JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Den som kviskrar på torget

Det gjer godt å lesa Marilynne Robinson; ein får tilbake trua på at det finst andre krefter enn dei enkle ideologiane og dei forenkla slagorda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6144
20230616
6144
20230616

Når alle skrik over kvarandre på torget, gjer ein klokt i å lytta til den røysta som snakkar lågast, skriv Søren Kierkegaard ein stad. Det er ikkje mindre sant i våre dagar, når teknologien har skapt smarte reiskapar for å få tak i den dyre tida og merksemda vår.

Det fører til at somme spørsmål blir nesten umogelege å skriva om. I debatten om nyare kjønnsteori blir folk med ukorrekte synspunkt boikotta og kasta ut av akademia. På den andre ytterkanten blir det truga med og utført vald. Ein nyansert samtale om desse spørsmåla finst knapt i det offentlege rommet. Det er tendensar til liknande polarisering i debatten om kjøtproduksjon og miljø, der det er vanskeleg å sjå føre seg noko som kan likna meiningsutveksling mellom ytterfløyene.

Skrik og skrål

Men også i våre dagar finst det røyster som talar på ein annan måte. I ledige stunder låner eg øyre til Marilynne Robinson, forfattaren av Gilead-kvartetten, romanforfattar og filosof som blir rekna mellom dei aller beste i USA for tida. I tillegg til å skriva romanar på nobelprisnivå er ho ein populær talar og filosofilærar, og denne sida ved forfattarskapet hennar kan vi bli kjent med i boka Hva gjør vi her?, som kom på norsk nyleg.

Amerikansk politikk er i høg grad prega av skrik og skrål for tida. Fleire og fleire sluttar heilt å høyra på motparten og skuldar dei heller for løgn og konspirasjonar. Robinson fortel at ho ikkje kunne diskutera politikk med mora dei siste åra ho levde. Ho såg berre på dei høgreorienterte TV-kanalane og trudde ikkje på noko som kom frå demokratisk hald. Robinson sjølv har tilknyting til Det demokratiske partiet. Det var naturlegvis sårt for dottera at mora gjekk inn i ei konspiratorisk verd dei siste åra ho levde.

Sterk splitting

Robinson er uroa av den sterke splittinga i USA. Men hennar reaksjon er ikkje å pøsa på med skuldingar mot motparten, sjølv om det ikkje manglar på galskap på høgresida for tida. I staden skriv ho på ein måte som nyanserer. Ho er teologisk engasjert, og ho skriv interessant om den protestantiske tradisjonen som prega dei første innvandrarane til USA; dei var ofte religiøse flyktningar.

Ho nyanserer ettermælet til Cromwell, ein herskar mange i dag stort sett tenkjer på som ein autoritær puritanar (som herska i England ein periode på 1600-talet og mellom anna avretta kongen). Poenget er ikkje å reinvaska Cromwell, men å peika på at mange fridomsidear vart utvikla i hans tid, sjølv om han sjølv søkte makt. Påpeikinga av fridomsideane i protestantismen er ein indirekte kritikk av dagens evangeliske leiarar, som i stor grad har støtta det ytre høgre. Ho peikar også på at sentrale personar i det demokratiske partiet, som Obama og Carter, høyrer til nettopp den protestantiske sida. Med andre ord: Ho nyanserer den polariserte framstillinga av det sekulære venstre og det religiøse høgre.

Demokratisk problem

Viktigare i resonnementet hennar er den sterke vekta ho legg på dei humanistiske faga. Korleis vi kan styra den viltveksande teknologien og profittjakta, ja, finna ut kvifor vi er her, kan berre dei humanistiske disiplinane svara på. Det er dei som har utvikla fridomsideane, drøfta verdispørsmåla, freista å forstå konsekvensane av naturvitskaplege innsikter og – ikkje minst – lært oss å nyansera. Polariseringa som heimlandet hennar opplever, er eit nederlag for denne lærdomstradisjonen, og nedbygginga av tilgangen til utdanning er difor eit stort demokratisk problem.

Det er stor skilnad på Noreg og USA både i historie og i sosial struktur. Men mekanismane som forenklar, deler opp i grupper og omskaper kompliserte problem til enkle slagord, er nokså like. Diskusjonar blir erstatta av skuldingar om svik og vond vilje. Det har mellom anna med tempoet i informasjonsstraumen å gjera.

Medan dei gamle einevaldsstatane og dei nye diktatura heldt tilbake informasjon, så folk fekk vita for lite, druknar dei vestlege samfunna i informasjon. Det skaper nye måtar å manipulera på – ved at ein druknar ålmenta i skit. Når viktig og samfunnskritisk informasjon kjem fram, kan dei som har noko på samvitet, spreia tallause halvsanne eller løgnaktige versjonar av saka, i ein grad som gjer at den viktige informasjonen blir heilt borte.

Produktiv usemje

For snart ti år sidan skreiv Lars Laird Iversen boka Uenighetsfelleskap – blikk på demokratisk samhandling. Der tek han avstand frå førestillinga om at ein god stat må formulera eit felles verdigrunnlag. I staden må vi sjå verdien i å vera usamde og innsjå at ingen av oss har svar på alle spørsmål. Dette har brodd mot identitetspolitikk, der ein tenkjer seg at alt skal avgjerast ut frå ein kulturell identitet åleine. I staden for å tru at semje er målet, blir produktiv usemje den politiske krafta.

Dette er eit interessant synspunkt, og det var vel også ein replikk til Bondeviks verdikommisjon. Men også denne modellen krev eit minimum av semje, nemleg trua på at fri diskusjon er viktig, at ytringsfridom er konstruktivt. Og det byggjer igjen på at det må finnast eit minimum av tillit mellom deltakarane i diskusjonen. Dersom alle mistenkjer motstandarane for å vera løgnarar og kjeltringar, blir det ikkje noko fellesskap av usemja, det blir borgarkrig.

Det politiske systemet vårt vekslar mellom polariserte diskusjonar og forhandlingar. I Stortinget syner det seg i at ein diskuterer og framhevar skilnadane i salen, medan ein forhandlar og finn fram til felles løysingar i komiteane. Det må vera ein balanse mellom desse to måtane å arbeida på.

Når spørsmål blir for sterkt ideologiserte, som til dømes i spørsmål om kjøtproduksjon versus miljøvern, kan vi hamna i situasjonar der ingen møtepunkt finst lenger. Det er ein fare i alle debattar, frå forsvarspolitikk til urfolksrettar.

For å forhindra det trengst det nokon som snakkar med låg røyst. Og gjerne med stor kunnskap og humanistisk autoritet, som Marilynne Robinson.

Leit etter den som kviskrar på torget.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis