JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Då maskinane måtte gje tapt

Datamaskinane maktar ikkje å rekonstruera dokumenta som Stasi-folka makulerte då DDR fall.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei kvinne prøver å pusle saman dokument som vart rivne sund av Stasi-offiserar då DDR braut saman.

Foto: Frank Jordans / NTB scanpix

6985
20180126
6985
20180126

Frå Berlin kjem meldinga om at Stasi har vunne mot datamaskinane. Nesten tre tiår etter at muren vart broten ned, syner det seg at dei hektiske siste vekene med frenetisk dokumentmakulering i det austtyske Ministeriet for tryggleik (MfS) held fram med å kasta skuggar over det demokratiske Tyskland. Sjølv datamaskinane må no gje tapt for Stasi.

For det syner seg no at datamaskinane ikkje maktar å setje saman sundrivne dokument slik ein trudde. Det inste av Stasis overvakingsmateriale vert liggjande som arkeologiske godbitar for neste generasjon. Her er historia:

Leit ikkje på maskinar

Stasi-hovudkvarteret i Normannenstrasse i Aust-Berlin er eit digert kompleks av kontor, avhøyrsrom og celler i ein eigen bydel – i dag antistalinistisk museum etter at tidlegare fangar hadde sytt for å ta vare på bygningane etter DDRs fall i 1990. Dei storma huset i januar 1990. Reis dit og sjå historia i bilete på veggane. Den einaste staden du kan sjå Stasi-kontor urørte frå DDR-tida, er i Leipzig. Der rakk ikkje Stasi-folka å øydeleggja noko – dei vart overraska av rasande DDR-borgarar.

I Normannenstrasse kan du sjå Lenins dødsmaske på skrivebordet til tryggleiksminister Erich Mielke. Han var mannen som måtte dømast for eit mord han hadde gjort som ungkommunistisk aktivist i Weimar-republikken – tysk lov kunne ikkje døma han for brotsverk gjorde som minister i ein anerkjend stat, DDR.

Mielke stolte ikkje på datamaskinen, som så vidt var komen i tenestetida hans. Difor kan du sjå trommel på trommel av grønfarga stål som inneheld detaljopplysingar om tusen på tusen av DDR-borgarar. Informasjonen ligg på holkort og vart samla inn av dei «uformelle» medarbeidarane (såkalla «IM») – orwellsk for spionar – som rapporterte frå arbeidsplassar, organisasjonar og til og med familiar over heile landet. 6,5 millionar menneske av eit folk på 17,8 millionar vart engasjerte som spionar med regelbunden leveringsplikt. Langt meir omfattande enn Gestapo i Nazi-Tyskland. Storebror i praksis.

Klassisk er soga om kona som ville vite kva Stasi hadde på henne, ei aktiv kvinne i kyrkjekampen. Ho oppdaga lange leveransar frå ektemannen om det intime livet deira. Ho braut saman og spydde. Dei er no skilde. Dette syner kor opprivande for alt moralsk samhald spioneriet var.

James Bond i røynda

I Normannenstrasse kan du òg sjå bildører med skjulte kamera, trerøter med holrom for overlevering av dokument og filmar, nellikblomar med kamera bak og paraplyar med giftspiss. Eg har vore der sjølv, som gjest hjå den førre direktøren Klaus-Dietmar Hencke. James Bond frå røyndomen, men utan glamouren. Berre trist å sjå kva menneskeleg intelligens kan brukast til av undertrykking.

Og avhøyrsromma som alle som har sett filmen De andres liv, vil grøsse av. Stolar med hol i, slik at lukta frå fangar kan takast vare på og brukast av hundane som vert sette etter deg. Eg såg klutane med lukt teken frå slike stolar, stappa ned i glaskrukker på rad og rekke og grundig merkte.

Det var presten Joachim Gauck, den førre forbundspresidenten i Tyskland, som sytte for at desse arkiva vart tekne vare på – derav namnet «die Gauck Behörde». No er arkiva i krise.

Minne om dyster epoke

Normannenstrasse og fengselet Hohenschönhausen i Nord-Berlin er eit fascinerande minnesmerke over ein dyster epoke i tysk historie. Send alle revolusjonsromantikarar dit. Eit monument over eit diktatur som brukte enorme summar på å spionera på eige folk, ofte nære familiemedlemmer. Eit tyranni som ikkje veik attende for å drepa folk som freista flykta, og som ofte lét dei liggja og blø i hel ved muren. Som særleg freista å svekkja kyrkjene, som var samlingsstad for motstandarane av regimet.

Dette var styret som mange norske venstresosialistar var altfor ukritiske til, der dei var med på konferansar om DDR som eit fredeleg og barnehagevennleg regime som skulle byggja sosialismen på tysk grunn. Austersjøen som «fredens hav» var eit slagord som gjorde inntrykk på desse reisande.

Desperat øydelegging

Hausten 1989 skjøna Stasi-folka, som den dag i dag ikkje syner mykje anger, at tida heldt på å renna ut for dei. Makuleringsmaskinane gjekk døgnet rundt, men dei gjekk varme. Då sette Stasi-folka i gang med å riva sund belastande dokument for hand.

Eg har sett døme på det sjølv: ein dosent i engelsk i Rostock, trur eg det var, vart innrapportert for å ha kome med ironiske merknader om Erich Honecker i ei førelesing. Rapporten hadde til formål å gje han ei åtvaring. Rapporten var sundriven, men sett saman av disiplinerte hender.

Stasi-folka lét etter seg 16.000 sekkar med øydelagde dokument i strimlar som måtte rekonstruerast. Sekkane inneheldt 600 millionar strimlar frå om lag 45 millionar sider. To fotballbaner fulle av sekkar!

Rekonstruksjon

Gauck-arkiva fekk meir enn 80 millionar norske kroner for å rekonstruera dokumenta slik at folk som meinte seg overvaka, kunne sjå kva det hemmelege politiet hadde på dei – og ikkje minst kven som sende inn informasjonen. Fleire tyske politikarar vart sende ut i kulda ettersom det synte seg at dei hadde samarbeidd med Stasi.

Fyrst starta arbeidet med rekonstruksjon av dokumenta for hand. Så kom dataprogrammet ePuzzler som kunne skanna og rekonstruere skrift på dokument ikkje større enn eit fingerbøl. Ti år etter at det vart introdusert, har dei no gjeve opp.

Grunnen er mellom anna at dokument som er bretta, ikkje så lett lèt seg lesa. Dei må leggjast til for hand, og det er særs arbeidsintensivt. Sidan ePuzzler starta i 2013, har programmet limt saman 91.000 sider. Med det tempoet vil det ta 400 år å rekonstruere heile arkivet.

Til London Times seier Roland Jahn, sjef for programmet, at dei tekniske problema er for store. Han meiner Stasi lukkast med å utsletta ca. 40 prosent av arkiva sine i dei hektiske haustvekene i 1989.

Forhandlingar er i gang for å finna ei nytt program, men det er mogleg at arbeidet må gjerast for hand att. Sidan 1990 er ca. 500 sekkar med papir blitt rekonstruerte. Det er 1,6 millionar sider.

I dokumenthaugane er det funne interessant informasjon om det austtyske dopingprogrammet som gjorde DDR til ein stor sportsnasjon – på gift. (No har Russland teke over den rolla.) Og kunnskap om RAF-terroristen Silke Maier-Witt som vart gjeven ny identitet i DDR etter at ho flykta dit etter eit bankran i Zürich der ein mann vart skoten.

Kvifor ikkje la norske skuleelevar som reiser med dei kvite bussane til Nazi-regimets minnesmerke, stogga ved Normannenstrasse, der dei kan læra noko om kva det raude og det brune diktaturet hadde til felles?

Men enno vil det ta tid før dei som kjende seg overvaka, kan få syn for segn om kven som spionerte på dei og kvifor. Oppgjeret må venta.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Makuleringsmaskinane gjekk døgnet rundt, men dei gjekk varme. Då sette Stasi-folka i gang med å riva sund belastande dokument for hand.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis