Kommentar

Klimakvardag med veksesmerter

Om klimameldinga sat langt inne i Stortinget, har livet med den nye miljøvenlege teknologien også sine utfordringar.

Publisert Sist oppdatert

Det var temmeleg nær totalkrasj i klimaforhandlingane på Stortinget denne veka. Det som skulle verte eit sigerrikt samarbeid og stor semje kring ei ny klimamelding med nye mål – den fyrste sidan 2012 – heldt på å ende i eit einsamt Arbeidarparti utan andre parti med på laget.

Kvifor? Regjeringa vil kutte utsleppa i Noreg med 70–75 prosent fram mot 2035, men vil ikkje talfeste kor stor del av desse kutta som skal takast i Noreg, og der mista dei Venstre, MDG, SV og Raudt. Til slutt var det likevel Venstre som fekk Ap og Høgre med på eit høgst inkjeseiande vedtak om å ta utsleppskutt i Noreg «og i samarbeid med EU», sjølv om kvotekjøp utanfor EU visstnok også skal vere lov.  

Det er lite nytt i at nokon synest alt er meir spanande di lenger vekk det er frå Noreg. Kanskje var det meir talande det Senterpartiets Marit Arnstad sa til NRK tidlegare på dagen: «Senterpartiet vil ikke delta i en kostbar budrunde om å sette høyest tenkelige og uoppnåelige klimamål for Norge. Klimapolitikken må forankres i hverdagen til folk og næringsliv.»

For det høyrest jo ikkje så dumt ut, det. Lat oss iallfall ta Arnstad på ordet: Korleis ser klimapolitikken ut for folk og næringsliv kringom i Noreg? Kva ynskjer dei seg?

Gode, gamle dieselbilen

Om lag samstundes som Arnstad diskuterer klima i Stortinget, er partileiar Trygve Slagsvold Vedum ute i Nationen og kritiserer det han ser som «ekstrem distriktsfiendtlighet» i klimareglar som legg til rette for elbil medan drivstoffprisar får stige fritt. Sidan elbilbruken i distrikta er monaleg lågare enn i byane – ytterpunkta er 8 prosent i Finnmark og 48 prosent i Oslo – er det urettvist, meiner han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement