JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Då folkehelsa trumfa folkestyret

Under pandemien var det mykje snakk om å følgja «vitskapen», men gjorde vi verkeleg det? I Noreg som i dei fleste andre vestlege land var det helsebyråkratane og politikarane som bestemte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Måndag 18. desember vedtok eit fleirtal i Stortinget ei endring i smittevernlova og helseberedskapslova (isolering og smittekarantene m.m.).

Skjermdump frå Stortinget.no

6121
20231222
6121
20231222

Måndag 18. desember vedtok stortingsfleirtalet å innskrenka sjølvråderetten til norske borgarar så sterkt at jussprofessorane Hans Petter Graver og Morten Walløe Tvedt har kalla fridomstapa for «dramatiske». Også folkestyret vert råka midtskips av stortingsfleirtalet, som vedtok å umyndiggjera seg sjølv under komande epidemiar eller pandemiar.

Når regjeringa meiner omsynet til smittevernet krev det, kan dei heretter innføra dei strengaste tiltaka vi kjenner frå koronatida, utan å spørja Stortinget. I praksis vil det seia at ein handfull politikarar på eiga hand kan stengja skular, universitet, restaurantar, treningssenter og så bortetter og ta frå oss retten til fri forsamling og reise.

Kort sagt er det no lagt til rette for innføring av fåmannsvelde når nokre få meiner at omsynet til folkehelsa krev det.

Trumfar fridomen

Bak dette autoritære grepet ligg overtydinga om at folkehelsa trumfar den individuelle fridomen. Alles vel må gå føre ønska til den einskilde. Men er ikkje dette rett? Jau, men berre innanfor visse grenser, og desse grensene flyt. Kva tid vert min fridom eit overgrep mot andre sin? Kva tid vert allmennvelet til undertrykking?

Fordi svara på desse spørsmåla ikkje er gjevne, vert makta i liberale demokrati spreidd på fleire instansar, den individuelle fridomen vert verna mot politiske konjunkturar, og stor vekt vert lagd på open kritikk og diskusjon. Alle desse sikringstiltaka for fridom vert svekte gjennom dei innstrammingane stortingsfleirtalet gjer i smittevernlova.

Det er folks beste dei vil, dei som innskrenkar rettane våre. Men haka ved desse gode intensjonane er at dei som sit med makta, ofte er overtydde om at folk ikkje veit sitt eige beste, og difor ikkje kan få bestemma over seg sjølv. Maktmenneska trur samstundes klippefast på seg sjølv. Dei veit kva som er sant og rett og best for alle. I den gode striden for alles vel tek dei difor gjerne nokre snarvegar til målet og ofrar noko av fridomen vår til vårt eige beste.

Nedstenging

Den overtrua makta har på seg sjølv, er særleg tydeleg i denne saka, der ein ser ut til å ta for gjeve at nedstenging av samfunnet er det beste smitteverntiltaket i epidemiar og pandemiar. Men det er ikkje grunnlag for slik visse i denne saka. Røynsler frå pandemien forsvarar ikkje einsidig nedstenging og isolasjon som botemiddel.

Argumentet for nedstenging kviler i høg grad på den oppfatninga at den meir tradisjonelle tilnærminga i Sverige, med færre og meir liberale smitteverntiltak enn elles i Europa, førte til ein katastrofe.

I ettertid ser det ut til at hovudgrunnane til dei høge dødstala i byrjinga av pandemien i Sverige, var mangelfulle tiltak. Til dømes fekk svenskane høg smittespreiing mellom gamle og sjuke på grunn av systemet med heimevitjing og dermed spreiing av viruset. Men i sluttrekneskapen kjem Sverige likevel svært godt ut. For dei tre pandemiåra 2020–22 hadde Sverige relativt sett dei lågaste dødstala i Europa, også betre tal enn Noreg.

Helsefaglege råd

Årsaka til skilnadene i smitteverntiltak under pandemien ligg kanskje i kva miljø som fekk avgjera tiltaka. I Noreg som i dei fleste andre vestlege land var det helsebyråkratane og politikarane som bestemte. Det var mykje snakk om at vi måtte følgja «vitskapen», men gjorde vi verkeleg det?

Dei helsefaglege råda frå Folkehelseinstituttet (FHI) under Camilla Stoltenberg om ikkje å stengja skulane, vart ikkje følgde. Det var heller svenskane som best fylgde dei vitskaplege råda om varsemd med drastiske tiltak med store negative fylgjer for folkehelsa.

Ei slik fylgje ser ein truleg i korleis «pågangen til barne- og ungdomspsykiatrien i Oslo-området har eksplodert de siste årene» (Aftenposten, 30. mai 2023), utan at ein kan sjå noko tilsvarande i Stockholm, eit ymt om at skilnadene i koronatiltak kan ha vore årsaka.

Negative fylgjer

Ein nyleg publisert rapport i Storbritannia stør opp under denne konklusjonen. Skal ein tru den konservative tenketanken Centre for Social Justice (CSJ) i rapporten Two Nations. The State of Poverty in the UK, syner tala at nedstengingspolitikken hadde svært negative fylgjer for dei svake gruppene i samfunnet, og at dei fylgjene som kom under sjølve pandemien, er vortne kroniske.

Til dømes førte nedstenginga i forretningslivet til at talet på dei som mottok trygd, vart nær dobla frå litt under 3 millionar britar til litt over 5 millionar. To år seinare har talet på trygda ikkje gått ned, men held seg på same høge nivå som under pandemien. Unnataksløysinga har vorte fast.

Det same gjeld alvorleg skulefråvær med mindre enn 50 prosent frammøte. I Storbritannia hamna 60.000 elevar i denne kategorien før pandemien. Talet er no 140.000. Skulefråvær på meir enn 10 prosent råka om lag 1 million elevar før pandemien, og det har stige til 1,5 millionar i dag.

Vart varig

Det ser altså ut til at dei negative konsekvensane av nedstengingane, som vi gjerne tenkte oss skulle vere mellombelse, vart varige. Dei frå før svake gruppene vart ytterlegare svekte, og svekkinga vart varig.

Såleis kan det argumenterast for at både den vitskaplege kunnskapen og den historiske røynda frå nyare pandemiar, både dødstala frå koronapandemien og dei negative fylgjene for svake grupper, talar for at nedstengingspolitikken ikkje vert teken i bruk att, og at ein heller innfører smitteverntiltak utan å «bremse normal aktivitet unødig», som det heitte i beredskapsplanen frå 2014.

Også Koronautvalet frå i sommar konkluderte med at tiltaka råka dei mest sårbare folkegruppene for sterkt. Slike for strenge tiltak, som nedstenging av skular, vart som sagt frårådde av fagfolka i FHI, men innførte av byråkratane i Helsedirektoratet og av politikarane. Er ikkje dette ei røynsle som skulle tilseia at helsebyråkratane og regjeringa skulle få innskrenka makt under pandemiar? I staden har Stortinget gjeve dei meir makt over oss.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis