JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Apartheidalliansen som sprakk

Vegen frå Pretoria og Jerusalem til den internasjonale domstolen i Haag er lang og krunglete. Sør-Afrika meiner Israel har intensjonar om folkemord i Gaza, og det er ein hard front mellom landa. Men den gong Sør-Afrika åleine representerte apartheid, var Israel ein god venn og alliert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Justisminister Ronald Lamola i rettssalen i Haag, der Sør-Afrika har stemna Israel for å få slutt på krigshandlingane som råkar sivile og sakeslause palestinarar.

Justisminister Ronald Lamola i rettssalen i Haag, der Sør-Afrika har stemna Israel for å få slutt på krigshandlingane som råkar sivile og sakeslause palestinarar.

Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters / NTB

Justisminister Ronald Lamola i rettssalen i Haag, der Sør-Afrika har stemna Israel for å få slutt på krigshandlingane som råkar sivile og sakeslause palestinarar.

Justisminister Ronald Lamola i rettssalen i Haag, der Sør-Afrika har stemna Israel for å få slutt på krigshandlingane som råkar sivile og sakeslause palestinarar.

Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters / NTB

13784
20240119
13784
20240119

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Den harde fronten mellom Sør-Afrika og Israel i Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) har dei siste vekene fått merksemd frå heile verda. Dei to statane har skildra heilt ulike oppfatningar av kva som er skjedd i Gaza dei siste månadene, og står fram som bitre fiendar.

Slik har det ikkje alltid vore. For i apartheidtida hadde dei to landa ein allianse som dreidde seg om etterretning, våpensal og forsvar. Samarbeidet toppa seg i ein hemmeleg avtale som blei underteikna den 3. april 1975. For Sør-Afrika og Israel skreiv dei to forsvarsministrane P.W. Botha og Shimon Peres under. Begge var leiande politikarar, begge skulle bli både statsminister og president for sine respektive land.

Alliansen var usannsynleg av fleire årsaker. Ikkje berre vurderte dei fleste Sør-Afrika som ein paria på grunn apartheidpolitikken mot landets svarte majoritet. I tillegg hadde nasjonalistpartiet som styrte landet, hatt nære bindingar til Nazi-Tyskland under krigen. No gjekk altså Israel, staten som langt på veg steig opp av oska etter holocaust, inn i ein allianse med dei same folka? Det var ei høgst sensitiv sak. I avtalen som Botha og Peres skreiv under, blei det spesifisert at sjølve avtalens eksistens skulle vere strengt hemmeleg.

AVTALEN OG EI REKKJE ANDRE dokument som var kompromitterande for Israel, blei oppdaga i sørafrikanske statsarkiv på 2000-talet av forskaren Sasha Polakow-Suransky. Foreldra hans var sørafrikanske jødar og hadde vore apartheidmotstandarar i Sør-Afrika. Da dei i 1973 stod i fare for å bli arresterte, flykta dei til USA.

Apartheid-regimet i Sør-Afrika fall, og nokre år seinare begynte sonen Sasha å undersøke sørafrikanske statsarkiv, der han kom over dei lyssky dokumenta.

Det var ikkje berre sjølve den militære alliansen som var pinleg for Israel. Dokumentasjonen Polakow-Suransky fann, viste òg at det hadde eksistert planar om at Israel skulle selje atomvåpen til Sør-Afrika. Alt dette kjem fram i boka som Polakow-Suransky gav ut som resultat av arkivarbeidet sitt: The Unspoken Alliance: Israel’s Secret Relationship with Apartheid South Africa (2010).

Slik ekspertane tolkar dokumenta, tilbaud Israel Sør-Afrika å kjøpe rakettar av Jerico-typen. Tungtvatn til atomprogrammet sitt fekk Israel av Noreg, mens Sør-Afrika selde uran til dei.

Jerico-rakettane som Sør-Afrika ønskte seg, kunne rustast med tre typar våpen: konvensjonelle og kjemiske våpen og atomvåpen. Sør-Afrika hadde sjølv konvensjonelle våpen. Det var atomstridshovud som var av interesse. Rundt 75 israelarar drog til Sør-Afrika for å arbeide med eit rakettprogram ved Overberg Test Range, og rundt 200 sørafrikanarar drog til Israel, ifølgje forskarane Helen E. Purkitt og Stephen F. Burgess’ bok South Africa’s Weapons of Mass Destruction (2005). Samarbeidet mellom dei to landa var nært, men gjekk føre seg i så stor løyndom at sjølv ikkje CIA kjende omfanget. Våpenindustrien i begge landa signerte store kontraktar med kvarandre. Men sjølv om sørafrikanarane skaffa seg atomvåpen, var det ikkje fordi dei kjøpte ferdige atomstridshovud frå Israel.

Israel har ikkje nekta for at dokumenta som Polakow-Suransky oppdaga, er ekte. Dei freista i staden å presse styresmaktene i Sør-Afrika til å halde dei hemmelege. Men dei nye sørafrikanske styresmaktene var ikkje interesserte i å skjule dei mørke og pinlege løyndomane til det gamle apartheidregimet og deira hemmelege allierte.

«Dei nye sørafrikanske styresmaktene var ikkje interesserte i å skjule dei mørke og pinlege løyndommane til det gamle apartheidregimet og deira hemmelege allierte.»

POLAKOW-SURANSKY, SOM I DAG er viseredaktør i det anerkjende amerikanske utanrikstidsskriftet Foreign Policy, skildrar i boka detaljert det nære forholdet som utvikla seg mellom israelske og sørafrikanske generalar, forsvarsbyråkratar, ministrar og våpenhandlarar. Begge land hadde problem med nasjonale frigjeringsrørsler som på ulike måtar ytte motstand mot apartheid (ANC, African National Congress) og Israels okkupasjon (PLO). Afrikanske frigjeringsrørsler hadde overtatt styringa i mange tidlegare koloniar. Dei såg i stigande grad Israel som ei kolonimakt, spesielt etter at dei erobra Aust-Jerusalem, Vestbreidda og Gaza i 1967.

Polakow-Suransky skildrar mellom anna kva som skjedde da den sørafrikanske hærsjefen Constand Viljoen besøkte Israel i 1977, med rapporten Viljoen skreiv etter besøket som kjelde. Han var full av beundring for korleis israelarar nytta vegsperringar og kontrollpostar for å sabotere sivilt palestinsk daglegliv. På det raskaste gjekk det ein eller halvannan time, men med meir trafikk kunne det ta fire eller fem timar å passere slike kontrollpostar.

Begge statar hadde eit stort konkurransefortrinn når dei skulle utvikle våpen og annan militær teknologi: Dei kunne teste teknologien ut i felt, på svarte og på palestinarar. Israel er i dag ein verdsleiande produsent og eksportør av regulære våpen, og teknologi til overvaking og kontroll/undertrykking av sivile. Mange diktatur som nyttar teknologien mot sine eigne står på kundelista, slik det seinast blei dokumentert av Antony Loewenstein i fjorårets bok The Palestine Laboratory: How Israel Exports the Technology of Occupation Around the World. I denne boka viser Loewenstein mellom anna korleis israelsk våpenindustri har marknadsført produkta sine, på våpenmesser og i ulike samanhengar, ved å vise potensielle kundar videoar av palestinarar som blir drepne av våpensystema deira.

PÅ 1970-TALET, DA ISRAEL og Sør-Afrika var allierte, var det uvanleg å kalle Israel for ein apartheidstat. Berre ytre venstre kunne finne på det. Sjølv om landa hadde sin unike historikk, var begge påverka av ein felles underliggande tankegang.

Begge var koloniale settlarstatar der Bibelen hadde blitt nytta til å forsvare den eksklusive retten deira til landet, og til å legitimere overgrep mot den opphavlege folkesetnaden.

Eit av sitata som Sør-Afrika trekte fram i Haag – blant mange utsegner frå israelske leiarar som skulle sannsynleggjere folkemord-intensjon og dehumanisering av palestinarane som folk – hadde Benjamin Netanyahu som avsendar. Den 28. oktober viste Netanyahu, i ei offisiell ytring frå regjeringa, til Det gamle testamentet og Amalek. Netanyahu siterte Femte Mosebok (25,17): «Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg.» Underteksten her er kva Gud sa jødane skulle gjere for å hemne seg på erkefienden amalekittane. Det var, slik det står i Første Samuelsbok (15,3), dette: «Dra no ut og slå amalekittane. Slå alt dei eig, med bann! Spar ingen. Drep menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar og sauer, kamelar og esel!» (15,3.) Da Saul drep alle amalekittane, men ikkje kong Agag, som berre blir tatt til fange, og i tillegg vil gjere bruk av det beste av småfeet og storfeet til amalekittane, blir Gud rasande. Alt skulle jo utryddast, ned til siste geitekilling! Gud angra no bittert på at han hadde gjort den blauthjarta Saul til konge over jødane. Sjølv om Saul freistar å gjere alt godt igjen, ved å drepe det som enno levde, er sviket ikkje noko Gud kan tilgi.

Det gamle testamentet inneheld fleire slike skildringar der Gud krev at hans utvalde folk gjennomfører det som i dag blir kalla folkemord. Israel hevda i Haag at Netanyahus referanse til Amalek var meint som ei skildring av Hamas’ brutale angrep mot Israel den 7. oktober og ikkje noko anna enn det.

Forsvarssamarbeidsavtalen mellom apartheidstaten Sør-Afrika og Israel frå 1975, underteikna av forsvarsministrane Peres og Botha.

Forsvarssamarbeidsavtalen mellom apartheidstaten Sør-Afrika og Israel frå 1975, underteikna av forsvarsministrane Peres og Botha.

VESTLEGE KOLONISTAR HAR sidan conquistadorane nytta Bibelen til å forsvare vald og imperialisme. Det har skjedd i Sør- og Nord-Amerika, i Australia, Sør-Afrika – og i Israel.

Omkvedet er som regel at kolonistane har funne eit land utan folk, eller berre med villmenn utan religion eller moral. Kolonistane skal få landet til å bløme. Som Guds folk på ein gudlaus plass skal dei frigjere landet og seg sjølve, på oppdrag frå Gud. Korleis dette har gått føre seg i praksis, er til dømes skildra i den britiske teologen Michael Priors (1942–2004) klassiske studie The Bible and Colonialism (1997).

Prior har eit eige kapittel om korleis dei kvite afrikandarane i Sør-Afrika nytta Bibelen på denne måten. Men han treng fleire kapittel for å skildre korleis Bibelen har vore misbrukt av jødiske og kristne sionistar, for å rettferdiggjere koloniseringa av «det heilage landet».

Da eg for første gong vitja Israel, Vestbreidda og Gaza for 25 år sidan, støytte eg ofte på mentaliteten Prior skildra i den boka. Busetjarar fortalde meg at palestinarane var primitive folk: late, lite intelligente, og at dei ikkje hadde nokon sivilisasjon eller moderne teknologi før jødane frå Europa kom og skjenkte det til dei. Og sjølvsagt: at landet tilhøyrde dei, jødane, fordi Gud hadde gitt det til dei i bronsealderen, slik det blir hevda i mytesamlinga deira (altså Bibelen).

Situasjonen i dag er enda verre enn han var den gong. Etter Hamas’ angrep har valden frå religiøst motiverte jødiske busetjarar på Vestbreidda eksplodert. Busetjarar og dei israelske okkupasjonsstyrkane drap i 2023 over 500 palestinarar på Vestbreidda, og skadde rundt 12.000, ifølgje FNs kontor for koordinering av humanitær innsats, OCHA. 120 av dei som vart drepne, var barn. Ifølgje organisasjonen B’tselem, som kartlegg alle dødsfall og omstenda rundt, blei 83 sivile palestinarar drepne av jødiske busetjarar.

Stadig fleire av dei mest fanatiske busetjarane er innrullerte i hæren. Busetjarane går nokre gonger til aksjon mens den israelske hæren står og ser på, utan å gjere noko for å verne palestinarane. Hæren står uansett bak mesteparten drapa og alle handlingane som gjer livet uleveleg for palestinarane, som dei kollektive avstraffingane, kontrollpostane, konfiskeringa av land og arrestasjonane.

DENNE VERKSEMDA, som er sett i system og har gått føre seg i fleire tiår, kan synast å bli ramma av dei offisielle folkemorddefinisjonane som blir nytta i Haag. Som Frederik Harhoff, jussprofessor og tidlegare dommar ved krigsforbrytartribunalet i Haag, skreiv i danske Weekendavisen sist helg i samband med Sør-Afrikas Haag-initiativ: «Det er således en misforståelse at tro, at ‘folkedrab’ handler om at dræbe en masse folk. Forsættet går ud på, at gruppen som sådan ikke længere skal have ret til at eksistere som gruppe på et bestemt sted, og derfor må gruppen enten udryddes eller gå i opløsning efter devisen ‘de skal bare ikke være her, de skal væk!’»

Her kan det vere på sin plass å minne om at det går føre seg ein annan prosess mot Israel i Haag. Ikkje i Den internasjonale domstolen (ICJ), men i Den internasjonale straffedomstolen (ICC). I 2021 avgjorde denne domstolen at dei formelle kriteria var til stades for å opne ei gransking av Israels framferd i dei okkuperte områda. Dei skal granske om det som har gått føre seg, er krigsbrotsverk, apartheid og forfølging på etnisk grunnlag, ut frå ICCs statuttar og FNs apartheidkonvensjon av 1976. Det er skjedd lite i saka, sannsynlegvis fordi krigen i Ukraina har overbelasta domstolen.

DET ER NO TRETTI ÅR sidan Sør-Afrika, til verdas (ikkje minst Israels) overrasking, avvikla apartheid. Det skjedde etter tiår med internasjonalt press, boikottar og kampanjar. Til slutt innsåg sjølv dei som heldt apartheid-arkitekturen oppe, at han ikkje var moralsk berekraftig.

I tida som er gått, har skuldingar mot Sør-Afrikas gamle allierte tårna seg opp. Ei lang rekkje aktørar meiner i dag at Israel driv med apartheid overfor palestinarar. Vi snakkar om menneskerettsorganisasjonar som Human Rights Watch, Yesh Din, B’tselem, Amnesty International, om juristar frå FN, tidlegare Mossad-sjefar – og apartheid-ekspertar frå Sør-Afrika.

Ingen hevdar at alt i Sør-Afrika den gong er identisk med Israel i dag. Apartheid-definisjonane dreier seg om systematisk forskjellsbehandling, om at ulike rettar for ulike etnisitetar er vovne inn i lovverket, noko som gir ei gruppe, altså palestinarar, mindre rettar, vern og høve til utfalde seg individuelt eller kollektivt. Forskjellsbehandlinga går òg føre seg innanfor dei anerkjende grensene til Israel, men problemet er først og fremst knytt til dei okkuperte områda. Aust-Jerusalem blei okkupert av Israel i 1967, og formelt annektert av Israel allereie i 1980 (annekteringa er ulovleg, ifølgje Folkeretten). Palestinarar som bur i områda Israel har annektert, har ikkje stemmerett ved nasjonale val og må overtyde israelsk byråkrati om at Jerusalem er «sentrum i deira liv», for ikkje å miste opphaldsløyve i byen (rundt 15.000 palestinarar har mista denne retten, ikkje ein einaste jødisk busetjarar har gjort det). Palestinarane lever under trugsmål frå busetjarar, som tek over hus og land, og den israelske staten, som driv med juridisk og byråkratisk diskriminering. I generasjon etter generasjon lever palestinarane som tredjerangs borgarar i sitt eige land.

Det er denne typen systematisk undertrykking og institusjonalisert forskjellsbehandling mange definerer som apartheid, i teori og praksis. Til dømes slik det blir gjort i den fyldige, grundige Human Rights Watch-rapporten «A Threshold Crossed: Israeli Authorities and the Crimes of Apartheid and Persecution» frå 2021.

Det er likskap mellom Sør-Afrikas apartheidsystem og det som er utvikla i Israel. Likevel er det ein stor forskjell: Mens Sør-Afrika blei ganske unisont fordømt for apartheid, forsvarer leiande politikarar i USA, og i dei gamle europeiske kolonimaktene, Israel, nesten same kva.

ICJ-saka som Sør-Afrika har reist mot Israel held fram i februar. Domstolen skal avgjere om klagen til Sør-Afrika er godt nok grunngitt til at det krev ei rettssak.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis