JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Den store gløymsla

Grufulle handlingar mot sivile og uskuldige menneske kan ikkje orsakast eller forklarast med ideologiske, politiske eller nasjonale omsyn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Triumferande palestinarar på veg attende frå Israel til Gazastripa 7. oktober 2023. Liket av ei kvinne, sidan identifisert som 22 år gamle Shani Louk, er slengt på lasteplanet på pickupen.

Triumferande palestinarar på veg attende frå Israel til Gazastripa 7. oktober 2023. Liket av ei kvinne, sidan identifisert som 22 år gamle Shani Louk, er slengt på lasteplanet på pickupen.

Foto: Ali Mahmud / AP / NTB

Triumferande palestinarar på veg attende frå Israel til Gazastripa 7. oktober 2023. Liket av ei kvinne, sidan identifisert som 22 år gamle Shani Louk, er slengt på lasteplanet på pickupen.

Triumferande palestinarar på veg attende frå Israel til Gazastripa 7. oktober 2023. Liket av ei kvinne, sidan identifisert som 22 år gamle Shani Louk, er slengt på lasteplanet på pickupen.

Foto: Ali Mahmud / AP / NTB

31807
20240607
31807
20240607

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Om morgonen den 7. oktober i fjor dukka det opp redselsfulle videoar på sosiale medium. Dei kom frå Gaza. Ein kunne sjå ei halvnaken kvinne, tilsynelatande død, slengd på lasteplanet til ein pickup, omgjeven av fem svære mannfolk i militærutstyr, viftande med eit maskingevær og ein bazooka, sigersstolte og brølande med open munn.

Dei køyrde gjennom Gaza by, omsverma av sivile som prisa Gud og heva armane i triumf, andre spytta på liket. På ein annan video kom ein mann køyrande på ein moped med kroppen til eit menneske slengd over baksetet som eit kadaver. Det var skrytevideoar. Mennene på bileta briska seg over å ha drepe den vevre kvinna, tilskodarane hylla dei som heltar.

Den drepne unge kvinna var den tysk-israelske Shani Louk, ein 22 år gamal tatoveringskunstnar. Ho blei først attkjend ut frå ei tatovering i ein video der ein kunne sjå det eine beinet hennar. Seinare blei delar av hovudskallen hennar funne og identifiserte gjennom DNA-analyse. Shani Louk hadde vore ein av deltakarane på musikkfestivalen i Re’im, der rundt 364 menneske blei drepne av terroristar som hadde teke seg inn i Israel frå Gaza.

«Som Illouz peiker Morris på veksten av ultraortodoks jødedom som ein trugsel mot staten Israels eksistens.»

Visstnok hadde den unge kvinna først kunna flykta frå Re’im til den nærliggjande Mefalsim-kibbutzen, der terroristane fann og drap ho, før dei paraderte liket gjennom Gaza og deretter gøymde det i ein tunnel, der leivningane hennar nyleg blei funne av israelske soldatar.

Ein tredje video hadde fanga opp korleis to eldre menneske blir førte bort av soldatar nedover ei gate i kibbutzen Be’eri. Begge er bakbundne og barbeinte, i natt­tøyet. Den eine var Dror Kaplun (68), son av overlevande frå holocaust. På ein annan video ser ein Dror og hustrua Marcelle Frailich Kaplun (64) liggje urørlege på fortauet ved sida av fleire andre, begge drepne. Desse bileta av dei bakbundne eldre, vekte opp frå svevnen med skytevåpen og førte vekk frå heimen mot døden, vekkjer straks assosiasjonar til jødeforfølgingane i Tyskland under nazistyret i 1940–45.

Overfallet

Dette er berre nokre få glimt frå det omfattande terroroverfallet på Israel den 7. oktober i fjor, leidd av det halvstatlege Hamas, som styrer Gazastripa etter eit val i 2006 som organisasjonen vann med 56 prosent av røystene. Terroroverfallet var det største åtaket på jødisk befolkning sidan det tyske naziregimets fall i 1945.

Over 1143 menneske er oppgjevne drepne, blant dei 766 sivile, mellom dei 36 born. Rundt 250 israelske sivile og soldatar blei tekne med som gislar til tunnelane i Gaza, der rundt 150 framleis blir haldne i fangenskap.

To veker etter overfallet synte israelske styresmakter ein 43 minutt lang dokumentasjon av overgrepa, sett saman av videoklipp frå overvakingskamera, kamera som fanga og drepne terroristar hadde bore på kroppen, mobiltelefonar og sosiale medium. Det var ei lukka framsyning for rundt 100 internasjonale journalistar utan høve til å formidla sjølve bileta vidare, ein restriksjon som kom av omsynet til dei etterlatne.

Ein av journalistane som var til stades, var den rutinerte krigskorrespondenten Rory Carroll frå The Guardian. Han skriv at nokre av journalistane brast «i tårer» under avspelinga, som viste «drap av born og halshogging».

Frilansjournalisten Jotam Confino, som blant anna arbeider for BBC, skreiv på X: «Hamas-terroristar går inn i eit hus der ein kan sjå ei lita jente som gøymer seg under eit bord. Etter litt snakk fram og tilbake skyt og drep dei ho under bordet. Vanskeleg å seie kor gamal, men ho ser ut til å vere sju–ni år gamal.»

«Ein annan scene synte ein far og to søner i alderen omkring sju og ni», skriv Rory Carroll i The Guardian, «dei spring i undertøyet mot noko som liknar eit tilfluktsrom. Ein Hamas-krigar kastar ein granat og drep mannen. Smågutane dukkar opp, springande, blodige. ’Pappa er død, det var ikkje spøk’, ropar ein av dei, og broren svarer: ’Eg veit det, eg såg det’, og seinare skrik han: ’Kvifor er eg i live?’»

Utsyn mot den jødiske busetjinga Efrat på Vestbreidda i januar 2023.

Utsyn mot den jødiske busetjinga Efrat på Vestbreidda i januar 2023.

Foto: Mahmoud Illean / AP / NTB

Det vonde

All krig er forferdeleg og råkar uskuldige. Også i såkalla legitim krig, som til dømes i den naudsynte og velgrunna krigen mot Nazi-Tyskland, finst det ei rekkje hendingar som kan kallast illegitime. Var det verkeleg naudsynt å sleppa atombomba over Hiroshima? Måtte ein jamna Dresden med jorda? Kunne ein ha hindra massevaldtekta av meir enn 100.000 tyske kvinner i Berlin då sovjetiske troppar tok byen? Kor går grensa mellom det som på ein eller annan måte fell inn under det grufulle i krigen, og det som ikkje under nokon omstende kan tilgjevast eller orsakast?

Grufulle handlingar mot sivile og uskuldige menneske kan ikkje orsakast eller forklarast med ideologiske, politiske eller nasjonale omsyn. Sjølv om det finst historiske, økonomiske og kulturelle bakgrunnar for framveksten av nazismen i Tyskland i 1930-åra, orsakar vi ikkje Hitlers brotsverk mot menneskeslekta med å seia at fredsavtalen i Versailles i 1919 var urettvis mot Tyskland.

Sjølv om det finst grensetilfelle, skil vi mellom bomber og rakettar som under krig tek sikte på å råka fienden militært, men samstundes drep sivile, og overgrep der ei organisert militærmakt med vilje siktar seg inn på sivile fordi dei høyrer til den fiendtlege nasjonen, slik som det openbert skjedde i Israel 7. oktober. Vi skil òg mellom ein hær som prøver å unngå å råka sivile, og ein militærstyrke som køyrer kvinnelik gjennom heimbyen som jakttrofé til jubel frå folket.

Det å forsvara medvite, tilsikta massedrap på sivile ved å likestilla slike overgrep med sivile offer i regulær krigføring, blei gjort under Nürnbergprosessane i 1947–48. Til sitt forsvar synte då SS-mannen Otto Ohlendorf, som hadde leidd drapet på 90.000 jødar i Sovjetunionen, til den allierte bombinga av Tyskland, og særleg bombinga av Dresden, med minst 20.000 sivile dødsoffer. Dommarane avviste dette forsvaret ved å visa til at sjølv om alle liv er like mykje verde, kan ein ikkje likestilla måtane dei blir drepne på.

Sjølv om det skjer krigsbrotsverk på begge sider i ein krig, også i denne, og sjølv om det finst grensetilfelle som til dømes atombomba over Hiroshima, utgjer skilnaden mellom sivile dødsfall gjennom krigføring og medvite mord på sivile ei av grensedragingane mellom sivilisasjon og barbari.

«Når brutaliteten når eit slikt nivå som i 7. oktober-massakren, kan kontekst bli misbrukt til å tilsløra karakteren av handlinga.»

Eit vitne

Eit vitne som står katastrofen i Israel og Gaza 7. oktober nærare enn oss nordmenn, er Eva Illouz, fransk-israelsk professor i sosiologi ved det hebraiske universitetet i Jerusalem. Ho blei fødd i Marokko i 1961 av sefardisk jødisk slekt og kom i tiårsalderen til Frankrike og seinare til Jerusalem. Ho har vore gjesteprofessor i Philadelphia og Berlin, har bak seg eit omfattande og særs leseverdig forfattarskap, og ho blir rekna som ein av verdas mest innflytelsesrike kvinnelege sosiologar.

Ho er kjend som ein skarp kritikar av den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu og skriv at Israel aldri før har hatt ein leiar som er så «massivt likegyldig til landets beste». Ho har skildra den israelske høgresida som messiansk og delvis fascistisk, og ho seier i eit intervju med Der Spiegel i 2014 at innverknaden det ytste høgre har på israelsk politikk, har ført til at «det jødiske held demokratiet som gissel», det vil seie at den etniske nasjonalismen undergrev fridomsverdiane.

Eva Illouz seier at «utanforståande observatørar kan ikkje skjøna den akutte krisa Israel [no] går gjennom (...) for dette liknar ikkje noko dei kjenner til». Personleg skildrar ho reaksjonen sin på 7. oktober-massakren som «noko eg aldri før hadde opplevd i mitt liv, eg kan berre kalla det rein, ublanda skrekk».

Ho held fram i eit intervju med det jødiske tidsskriftet The Forward: «I nokre kaotiske sekund svikta grunnen under føtene mine», som i «ein frykteleg skrekkfilm eller eit forferdeleg mareritt, som når ein fiende trengjer inn i den private heimen på ein stille heilagdag, den ville og grufulle nedslaktinga, gleda til mordaren, maktesløysa til heile nasjonen i pinefull venting på at hæren skal kome og berge dei sivile» – «og dagane som følgde, gjorde denne avgrunnen endå djupare og mørkare».

Mørkeret

Avgrunnen blei djupare og mørkare fordi så mange i Vesten reagerte på terroren med å vilja forklara og skjøna overgrepa. Israel og den internasjonale jødedommen hadde opplevd sin svartaste dag sidan jødeutryddingane under Adolf Hitler, og delar av verdssamfunnet – særleg den internasjonale venstresida – svara med å gå til åtak og skulda israelarane for det krigsutbrotet Hamas stod bak.

Ein kunne ha venta at det lenge planlagde og godt organiserte overfallet på forsvarslause menneske ville halda fram med å vera i sentrum for verda si fordøming gjennom heile konflikten. Dei grufulle handlingane mot sivile i heimane deira, menneskejakta på flyktande ungdomar frå musikkfestivalen i Re’im, der 364 personar blei skotne og drepne, bortføringa av fleire hundre menneske, mellom dei eldre, småborn og kvinner, burde ha vekt ein varig aversjon utan atterhald, som ikkje blei heilt overskygd av Israels svar sjølv om dette råka eit langt større tal på sivile. Ville det ikkje ha vore naturleg å strøyma ut i gatene for å få frigjeve dei bortførte israelarane frå fangenskapet hos terroristane, noko som kunne ha hindra heile krigen?

Men ingen studentar slo opp leir framfor universiteta for å fremja boikott av Gaza og Vestbreidda, der støtta til Hamas er betydeleg. Ingen norske kunstnarar rykte ut med store underskriftsaksjonar mot palestinsk terror. Ingen gjekk under israelske flagg med krav om lauslating av gislane. I staden var det mange som la skulda for Hamas’ overfall på israelarane, på Israel.

Palestine Solidarity Committee, ein organisasjon for studentar ved Harvard, sende alt same dag som overfallet på israelske sivile ut eit brev som var underskrive av 33 studentgrupper. Her heitte det at «dagens hendingar skjedde ikkje i eit vakuum»; det israelske «apartheidregimet ber all skuld» fordi «israelsk vald har forma alle sider ved palestinsk eksistens i 75 år».

Same uttrykk blei brukt av FNs generalsekretær António Guterres, som sa at overfallet som kosta over 1000 menneskeliv «ikkje skjedde i eit vakuum», sidan palestinarane hadde vore utsette for okkupasjon i 56 år, eller sagt på ein annan måte: Eit av dei forferdelegaste terroråtaka i nyare tid må skjønast ut frå at terroristane var blitt undertrykte i lengre tid.

Ein kan seia at kontekst alltid er naudsynt for forståing. Men når brutaliteten når eit slikt nivå som i 7. oktober-massakren, kan kontekst bli misbrukt til å tilsløra karakteren av handlinga.

Også norske kunstnarar og kulturfolk samla seg til protest, ikkje mot overfallet på israelarane, men først då Israel svara. Nesten 2000 kjendisar av varierande kaliber greip ordet, men ikkje først og fremst mot nedslaktinga og brutaliteten som råka israelarar og utløyste ein ny Gaza-krig, men mot offera for overfallet, mot israelarane. Oppropet «slutta»: «Vi hever nå stemmen for en utvetydig fordømmelse av israelske angrep mot sivile, og for at norske myndigheter skal gjøre alt for å opprettholde folkeretten under de pågående angrepene på det palestinske folk.»

