Økonomi
Kjem ikkje til å nå 2-gradersmålet
No deler svenskane ut Nobels minnepris i økonomi til ein som påstår at verda vert fattigare om vi prøver å avgrensa den globale temperaturauken til 2,5 grader – om alternativet er å gjera ingenting.
Eit isfjell smeltar sakte ved Kulusuk på Grønland. Dei lærde stridest om kva konsekvensane er no og i framtida.
Foto: John McConnico / AP / NTB scanpix
Komande måndag vert den ikkje heilt ekte nobelprisen i økonomi delt ut til noko så uvanleg som ein nokså kjend forskar, nemleg William Nordhaus. Berre spør Baron Stern av Brentford om han kjenner til Nordhaus. Så lat oss prøva å finna ut kvifor Nordhaus er kjend utanfor eit smalt fagfelt. Men fyrst eit sitat for å syna at Nordhaus har ei viss observasjonsevne, og sjølvsagt for å visa at han ikkje er ein såkalla klimaskeptikar. For slik har det vorte: Omtaler ein nokon som klimarørsla ikkje liker, må ein understreka at vedkomande ikkje er klimaskeptikar, men Nordhaus er altså demokrat og særs uroa for menneskeskapte klimaendringar. Han er likevel irriterande for mange av di han på vitskapleg grunnlag har rekna seg fram til at særs omfattande tiltak her og no er mykje dyrare for framtida enn å lata ting halda fram som før.
Sitatet er frå 1977. Nordhaus skreiv då ein av dei fyrste fagartiklane sine om klima og økonomi; sameininga av dei to fagområda i éin modell er elles den konkrete grunnen til at Nordhaus får den svenske nasjonalbankens pris til minne om Nobel: «Når vi snakkar om den framtidige kursen for økonomisk vekst i Vesten, er forskarane delte mellom ei gruppe som roper ’ulv’, og ei anna gruppe som meiner at arten ikkje finst. Éi uro er at den økonomiske aktiviteten som vi menneske driv, kan nå eit nivå der det globale klimaet vil verta monaleg påverka. Dette eine ulveropet meiner eg bør takast på verkeleg alvor.»
Men ikkje så alvorleg som økonomen Nicholas Stern, som altså seinare vart baron, tok det i 2006. Året før hadde Sterns sjef i det britiske finansdepartementet, Gordon Brown, bede Stern, som var tidlegare sjeføkonom i Verdsbanken, fortelja byråkratane i departementet at dei skulle laga ein rapport om økonomien i klimaendringane. Byråkratane under overoppsyn av Stern leverte rapporten etter vel tolv månader.
Religiøs mottaking
Rapporten var ein kombinasjon av Bergpreika og Johannes’ openberring, i det minste tok mange mot han slik. Statsminister Tony Blair sa at den vitskaplege konsensusen Stern-rapporten synte, var «overveldande», og at konsekvensane for verda av ikkje å fylgja tilrådingane i rapporten ville vera «katastrofale». Rådet i rapporten var å få klimautsleppa ned på førindustrielt nivå, og det skulle skje gjennom å kutta 80 prosent av alle klimagassar, og dei store innsparingane i CO2 måtte byrja med ein gong. Ei av dei mest vidgjetne setningane i rapporten er denne: «Kostnadene ved klimaendringar svarar til eit årleg kutt på 20 prosent i forbruk per capita, frå no og til evig tid.» Menneskeskapte klimaendringar hadde altså allereie ein høg kostnad.
Bruken av «no» irriterte Nordhaus, og kritikken offentleggjorde han i fagartikkelen A Review of the Stern Review on the Economics of Climate Change i september 2007. Korleis hadde Stern kome fram til 20 prosent redusert konsum, altså levestandard i dag? Stern lest som om framtida var det same som notida, sa Nordhaus: «Faktum er at om ein nyttar rapportens eigen metode, skjer over halvparten av dei forventa skadane i ’frå no og til evig tid’ etter år 2800.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.