JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Brexit Blues

Boris Johnson surfa inn i Downing Street på brexit. No har han valet mellom å gjere Storbritannia fattigare eller å bli kalla forrædar av sine eigne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
15179
20201218
15179
20201218

Lytt til artikkelen:

I eit utkast til den faste spalta si for Daily Telegraph i februar 2016 skreiv Boris Johnson at brexit ikkje var bra for nasjonen. Å gå ut av EU kom til å bli eit «økonomisk sjokk» og sette Storbritannias eining i fare, fordi Skottland kunne velje unionen med EU framfor den med England. Av slike grunnar ville Johnson støtte statsminister David Cameron og remain-rørsla.

Dette stemte jo bra med Johnsons fortid. Då han var borgarmeister i London sa han til dømes: «Nobody serious want to leave the EU.» Nesten ingen av dei som styrte det britiske samfunnet, inkludert Johnson, trudde brexit kom til å bli ein realitet. Ikkje ønskte dei det heller.

Johnson sende førsteutkastet til Daily Telegraph, men ombestemte seg og skreiv eit nytt utkast til spalta. Det var klart for brexit, og det var denne versjonen han publiserte.

Sunday Times fekk seinare tak i førsteutkastet og publiserte det for å vise kor prinsippfast og overtydd statsministeren eigentleg var om brexit.

Vegen til topps

Etter at brexit blei ein realitet sommaren 2016, måtte statsminister David Cameron gå av. Det var jo han som sa ja til folkerøystinga, for å blidgjere det han trudde var harmlause skrullingar i utkanten av sitt eige parti. Sjølv var han heilt mot.

Dermed var Johnsons veg til toppen ganske open. Først kom han inn i regjeringa til Theresa May sommaren 2018 som utanriksminister. Så gjekk han av frivillig på grunn av den mislykka brexitstrategien til Theresa May. Ho makta ikkje å få til ei ordna skilsmisse med EU. Partiet hennar, med Boris Johnson i spissen, saboterte alle avtaleutkasta ho presenterte etter år med forhandlingar. I fjor sommar måtte May gi Johnsen nøkkelen til Downing Street 10.

Best for Boris

Heilt sidan Johnson bestemte seg (om kva som var best for Boris), hadde han framstilt seg sjølv som den einaste rette til å forhandle fram ein god exitavtale med EU. Vanskane var overdrivne. Det var berre å get brexit done, kor vanskeleg kunne det vere? Johnson fekk det til å høyrast ut som om britane berre kunne velje kva sjanger gunstig avtale Storbritannia skulle gå for. Ein som likna på den til Noreg, Canada eller kanskje heller Australia? Brussel skulle uansett ikkje få nokon påverknad på britisk demokrati, for det var jo heile poenget med brexit. EU måtte vel respektere den demokratiske viljen til det britiske folket?! Klart, svarte EU. Kan vi no sjå om vi endeleg får ferdig ein handelsavtale?

Nokre britar synest å tru at folkerøystinga deira var bindande for EU, litt som då grekarane hadde folkerøysting om dei skulle betale EU-gjelda eller ikkje. Det var å gjere opp rekning utan vert. Alt i sommar sa EUs sjefforhandlar Michel Barnier at det gjekk mot ein hard brexit. Johnson sa det same sist veke. Avtalen skulle eigentleg vere klar i mars 2019, etter to år med forhandlingar. No har dei brukt snart fire år. Kjem verkeleg EU-systemet til å avbryte juleferien for å snakke vidare med britane? Neppe, og om ikkje, er fristen i praksis vetlejulaftan.

EU har vore pragmatisk og tolmodig og vil svært gjerne ha ein avtale. Men no er dei leie, dette har kosta enormt mykje tid og ressursar som burde vore brukte på andre ting. Endå verre er det i Storbritannia, der det meste har dreidd seg om brexit i fem år.

Marknadsprisen

Det har vore som om britane trudde dei hadde funne opp ein type politisk Gore-Tex. Ein pustande membran som berre sleppte ut og inn det som er bra for britane (handel), og heldt ute alt anna. Full nasjonal suverenitet, og den enkle retorikken til brexitrørsla viser seg å vere urealistisk i globaliseringstidsalderen. Sjølv ikkje Nord-Korea har det.

Problema har heile tida vore dei same. EU krev tilgang til britiske farvatn for fiskeflåten, og det kunne dei nok blitt einige om. Dei største problema ligg i EUs krav om felles standardar for arbeidsmarknaden og industrien og rundt reglar om statlege subsidiar. Dette er jo kjernen i EU-prosjektets økonomiske side, noko vi i Noreg veit godt, med alle dei EU-reguleringar vi må akseptere. Dette er den høge prisen ein må betale for tilgang til fellesmarknaden. Om Storbritannia fekk tilgang utan krav om å følge dei same standardane, vil det lett gi britane konkurransefortrinn.

Ønsketenking

EU har ikkje vore vanskelegare enn ein måtte forvente, i ein union der alle dei 28 (snart 27) medlemslanda har veto. Sjølvsagt ville dei polske og rumenske regjeringane verna interessene til folk med opphav i dei landa, slik at dei ikkje mista alle rettar eller blei tvinga til å reise frå Storbritannia. EU som heilskap kunne heller ikkje gi Storbritannia så gode vilkår at det såg attraktivt ut for andre å følge eksempelet, det ville vore sjølvskading.

Det er brexitrørsla som heile tida har drive med ønsketenking og hatt svake forhandlingskort. Boris Johnson kan anten jenke seg, og dermed godta Brussels permanente påverknad på landet, eller han kan stå ved lovnadene til veljarane og dermed miste fri tilgang til verdas største marknad.

Det siste vil ramme britisk økonomi hardt. Tollbarrierane vil gjere britiske varer dyrare i EU og skape forseinkingar på grensa. Storbritannia er ikkje praktisk førebudd på ein slik situasjon frå 31. januar, og ekspertar spår kaos. Situasjonen ville blitt utrygg og uklar for alle. Johnson og hans folk skjøner dette, alle gjer det, og kjem derfor til å strekke seg så langt dei kan.

I akademia

Eg har budd mange år i England og har gode vener der. Dei fleste arbeider i akademia, til dømes professor Mark Thomas ved University College London. Når eg spør han kva han trur brexit inneber for britisk forsking og utdanning, veit eg kva svar eg får.

Storbritannia er ein mykje sterkare forskingsnasjon enn alle andre EU-land, også sterkare enn Tyskland. Difor har Storbritannia fått mykje meir ut av EUs enorme pott for forsking enn alle andre. Om vitskaplege britiske institusjonar blir kasta ut av EUs forskingsprogram, vil det vere ein nasjonal katastrofe. Ikkje berre økonomisk, men òg på grunn av at så mange forskingsmiljø er integrerte og samarbeider svært tett. Brexit inneber heilt nye spelereglar. Korleis vil den massive valfarten av studentar og forskarar frå EU til Storbritannia, og den mindre straumen andre vegen, bli påverka av brexit – hard eller mjuk? Iallfall ikkje positivt.

Forsking og utdanning har gjort Storbritannia leiande innan mange kunnskapsindustriar, dei har hatt store inntekter og mykje soft power. Fiskeindustrien har skapt mykje splid i forhandlingane og vore langt framme i media. Akademia har enormt mykje meir å seie for Storbritannias økonomi – rundt tretti gonger for å vere presis – men har knapt blitt nemnt.

Slik kunne ein gå gjennom sektor for sektor og påvise liknande problem. Bilindustrien kan til dømes berre lukke auga og håpe på det beste ved ein hard brexit. Men heller ikkje her er det berre Storbritannia som får lide. For bilane som blir produserte i Storbritannia, får delar frå mange land i Europa – og omvendt. Tollkøar ved Dover vil skape store problem for begge partar. Og bildelar rotnar trass alt ikkje, i motsetnad til landbruksprodukt.

Skottland i EU

Om dette stemmer: Kvifor vil britane seg sjølv så vondt? Svaret er litt paradoksalt. Det same som gjorde at britane ville ut – den økonomiske globaliseringa og den politiske integreringa til EU – gjer det vanskeleg å kome seg ut med økonomien intakt.

Eg skreiv at «britane» vil ut. Men kven stemte eigentleg for brexit? Jau, det var 37 prosent av dei med stemmerett. Det klare fleirtalet av desse var engelske, ikkje skottar, walisarar eller nordirar. I Skottland stemte 62 prosent for at Storbritannia skulle bli verande. Der aukar presset for ei ny folkerøysting om sjølvstende. Storbritannia kan bli mykje mindre stort som ei direkte følge av brexit, slik Johnson frykta.

Den geografiske fordelinga er like tydeleg som den demografiske. Alder og utdanning var òg avgjerande. Folk med høg utdanning stemte stort sett for å bli. Det same gjorde ungdommen. Unge folk med høg utdanning støtta i svært liten grad brexit. Gamle folk med låg utdanning gjorde det i høg grad. Problemet for remain var at prosentdelen unge som stemte, var markant mindre enn blant eldre. Forskjellen var stor nok til å avgjere valet.

Ein kan seie kva ein vil om det. Til dømes at dei med låg utdanning ikkje skjønar seg på politikk og økonomi. Eller at det finst reelle interessemotsetnader mellom dei utdanna elitane og resten av landet – noko eldre kanskje har lært seg gjennom livet. Det blir uansett feil å klandre folk i eit demokrati for å nytte stemmeretten.

Klasseskilje

I Storbritannia er som kjent forskjellen mellom overklassen og resten større enn dei fleste andre stader. Ingen kan nekte for at dei britiske elitane kan vere nedlatande og lite audmjuke for nedarva privilegium. Samstundes var det opphavleg berre høgresida i torypartiet som ville ut av EU – trudde alle. I valkampen skjedde det så mykje ulovleg at mange meinte valet måtte annullerast. Alle visste det var ei nasjonalistisk åre å spele på i Storbritannia, det var jo den som gav liv til heile brexitideen. Men Cambridge Analytica brukte nye algoritmar til å målrette nostalgien mot akkurat dei millionane av veljarar som kunne avgjere valet.

Det sagt: Ein treng ikkje lengte etter imperiet for å støtte brexit. Trass alt finst det rasjonelle realpolitiske argument. Storbritannia har tatt imot 3,6 millionar immigrantar frå austeuropeiske land. Sjølvsagt har dei konkurrert med det store nedste britiske sjiktet om arbeidsplassar, husvære og andre knappe ressursar, inkludert sosiale tenester. Dei laga som har slite sidan Margareth Thatcher, såg ikkje fordelane med EUs stadig sterkare driv mot integrasjon. Arbeidsgivarar – dei rike – har derimot tent på auka tilgang på billig, stabil og høgt motivert arbeidskraft.

Ein annan ting som avgjorde valet, var at remain-kampanjen heller ikkje hadde nokon entusiasme for EU. Valkampen deira var stort sett berre lagd opp rundt dei negative konsekvensane av å gå ut. Dette kunne brexitrørsla enkelt feie bort som billig skremsel og finne opp eigne tal som sa det motsette. Begge sider stod fram som om dei eigentleg var mot EU. Ikkje minst Jeremy Corbyn, som aldri viste noko anna enn ambivalens, kanskje fordi han heile sitt politiske liv hadde vurdert EU som ein klubb som mest tener interessene til rike kapitalistar.

Irsk transittland

EU og Storbritannia er alt einige om nokre viktige spørsmål. Avtalen som tredde i kraft i januar i år, regulerer mellom anna statusen til EU-innbyggarar i Storbritannia, og omvendt, etter at begge grupper hadde bite negler sidan 2016.

The EU–UK Withdrawal Agreement er også ein avtale om Nord-Irland. Ifølge den skal den irske øya framleis vere økonomisk sameint. Irskesjøen blir i praksis (men ikkje formelt) grensa mellom Nord-Irland og resten av Storbritannia. Ei slik løysing blei mogleg for statsminister Johnson etter valet i 2017. Då var han ikkje lenger avhengig av stemmene til det nordirske unionistpartiet (DUP), slik Theresa May hadde vore.

Nordirske unionistar liker dårleg at det blir ein formell barriere mellom dei og resten av Storbritannia. Nordirske katolikkar ville likt det endå dårlegare om grensa mellom Irland og Nord-Irland blei ei tung EU-grense som splitta øya, med alt det ville innebere av kontrollar og overgangar. Men også rundt dette, som liksom skulle vere ferdig forhandla, har det vore mykje uro dei siste månadene. Johnson har sådd sterk tvil om regjeringa hans kjem til å respektere denne delen av avtala. Han seier han har sagt det same heile tida, og at det ikkje skal vere noka tollgrense mellom Nord-Irland og resten av Storbritannia. Ei form for kontroll mellom republikken og Nord-Irland må det òg vere, slik at EU kan vere sikre på at varer frå Nord-Irland ikkje eigentleg har opphav andre plassar i Storbritannia, og at Nord-Irland blir eit transittland, ei open bakdør inn i EU. Slik sett får nordirske varer to grenser, der dei før ikkje hadde noka. Det luktar trøbbel.

Ekstremistane

Problemet er at avtala klart seier at Storbritannia bryt folkeretten om dei går bort frå det som vart signert 17. oktober 2019. Ansvarlege toryar, som elskar å snakke om «the rule of law» som om det var ei britisk oppfinning, har sagt opp jobben på grunn av Johnsons nye utspel om Nord-Irland.

Folk klør seg i hovudet og spør seg: Veit ikkje Johnson kva han har gått med på, eller bryr han seg berre ikkje om det? Er det kanskje ordmagi han driv med når han kallar kontroll av varer og folk i Irskesjøen noko anna enn grensekontrollar, og trur det ikkje blir kontrollar mellom nord og sør på øya? Er trugsmåla om ikkje å etterleve avtala eit forhandlingskort han bruker overfor EU? Korleis verkar ein slik ustadig og lite tillitvekkande oppførsel inn på forhandlingane britane må ha med resten av verda?

Ingen veit sikkert, men ingen av alternativa er spesielt stilige eller tillitvekkande. Brexit vil uansett skape problem i Nord-Irland (der 56 prosent stemte remain), spørsmålet er berre kor store dei blir. Langfredagsavtalen frå 1998 avslutta ein borgarkrig og har vore ein stor suksess. Knapt nokon vil tilbake dit – i dag. Dette kan endre seg, om nasjonal identitet og religion på nytt blir det viktigaste for folk. Ekstremistar ser enno situasjonen som ei våpenkvile og er i stand til å grave opp sprengstoff og maskingevær om dei blir pressa hardt og lenge nok.

Også ein mjuk brexit vil bli hard. Sjølv om dei to partane kjem fram til ei avtale, vil det ifølge den britiske regjeringa sitt eige utval innebere at britisk økonomi krympar med mange prosentpoeng, i alle fall dei første åra. Koronakrisa har ramma Storbritannia verre enn nesten alle andre europeiske land – og ingen av dei har eit enormt oljefond å ause pengar ut av. For å finansiere dei gigantiske utgiftene med korona og brexit ville landet trunge økonomisk vekst. No står ein framfor økonomisk nedgang og høgre skattar.

Det reine kaos

Britar som hadde sett føre seg eit koseleg sjølvstendig liv i utkanten av Europa, kjem til å bli skuffa. Ingen visste kva dei eigentleg stemte på i 2016, sidan dei ikkje visste kva for avtale Storbritannia kom til å få. Det veit dei framleis ikkje, oppsiktsvekkande nok. Take back control, var det mest brukte brexitslagordet. Resultatet kan i staden bli det reine kaos.

Boris Johnson er rikt utrusta med frekke nådegåver og er van med å sleppe unna. Det er som om han, med nonsjalant stil og Eton-humor, medvite parodierer ein spesiell type frå den britiske overklassa. Langt frå alle britar er mottakelege for denne typen «sjarm», og i Europa verkar dette ofte mot si siktemålet. Men no synest det som om alle snarvegar og naudutgangar er stengde. Johnson er glad i å sitere klassikarar frå antikken. I den situasjonen han og Storbritannia er i no, hadde det kanskje passa best med historia om då Odyssevs måtte velje mellom Skylla og Kharybdis.

Morten A. Strøksnes er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Britar som hadde sett føre seg eit koseleg sjølvstendig liv i utkanten av Europa, kjem til å bli skuffa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis