Kjøt er ein liten del av klimagassutsleppa

Norsk land-­bruk er truleg eit lite klima­problem.

Berre 3 prosent av det norske fastlandet vert nytta til landbruk, mot 60 prosent av det danske.
Berre 3 prosent av det norske fastlandet vert nytta til landbruk, mot 60 prosent av det danske.
Publisert

Det er lett å gjera narr av Gunhild Stordalen, slik britiske tabloidar gjorde førre veke. Når berre éin flytur til Mexico med privatflyet til ektemannen, målt i klimagassar, svarar til kjøtforbruket til eit vanleg menneske gjennom heile livet, skal du kanskje ikkje ha sterke meiningar om kjøt. Men same kor vi snur og vender på det, har Gunhild Stordalen igjen skapt merksemd rundt landbruk og kjøtproduksjon. Ikkje berre i Noreg, men no òg i verda.

I Noreg ser merksemda rundt landbruk likevel ut til å vera særskilt stor. Det er kanskje naturleg, for Noreg har få stadar å kutta CO2. Vi vantar nemleg ein CO2-intensiv kraftsektor, som nesten alle andre land har. Saman med Island har Noreg verdas reinaste kraftproduksjon. Dessutan har vi relativt lite tungindustri, og den industrien vi har på fastlandet, går altså på norsk vasskraft. No prøver vi dessutan å elektrifisera transportsektoren, og lukkast vi med det, vil landbruket stå for ein endå større brøkdel av dei norske klimagassutsleppa. Altså: Noko må gjerast!

Stordalen overdriv litt

Kor store er så klimagassutsleppa frå landbruk? I EAT-rapporten står det at landbruket i global skala står for opp til 30 prosent av alle klimagassutslepp. Reknestykket kan på eit vis forsvarast, men då må ein taka med alt som har med bruk av land å gjera og aktivitetar knytte til det: skoghogst, byggjemateriale, graving i jord, transport av mat og tømmer og så vidare. FNs klimapanel IPPC, derimot, seier at om lag 10 prosent av verdas klimautslepp kjem direkte frå landbruk. I Noreg er dette talet 8,7 prosent, seier Statistisk sentralbyrå (SSB). Men det igjen kan seiast å vera vel lågt, for dieselbruk hamnar i SSB- og IPPC-statistikken på transport, og kunstgjødsel på industri.

Det er likevel ikkje så dumt tenkt. Det er gode grunnar til at transport vert rubrisert for seg, industri for seg og landbruk for seg, og det sjølv om desse sektorane i sterk grad overlappar kvarandre. For som ein lærer på grunnkurset i samfunnsøkonomi: Alle ressursar har alternativ nytte. Vi kan illustrere dette med kjøt. Ein såkalla metastudie, «Environmental impact of dietary change: a systematic review» i Journal of Cleaner Production frå 2014, viste at om vi kutta ut kjøtet, ville det svara til eit kutt på 540 kilo CO2 i gjennomsnitt per person i den industrialiserte verda. Det er 4,3 prosent av utsleppa per person. Det høyrest lite ute, men som vi veit, vert mat transportert, og sjølv om vi får ein dramatisk reduksjon i dyrking av mark utan kjøtproduksjon, tek alternativ mat, som paprika og kål, òg plass når han skal transporterast fram til konsumentar.

Alternativ nytte

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement