Kommentar
Børs utan katedral
Om eg har rett, er det dobbelt så fint å feire kulturen i Noreg med ein fest for nokre utvalde enn å drive vidare eit tidsskrift som har vart i 132 år.
Aschehougs hagefest i Drammensveien 99 kostar sikkert dobbelt så mykje som drifta av tidsskriftet Samtiden, trur Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.
Foto: Heiko Junge / NTB
Å dømme etter norsk politikk og kulturliv er det ikkje på mote å ha godt minne. Like fullt har vi hatt tidsskrift som har hjelpt oss til å samle trådane, skape ordskifte og orientere oss på nytt og på nytt. Viktigast av desse har vore Samtiden.
Det var, for å seie det fritt etter Jan Erik Volds «I går, ja»: Døm har tatt’e! Hva da? Tidsskriftet, vel, harru’kke hørt det? Borte er byrgskapen i Aschehoug for svoveleimen i dei forandringsvindane som ofte stod kring Samtiden, der så mange redaktørar har gjort seg kjende og uunnverlege i vårt offentlege liv ved å ta for seg dei mest omdiskuterte, dei mest påtrengjande, ofte dei mest såre problem – i samtida. Og det med vidd og humør og uoppsliteleg nyfikne.
Refleksjon
Det særmerkte med Samtiden sidan 1890, då Arne Garborg publiserte kritikken av sine samtidige estetar i essayet «Hanna Winsnes’ Kogebog», er samanhengen mellom mange påverknadskrefter i livet vårt, såleis nasjonal og internasjonal politikk, kultur, estetikk, filosofi, vitskap, i det heile kryssingspunkta mellom aktuell debatt og dei store prinsipielle analytiske problema her i verda – igjen, både lokalt og globalt.
Syn og Segn har same kvalitetane, men ein noko annan profil, om enn ikkje dårlegare. Saman har desse tidsskrifta hjelpt nordmenn til å lyfte blikket, eller også å granske seg sjølve nærgåande. Dei har hjelpt til med eminent kritisk literacy, som det no heiter: bygging av kompetanse til å finne fram til skjelnande vurderingar som går utanpå underhaldning og gjer forskjell på korleis vi disponerer våre gjerningar og vårt liv.
Det er ikkje utan grunn det kring kvart tiande år eller så har kome opp diskusjonar om Samtiden. Einkvan har gjerne dukka opp for å påstå at den nye samtidsredaktøren ikkje skjøttar oppgåva si rett. Altså har Samtiden gjeve denne samvitsimpulsen der vanetenking og tradisjonar jamleg er brynte både moralsk og estetisk. Dekonstruktivistar, reformatorar, tradisjonalistar, analytikarar – alle har møtst i eit rom for refleksjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.