Helteforteljinga

Israel hadde i mange miljø ein viss immunitet mot kritikk i kraft av sitt opphav i jødeforfølgingane i det austlege Europa og Russland på 1800-talet og den industrielle nazistiske masseutryddinga av jødar under andre verdskrigen. Denne immuniteten tapar no si viktige rolle i debatten om Palestina-konflikten.

I essayet «Holocaust etter Gaza» i London Review of Books, trykt i norsk versjon i Klassekampen 9. mars i år, skriv den indiske forfattaren Pankaj Mishra at israelske leiarar, særleg frå og med Begin, har forma og spreidd «en helt egen versjon av Holocaust, som kunne brukes til å legitimere en militant og ekspansjonistisk sionisme». Det er ikkje snakk om at jødeforfølgingane til nazistane ikkje fann stad, men om at holocaust blir misbrukt av israelarane, «bygd opp, ofte nøye planlagt, med spesifikke politiske mål».

Dermed skjer det ei radikal endring av det grunnleggjande positive tilhøvet til staten Israel hos nesten alle i den første etterkrigsgenerasjonen, dei som er fødde før midten av 1960-åra. Vårt minne om Israels og sionismens opphav i jødeforfølgingane dannar basis for forteljinga om Israel som heroisk historie.

Vi oppfatta ikkje det sionistiske prosjektet, som hadde ført stadig fleire jødiske innvandrarar til det osmanske Palestina på 1800-talet, som fordriving, men som flukt og legal innvandring motivert av ein jødisk nasjonalisme som oppstod samstundes med heile den europeiske nasjonalismen.

Denne jødiske innvandringa til Palestina skaut fart gjennom dei russiske pogromane i 1880-åra, sjølv om langt dei fleste austeuropeiske jødiske emigrantane reiste til Nord-Amerika. Den jødiske folkesetnaden i Palestina steig frå 5000 i 1840 til 17.000 i 1880 og til 80.000 i 1914, 13,6 prosent.

Med den bibelske oppsedinga vår oppfatta vi dei historiske og kulturelle banda mellom jødane og Palestina som noko sjølvsagt. Det var ei organisert innvandring der leiinga i jødiske organisasjonar gjekk stille i dørene med føremålet om å gjera jødane til majoritet i det nye landet, men landområda som dei jødiske innvandrarane slo seg ned på, var lovleg kjøpte.

Sjølv om dei sionistiske organisasjonane arbeidde for at jødar skulle reise til Palestina, så var jødane som drog dit, likevel ikkje utsendingar og settlarar frå eit mektig kolonialistisk moderland som ville skaffa seg ekstra territorium og utnytta framande ressursar. Var ikkje mange av dei snarare fattige, forfølgde og heimlause menneske som ville byggja seg ein heim der dei hadde sine kulturelle band eller ville skapa seg slike?

Rett nok var dei første sionistane frå det austlege Europa ein jødisk elite av unge og sterke menneske med ein sosial utopi. Denne palestinsk-jødiske eliten frykta under og etter andre verdskrigen ei tilstrøyming av traumatiserte konsentrasjonsleirfangar som ville liggja det jødiske samfunnet i Palestina til last, og prøvde å avgrensa innvandringa av krigsskadde jødar.

Ikkje desto mindre blei Palestina ei tilflukt for dei heimlause jødane i Europa etter krigen. Berre i den nye staten Israels første leveår kom 200.000 flyktningar til landet, og i slutten av 1949 hadde kvar tredje innbyggjar i Israel bakgrunn frå holocaust. I tillegg kjem den jødiske utvandringa frå arabiske og muslimske land, som nådde mellom 800.000 og éin million i åra 1948–72.

Gjennom 1950- og 60-åra stod Israel fram for min generasjon som ein prekær og etisk høgverdig nasjon, trua av dei overmektige arabiske nabolanda. Vi såg Israel som ein underlegen og heltemodig nasjon som berga seg gjennom krig etter krig på liv og død.

Dette biletet av det truga og kjempande jødiske samfunnet går heilt tilbake til den jødiske motstanden mot romarane på fjellet Masada i år 69–72 e.Kr. og til oppstanden i Warszawa-gettoen i 1943. Under sjølvstendekrigen i 1948 kjempa den vesle jødiske befolkninga åleine mot Syria, Egypt, Jordan, Libanon, Irak og Saudi-Arabia, i tillegg til dei palestinske arabarane, og gjekk sigerrik ut av striden.

Denne israelske heltehistoria er einsidig, nett slik som motforteljinga om Israel som koloniprosjekt òg er einsidig. Men einsidig vil ikkje seia usant. Det vil seia at det er noko som manglar.

Også seksdagarskrigen i 1967 og jom kippur-krigen i 1973 blei sett som det vesle Israels siger mot overlegne styrkar som ville utsletta den jødiske befolkninga. Så alvorleg oppfatta den israelske leiinga trugselen mot Israel i 1973 at Golda Meir fekk klargjort israelske atomvåpen til bruk mot den framrykkande egyptiske hæren.

«Det som langt inn i 1990-åra blei sett på som ekstremistiske synspunkt på Palestina-konflikten, er no den offentlege meininga.»

Koloniforteljinga

Om vi ut frå denne helteforteljinga kallar Israels historie fram til 1970-åra for landets heroiske fase, startar den tragiske fasen i og med den sigerrike seksdagarskrigen, som utvida Israel til de facto å omfatta Vestbreidda (og Gaza fram til 1994). Denne erobringa eller okkupasjonen skapte eit uløyseleg problem for Israel, nemleg overherredømet over ei palestinsk befolkning som var grunnleggjande fiendtleg innstilt til Israel, og som snart ville overstiga israelarane i tal.

Fleire israelske statsministrar frå Shimon Peres til Ariel Sharon innsåg det prekære og livsfarlege, men vel også det umoralske i situasjonen, og prøvde å løysa floken. Historikarane og begge partane i konflikten stridest om årsaka til at fredsforhandlingar gjennom 1990- og 2000-åra ikkje førte fram. Denne diskusjonen lèt eg liggja her.

Etter samanbrotet i fredsforhandlingane følgde den andre palestinske intifadaen, opprettinga av Hamas, terroråtaka inne i Israel, samanbrotet til den israelske fredsrørsla, oppføringa av tryggingsgjerdet mot Vestbreidda, høgredreiinga av israelsk politikk, veksten i israelske busetjingar på Vestbreidda til ei befolkning på nesten 300.000, og ein kontroll over den palestinske befolkninga som nær fullstendig har øydelagt Israels internasjonale rykte. Om det ikkje går å seia at den israelske statsdanninga er eit kolonialistisk prosjekt, er det vanskeleg å nekta for at busetjingspolitikken på Vestbreidda har kolonialistiske drag. I alle fall har den israelske nybygginga på Vestbreidda skapt ein uhaldbar situasjon med store palestinske lidingar.

Denne tapte æra har ført helteforteljinga om Israel inn i skugge og gløymsle. I staden er det opna plass for ei forteljing som her heime opphavleg berre blei knytt til Palestinakomiteen. Dei stod nær marxist-leninistane i AKP (m-l) og internasjonale terrororganisasjonar som den vesttyske Røde Armé Fraksjon, som i 1970-åra fekk våpentrening hos palestinske frigjeringsorganisasjonar i Jordan.

Radikal forvandling

Det som langt inn i 1990-åra blei sett på som ekstremistiske synspunkt på Palestina-konflikten, er no den offentlege meininga, med den avgrensinga at ein stadig held på den såkalla tostatsløysinga, som både israelarar og palestinarar i praksis har gjeve opp.

Den israelske helten som forsvarar seg mot overmakta og vinn mot alle odds – dette positive biletet av israelaren er blitt negativt.

Helten er blitt djevel.

Den undertrykte jøden som nazistane ville utrydde, er blitt «nazifisert», sjølv ein undertrykkjar, ein som forfølgjer andre på etnisk grunnlag – slik er det nye biletet. Det er det radikale biletet av Israel, det som låg i lommebøkene til marxist-leninistane og palestinavenene på ytste venstre fløy, som er friska opp, mangfaldiggjort og spreidd i alle gode krinsar. Noreg, som i Arbeidarpartiets stordomstid var ein av Israels næraste vener, den gong Israel var litt av ein sosialistisk utopi, blir no rekna av Israel som eit av dei mest Israel-fiendtlege landa i den vestlege verda.

Korleis kom denne radikale forvandlinga i stand, dette skiftet frå kvitt til svart? Det skjedde ved at Israel forvandla seg gjennom okkupasjonen av Vestbreidda, busetjarrørsla og den politiske rørsla mot høgre. Samstundes kom det eit generasjonsskifte i våre politiske og journalistiske krinsar, med tonegjevande folk som ikkje har opplevd 1960–70-åras Israel og landets kamp for å overleve, og som ikkje lenger har den sympatien med israelarane som krevst for å sjå den prekære situasjonen som tvinga landet ut i dagens uføre.

Som tredje årsak må ein rekne gjennombrotet for den postkoloniale ideologien, som gjennom gløymsle eller avvising av ei rekkje historiske særtilhøve teiknar Israel som ei vestleg, kvit kolonimakt som tek seg til rette overfor ei farga, austleg befolkning i eit framandt land der dei er inntrengjarar.

Aksjonar og reaksjonar

I ein nyleg artikkel av Didier Fassin, fransk antropolog og professor ved Collège de France, blir tilhøvet israelarane har til palestinarane, framstilt analogt med tilhøvet mellom det namibiske hererofolket og tysk kolonimakt og nybyggjarar i Tysk Sørvest-Afrika i 1904. Tyskarane hadde teke landet til hereroane, okkupert vasskjeldene deira og underkasta dei tvangsarbeid.

Som ein reaksjon på undertrykkinga gjekk hereroane til åtak på tyske nybyggjarar i eit hærtog som drap over 100 sivile settlarar. Opprøret spreidde seg og blei først slått ned då eit tungt væpna tysk marinekorps på 15.000 mann etter lang tid kom til det som i dag er Namibia. Tyskarane førte ein utryddingskrig mot urfolka i området, drap dei fleste og jaga mange ut i ørkenområda, der dei omkom. Dette blir rekna som det første folkemordet i det 20. hundreåret, og israelarane kan no, meiner Fassin, gjennom Gaza-krigen utføre det første folkemordet i vårt hundreår.

I eit svar til Fassin peiker Eva Illouz på skilnadene mellom Tysklands og Israels roller, og ulikskapane mellom Gaza-krigen og folkemordet i den tyske kolonien. Men at samanlikninga i det heile teke kjem opp, inneber ikkje berre ei åtvaring om korleis valdsspiralen kan leia ut i avgrunnen, men er indirekte ei tolking av Palestina-konflikten som «skjønar» og etisk legitimerer åtaket på dei sivile israelarane den 7. oktober, fordi dei blir oppfatta som settlarar og representantar for okkupasjonsmakta og undertrykkjarane.

Slike definisjonar kan gjera om nedskytinga av ungdommar og born, bortføringa av spedborn og eldre, til «oppstand» eller «væpna motstandshandling», slik fleire venstreorienterte intellektuelle ifølgje ein reportasje i Le Monde skal ha gjort ved ein rundebords­konferanse i Pantin i Frankrike i år.

Det er eit brilleskifte som skaper mirakel. Nesten alle observa­tørar ser at det var Hamas-overfallet som starta krigen i Gaza, og trur det var meininga til Hamas å råka israelarane så hardt at dei ville senda hæren inn i Gaza, der store sivile tap ville øydeleggja Israels internasjonale rykte. Men trass i at ein ser at dei sivile dødstala i Gaza kan ha vore ein del av strategien til Hamas, rettar ein kritikken mot Israel. Dette er også briller som gjer det umogleg å sjå at det sit 150 bortførte menneske i tunnelane på Gazastripa, for bortføring av settlarar er ei «motstandshandling».

To perspektiv

Skiftet i synet på Israel, frå det eg har kalla helteforteljinga, til det postkolonialistiske blikket, kan også skildrast som eit rolleskifte i kampen mellom David og Goliat: Medan vi før såg Israel som det vesle, intelligente og heroiske landet i kamp mot dei store, totalitære og farlege arabiske landa, med ein befolkningsskilnad på 5 mot 300 millionar, eller 1 mot 60, er rollene no bytte om. Israel er blitt den store og mektige militærmakta mot dei små og makteslause palestinarane som ikkje har noko anna middel mot overmakta enn geriljakrig og terror.

Dette skiftet er også eit perspektivskifte. Israel blir ein overmektig Goliat mot dei underlegne palestinarane når vi ser konflikten i eit lokalt geografisk og tidsmessig kort perspektiv – berre innanfor det gamle britiske Palestina-mandatets grenser og berre sidan byrjinga av 2000-åra og nokre tiår fram. I dette perspektivet er Israel uovervinneleg og palestinarane hjelpelause.

Men dersom vi utvidar perspektivet geografisk til å bli globalt, og tidsmessig 100 år bakover og framover til 1900–2100, skifter rollene. Då blir Israel igjen den underlegne som slåst på liv og død mot overmakta, medan palestinarane blir dei mektige som kan rekna med å vinna.

Sosiologen Eva Illouz høyrer til dei som ser Palestina-konflikten i det lengre perspektivet, der Israels situasjon ikkje berre blir prekær, men der heile eksistensen til nasjonen står på spel. Den israelske historikaren Benny Morris nyttar det same perspektivet på konflikten mellom israelarar og palestinarar.

Morris er kjend for å ha korrigert glansbiletet av israelsk historie og vist at mange, kanskje fleirtalet av dei palestinske flyktningane under sjølvstendekrigen i 1949, blei fordrivne, og at det fanst jødiske terrorhandlingar. Forskinga hans konkluderer likevel med at fordrivinga meir var ei følgje av sjølve krigen, i eit område der jødisk og arabisk befolkning budde om ein annan, og ikkje frå byrjinga var ein plan om folkefordriving.

Illouz og Morris er begge framståande akademikarar, politisk liberale når det gjeld dagens israelske samfunn. Begge er internasjonalt orienterte, og begge står innanfor den israelske røyndomen på ein måte som ikkje er mogleg for oss som ser konflikten på avstand og lett blir prega av korleis vinden blæs.

Prekært prosjekt

I ein artikkel frå 8. februar skriv Eva Illouz at Israel står overfor tre store eksistensielle trugsmål: Det direkte trugsmålet er militært, representert ved terrororganisasjonane Hamas og Hezbollah og fiendtlege statar som Iran, Syria og Jemen.

Dei andre to trugsmåla ser ho koma innanfrå. Først gjeld det den messianske busetjarrørsla, som ho meiner vil føra til øydelegginga av det israelske demokratiet. Denne autoritære og ofte religiøst fanatiske rørsla blir styrkt av veksten i den ortodokse jødedomen, som også er antidemokratisk.

Nær knytt til desse retningane er det ho kallar forfallet i kompetansen og den profesjonelle etosen som alltid har kjenneteikna det israelske samfunnet, eit forfall som kom for dagen i samanbrotet til etterretningstenesta den 7. oktober. I framgangen til høgresida og særleg i Netanyahus manøvrar for å halda seg ved makta ser Illouz ei utholing av den israelske samfunnsånda. Dette har svekt landets internasjonale rykte og evne til sjølvforsvar.

Denne analysen blir forsterka i eit intervju Helge Øgrim har med Benny Morris i Minerva 29. april. I likskap med Illouz avviser han definisjonen av Israel som eit kolonialistisk prosjekt som «historisk meiningslaust», men seier som henne at busetjarrørsla på Vestbreidda har klare kolonialistiske trekk. Det er snakk om ein «lokal kolonialisme». Begge er altså motstandarar av den jødiske busetjinga på palestinsk land.

Som Illouz peiker Morris på veksten av ultraortodoks jødedom som ein trugsel mot staten Israels eksistens. Mange av dei ultraortodokse, som lever på statlege stipend, ikkje er i arbeid og er fritekne frå militærteneste, får frå seks til åtte barn per familie og utgjer no 15 prosent av landets befolkning. Held utviklinga fram, vil dei utgjere fleirtalet om 40 år. Då har den israelske staten, ifølgje Morris, «ingen framtid».

Også andre omstende gjer Israels framtid prekær: Israel er i dag ei av verdas sterkaste militærmakter, men dei arabiske naboane kan etter kvart vil bli militært sterkare enn det geografisk vesle og befolkningsmessig underlegne Israel. Ein må også rekna med iranske atomvåpen. Israels støtte i Vesten og særleg i USA vil verta svekt med tida, særleg etter som minnet om holocaust bleiknar hos nye generasjonar.

Krigen

Tre veker etter overfallet den 7. oktober skreiv historikarane Niall Ferguson og Jay Mens at Israel var sett i «trekktvang», eit omgrep frå sjakken som inneber at ein spelar for å halda seg innanfor spelereglane ikkje har noko val, men må gjera eit bestemt trekk. I Israels tilfelle skal dette ha vore å gå militært inn i Gaza i ein freistnad på å øydeleggja Hamas.

Alle andre trekk, skreiv forfattarane, ville vera umoglege, på grunn av redsla og raseriet åtaket hadde skapt i heile nasjonen. Å tillata at Hamas blei verande ved makta i Gaza, ville «etterlata Israel i permanent angst». Trass i at ein invasjon må få katastrofale følgjer for den palestinske sivilbefolkninga i Gaza, er invasjonen «tvungen», fordi å ikkje gjera det ville styrkja alle landets fiendar, tillata Hamas å styrkja stillinga si og øydeleggja den avskrekkingseffekten som er ein viktig del av Israels eksistens.

Dette synet, som kanskje kan kallast det «realpolitiske», blir delt av Benny Morris. Han meiner at det finst «ingen kloke val» etter slike terroråtak, og at land som blir utsette for terror av denne karakteren, er «nøydde til å svara». Manglande militær reaksjon ville stått fram som ein siger for Hamas, og konsekvensen kunne ha vore fullt åtak frå Hezbollah i nord og opprør på Vestbreidda, med «forferdelege» følgjer.

Israelske soldatar har trekt seg ut etter tokt nord på Gaza 31. mai, og palestinske kvinner vender attende til Jabalia flyktningleir.

Israelske soldatar har trekt seg ut etter tokt nord på Gaza 31. mai, og palestinske kvinner vender attende til Jabalia flyktningleir.

Foto: Mahmoud Issa / Reuters / NTB

I ei mykje omtala erklæring frå 13. november 2023 seier den tyske filosofen Jürgen Habermas saman med tre andre kjende tyske akademikarar at «Tysklands demokratiske grunnhaldning, som innrettar seg etter forpliktinga på respekt for menneskeverdet, er knytt til ein politisk kultur der jødisk liv og Israels rett til å eksistera er sentrale element som krev særleg merksemd i lys av nazi-epokens massebrotsverk».

På dette grunnlaget hevdar Habermas og underskrivarane elles at Hamas-massakren den 7. oktober, utført «i den erklærte hensikt å tilinkjesgjera jødisk liv heilt og fullt», har fått Israel til å slå tilbake, og at dette mot­åtaket – altså den pågåande israelske invasjonen på Gazastripa – er «i prinsippet rettferdiggjort».

Dei seier vidare at «trass i all medkjensle med og uro for det som skjer med den palestinske befolkninga» under denne krigen, så er det ei «fullstendig feilaktig bedømming å tilleggje den israelske framgangsmåten folkemord som mål». Tyskarane meiner at desse «prinsippa for solidaritet» med israelarane burde vera heva over diskusjon. Til diskusjon står derimot korleis krigen blir ført, spørsmåla om «proporsjonalitet, vern av sivile, og utsiktene til ein framtidig fred».

Erklæringa frå Habermas er gyldig for heile den moderne vestlege sivilisasjonen, som etter siste verdskrig har mykje av det etiske grunnlaget sitt i oppgjeret med nazismen. Overfallet på israelarane den 7. oktober gjer det legitimt og naudsynt å oppnå ei anna styring av Gazastripa enn gjennom Hamas, i prinsippet på same måte som krigen mot Al Qaida i Afghanistan var legitim etter åtaket på World Trade Center 11. september 2001, og slik som også krigen mot IS var legitim.

Ei anna sak som ikkje har vore tema i denne artikkelen, er at den israelske krigføringa har fått umenneskelege følgjer for både den palestinske befolkninga – ikkje minst alle dei drepne borna – og for Israels eiga framtid. Etter fleire månaders krig utan at den israelske hæren har funne korkje dei bortførte gislane eller Hamas-leiarskapen, medan Israels internasjonale støtte ser ut til å bryta saman i takt med at bileta og tala fortel om stadig meir liding for dei sivile på Gazastripa, må ein spørja kor realistisk den «realpolitiske» lina er.

Dermed oppstår det eit dilemma mellom ein krig som held fram med store menneskelege lidingar for palestinarane, og ein fred som kan undergrava framtida til israelarane og skapa like store eller større lidingar.

Ansvar

Det er ikkje berre israelske intellektuelle som Eva Illouz og Benny Morris som ser Israel og Palestina-konflikten i eit langt, utvida og prekært perspektiv. Også palestinske intellektuelle og frigjeringsorganisasjonar frå PLO til Hamas har sett det slik. Om ein skal tru analysen til Benny Morris i One State, Two States (2009), såg også Yasir Arafat og palestinarane som forhandla om tostatsløysinga i 1990- og 2000-åra, for seg ei full palestinsk erobring av heile landet «from the river to the sea» – trass i forsikringar om Israels rett til å eksistera.

Terroråtaket 7. oktober er ein del av den strategien som ser konflikten i det store perspektivet som endar med Israels samanbrot og – kan ein frykta – undertrykkinga, fordrivinga eller massakren av den jødiske befolkninga i Israel.

Om den israelske heltehistoria er ein slags nasjonal hagiografi eller ei helgenlegende, så lir den palestinske lidingshistoria av overslag den andre vegen, med halvlukka augo for palestinsk terror og eit krigersk ønske om revansj som ikkje står attende for den israelske busetjinga på palestinsk land. Dei to forteljingane eller perspektiva må utfylla og korrigera kvarandre i eit kompromiss.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Gustave Doré skildra i 1866 lagnadskampen mellom David og Goliat.

Gustave Doré skildra i 1866 lagnadskampen mellom David og Goliat.

Fleire artiklar

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen
Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov
Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis