– Kina vil vera snyltarar
Kina vil ha tak i vestleg teknologi. Dimed ser handelskrigen mellom Kina og USA ikkje ut til å kunna løysast, meiner Jan Ludvig Andreassen.
Kina er på veg mot eit samla handelsunderskot mot omverda, men har framleis eit stort overskot mot USA.
Foto: Ng Han Guan / AP Photo / NTB scanpix
Den største økonomiske konflikten i verda i 2019 vert den mellom dei største økonomiane, USA og Kina. No er ein ny amerikansk delegasjon på veg til Kina for å tinga. Jan Ludvig Andreassen er sjeføkonom i Eika Gruppen og har Kina som spesialinteresse.
– Kva botnar konflikten i?
– Det er to hovudliner: Den fyrste er den geomilitære konflikten mellom Kina på den eine sida og særleg Japan, Sør-Korea, Taiwan og USA på den andre. Den andre biten er handelsoverskotet som Kina har med USA. Når det gjeld handelsoverskotet, har Kina ei god sak, seier både eg og dei fleste økonomar med meg. Ja, mellom 2002 og 2008 bygde Kina opp eit ekstremt handelsoverskot med omverda. Det var naturleg, sidan både USA og Europa nærast eksporterte store fabrikkar til Kina over natta. Og det som vart att i Vesten av industri, vart att av di eigarane skvisa fagforeiningane her heime beinhardt, løna gjekk ned og pensjonsrettane forsvann. Det har gjort særleg amerikanske veljarar bitre og rasande, og eg forstår dei svært godt.
– Men slik er det ikkje lenger?
– Nei. Kina er faktisk på veg mot eit samla underskot mot omverda. Men ja, dei har framleis eit stort overskot mot USA. Den bilaterale delen der kan løysast nokså enkelt, og Kina har vist teikn til å vilja gjeva USA konsesjonar. Dei fleste økonomar vil seia at Kina har ei god sak sett i lys av at systemet går mot balanse og Kina importerer meir og meir. Nei, det store problemet er at Kina vil stela teknologi og idear frå omverda og Vesten. Dei vil vera snyltarar på innovasjonen til andre. Denne stelinga er gjerne knytt til verksemder der den kinesiske staten er tungt inne, og der den militære etterretninga hentar ut informasjon, typisk gjennom Huawei. Dette har gjort heile omverda rasande, og det med god grunn. Så nei, det som får hovudmerksemda i pressa, handelsbalansen mot USA, er ikkje problemet. Det er strategien som Kina nyttar for å veksa gjennom teknologi, som er det store og truleg uløyselege problemet.
– Det er mykje snakk om at Kina eig mykje av den amerikanske statsgjelda, og at Kina kan svara med å dumpa amerikanske statsobligasjonar på marknaden og slik svekkja USA. Men då kan vel berre den amerikanske sentralbanken trykkja dollar og kjøpa det meste?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.