🎧 Røyndomen trengjer seg på
EU har vedteke å verta klimanøytralt. Men kvar skal vi finna minerala vi treng for å få til det? Skal vi alle køyra elektrisk, til dømes, må batteriproduksjonen i verda auka 500 gonger.
GREEN DEAL? Før alle kan køyra elektrisk bil, trengst fleire gruver, som dette kopardagbrotet i Bingham Canyon i Utah i USA, som for tida er størst i verda i sitt slag.
Foto: Hermann Luyken / Wikimedia
Bakgrunn
EU har vedteke å verta klimanøytral innan 2025.
Planen heiter European Green Deal og legg opp til ei massiv satsing på vind, biomasse og sol.
Om EU i framtida skal kunne sleppa ut CO2, må dei på eit eller anna vis fanga inn like mykje som dei slepper ut.

Lytt til artikkelen:
Den grøne vendinga
jon@dagogtid.no
Folketalet i verda nærmar seg i dag 8 milliardar, 6,5 milliardar av desse er ute av ekstrem fattigdom. Denne folketals- og velstandsauken er basert på éin ting og éin ting åleine: bruken av fossil energi. Den industrielle revolusjonen byrja i England og har i dei 200 åra etterpå breidd seg nesten over heile verda. Om du ser deg rundt der du sit, er det nesten ikkje den ting som ikkje byrja med at det ein eller annan stad vart nytta kol eller olje eller gass. Ja, til og med PC-en denne teksta er skriven på, er omkransa av hard plast.
Innan 30 år skal nesten all bruk av fossile kjelder bort, i det minste frå Europa. EU har bestemt seg for å verta netto karbonnøytral. Ja, vi kan kanskje nytta litt olje, men då skal utsleppa motsvarast av karbonfangst. Det er ein revolusjon som til og med er større enn den industrielle. På berre 30 år skal du og eg og nesten alle vi kjenner, verta karbonnøytrale. Det er nesten ikkje til å tru. Men alle EU-regjeringane, og for den del Noreg, har gjort dette vedtaket. Langt over halvparten av dei som bur i Noreg, skal, om politikarene våre får rett, få oppleva eit CO2-nøytralt Europa.
Gruvedrift?
Diverre er det noko som skurrar i EUs European Green Deal, som den siste klimastrategien deira vert kalla. Dei seier at dei skal, men dei seier ikkje korleis. Kor mykje vil dei grava, kor mykje areal har dei tenkt å setja av? Det svarar ikkje EU på. Den absolutt viktigaste næringa for å få til ei grøn satsing er gruvenæringa. Det er den næringa som skal levera alt metallet, alle minerala og all den koparen vi skal senda den grøne krafta gjennom. Slik stoda er i dag, er verdas gruveindustri ikkje i nærleiken av å kunna produsera alt som skal leverast for at Europa skal verta klimanøytralt.
For det fyrste vil det krevja enormt med investeringar, billionar av euro må sprøytast inn i verdas gruveindustri for at vi skal verta grøne. Men nett gruveindustrien er eit mykje mislikt objekt for moderne investorar som vil verta grøne. Om de går inn på Oljefondets ekskluderingsliste, vil de finna fleire gruveselskap som Oljefondet nektar å investera i. Om du som arbeider i privat sektor, sjekkar kvar pensjonsselskapet ditt investerer, vil du oppdaga ei rekkje gruveselskap som pensjonsselskapa ikkje vil ha noko med å gjera. Alt av norsk innskotspensjon er i dag grønvaska og etisk korrekt. Og det som gjeld for Noreg, gjeld for mange av EU-landa òg. Om eit gruveselskap ynskjer å gjennomføra ein emisjon for å reisa ny kapital, til dømes i giganten Vale i Brasil, ja, så får truleg ikkje det selskapet pensjonskapital frå europeiske investorar.
Miljøglede
Oljefondet vil seia plent nei til Vale, og det sjølv om Noreg er ein svær investor i nett Brasil, som vi er heilt avhengige av når vi skal laga aluminium med rein norsk kraft. Den manglande investeringsviljen vert applaudert av klima- og miljøorganisasjonar både i Noreg og i Vesten. Som økonominettstaden E24 skreiv i fjor om Vale:
«Både Oljefondet, KLP, Storebrand og store banker som DNB, Nordea og Danske Bank har av ulike grunner solgt seg ut av omstridte selskaper, eller vært under press for å selge seg ut.
Det er viktig, mener Anja Bakken Riise, som leder Framtiden i våre hender.
– Finansnæringen ?har en nøkkelrolle i å forme fremtiden vår. De er for eksempel med på å styre hvorvidt verden når klimamålene eller ikke, gjennom investeringene sine, skriver Bakken Riise i en e-post til E24.»
Tek mange år
Men utan kapital kan ikkje gruveselskapa bora etter nye ressursar og fleire mineral. Dessutan er gruvedrift noko som må planleggjast over generasjonar. Frå eit funn er gjort til gruva står der, tek det minst 20 år. Det ser ikkje EU ut til å ha tenkt over. Det er på eit vis forståeleg, for gruvedrift er særs upopulært mellom veljarane, sidan drifta både er ekstremt CO2-intensiv og øydelegg mykje natur. Men utan stadig meir gruvedrift får vi til dømes ikkje nok kobolt til å elektrifisera verdas bilpark.
Ein som har sett seg frustrert over den magiske tenkinga rundt CO2-mål, er Michael Kelly, som er fysikar og professor ved Universitetet i Cambridge. Ja, det er ein stor debatt ute i verda om korleis vi skal få tak i mineral og anna vi treng, men Kelly er ein av dei som har tenkt mest. Han har rekna på kva som må til for at ulike klimamål skal verta nådde. Ein del hugsar sikkert den såkalla «klimaskandalen», der forskarar ved University of East Anglia vart skulda for å ha manipulert klimatal, for slik å gjera global oppvarming endå meir trugande enn ho er. Royal Society oppretta ein granskingskommisjon der Kelly var medlem. Kommisjonen sa at dei ikkje fann noko «medvite juks». Kelly forstår seg på tal.
Går ikkje opp
Men Kelly får ikkje EUs klimasatsingstal til å gå opp. Kobolt er ein sentral komponent i moderne batteri, som alle elbilar vert drivne med. Verdas største produsent er Kongo, der utvinninga skjer under heilt forferdelege tilhøve. Kongo produserer langt meir kobolt enn heile resten av verda til saman. Vesten vil helst ikkje ha gruvedrift. Kor mykje kobolt treng vi så for å elektrifisera verdas bilpark?
Storbritannia har under 1 prosent av verdas folketal. I ein artikkel frå mai i år skriv Kelly: «Om vi skiftar ut heile Storbritannias bilpark med elektriske bilar, og vi går ut frå at vi nyttar dei mest ressurssparande nestegenerasjonsbatteria, treng vi fylgjande mengde med materiale:
207.900 tonn med kobolt – rett under det doble av verdas årlege produksjon.
264.600 tonn med litiumkarbonat – tre fjerdedelar av verdas produksjon.
Minst 7200 tonn neodym og dysprosium – nesten heile verdas produksjon av neodym.
2.368.500 tonn med kopar – meir enn halvparten av verdas produksjon i 2018. Og dette er altså berre for Storbritannia.»
Som Kelly også skriv i ein rapport frå 2014: «Sidan 90 prosent av den globale betringa i lagnaden til menneskeslekta har skjedd gjennom brenning av fossile brensel, er avkarboniseringsprosjektet utan ein historisk parallell.» At Kelly seier dette, kan vi forstå når han fortel at batteriproduksjonen i verda må aukast 500 gonger for at vi alle skal kunne køyra med elektriske bilar.
Det går an å rekna vidare på tala til Kelly når det gjeld mengder med mineral, materiale og areal. Ein av dei Kelly samarbeidde med i same avdeling i Cambridge, var fysikaren David J.C. MacKay, som diverre døydde nokså ung i 2016. MacKay var klimarådgjevar for den britiske regjeringa. Vi nemner han her av di tala hans for ein del år attende vart presenterte her i Dag og Tid. Han skreiv i si tid boka Sustainable Energy – without the hot air. MacKay var særleg oppteken av arealbruk, Kelly er meir oppteken av mineralmengda som skal til i den grøne vendinga. MacKay vart etter kvart ein sterk tilhengjar av atomenergi.
Fyrst ser vi på areal. Vi tek utgangspunkt i MacKays tal, som seier at skal ein få ein effekt på 225 MW, må ein taka i bruk 15 dekar dersom ein byggjer atomkraftverk, 2400 dekar dersom ein byggjer solcellepanel, og 60.000 dekar om ein byggjer vindturbinar. Ja, det kan vera at både MacKay og Kelly tek ein del feil om areal, både sol og vind vert stadig meir effektivt utnytta, men at dei treng mykje areal, er tvillaust. Vi kan sjå på EUs samla kraftbruk i 2019. For vind vert arealbruken svarande til heile Tyskland og Belgia. For sol treng vi berre å taka i bruk halve Belgia. OK, dette er kanskje ikkje så dramatisk i seg sjølv, det finst mykje areal i Europa. Men det er viktig å hugsa at EU må opp i ein mykje høgre kraftproduksjon enn i dag skal samfunna elektrifiserast tvers gjennom. Arealbruken kjem i alle høve til å verta nokså stor, for å seia det mildt, skal måla nåast.
Mineralmangel
Spørsmålet er om det er mogleg å byggja så mykje sol- og vindkraft, for då kjem trongen til materiale inn att. Igjen er reknestykket basert på tala til Kelly. Kor mange kilo med materiale – der svært mykje altså skal koma frå gruver vi i dag ikkje har – treng vi for å produsera krafta vi treng? Ein GWh er, som vi hugsar, 1 million kilowattimar. Kor mykje kraft gjev bruken av éin kilo med materiale, er altså spørsmålet vi svarar på her. Kor mykje stål, kobolt, sjeldne jordartar, betong og så vidare treng vi? Vi seier at kraftverka skal stå der i 40 år. Ja, sol- og vindanlegg varer berre i 20 år. Difor gongar vi tala for dei med to.
Tala vert då slik, om vi ikkje har rekna heilt feil: Éin kilo materiale nytta til solenergi gjev 0,0394 GWh over 40 år. Éin kilo til vind gjev 0,0568 GWh, éin kilo til atomkraft gjev 53,61 GWh, og éin kilo til gasskraftproduksjon gjev 60,55 GWh over 40 år.
Kva er så løysinga på denne enorme materialtrongen, kva kan vi gjera? Det er ikkje noka løysing å vilja gjera det EU seier dei skal gjera, seier Kelly. Det er ikkje nok ressursar i verda til det. Men Kelly har fleire andre framlegg. Det fyrste vi må taka utgangspunkt i, er at vi menneske alltid har nytta energi meir og meir effektivt. Gje støtte til ei slik utvikling i framtida òg. Difor er CO2-avgift mykje betre enn subsidiar, som Kelly seier er ein «katastrofal politikk». Avgift stimulerer til sparing og effektivisering, subsidiar til auka energiforbruk og sløsing.
Det andre er at vi må satsa på samfunnsøkonomisk lønsame prosjekt. Når vi har så avgrensa ressursar, må vi nytta dei effektivt. «Det er betre ikkje å starta eit prosjekt enn å starta eit prosjekt som har ein vesentleg risiko for å feila», seier Kelly.
Kostnader på bordet
Skal vi få til dette, må alle kostnadene ved å gjera noko koma på bordet. Kelly meiner det er grunnleggjande feil å gjera som både Noreg og EU har gjort, å ikkje taka med nettkostnadene eller balansekraft når vi har rekna på kostnadene ved å byggja ut vind- eller solenergi. For å skriva synspunkt til Kelly ut i klartekst: I framtida må vi nytta mindre energi, og den energien vi trass alt kjem til å nytta, kjem – same korleis vi snur og vender på det – til å koma frå atomkjelder og fossile kjelder, helst gass når det gjeld fossil. Kelly er heilt klar: Dei grøne kraftkjeldene vi har i dag, kan ikkje skalerast opp til det nivået EU ser føre seg. Ja, det kan sjølvsagt koma nye energiformer som er reine, men slikt tek utruleg med tid. Det tok 100 år frå turbinteknologien nådde landet, til Noreg hadde bygd ut all vasskrafta vi i dag er avhengige av. Ein peltonturbin utnyttar no 92 prosent av energien i vatnet til å laga kraft, dei mest moderne solcellene ligg på 20 prosent utnytting av sola.
Det vi i alle høve kan slå fast, er at alle dei materiala og alle dei minerala vi treng for å gjennomføra planane EU og Noreg har laga seg, enno ikkje er funne. Kina på si side kontroller i dag over 90 prosent av verdas produksjon av sjeldne materiale og jordartar, som vind- og solproduksjon, og det meste av annan moderne teknologi vi er heilt avhengige av.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Det er betre ikkje å starta eit prosjekt enn å starta eit prosjekt som har ein vesentleg risiko for å feila.»
Fysikkprofessor Michael Kelly, Universitetet i Cambridge
Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.