-leiar Arild Hermstad målet for «naivt», medan forskaren Jonas Stein meinte det var «heilt urealistisk». Eg vil likevel gå lenger. Eg meiner målet er både feil – og temmeleg merkeleg.
Grunngjevinga for det standpunktet finn eg i eit av dokumenta som ligg til grunn for distriktsmeldinga, nemleg rapporten frå Demografiutvalet frå 2021. Dette er kjelda som lærte meg at vekst ikkje treng vere eit mål for distriktsnoreg. Dei seier det så fint sjølve: «Når vekst vektlegges på denne måten i distrikts- og regionalpolitikken, blir vekst også en målestokk for vellykkethet og status. Samtidig ser vi at nedgang i folketallet generelt ikke har gitt dårlige levekår i distriktskommuner.»
Smådriftsfordelar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.