JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Aldri meir 7. oktober

Var eg israelar, ville eg følt med dei sivile palestinarane som vert råka av krigen i Gaza, men eg ville ha stått med den israelske hæren som gjekk inn dit for å svekkja terrorhæren.

Eit barnerom i Kfar Aza-kibbutzen i Israel etter terroråtaket 7. oktober 2023.

Foto via www.hamas-massacre.net

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
9618
20231117
9618
20231117

Om morgonen den 7. oktober vakna vi til bilete på sosiale medium som i gru overgjekk alt det vi har sett i vår generasjon. Mange av desse bileta er ikkje lenger så lett å finna i internettjungelen. Men dei har brent seg inn i minnet.

Det var «skrytevideoar» av organiserte drap på uskuldige og forsvarslause israelske sivile. Ein slik skrytevideo synte ei ung kvinne som vart bortført av væpna menn, tvinga bakbunde inn i ein jeep, dradd etter håret, blodig og ille tilreidd. Ein annan video syner ei myrda og avkledd kvinne, slengd på eit lasteplan der digre og brautande terroristar sat med støvlane på den mishandla og daude kvinnekroppen.

Organisert massemord

Vi såg også lik som vart køyrde i triumftog gjennom Gaza by med flokkar av jublande tilskodarar som sverma om liket og spytta på det. Éin køyrde rundt på moped med eit halvnake menneskekadaver slengd over bagasjebrettet.

Det som «aldri meir» skulle skje, organisert massemord på jødar, det største sidan holocaust, var skjedd i det sørlege Israel. Rundt 3000 terroristar braut seg gjennom grensegjerdet mellom Gaza og Israel utan å møta militær motstand, og myrda rundt 1200 menneske med uhøyrd brutalitet og bortførte 240.

Langt dei fleste drepne og bortførte var sivile – born, kvinner og eldre. Nesten alle bortførte sit enno i fangenskap, truleg i spindelveven av militære tunnelar under Gaza by, kanskje rett under eitt av sjukehusa.

Hemnen

Dette skjedde for halvannan månad sidan. I mellomtida har israelske militære skote eller fengsla kring 1500 av dei palestinske terroristane, bygd opp att grensegjerdet, bomba det som finst av militære mål i Gaza, og dimed også råka sivile, og bede om full evakuering av sivile frå Gaza by til den sørlege halvdelen av Gazastripa.

I dei siste dagane har israelske styrkar gått inn i Gaza, omringa og isolert byen og truleg kutta tunnelkontakten sørover. Dei tek – etter kva dei seier – sikte på å knusa heile Hamas-styrken og destruera tunnelsystemet under byen der delar av Hamas-styrken på kanskje 20.000 mann gøymer seg under føtene og livet til dei sivile palestinarane, der dei kan halda ut i månader med store lager av våpen, sprengstoff, proviant, vatn og drivstoff.

Den israelske reaksjonen har vorte breitt kritisert på grunn av dei store sivile lidingane som ein slik bykrig uvegerleg dreg med seg, og der dødstala for sivile er komne opp i fleire tusen, mange av dei born, kvinner, sjuke og eldre. I tillegg til bombinga kjem mangel på vatn, mat og straum – alt i alt er det ein svær humanitær katastrofe, også for dei som slepp unna frå byen til det ein må tru er kaotiske flyktningleirar i sør.

Det er ikkje vanskeleg å skjøna dei som meiner at bombinga av Gaza og bykrigen fører til for store sivile tap. Standpunkta til bakkekrigen skjer i avveginga mellom skaden ved ein israelsk invasjon og skaden ved å la terroristane gå fri. Kanskje vert ei slik avveging lettare når ein i dagane og vekene framover ser resultata av dei israelske raida på sjukehusa i Gaza, om ein finn militære installasjonar og gislar eller spor etter dei, eller ikkje.

Perspektivet

Som rein straffeaksjon har ei nedbombing, ei evakuering og ein bakkeinvasjon av dette slaget lite for seg.

Om Israels invasjon av Gaza by skal ha noka meining på lang sikt, må han fjerna heile den militære strukturen i Gaza som gjer det mogeleg å gå laus på israelske sivile frå ein underjordisk kjempebase utstyrt med moderne våpen like ved israelske byar og kibbutzar.

Det er òg mogeleg å skifta perspektivet på Israels reaksjon frå «straff» utført av ein militært overlegen undertrykkjarstat til sjølvforsvar mot eit eksistensielt trugsmål der heile nasjonens eksistens står på spel.

I artikkelen med tittelen «Israel – and America – have no choice but to act» i The Free Press 10. november skriv historikarane Niall Ferguson og Jay Mens at «dette er Irans krig». Det siste året har det vore eit dusin offentlege samankomstar mellom iranske representantar og leiarar av dei palestinske terrorgruppene Hamas, Islamsk jihad og den libanesiske Hizbollah; «enorme mengder av materiell og menn» skal vere førte inn i Syria og Libanon, og ved hjelp av Hizbollah har iranarane etablert bunkerar og militære festningar over heile Syria.

Føremålet med dette, meiner dei to historikarane, har vore å trekkja Israel inn i ein større regional krig med fleire frontar, slik at Israel kan tilførast eit avgjerande nederlag.

Denne analysen vert styrkt av at Ali Barakeh, ein Hamas-leiar med sete i Beirut, seier til Financial Times 27. oktober at terrorgruppa hadde venta at Israel skulle svara, men «vi rekna ikkje med at USA skulle tre inn i striden».

Som vi veit, flytta amerikanarane hangarskip med svær åtakskraft og fleire tusen soldatar til området kring Israel like etter 7. oktober. President Biden kom sjølv til Tel Aviv 18. oktober og lét seg filma saman med Israels krigsregjering.

Den 6. november skreiv Jerusalem Post at amerikanarane har meldt frå til Hizbollah og Iran om at USA går inn i kamphandlingane om dei går til åtak på Israel. Kanskje er det dette som til no har hindra utbrotet av ein regional krig.

Det eksistensielle

Enkelte vil ikkje tru at Israel er truga på livet som nasjon. Men var eg israelar, ville eg ikkje ha teke sjansen på å vera godtruande. Var det ikkje mellom anna naiviteten hjå den israelske regjeringa – trua på at terroristane i Hamas no ønskte fred og ikkje krig – som lét israelarane i sør verta så skandaløst forsvarslause mot ein fiende utan moralske hemningar?

Var eg israelar og budde i Israel med kone, born og barneborn, ville eg følt med dei sivile palestinarane som vert råka av krigen i Gaza, men eg ville ha stått med den israelske hæren som gjekk inn dit for å svekkja terrorhæren og øydeleggja det underjordiske tunnelsystemet, nest etter verdsopinionen det viktigaste våpenet Hamas har mot Israel.

I artikkelen med tittelen «What this war is about» i The Times of Israel 17. oktober skriv den israelske forfattaren Yossi Klein Halevi, kjend for motstanden mot busetjingspolitikken på Vestbreidda, at Israel den 7. oktober vart «det farlegaste landet for jødar å leve i på jorda». Sett på spissen seier han at om ikkje trugsmålet frå Hamas kan øydeleggjast, er Israel ikkje lenger ein stad ein kan bu.

Omgjeve av mange fiendar vert ikkje landet til å bu i om folk ikkje lenger kan tru at den israelske hæren kan verna dei. «I stilla spør mange israelarar seg om dei kan stifte familie her», skriv Halevi: «Israel vil rakne» om vanlege menneske ikkje lenger trur at den israelske hæren er sterk nok til å slå åtak tilbake og til å avskrekka statar og terrororganisasjonar frå slike valdsorgiar som på 7. oktober.

Åtaksmenn frå Gaza bryt seg inn i Kfar Azza-kibbutzen, tre kilometer frå grensa, laurdag 7. oktober. Fotografen av dette biletet er skulda for medverknad til massakren som følgde. 52 av innbyggjarane blei drepne her, mellom dei kvinner og born, 20 vart bortførte.

Foto: Hassan Eslaiah / AP / NTB

Samanbrotet

Var eg israelar, ville eg tenkja at eg ikkje hadde noko val. Kanskje ville eg vona på at verdssamfunnet gjekk saman om å avvæpna terroristane, men kunne eg tru på det? Eg ville truleg sjå på krigen mot Hamas som noko uunngåeleg, og at han måtte førast til heile stats- og militærstrukturen som terroristane rår over, er øydelagd. Terroristar vil alltid finnast, men dei treng ikkje rå over eit statsapparat.

I ein annan artikkel av Yossi Klein Halevi, «The lonely people of history», skriv han at israelarane ser på dei vestlege masseprotestane mot Israel med forbausing: Etter 7. oktober, som han meiner kanskje er den mest grufulle massakren i vår tid, verre enn utskeiingane til IS, har saka til palestinarane nådd eit høgdepunkt i popularitet.

Dette for israelarane uhyggelege paradokset får Halevi til å spørja om verda er gått frå forstanden. Halevi er sterkt kritisk til den noverande regjeringa i Israel og ser på lidingane til palestinarane som hjarteskjerande. «Men korleis kan nokon samanlikne eit overlagt åtak på sivile med ein krig mot ei terrorgruppe som gøymer seg mellom sivile», spør han. Vi kastar bort orda våre, avsluttar Halevi: «Store delar av Vesten har mista evna til å sjå moralske skilnader.»

Det Halevi argumenterer mot, er ideen om at Israel må svara «proporsjonalt» på terroren mot dei sivile og trugsmålet mot statens eksistens. For kva skal «proporsjonalt» tyde? Skulle den israelske hæren rykkja inn i Gaza og gjera det same som Hamas gjorde i Israel, slakta nesten tusen sivile og bortføra nokre hundre palestinske kvinner og born og halde dei fanga i underjordiske tunnelar på uviss tid? Ville det ha vore «proporsjonalt»?

Hundretusen gislar

For å verna israelske sivile, kanskje for å oppretthalda nasjonen på lang sikt, treng Israel å svekkja avgjerande ein terrororganisasjon som er vedteken på å utsletta staten for kva pris som helst, også når det er dei palestinske sivile som lyt betala den høgste prisen.

Med ein fiende som Hamas, som systematisk gøymer seg bak si eiga sivilbefolkning og grev seg ned i tilfluktsromma under føtene deira, vil krigen mot Gaza dra med seg store lidingar og mange dødsoffer for uskuldige. For terroristane held ikkje berre dei 200–300 israelarane som gislar under jorda, dei held hundretusenvis av palestinarar som gislar under open himmel.

Likevel må Israel freiste å nedkjempa terroristane, og ikkje berre for israelaranes skuld. Mykje av vestleg og moderne sivilisasjon kviler på kampen mot og oppgjeret med nazistane og jødeutryddinga etter siste verdskrigen. Israel kan ikkje leva med ein statsleiande organisasjon som planmessig utfører slike uhøyrde ugjerningar i ein slik skala som på 7. oktober.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis