JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kjøt er ein liten del av klimagassutsleppa

Norsk land-­bruk er truleg eit lite klima­problem.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Berre 3 prosent av det norske fastlandet vert nytta til landbruk, mot 60 prosent av det danske.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

10601
20190125
10601
20190125

Klima

jon@dagogtid.no

Det er lett å gjera narr av Gunhild Stordalen, slik britiske tabloidar gjorde førre veke. Når berre éin flytur til Mexico med privatflyet til ektemannen, målt i klimagassar, svarar til kjøtforbruket til eit vanleg menneske gjennom heile livet, skal du kanskje ikkje ha sterke meiningar om kjøt. Men same kor vi snur og vender på det, har Gunhild Stordalen igjen skapt merksemd rundt landbruk og kjøtproduksjon. Ikkje berre i Noreg, men no òg i verda.

I Noreg ser merksemda rundt landbruk likevel ut til å vera særskilt stor. Det er kanskje naturleg, for Noreg har få stadar å kutta CO2. Vi vantar nemleg ein CO2-intensiv kraftsektor, som nesten alle andre land har. Saman med Island har Noreg verdas reinaste kraftproduksjon. Dessutan har vi relativt lite tungindustri, og den industrien vi har på fastlandet, går altså på norsk vasskraft. No prøver vi dessutan å elektrifisera transportsektoren, og lukkast vi med det, vil landbruket stå for ein endå større brøkdel av dei norske klimagassutsleppa. Altså: Noko må gjerast!

Stordalen overdriv litt

Kor store er så klimagassutsleppa frå landbruk? I EAT-rapporten står det at landbruket i global skala står for opp til 30 prosent av alle klimagassutslepp. Reknestykket kan på eit vis forsvarast, men då må ein taka med alt som har med bruk av land å gjera og aktivitetar knytte til det: skoghogst, byggjemateriale, graving i jord, transport av mat og tømmer og så vidare. FNs klimapanel IPPC, derimot, seier at om lag 10 prosent av verdas klimautslepp kjem direkte frå landbruk. I Noreg er dette talet 8,7 prosent, seier Statistisk sentralbyrå (SSB). Men det igjen kan seiast å vera vel lågt, for dieselbruk hamnar i SSB- og IPPC-statistikken på transport, og kunstgjødsel på industri.

Det er likevel ikkje så dumt tenkt. Det er gode grunnar til at transport vert rubrisert for seg, industri for seg og landbruk for seg, og det sjølv om desse sektorane i sterk grad overlappar kvarandre. For som ein lærer på grunnkurset i samfunnsøkonomi: Alle ressursar har alternativ nytte. Vi kan illustrere dette med kjøt. Ein såkalla metastudie, «Environmental impact of dietary change: a systematic review» i Journal of Cleaner Production frå 2014, viste at om vi kutta ut kjøtet, ville det svara til eit kutt på 540 kilo CO2 i gjennomsnitt per person i den industrialiserte verda. Det er 4,3 prosent av utsleppa per person. Det høyrest lite ute, men som vi veit, vert mat transportert, og sjølv om vi får ein dramatisk reduksjon i dyrking av mark utan kjøtproduksjon, tek alternativ mat, som paprika og kål, òg plass når han skal transporterast fram til konsumentar.

Alternativ nytte

Men det stoggar ikkje der: Kjøt er dyrt av di det krev så mykje energi å laga. Kuttar folk ut å eta kjøt, frigjer det pengar. Ein svensk studie konkluderer konservativt med at null kjøt gjev oss 2 prosent meir pengar, og dei brukar vi opp på anna energikrevjande verksemd. Ein vegetardiett gjev neppe ein større nedgang enn 2 prosent om vi tek inn over oss at ressursar alltid har alternativ nytte, som professor Bjørn Lomborg til irritasjon for mange liker å peika på. Eller sagt på ein annan måte: Dagens unge seier at dei vil kutta ned på kjøtforbruket, men samtidig tek dei, som Gunhild Stordalen, mykje meir fly enn foreldregenerasjonen.

I ein norsk samanheng kan ein lura på om talet er endå lægre enn 2 prosent. Det kjem an på korleis vi reknar. Om vi lèt bøndene taka heile klimarekneskapen for norsk matkonsum, vert tala dramatisk annleis. Norske bønder eig skog, og skogen deira tek opp langt meir klimagassar enn utsleppa frå matproduksjon genererer. Samla tek norsk skog opp så godt som halvparten av alle norske utslepp av klimagassar, og denne delen har auka i over 100 år. Men, lyt vi vedgå, klimagassar kjenner ingen grenser, og då gjev det kanskje ikkje særleg meining å seia at land med mykje skog frå naturen si side er betre enn andre land. Rett nok tenkjer ein slik når plikter og bører vert fordelte i internasjonale avtaler. Land rundt ekvator får rekna med sin skog, land i nord får ikkje det, og det sjølv om skogen her oppe òg tek opp CO2.

Flinkare enn EU

Likevel: I ein europeisk samanheng generer norsk landbruk låge CO2-utslepp også om vi ikkje reknar med skog. Det er delvis på grunn av at vi har lite landbruk og er eit stort land. Berre 3 prosent av det norske fastlandet vert nytta til landbruk, mot 60 prosent av det danske, til dømes. At Noreg er ein nettoimportør av kaloriar om vi held fisk utanfor, gjev positive utslag. Men tek vi med både skog og den låge matproduksjonen her til lands, gjev konklusjonen seg sjølv: Hadde resten av verda vore som Noreg, ville alle verdas bønder ha hatt ein svært positiv klimagassrekneskap.

Men resten av verda kan ikkje vera som Noreg. Dei er mange fleire på mykje mindre areal. Når det er sagt: Resten av verda kan likevel læra litt av Noreg. Nei, det er kanskje ikkje så mykje klimagassutslepp å spara så lenge folk får bruka pengane sine fritt etter å ha kutta ut kjøt frå dietten. Men også dei som vil halda fram med å eta kjøt og drikka mjølk, kan læra litt av å sjå på Noreg. For i Noreg har vi NRF-kyr, som gjev både mjølk og kjøt. NRF-kua slepper ut ein tredjedel så mykje klimagass per produsert kilo kjøt som internasjonale storfetypar, viser reknestykke frå Veterinærinstituttet. Tek vi med at den same kua lagar mjølk, vert reknestykket endå betre. Ein hovudgrunn til det er den særs gode norske dyrehelsa. Friske dyr genererer låge utslepp.

Metan er ikkje bra

Så nei, norsk landbruk er ikkje ein klimaversting. Nei, ein bergar ikkje verda ved å verta vegetarianar. Og ja, norsk skog er svært klimavenleg. Det er likevel ingen tvil om at metan er ein sterk klimagass. Og hovudansvaret for norske utslepp av metan har norske kyr og sauer. Det meste av utsleppa frå norsk landbruk, slik SSB og IPPC reknar på sektorutslepp, kjem frå norske drøvtyggjarar. Men ber dei ansvar for menneskeskapte klimaendringar? Er dei om lag 5 prosentane av globale klimagassutslepp som drøvtyggjarane i landbruket generer, grunn til så stor uro som Stordalen og andre vil ha oss til å tru? (Vi nordmenn ligg nær dei globale gjennomsnittsutsleppa av metan frå landbruket, vi et meir kjøt enn gjennomsnittet, men dyra våre slepper ut mindre.)

Ja, desse utsleppa er menneskeskapte, kyr og sau vert avla fram og direkte og indirekte fôra av menneske. Men det fanst drøvtyggjarar før den kvite mann og moderne landbruk òg. I det området vi i dag kjenner som USA, var utsleppa ein stad mellom 85 og 90 prosent av utsleppa frå dagens tamde drøvtyggjarar. 50 millionar bison genererte både metan gjennom fordøying og lystgass gjennom avføring. Metan frå dyr har med andre ord alltid vore ein del av klimakrinslaupet til jorda. Og det treng ikkje i seg sjølv vera så farleg, sidan metan vert verande i atmosfæren i berre tolv år. Jau, kyr og oksar genererer metan, men dei genererer langt mindre metan enn dei gjorde før om vi reknar per dyr, sidan avl har gjort dyra til mykje meir effektive konsumentar av kaloriar.

Mindre enn før

Både sauer og oksar til kjøtproduksjon og kyr til mjølkeproduksjon generer no langt lægre utslepp per dyr enn for ein generasjon sidan, også i Noreg. Men ja, når vi vert fleire her på jorda, går utsleppa likevel opp om vi et meir kjøt og drikk meir mjølk, men isolert sett neppe i ei slik grad at det fører til store menneskeskapte klimaendringar å snakka om. Det er ikkje metan som vert verande i atmosfæren, men CO2 frå fossilt brennstoff, og det er fossilt brennstoff som gjer det mogleg å produsera stadig meir av landbruksvarer, som igjen fører til at vi vert fleire og fleire menneske på jorda. Det er også difor IPPC og SSB måler sektorane for seg sjølve. Litt enkelt sagt: Om vi får til å leggja om transportsektoren i utsleppsfri retning, vil traktorane og tankbilane som vert nytta i landbruket, også få mykje mindre utslepp.

Det er likevel rett at om vi kuttar ut kjøt, så kan vi få ned utsleppa litt. Men neppe så mykje som Stordalen legg opp til. Det er kanskje heller ikkje særleg realistisk. Dei unge i dag røystar i stor grad på dei partia som seier dei er mest opptekne av klima, men samstundes et dei meir kjøt enn vi eldre, sidan dei har kutta så dramatisk ned på konsumet av kvit fisk. Dei et rett nok litt meir laks enn føregåande generasjonar. Men om det er lurt, er usikkert, sidan 80 prosent av norsk soyaimport, i hovudsak frå område som tidlegare var regnskog, går til fôr til fiskeoppdrett.

Sjølv om metan vert brote relativt raskt ned i atmosfæren, er det eit problem for klimaet om det aukar både relativt og absolutt. Og det har metan gjort, det har vorte dobla i atmosfæren dei siste 250 åra. Metan står dimed for omtrent ein femtedel av dei menneskeskapte klimaendringane. Kvar kjem så auken i metan frå? Her er ikkje nokon klar fasit, men det forskarane seier, er at nivåa gjekk oppover til cirka 1990. Deretter stabiliserte dei seg. Hovudhypotesen her er at det var av di den store gassprodusenten Sovjet braut saman. Sovjetisk gassproduksjon var fylt av lekkasjar. Når operatøransvaret vart overlate til vestlege selskap med vestleg teknologi, forsvann desse lekkasjane. Lekkasjar av metan frå naturgass har truleg gått ned frå 8 prosent til 2 prosent av den samla produksjonen.

Klimaendringar

Frå 2007 har diverre metannivåa i atmosfæren likevel byrja å gå opp att. Her kranglar forskarfellesskapen ein del. Meir intensiv risdyrking gjennom vatning i India, Kina og Søraust-Asia kan vera ei kjelde, dei et meir på grunnlag av det same økosystemet. Dette kan truleg delvis løysast gjennom litt mindre vatning. Men ein vel så truleg syndebukk er klimaendringar. 2014 var eit spesielt vått år i tropane, det var òg særs varmt. Det gav svært gode vilkår for mikrobar, både i naturlege vaktområde og rismarker. Og dimed stig metannivået i atmosfæren.

Med andre ord: Di våtare og varmare jorda vert, di meir metan slepper ho ut. Og her speler nok CO2 og den industrielle revolusjonen ei mykje større rolle enn landbruket i seg sjølv. CO2 vert i atmosfæren i opp mot 200 år. Metan berre i tolv, som sagt. Den norske klimarekneskapen frå landbruket er i dag truleg langt betre enn han var før den industrielle revolusjonen, eller for den del traktoren, kom til Noreg. Dei siste 100 åra har skogen auka kvart år i takt med at bøndene nyttar stadig mindre av landskapet til beite.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dagens unge seier at dei vil kutta ned på kjøtforbruket, men samtidig tek dei, som Gunhild Stordalen, mykje meir fly enn foreldregenerasjonen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis