Klimakvoteparadokset
Ved å halda att klimakvotar kunne Noreg kutta CO2-utslepp i same storleik som dei totale norske utsleppa. Men EU seier nei.
Statsminister Erna Solberg på pressekonferansen i samband med Equinor-søknaden om støtte til Hywind Tampen. Fordi petroleumssektoren er ein del av kvotemarknaden til EU, bidreg ikkje elektrifiseringa av sokkelen til å kutte dei europeiske CO2-utsleppa.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Å verta klok på klimapolitikken til EU minner om den gamle vitsen om at det berre var departementsråden og Gud som forstod norsk landbrukspolitikk. Men så døydde visstnok Gud… Tak til dømes Danmark: Førre veke kom Danmarks Statistik med reviderte utsleppstal for det danske fastlandet. Den statistikken synte at Danmark har gått frå å sleppa ut fire millionar tonn CO2 frå biomasse i 1990 til å sleppa ut 19 millionar tonn i 2018. I Sverige står det endå verre til, der slepper dei ut om lag 25 millionar tonn CO2 gjennom brenning av biomasse, som stort sett er tre.
Utslepp frå biomasse har nett dei same følgjene for klimaet som CO2 frå fossile kjelder, så i røynda har både Danmark og Sverige langt høgre utslepp enn Noreg. «Tilbakebetalingstida» for karbon i nordlege skogar er minst 100 år, mykje lenger om vi tek med utsleppa frå skogbotnen. Likevel vert alle norske regjeringar kritiserte, både i og utanfor Stortinget, for ikkje å ha fått ned utsleppa til dansk og svensk nivå. Det er derimot ingen ros å få for at Noreg ikkje driv med denne hemningslause brenninga av ved som grannane held på med.
Tel ikkje med
Men kvifor slepper grannane våre ut så mykje klimagassar frå tre? Jau, av di trebrenning ikkje tel med i den internasjonale eller nasjonale klimarekneskapen. I EU er biomasse større enn både sol og vind og vasskraft til saman. Forskarane er samde om at dette er særs uheldig, men brenninga held fram og aukar i omfang. Få ansvarlege politikarar i EU. om nokon, vil gje frå seg høva til rekneskapstriksing. Å taka reelle kutt andre stadar vert for smertefullt.
Samstundes har EU ein mekanisme som fungerer og får ned utsleppa av CO2, nemleg kvotesystemet. EUs kvotesystem slår fast kor store utslepp fly, industri og kraftproduksjon skal ha (då med unntak av biomasse). Systemet har ikkje fungert så godt av di EU, særleg for å verna industrien i Aust-Europa, i si tid gav ut altfor mange kvotar, slik at prisen per kvote vart så låg at det fekk liten effekt. Men no har EU byrja å draga inn kvotar, utsleppa per tonn ligg for tida på rundt 240 kroner. Det fungerer. Tyskland har satsa verkeleg store summar på den grøne vendinga, som diverre har hatt liten effekt. Det har synt seg nær umogleg å kompensera for nedstenginga av den CO2-frie atomkrafta. Og den tyske kolindustrien er såpass sterk at politikarane ikkje har våga å stenga han ned. Men no kjøper kraftverka mindre kol.
Gass på veg inn
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.