Kommentar
Kokett pietisme
Å dyrke den kristne kulturarven er ikkje lenger kontrært. Slutt å late som.

Det er lenge sidan det var motstraums å elske kristen kulturarv. Den arrogante nyateismen som dominerte tidleg på 2010-talet, med tenkarar som Christopher Hitchens, Richard Dawkins og Steven Pinker i front, fekk mot slutten av det same tiåret ein motreaksjon i demonstrative omfamningar av kristendom, kanskje særleg i kulturlivet. Jon Fosse har konvertert til katolisismen, Karl Ove Knausgård har gått frå det kvardagslege tilbake til det mystiske, og den ikkje-truande Michel Houellebecq insisterer på at berre den kristne kulturarven er sterk nok til å redde Vesten.
På skriveskulane der eg er gjestelærar, er ingenting mindre hot enn skepsis i møte med det uforklarlege. Og om ein skulle forville seg inn på ein middag med unge filosofar, kan ein der føle seg diskvalifisert om ein uttrykker aversjon mot astrologi eller kristen mystisisme.
Dei som teoretiserer om denne tendensen, seier gjerne at det dreier seg om ei nyorientering mot tradisjon, ein reaksjon mot dum verdirelativisme og kulturell sjølvpisking. Men det handlar om meir enn det, når dei pop-intellektuelle med dei største følgarskarane på YouTube – frå kommunisten Slavoj Zizek til den konservative farsfiguren Jordan Peterson – alle seier at uavhengig av om dei sjølv trur, så vil dei at kristendommen skal ha makt.
Svovelpredikantane
Det er altså ikkje nytt, dette som no gjer seg gjeldande også i Noreg, idet vi går inn i ein valkamp der eg trur få politikarar vil våge å kritisere samanblandingar av religion og politikk, fordi ei totalt open haldning til tru er eit krav frå tidsånda. Her har vi kanskje eit døme på kulturell overkorrigering.
Då Hilde Sandvik i eit radioprogram nyleg peika på denne utviklinga, blei ho skulda for å lage mørkemenn av dei truande. Ho snakka om si eiga barnetru og skamma og kontrollen det fylte livet med, og om korleis ho no «ser lusa på gangen» idet det igjen har blitt stovereint å søke makt på religiøst grunnlag. Ho kritiserte ikkje tru, men utnytting av tru. Folk misforstod med vilje.
Audun Lindholm, redaktør i Vagant, knytte utspela til Sandvik til ei sjølvhjelpsspalte i Klassekampen, skriven av prest, salmediktar og forfattar Ingrid Brækken Melve. Melve svarer ein innsendar som lurer på om det er greitt å gå naken heime, med referansar til Adam og Eva, og insinuerer at innsendaren eigentleg er ekshibisjonist.
«Norge har fått en ny svovelpredikant», skreiv Lindholm og kritiserte Melve – som han meiner er eit lysande forfattartalent – for denne nonchalante mobiliseringa av arvesynd.
Postsekulære
Eg las innlegga sittande mellom krusifiks og ikon som eg har samla på reiser dei siste åra, og lurte på kva rolle dei eigentleg har spelt i tenkinga mi, alle desse kristne knaggane.
Eg tok kontakt med Lindholm for å snakke ut om teksten. Lindholm var med på å grunnlegge ungdomsavdelinga i Human-Etisk Forbund på 1990-talet. Han gjekk inn som iherdig ateist, men blei lei av kulturfattigdommen og melde seg ut. Sidan har han, som så mange i Litteratur-Noreg, hatt ei kulturkristen tilnærming til tru – imøtekommande, figurleg, typisk postsekulær.
Eg kjenner meg att. Eg tok det lenger. For ei som vaks opp i ei totalt sekulær røynd, blei kyrkjerommet noko tilslørt og tiltrekkande, lada med lovnader om fellesarv, tabu og overskriding. Å omfamne det kristne blei prov på intellektuelt mot. «Eg har brukt mykje krefter på å kompensere for at eg kjem frå ein ikkje-religiøs bakgrunn», sa Lindholm. «Det er litt som ei klassereise. Ein har mykje danning å ta att. Det tar tid å få eit fortruleg forhold til korleis kristendom har forma kunst, litteratur og filosofi, og ein kjem ingen veg om ein synest tru er komisk.»
I sommar, i takt med at mange prominente røyster har blitt stadig meir kokette i omfamninga av kyrkja, har han sjølv blitt trekt tilbake til sekulære røter. Han seier: «Det er pinleg å vere uvitande om kristendom, men det er ikkje pinleg å ikkje tru på dei kristne dogma.»
Mariadyrkinga
Eg er sjølv skuldig i mykje postsekulær posering. Som svar på den blærete nyateismen byrja eg for eit tiår sidan å snakke i bibelske tropar. Det kjendest som tungetale. «Reint retorisk er eg visst brått i ein kronisk bibelsk modus», sa eg då ei venninne merka seg utviklinga, og ho og eg og alle rundt bordet lo rått, for vi høyrde at det var sant, men at korkje eg eller dei forstod det, ikkje endå.
Og då eg la ut på mi første reportasjereise for Dag og Tid, på leiting etter prov på at den vestlege kulturarven handla om irrasjonalitet, autoritet og arv, heller enn rasjonalitet, demokrati og framsteg, skreiv eg tekster som fekk mor mi til å sende meg ei melding der det stod: «Har du blitt Maria-dyrkar?» Eg sat ved eit kloster på kontinentet og svarte: «Kanskje litt!»
Enkelte setningar frå den tida gremmer eg meg over no, når eg ser kor mykje av det som ikkje kom frå meg. Eg plukka det opp gjennom ein fininnstilt intellektuell moteteft. Det var hjartefølt, på same måte som omfamninga av ein ny buksetrend kan vere det, men kjensla av at det eventyrlystne forholdet mitt til tru var eit uttrykk for radikal sjølvstende, var ei vrangførestilling.
Men det skulle ta lang tid før det å bruke religiøse element som pønkete identitetsmarkørar blei ein del av den norske kulturkrigen. Først det siste året har det slått ut i full blom i podkastfloraen. Danby Choi, redaktør i den krampaktig kontrære nettavisa Subjekt, gjer no eit nummer ut av å gå fast i kyrkja. Asle Toje snakkar med prestar om smarte unge menns omfamning av tru. Den populære podkastaren Ole Asbjørn Næss seier ofte at han så gjerne vil bli kristen, men ikkje får det til.
Eg les desse som teikn på at trenden er forbi klimakset. Det er som Anne Lindmo sa: Idet ho og alle venninnene hennar midt i femtiåra fekk seg vinterstøvlettar med ekstra klumpete solar, kunne ein banne på at trenden hadde peaka.
Tilbakeslaget
Så no lurer eg på korleis ein klok religionskritikk kan sjå ut i denne rare røynda, der dei mest høglydte misjonærane ikkje nødvendigvis er «personleg truande», som det så merkeleg heiter. Eg veit ikkje, men eg trur ikkje han kan ta form som obsternasig ateisme. Det eg veit, er at dei som vil bruke Gud til å skaffe seg makt, ikkje kan få i både pose og sekk. Dei kan ikkje både bade seg i glamouren til kristendommen og spele offer kvar gong nokon gir dei motstand. Dei er ikkje hundsa, dei er ikkje syndebukkar, dei er i midten av det heile.
Tida er overmoden for eit tilbakeslag mot tilbakeslaget mot nyateismen, men kritikken kjem til å høyrast annleis ut denne gongen. Ingen tener på ein retur tilbake til den veslevaksne arrogansen til Dawkins-, Hitchens- og Pinker-gutane frå tidleg på 2010-talet. Dei var verre enn dei nye nyfrelste. Dessutan ville dei retoriske strategiane til nyateismen sannsynlegvis ikkje ha fungert i dag, no når kulturelt katolske dandyar i dress har lagt beslag på den tonen.