Politikk
Klokkene ringer for oss
Maga-rørsla er komen for å bli, meiner Peter Christian Frølich (Høgre). Men han vil ikkje revurdere banda til USA av den grunn.
Medan norske politikarar vitja Washington DC, snitta republikanske kongressrepresentantar frå Republicans for National Renewal ei Grønland-forma kake med amerikansk flagg ved Kennedy-senteret – eller Trump–Kennedy-senteret, som kulturkvartalet no heiter.
Foto: Republicans for National Renewal / Reuters / NTB
Vi lever i interessante tider: Etter eit år som president har Trump rokke å så tvil om USA vil forsvare eigne allierte, straffa eigne samarbeidspartnarar med toll – og truga eit av nabolanda våre med å ta 98 prosent av landterritoriet deira. Uro er det også internt: Etter framferda til ICE i Minnesota diskuterer amerikanske rettslærde om presidenten har brote den amerikanske grunnlova – og i den nøkterne avisa The New York Times blir presidenten samanlikna med europeiske herskarar på 1500-talet.
– USA går gjennom ein slags institusjonell borgarkrig nett no, seier Peter Christian Frølich, som nyleg reiste til California og Washington DC saman med utanrikskomiteen på Stortinget.
Han er favoritt til å overta som leiar i same komité når Ine Marie Eriksen Søreide blir vald til høgreleiar neste helg.
– Før vi drog, skreiv eg om at vi kom til å lande i eit endra USA. Der fekk eg diverre rett. I Washington DC møtte vi fleire politikarar med band til Maga-rørsla, og det meste tyder på at ho er komen for å bli. Ho har vakse til å bli meir enn ein personkult rundt Donald Trump, og vil leve vidare etter han. Det kjem av strukturelle motsetningar internt i USA – mellom by og land eller rik og fattig – og dei blir ikkje løyste over natta.
– Det blir som å vente på Godot. Kva gjer vi europearar i mellomtida?
– Vi kan alltids vone på ei normalisering. Sjølv er eg trygg på at vi vil få meir stabile periodar, slik vi har under demokratiske presidentar som Joe Biden. Men pendelen kan snu snøgt, og det må vi vere førebudde på. Det er i norsk og europeisk eigeninteresse å jobbe for større strategisk autonomi. Det Trump gjer no, undergrev tilliten, og det sa vi klart ifrå om til dei amerikanske politikarane vi møtte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.