Klimatiltak som gjer vondt verre
Eit samla storting vil ha meir energieffektive hus for å få ned utsleppa av klimagassar. Men effekten er ofte at klimagassutsleppa går kraftig opp.
Eldre bustader er dårlegare isolerte enn nye og brukar difor meir energi. Men det tek mange år før det gjev nokon klimavinst å erstatte gamle hus med nye hus bygde etter dagens forskrifter. Biletet er frå Hammerfest sentrum.Eldre bustader er dårlegare isolerte enn nye og brukar difor meir energi. Men det tek mange år før det gjev nokon klimavinst å erstatte gamle hus med nye hus bygde etter dagens forskrifter. Biletet er frå Hammerfest sentrum.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpixFoto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Vi skal koma til byggenæringa, men fyrst eit litt større sveip: Sjølvsagt er det viktig å få ned klimagassutsleppa, men også i klimafeltet må vi stilla det gamle spørsmålet: «Cui bono?» «Kven gagnar dette, kven tener?» Innan samfunnsøkonomien har dei eit engelsk omgrep for slikt: rent seeking, eller «tilkaringsverksemd» som nobelprisvinnaren Trygve Haavelmo døypte fenomenet på norsk. Det er ikkje heilt lett å definera tilkaringsverksemd, men i si enklaste form er det at nokon får politikarane til å vedtaka noko som overfører ressursar til kostnad for fellesskapen til ei sterk lobbygruppe, utan at denne overføringa fører noko godt med seg.
Tilkaringsverksemd er nokså lett om vi ikkje har sterke politikarar og eit sterkt finansdepartement. Ofte kan tilkaringsverksemd forklarast med omgrepa intensiv interesse og ekstensiv interesse. Advokatar kjemper til dømes intenst for at berre dei skal kunne gje juridiske råd og føra rettssaker, sjølv om dei fleste saker ikkje er så komplekse. Advokatmonopolet gjer at prisane og profitten for advokatar går opp, sjølv i enkle saker. Advokatar har ei intensiv interesse i å oppretthalda monopolet. Men sidan folk flest sjeldan eller aldri har trong for advokathjelp, bryr vi andre oss ikkje særleg om prisane. Vi andre har ei ekstensiv interesse. Vi tenkjer ikkje på advokatmonopol.
Pengar på klima
Klimafeltet renn nærast over av intensive interesser. Dei som tener på klimatiltak, har fått Stortinget og EU til å vedtaka at klimagassutslepp skal målast nasjonalt og europeisk. Det kan av og til ha noko for seg, men ofte har det ikkje det, sidan global oppvarming, som det ligg i omgrepet, nettopp er global. Når Equinor no har lova å elektrifisera sokkelen, fell så godt som heile rekninga på norske skattebetalarar, som i byte får ein kraftig nedgang i nasjonale utslepp. Ei mykje billegare løysing som fellesskapen hadde tent på, hadde vore å senda den reine norske straumen som Equinor no skal nytta, direkte til Europa, der straumen kunne ha kome til erstatning for europeisk kolkraft.
Men slik gjekk det ikkje: Equinor vert grønvaska, politikarane kan sola seg i reduserte nasjonale utslepp, skattebetalarane får redusert velstand og velferd, og effekten på dei globale utsleppa vert i beste fall null. Equinor og det Jens Stoltenberg kalla «det miljøindustrielle kompleks», alliansen mellom næringsliv, fagforeiningane og miljørørsla, tappar fellesskapen for «enorme verdier», om vi skal tru den tidlegare statsministeren. Men den same Stoltenberg, som han sjølv vedgår, var lite flink til å motstå det miljøindustrielle komplekset. Ja, han var mot elektrifisering av sokkelen, og det kom ikkje under hans tid, men altfor ofte gav han etter for lobbyinteresser som reduserte norsk velstand og som hadde ein tvilsam, om nokon, positiv effekt for dei globale utsleppa.
Ny standard
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.